lørdag 2. september 2017

Fin sumar for Helmersen

Det sikraste haustteiknet har meldt seg: Sumarbridgen er over. At sumaren er lengre på Melhus er ei kjent sak, der varar han eit stykke ut i september, og i Soknedal til bortimot oktober. Men det er klårt, desse stadene ligg jo mykje lenger sør enn Trondheim, der siste sumarbridge vart spela no på tysdag.

Personleg rakk vi berre éin sumarbridge til i Huset etter dei fire vi omtala i vår briljante reportasje "Bordet er grønare om sumaren" i juli. Kort tid etter at den teksten var skriven, skjedde det vi forventa, at ringreven Kjell Ove "Kjelle" "Helmers" Helmersen passerte oss på lista. Vi tenkte då at vi måtte gjera eit forsøk på å gå forbi han att, og valde oss den sterke makkeren Hans Arne Forseth frå Rauland, òg kjent frå kvisslaget Levon Helm. Men med fire scorar over 60 prosent så langt i tevlinga, skulle det noko til å oppnå den ynskte forbetringa. Vi spela knallhardt på dei drygt 67 prosentpoenga vi trong, og vann kvelden, men med ein score som ikkje eingong vart teljande for oss. Så suicidale vart vi då, at vi tysdagen etter køyrde til Soknedal og spela med Bjerkset i staden, for i det minste å få han litt oppover, i samandraget der oppe i daudsskuggens dal. Men nei då, der vart vi barberte av den piperøykjande Ketil Enodd, innlandspiraten Arnfinn Bolland, den alltid attoverlente Sverre Brudal, og så bortetter og så bortetter: 51 prosent, eit historisk lågmål for oss sumaren 2017. I kjent stil gav vi oss på botn, fleire sumarbridgar har det ikkje vorte.



Vinnaren av årets sumarbridge i Huset, Ranheims Kjell Ove Helmersen. I bakgrunnen skimtar vi òg fjerdeplassen i same tevling, Villiam Ovesen frå "Den glade by ved Bussesund", Vardø.

Nei, vi får berre seia oss nøgde med at det ikkje var fleire enn Helmersen som gjekk forbi oss på lista i Huset. Vi burde innsett allereie i mai at det uansett ville bli umogleg å overvinne Helmersen i den spesielle idretten sumarbridge. Vi hugsar jo frå den fjerne fortida då vi fyrst byrja frekventere Trondheims sumarbridge, at var det nokon som alltid var der, nærast som ein del av inventaret, så var det Helmersen, Helmersen og hans kjære makker og livspartner Sissel Sneve. Og Marit Preller. Og Frank Selbekk. Og Annfrid Hansen og Reidun Bogen, og Åse Tårnesvik. For ikkje å gløyme den alltid illsinte tevlingsleiar og importør av himalayasalt Jan Olaf Henriksen. Men det er ei anna sak.


Lillehammer 2010: Helmersen i kjent stil, altså perlehumør. Ispedd ein dose destruktiv kritikk frå sin muse Sissel Sneve, feirar han allereie her sigeren i Husets sumarbridge 2017. 

Poenget er: Rabulisten Helmersen er sjølve inkarnasjonen av fenomenet sumarbridge, der stilen jo skal vera litt "frisk", "sumarleg", "viril". Han melder i fokk og kav, spelar beinhardt på intuisjonen sin, med skyhøg risiko, gjerne både irrasjonelt, vilt og sjanseprega, ein smule hissig og oppfarande når ting går han imot, men di smørblidare når alt igjen går hans veg, som det vanlegvis gjer, kort sagt med ei grunnleggjande forståing av at ein må knuse egg for å lage omelett, at skal det bli toppar så må det bli nokre botnar òg. Ifylgje "word on the street" kom han òg skyhøgt på bussjåførsumarbridgen på TT, eller AtB som det heiter no, endå han arbeider i Posten, eller Bring som det heiter no. Men han er ikkje høg på pæra av den grunnen, han gjev oss alltid eit venleg slag i prolapsen og eit digert glis etter å ha rundspela oss, idet han dådyraktig erklærer: "Æ gler mæ te å spæll med dæ, æ, Erlend."

Diverre vart det ikkje noko partnerskap på oss to i år, Helmersen, sidan vi ikkje ville gje deg endå ein storscore i samandraget. Men sett i etterpåklokskapens lys skal vi vedgå at vi like gjerne kunne spela ein sumarbridge med deg, sidan du uansett slo oss. Den endelege tabellen over deltakarane med fire teljande kveldar i årets sumarbridgetevling, finn de forresten her. 

mandag 21. august 2017

På hospitalet

I dag er det ei veke sidan dottera vår såg dagens lys. Som ei oppkalling etter absolutt ingen, har ho fått namnet Lindis. Vi har lenge tenkt at det ville vera fint å få eit barn ein gong. Så den vesle jenta er svært velkomen i livet vårt. Vi liker henne allereie veldig godt, og vi gler oss til å bli nærare kjent med henne, og syne henne kva denne forunderlege røynda har å by på. 

Ho vart teken med keisarsnitt. Dette av di vi allereie i svangerskapets 18. veke fekk vita at ho var ramma av ein uheldig defekt kalla diafragmahernie, mellomgolvsbrokk. Det er det det høyrest ut som, eit brokk i mellomgolvet, som medfører at organ som høyrer heime i buken, kan forflytte seg opp i brysthola, og stela av plassen som hjarta og spesielt lungene treng for å utvikle seg. Hellet i uhellet var at Lindis hadde ein relativt mild variant av defekten. Lækjarane var trygge på at hjarta og lungene ville utvikle seg greitt, og sjølve operasjonen som krevst for å "lukke" brokket er i seg sjølv ukomplisert for dei som kan det. Men dei ville helst at forløysinga skulle skje i ryddige former, og ikkje mindre enn 14 tilsette var i rommet då jenta vart plukka ut, nær tri veker før terminen. Ho fekk tubar og drypp og kraner både her og der i kroppen, utstyr som skulle syrgje for at inkje uføresett kunne inntreffe, og samstundes stabilisere blodtrykk og liknande med tanke på den føreståande operasjonen. Denne vart utførd to dagar seinare, med godt resultat, og morgonen etter kunne vi for fyrste gong sjå henne opna augo frå døsen som alle dei smertestillande medikamenta hadde forårsaka, medikament ho enno treng ein del av, om ikkje anna for å dempe irritasjonen som alt utstyret uvilkårleg medfører. For ho er ikkje kvitt remediane enno, og det vil framleis ta litt tid før vi kan ta henne med oss heim. Det er mange system i kroppen som må koma skikkeleg i gang før lækjarane vil sleppe henne.


Ei lita scene frå Nyfødd intensiv: Griperefleksen melder seg når mor stikk fram ein finger. Vi tør påstå at Lindis har utsjånaden med seg, noko ho har frå mora. Men ytterlegare bilete skal vi likevel vente med, til ho er kvitt alt det medisinske utstyret ho førebels har kobla til seg.   

Så inntil vidare ligg ho i kuvøsen sin på avdelinga Nyfødd intensiv, og vi og mora oppheld oss vekselvis der, vekselvis på det såkalla pasienthotellet nokre hundre meter unna. Ein treng ikkje eingong gå utandørs, det veldige St. Olavs hospital er bunde i hop av alskens korridorar og innebygde bruer. På Nyfødd intensiv arbeider til saman 120 sjukepleiarar og lækjarar med vidare, som alle verkar svært kompetente og omsorgsfulle. Døgnet rundt er det minst éin, ofte fleire, som vakar over vesle Lindis, alt medan ein som forelder får løn utan å måtte gå på jobb. Så ein har ikkje så reint lite att for skattepengane sine.

Til dei som no fryktar at dette skal bli ein babyblogg, eller – endå verre – ein såkalla pappablogg, kan vi garantere at dette er fullstendig uaktuelt. Sjølv om det ville generert millionar av lesarar, skal vi framleis halde oss på den smale stig, og skrive berre om det obskure og apokryfe, det som fåe eller ingen har interesse for. Vi vil òg insistere på å bli tiltala med det Fleksnes-aktige "fader'n", ikkje det moderne tulleordet "pappa", som farmora vår forresten forbaud oss å bruke om vår eigen far. Likevel: I ei stund som for oss er såpass spesiell, kan vi tillata oss å bli litt sentimentale, og avslutte med å dedisere eit lite dikt til dottera vår. Det er eit vi i uminnelege tider har halde svært høgt, og som tilfeldigvis passar veldig godt til denne partikulære situasjonen: Tor Ulvens "Fra en rekordbok":
Se
kvinnen med 
verdens minste
øyne. 
Bare to
skrukkete groper
i hodet 
som avtrykk
etter skjebnens rosiner. 
Hun kan ikke se. 
Men det finnes
dem som mangler øyne
helt. 
Andre blir født
uten hode. 
Andre igjen
blir aldri født. Bare
tenkt. 
De 
har verdens
minste øyne.

fredag 11. august 2017

Flora poetica

Dette er namnet på ei bok vi kjøpte for ei tid attende. Det er i grunnen sjeldan vi kjøper bøker, for til regel blir dei slengde etter oss, som gåver eller arv. Eller vel, av og til har vi for så vidt investert i nokre bøker, men då til éi krone stykke, typisk i utsal av aldri utlånte bøker rundt om på biblioteka. På Porsanger bibliotek, nordsamisk Porsánggu girjerádju, kvensk Porsangin biblioteekki, hadde dei faktisk eit heilt rom fullt av slike bøker, som vi då i stor grad kjøpte. Men i alle fall: Under ein kviss på Antikvariatet i mai, såg vi tilfeldigvis ei bok i hylla som hadde denne pirrande tittelen, Flora poetica. Då resten av laget gjekk skuffande tidleg heim, og det såleis vart ein brus mindre enn vanleg, tenkte vi at no kunne vi vera impulsive og slå ut håret ved å bruke 75 kroner på denne boka i staden, som ei aldri så lita gåve til oss sjølve. Det er ei flott lita svensk bok, med svenske dikt om blomar og andre planter. Ho inneheld òg vakre teikningar av utvalde vekster. Grunnen til at vi kom i hug denne boka igjen no, er at det er august, og at ho inneheld eit dikt som går som under, av ein Birger Norman frå Kramfors.
Även potatisblomman är bara blomma
      i augustisolen
Sådan den nu är, öppnar den sin kalk
      aningslöst lycklig
      i sin blomning
Men folk vet också att nu
kan man snart ta fram hinkarna
      och potatishackorna

onsdag 2. august 2017

Farvel, Fosen

Som dei fleste sikkert har gløymt, hadde vi i fjor sumarjobb som journalist i avisa Fosna-Folket. Etterpå vart vi kasta ut i ei knugande arbeidsløyse, og i åtte døger mottok vi dagpengar frå NAV. Så ringde dei heldigvis frå vaksenopplæringa i Melhus og sa dei trong ein jævel, og det nærast omgaånde, og vi gjekk inn i det nye skuleåret som ein lærar for dei nye landsmennene våre. Der har vi vore det seinaste året, og likt oss som varmt kveitebrød, og vi kan med glede konstatere at vikariatet vårt er forlenga i endå eit år. Men ved påsketider ringde dei igjen frå Fosens einaste by Brekstad, kjent som "holet i asfalten" mellom folk i grannekommunen Bjugn. Fosna-Folket trong òg ein jævel att, sa dei, helst på dagen. Men vi måtte berre svara at niks, gamle Melhus har oss i den klamme handa si. Men så fekk vi dårleg samvit, for til lags åt alle skal ein alltid gjera, og vi ringde dei opp att og sa at vi kunne no for så vidt ta ein sumarjobb. Lærarferien er lang, så vi sette av juli månad til å arbeide på Fosen.

Båten ein må ta frå hurtigterminalen i Trondheim for å vera på Brekstad ved arbeidsdagens start klokka 08.00, går klokka 06.20. I fjor budde vi Ila, så det var ei smal sak å sykle til kaia. No bur vi på Risvollan, og oppdaga fort at det ikkje går bussar tidleg nok om morgonen, så vi har måtta sykle derifrå òg. Når vi så har returnert med båten 15.55 frå Brekstad, som er i Trondheim 16.55, har vi ikkje fått oss til å ta med sykkelen inn på bussen, mellom barnevogner og rullatorar og rullestolar og førarhundar og det som verre er, så vi har sykla attende òg. Dette seier vi ikkje for å skryte av vår fysiske habitus, men for å åtvare alle andre mot å drive med den slags tull. Det er veldig slitsamt å sykle opp ein masse motbakkar. Stort sett har vi kjent oss som Sisyfos: Stendig på veg opp, stendig rullande attover. Vi er overtydde om at dette ikkje kan vera bra for helsa. Ein bruker opp alle kreftene sine, krefter ein eigentleg bør spara til ein er gamal og mødd, og verkeleg har bruk for dei.

Men bortsett frå pendlinga, var det ein artig månad på Fosen. Journalistyrket er ikkje så ulikt arbeidet med våre nye landsmenn: Ein kjem borti frykteleg mykje rart, og det er det som er så interessant. No skal vi ikkje her gå i gang med å gjenfortelja alt vi skreiv om i forskjellige artiklar i avisa, då er det betre at de kjøper dykk eit abonnement på denne blekka, som vi faktisk vil påstå er temmeleg bra, mykje på grunn av den uhyre arbeidssame og kreative unge redaktøren Alexander Killingberg. Det er populært å harselere med lokalavisene, og som sumarvikar har vi sjølvsagt skrive om ein del saker som ein ikkje just vinn ein Pulitzer for, men det er samstundes mangt og mykje som føregår på Fosen som det i høgste grad er verd å skrive om. Til dømes fekk vi lov til å arbeide litt med tvisten mellom Fosen Vind  og Fovsen Njaarke, altså reinbeitedistriktet, om dei føreståande vindkraftutbyggingane på halvøya. Den største pågåande folkerettssaka i verda, meinte sameadvokaten. Vi måtte til og med få tak i eit dokument frå Høgsterett, som vi riktig nok knapt forstod eit kvidder av. Så hadde vi vår fulle hyre med trugslar mot Fosens biologiske mangfald, og skreiv både om pukkellaks, mårhund, brunskogsnegler, kjempebjørnekjeks, parkslirekne, potetål og ikkje minst floghavre. I sistnemnde tilfelle fekk vi til og med ei synfaring i ein havreåker. Men ein skal sanneleg passe seg når ein arbeider i lokalavis, spesielt ei som dekkjer mange kommunar: Vi hadde ikkje vore på Brekstad i meir enn drygt to veker, før den fyrste skuldinga kom haglande imot oss om at vi var som Fosna-Folkets redaksjon alltid hadde vore, ukritiske til Ørland kommune og hatefulle ovanfor Rissa kommune. Skuldinga kom frå høgste hald, ordføraren i Rissa, så vi reknar med at det var noko i det. Saka galdt helsefortet på Hysnes i Rissa, der det kommersielle helseselskapet Unicare har inngått kontrakt med Helse Midt-Norge om ei etablering, på kostnad mellom andre av den ideelle aktøren Betania Malvik, som ligg an til å miste sin kontrakt. Betania har riktig nok klaga på prosessen, og samstundes er jo ikkje dette Unicare heilt fritt for svin på skogen: Eit enkelt Google-søk syner at leiarane skal ha teke millionar i utbyte, samstundes som dei tilsette i selskapet har vore utsette for mykje rart. Så vi ringde til ordføraren i Rissa for å spørja om ein kommentar, men ettersom kommunen hans har vore ille plaga av arbeidsløyse og fråflytting, ville han ikkje høyre eit skeivt ord om det "gigantiske gladnyhendet" at Unicare er på veg til Rissa. "Ei skitsak!" erklærte han om framstøyten vår. "Hadde dette vore ei etablering på Ørlandet og ikkje i Rissa, så hadde du ikkje eingong tenkt tanken at det var noko negativt ved det! Skriv du noko om dette, kjem eg til å reagere sterkt!" Vi drygde nokre dagar før vi sende saka til trykk, og har faktisk ikkje høyrd noko meir frå ordføraren. Men vi må berre vedgå at vi skolv i brøkene. Kjeft, av ein ordførar!


Eit glimt av det flate og fruktbare Ørlandet. Det kan likne ein idyll. Men biletet er teke under floghavresafari med heradsagronomen, og den høge veksten i front er den fryktelege floghavren.

Nei, det er nok vaffeljournalistikken som ligg hjarta vårt nærast, dei hyggelege gladsakene. Det var jo stort sett slike vi dreiv med den tida vi arbeidde ein del freelance for Ságat, med kjende titlar som "Blomsterprakt i Lakselv sentrum", "Har åpnet thailandsk kafé i Indre Billefjord" og "Konfirmantene fikk lære om læstadianismen". Ikkje for det, det kan vera farleg nok med slike saker òg. På den siste arbeidsdagen vår på Fosen var vi i Botngård i Bjugn for å snakke med ei jente som selde jordbær fra Linesøya. Diverre hadde ho selt all bæra og fare heim att innan vi kom. Idet vi skulle svinge ut att på vegen, kvelte vi motoren i samband med ein liten bakkestart, og vart så forfjamsa at vi gløymde å sjå oss til venstre då vi omsider rota oss inn på vegen. Derifrå kom ein bil, som no måtte bråbremse. Han tuta sjølvsagt kraftig, medan vi i skam og otte køyrde attende mot Brekstad. Vel attende hadde vi motteke ei Facebook-melding frå Odd Inge Hovd, ein Fosen-kjendis som vi tilfeldigvis kjenner frå før, gjennom bridgen, og som vi òg har portrettert i den faste spalta "Dagens fosning": "Var du i Botngård nå nettopp?" spurde han, noko vi berre måtte vedgå. Jau då, det var han og ingen andre som måtte vike for oss på vegen, og vi var sjølvsagt ikkje vanskelege å kjenne att der vi køyrde i ein bil med "Fosna-Folket" trykt i diger, raud skrift over heile karosseriet.

Nei, det er bra at vi snart skal gå attende til noko vi kan mindre dårleg, nemleg å ta bussen til Melhus. Men fyrst vil vi få takke Fosen, og Fovsen, for gjestefridommen i denne omgangen. Det har vore ei oppleving. Vi vil avslutte med å peike dykk vidare til ei av dei sakene vi skreiv som ikkje hamna attom ein såkalla betalingsmur, nemleg saka om den voksne mannen som dytta ein 13-åring. Slik kan de vonarleg få eit innblikk i den harde røynda på Fosen.

lørdag 29. juli 2017

Vi blir eldre

"Jeg blir eldre, mitt liv / begynner å ligne veggene i fraflyttede / rom der bildene er blitt fjernet, ett / for ett". Slik byrjar eit dikt av Stein Mehren, gjeve ut i 1990, som vi har tenkt på no og då oppgjennom åra, og kom i hug att no i kveld. For det gjeld jo oss òg. Ikkje minst blir det tydeleg når ungdomsheltane våre byrjar døy, som nettopp Mehren har gjort no, så seint som i går. Han vart 82 år gamal. "Tiden," skriv han i eit anna dikt, "dens dragsug igjennom oss / av glemsel, glemsel".


Stein Mehren. Eit andlet ein ikkje gløymer så fort. 

Vi kunne sagt mangt og mykje om denne forfattaren. Då vi i tenåra verkeleg byrja interessere oss for lyrikk, var han ein av dei vi fyrste vi oppdaga. I ettertid har vi vel innsett at ikkje alt han skreiv er like spennande, at han kanskje brukte vel mange ord til tider, og ikkje hadde tronge å publisere absolutt alle dei ufatteleg mange dikta han publiserte. Men vi kastar jo stein i glashus når vi seier dette, vi som sit og skriv og skriv på denne tåpelege bloggen. At Mehren var eit lyrisk talent av dei sjeldne er det iallfall ingen tvil om, og han har skrive mange dikt som vi veit at vi aldri vil gløyme. Målar var han òg, men der kjem kompetansen vår til kort, vi nøyer oss med å lesa og resitere. Vi går attende til 1963, då Mehren var like gamal som vi er no, og forfatta fylgjande:
Jeg brøt egentlig aldri opp fra din død
men gav den til vinden. Og nu er det vind
Hva tenker de fjerne fjell når det mørkner
og kvelder som alltid bekymrer hvert tre
Er det min uro som dirrer i gressets hjerte
– min skygge som dypner i stienes vener 
Det blåser i natt som det blåste den natten
Det er sterk vind. Det er som jeg prøver
å rive meg løs i natt; det er som du prøver
å rive meg til deg. Hvem er det som nøler
av oss. Hvem er det som ikke vil gå av oss
Din død er som levende hender omkring meg 

søndag 9. juli 2017

Bordet er grønare om sumaren

Noko av det hyggelegaste med sumaren er som kjent sumarbridgen. Denne er som anna bridge, berre sumarlegare, lausare i snippen, med den store fordelen at ein spelar med mange forskjellige makkerar i staden for berre éin makker. Det finst jo knapt ein einskilt makker som ein ikkje ganske fort blir møkklei av, så mange feil som vedkomande nærast uavlateleg gjer.

I ungdommen vår var det sumarbridge i Huset i Brattørveita fire kveldar i veka, to av dei med røyking, og vi tok bussen innover frå Melhus så ofte som vi berre greidde, mange gonger utan å ha nokon makkeravtale. Det førde oss opp i nokre av dei skjønnaste eventyra vi har opplevd, makkerskap med den eine merkelege tullingen merkelegare enn den andre. Trond Olsen, Jon Eirik Brennvall, Øyvind Sletvold, Annfrid Hansen, you name it. Stundom drog vi òg i den andre retninga, til Kvål eller Soknedal, og det var saktens forunderlege makkerar å oppdrive der òg: Til dømes var det fleire som vi hugsar klårt og tydeleg at vi vann sumarbridgar med allereie tidleg i tenåra, men som no for lengst har lide trumfedauden, så som Jan Meland, Kåre Kvam, Leiv Øyås, Jan Skorstad, fred vera med det heilagre minnet deira.

I seinare tid har det vorte mindre sumarbridge med oss. I Lakselv var vi for så vidt trufaste på Porsanger vertshus éin gong i veka også om sumaren, men vi veit ikkje om eitt og eitt kvarts bords singeltevling utan svans eigentleg tel: Det vart iallfall aldri noko samanlagt resultatliste av det, og for det meste sat vi på plattinga utom lokalet og passivrøyka ceruttane og cigarilloane til islendingen Konráðsson, og granska trafikken langsmed E6-en. Men hyggeleg var det det òg, Gud hjelpe oss.

Denne sumaren har vi derimot snudd litt på kjerringa, og delteke på fire seriøse sumarbridgar i Huset i Trondheim att. Makkerskapa våre har vore nøyaktig like vilkårlege, uforståelege og bisarre som tidlegare; sjå den illustrative fotomontasjen under for ei folkeleg og lettfatteleg framstilling av tematikken.


Illustrativ og ikkje minst instruktiv kollasj vi berre brukte sju timar på å setja saman, gjennom det hyperteknologiske digitale hjelpemidlet "Paint", som vi no har fått installert på EDB-maskinen. Kollasjen er basert på bilete frå våre eigne arkiv: Frå venstre Aksel Hornslien, John Våge, Åsmund Forfot og Hilde Aas Nøst.

På sumarbridgen er det altså slik at ein må spela fire kveldar med fire forskjellige makkerar for å bli ein signifikant del av samanlagtlista, noko vi no då har gjort. Kort om desse makkerane: Aksel Hornslien, hjernekrympar og travekspert. Ein bamseperson, kjent for sin subtile humor og sine mange snedige triks. Samstundes ein feinschmeckar, nøye med at konjakken må drikkast før han slår seg. John Våge, jarnbanepukkarbeidar. Den einaste i kvartetten som har vunne eit JM, internasjonal jarnbanemeisterskap, i bridge. I og for seg sympatisk, men ramma av tvangstankar og ein hang til overanalyse av obskure, diffuse, i verste fall totalt uvesentlege episodar og situasjonar. Åsmund Forfot, hjernekrympar og godseigar. Ein typisk rosa gris, veldig jovial og lett å omgåast, men frynsete i stilen, tilbøyeleg til skøyrlevnad. Planlegg no å trekkje seg attende til heimbygda Rissa for å nyte sitt opium. Hilde Aas Nøst, doktorgradsstipendiat innan geologiteknologiingeniørfaget og tobarnsmor. Den mest kultiverte i kvartetten, kan både måle og snakke fransk, men er ramma av ein påfallande mangel på maniar og andre psykiske sjukdommar, med ei for ueksentrisk framferd som resultat.

Så gjeld det sjølvsagt å få så høge scorar som mogleg, og det vil glede dykk å høyre at alle dei fire scorane våre har vore over 60 prosent. Diverre har fleire verkeleg store scorar vorte pulveriserte av tull og vas, og samanlagtscoren vi no har, 249,70, er så visst ikkje noko å vinne på. Men for augneblinken trur vi at leier, marginalt framfor den livsfarlege og ikkje minst flamboyante Kjell Helmersen på 249,10. Dette kan bli ein thriller! Fylg med vidare! Men vi reknar med at vi blir nummer fire til slutt, så ikkje kast bort heiaropa dykkar på oss.

mandag 3. juli 2017

En silvergrå missil

I førre innlegg påstod vi at det berre vart ein einaste ferietur i år. Det er ikkje heilt sant. Vi var på ein liten tur til denne veka, men eit prosaisk ærend låg attom han: Vi skulle kjøpe bil. Den førre bilen vår gjekk nemleg nedanom og heim i mars, og forresten var han uansett ein tosetar. No treng vi ei kjerre som kan romme tri; dottera vår i førarsetet og mora hennar jamsides, vi i baksætet med ein bayer, på biltur til Nervei og Gulgofjorden. Så vi fann ei høveleg stasjonsvogn på internett; einaste problemet var at ho stod i Ålesund. Men merkeleg nok kjenner vi nokre tullingar som bur der i kverven, den nyleg nemnde Erlend Gaustad og sambuaren hans, Line Vatnegårdødemork. Så då Gaustad skulle køyre heim til Vatne på Sunnmøre no på tysdag, sat vi like godt på med han. Vilde var òg med. Han køyrde oss gjennom fjordane heilt til Spjelkavik, eller kva det no heitte, der bilen stod og venta, nokså ny og flunkande til å vera brukt.

Etterpå kolonnekøyrde vi med Gaustad til Vatne. Vi miste han berre éin gong. Det var stort å få oppleva denne vesle staden som den gamle studievenninna vår, Line Vatnemorkødegård, er svært stolt av å koma frå. Ho har altså fått med seg barndomsvenen vår Gaustad hit, mot alle odds. Førebels bur dei i ei sokkelleilegheit, men snart blir det barn og hus og heile suppedasen. Gratulerer. Line serverte ein utsøkt moussaka, og vi som ikkje er drektige kunne drikke øl og vin. Vi gjennomførde to rundar av den festlege tankesporten gruble, og diskuterte elles laust og fast. Dagen etterpå fekk vi sjå tomta der familien Vatneødemorkgård Gaustads hus skal stå. Dei får eit vakkert utsyn over vatnet med det festlege namnet, Vatnevatnet. Vi gler oss til å koma attende.


Line Vatnegårdmorkøde framfor tomta der hennar og Erlend Gaustads hus skal stå.

Men klokka går, så vi måtte seia farvel og byrja på heimreisa mot Trondheim. Denne gongen gjekk vi for innlandsvegen, for å få ein slags runde. Fleire påstod at det ikkje er noko å sjå langs denne vegen, men der er vi svært usamde: Romsdalen med Trollveggen og alskens andre fagre fjell, er jo eigentleg eit syn for auga. Vi skrudde på cruisekontrollen, lente oss attende og lydde til Nick Caves Murder Ballads.

Alt gjekk som smurd heilt til vi nådde Risvollan. Der skulle vi inn i den tronge og mørke parkeringskjellaren, og parkering er ikkje akkurat den sterke sida vår som sjåførar. Så vi greidde å svinge inn i murveggen, så høgre bildør fekk ei skramme. Ikkje ei stor ei, men likevel: Ein flott start! Sant å seia tok vi det med knusande ro, for vi har alltid meint at det er det indre som tel, og kosmetiske manglar bryr vi oss lite om. Men så fekk den eldre bror vår, som er svært motorinteressert, nyss om saka. Han meinte det var farleg å la skaden bli verande som han er, at han burde fiksast for å unngå rust, og at dette ville koste oss minst 10.000. "Ti tusen!" skreik vi, og hoppa frå verandaen. Då vedgjekk han at det fanst ei anna løysing, nemleg ein boks rustbeskyttelsesprimer til 79 kroner på Biltema. "Men det blir ikkje veldig estetisk," sa han. Uansett: No er vi verna mot rust att, og på litt fråstand kan ein slett ikkje skimte den vesle skramma. Bilen har i det minste litt personleg preg, han kjennest meir som vår eigen. Nemnde vi forresten kva merke det er? Nei, men no har vi gløymt det. Det som er sikkert er at han er grå, ein bil. Så det er jo flott.