torsdag 8. mai 2025

Ny vår

No spirer det omsider på denne bloggen. Vi har fått oss ein kjørvel. Det er på moten å vera oppteken av planter, alle skal koma nærare naturen og sin indre buskvekst ved å dyrke fram nokre urter som dei deretter kan koke ei syltynn suppe på. Vi kan ingenting om slikt, men vi er glade i lakris, noko som for så vidt òg er ei slags rotfrukt. Under ein hestekjerre- og hopp-i-høyet-dag ved Prestegårdslåna på Melhus nyleg snappa vår gamle religionslærarinne Kristine "Kikki" Kaasa Moe opp at vi er svake for det svarte gullet, og difor ville ho gje oss ... ikkje ei lakrisrot og ikkje ei flaske sambuca, men ein kjørvel. Kjørvelen har nemleg òg ein viss smak av lakris, kunne Kaasa Moe fortelja.

Omstenda rundt avhentinga av kjørvelen fortener å kastast lys over. Det var ein grå og vakker vårdag. Kaasa Moe bur på ei eineståande tomt i nedre Melhus, midt ute på det digre jordet mellom Prestegga og Loddgarden. Korleis koma seg dit? Vi parkerte i sentrum og drog med oss både huslyden vår og den smått eksentriske systera vår på ei ambisiøs vandring ut mot Furulunden, som Kaasa Moes høgborg heiter. Ambisiøs fyrst og fremst fordi sonen vår, Hallvard, stoggar i ein halvtime for kvar meter han går, då det overalt finst noko som krev nærare undersøking. Ein kantstein, ein gjørmeklump, ein hestehov ... I den vesle dammen inne ved åssida meinte han det måtte finnast både kval og hai. Den vidstrekte sletta og den endelause vandringa fekk oss til å tenkje Gerard Murnanes roman Slettene, omsett av Jon Fosse, som vi ikkje har lese.           

Kjørvelen, her plassert i ei slags potte på altanen vår. 

Etter mange timars trøysteslaus vandring fann vi kjørvelen i jord i ein isboks. Vi fekk òg med ein ekstra berepose jord på kjøpet. Tilfeldigvis hadde Kaasa Moe akkurat samstundes vitjing av to ornitologar som skulle undersøkje eggproduksjonen til ei kattugle i ei diger fuglekasse på eit av dei høgreiste furutrea. Dette høyrest kanskje for utruleg ut til å vera sant, men det er minst like sant som mykje anna. Fuglefantastane klatra opp og henta kattugla ut og stakk hovudet hennar ned i ein pose som dei snørte att så berre klørne stakk opp, før dei klatra opp endå ein gong og tok ut egga og vog dei. To egg, det var det heile, så la dei egga og deretter den hissige ugla attende i kassa og heldt eit svart klede framfor opninga for å roe ho ned.

Vi anar ikkje kvifor vi fortel dykk noko av dette. På veg attende til bilen møtte vi to eldre damer frå Midtausten som gratulerte oss med ny kjørvel. Dei hadde aldri høyrt om kjørvel før. Kjørvelen står no på verandaen vår og har allereie vakse ein heil del, som eit vakkert symbol på at også denne bloggen er vekt til nytt liv. Vi kjem heretter til å publisere nye innlegg mykje oftare enn før, kanskje så ofte som éin gong i året, så her er det berre å hengje med i svingane. Ikkje minst er det mogleg å like og dele oss, men det har ingenting føre seg.