onsdag 21. desember 2016

Goro på låret

Kvart år på denne tida byrjar vi tenkje på intervjuserien "Fem på jordet" i teikneserieuniverset Sleivdal IL, der ein eller annan bygdetulling blir spurd kva det viktigaste ved jula er for han: "Det viktigaste ved jula er gleda ved å gje," svarar han. "Eg gjev stort sett blaffen." Dette har vi sikkert skrive mange gonger før, men noko så smart kan vanskeleg seiast for ofte.

George Costanza er forresten òg inne på noko vesentleg. Han liker dårleg at ein kollega han sjølv har gjeve baseballbillettar i julegåve til, attende gjev ein donasjon på George sine vegner til noko slags veldedigheit for born. Jerry Seinfeld deler ikkje oppfatninga av at dette er skandaløst, noko som sjølvsagt provoserer George ytterlegare, i ein slik grad at han rasande utbryt: "Where's your Christmas spirit? An eye for an eye!" 

Men vi har då bakt sju sortar til jul, akkurat som Äldreomsorgen i Övre Kågedalen føreskriv: Mareritt, jødebrød, Dr. Ottawas spritkransar, prestegardsnøtter, straßburgarar, salte pinnar og sotkjeks. Vi har pynta eit digert juletre med dei gyselegaste eigenproduserte nissehovud. Vi har kledd oss opp i dress og slips for å drikke juleøl og akevitt og vitje Bobbys bar og Kafé Larssen, kort sagt te oss som den halvfeite fjøsnissen vi utvilsamt er. Ja, på jobben har vi endåtil iførd oss ein drusteleg nissehabitt, og skremt unge innvandrarar med uforståelege nissespørsmål. Ei dryg veke tidlegare ikledde vi oss forresten Lucia-habitt òg, og song som ein stukken ribbegris. Så ingen skal påstå at vi ikkje tek dette med jula på rammaste alvor.

Mellom alle vakre julesongar har vi éin som er oss særleg kjær, som vi føler talar spesielt sterkt til akkurat oss. Det er Hans Rotmos formfullenda "Jul berre ein gong fer året", frå den legendariske plata Vårres jul. Songen er ei varm skildring av ein romjulsjuletrefest hjå han Ole på kåret, så det seier seg sjølv at det sentrale rimordet er nemnde "året". Frysningar får vi fyrst i det femte verset, den absolutte favoritten vår, som går som fylgjer: "Første servere'n sodd, og øl attåt, det e det, / og så ska'n søng "O, jul med din glede", / og så e det kaffe med goro på låret. / Det e jul berre ein gong fer året." Nettopp! Så enkelt, men akk så vakkert, kan det altså seiast. I desse orda anar vi sjølve essensen av julehøgtida, slik vi alltid har opplevd henne: Sitja i eit selskap så overfylt og kaotisk at ein manglar bord, og difor måtte balansere ei goro – den tørraste av alle tørre julekaker – på låret på dressbroka, som såleis blir tilsmussa av smular. Det er dette jula eigentleg dreier seg om, sjølve kjernen av den glade julebodskapen, og det er så rørande djupt og sant.   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar