onsdag 2. august 2017

Farvel, Fosen

Som dei fleste sikkert har gløymt, hadde vi i fjor sumarjobb som journalist i avisa Fosna-Folket. Etterpå vart vi kasta ut i ei knugande arbeidsløyse, og i åtte døger mottok vi dagpengar frå NAV. Så ringde dei heldigvis frå vaksenopplæringa i Melhus og sa dei trong ein jævel, og det nærast omgaånde, og vi gjekk inn i det nye skuleåret som ein lærar for dei nye landsmennene våre. Der har vi vore det seinaste året, og likt oss som varmt kveitebrød, og vi kan med glede konstatere at vikariatet vårt er forlenga i endå eit år. Men ved påsketider ringde dei igjen frå Fosens einaste by Brekstad, kjent som "holet i asfalten" mellom folk i grannekommunen Bjugn. Fosna-Folket trong òg ein jævel att, sa dei, helst på dagen. Men vi måtte berre svara at niks, gamle Melhus har oss i den klamme handa si. Men så fekk vi dårleg samvit, for til lags åt alle skal ein alltid gjera, og vi ringde dei opp att og sa at vi kunne no for så vidt ta ein sumarjobb. Lærarferien er lang, så vi sette av juli månad til å arbeide på Fosen.

Båten ein må ta frå hurtigterminalen i Trondheim for å vera på Brekstad ved arbeidsdagens start klokka 08.00, går klokka 06.20. I fjor budde vi Ila, så det var ei smal sak å sykle til kaia. No bur vi på Risvollan, og oppdaga fort at det ikkje går bussar tidleg nok om morgonen, så vi har måtta sykle derifrå òg. Når vi så har returnert med båten 15.55 frå Brekstad, som er i Trondheim 16.55, har vi ikkje fått oss til å ta med sykkelen inn på bussen, mellom barnevogner og rullatorar og rullestolar og førarhundar og det som verre er, så vi har sykla attende òg. Dette seier vi ikkje for å skryte av vår fysiske habitus, men for å åtvare alle andre mot å drive med den slags tull. Det er veldig slitsamt å sykle opp ein masse motbakkar. Stort sett har vi kjent oss som Sisyfos: Stendig på veg opp, stendig rullande attover. Vi er overtydde om at dette ikkje kan vera bra for helsa. Ein bruker opp alle kreftene sine, krefter ein eigentleg bør spara til ein er gamal og mødd, og verkeleg har bruk for dei.

Men bortsett frå pendlinga, var det ein artig månad på Fosen. Journalistyrket er ikkje så ulikt arbeidet med våre nye landsmenn: Ein kjem borti frykteleg mykje rart, og det er det som er så interessant. No skal vi ikkje her gå i gang med å gjenfortelja alt vi skreiv om i forskjellige artiklar i avisa, då er det betre at de kjøper dykk eit abonnement på denne blekka, som vi faktisk vil påstå er temmeleg bra, mykje på grunn av den uhyre arbeidssame og kreative unge redaktøren Alexander Killingberg. Det er populært å harselere med lokalavisene, og som sumarvikar har vi sjølvsagt skrive om ein del saker som ein ikkje just vinn ein Pulitzer for, men det er samstundes mangt og mykje som føregår på Fosen som det i høgste grad er verd å skrive om. Til dømes fekk vi lov til å arbeide litt med tvisten mellom Fosen Vind  og Fovsen Njaarke, altså reinbeitedistriktet, om dei føreståande vindkraftutbyggingane på halvøya. Den største pågåande folkerettssaka i verda, meinte sameadvokaten. Vi måtte til og med få tak i eit dokument frå Høgsterett, som vi riktig nok knapt forstod eit kvidder av. Så hadde vi vår fulle hyre med trugslar mot Fosens biologiske mangfald, og skreiv både om pukkellaks, mårhund, brunskogsnegler, kjempebjørnekjeks, parkslirekne, potetål og ikkje minst floghavre. I sistnemnde tilfelle fekk vi til og med ei synfaring i ein havreåker. Men ein skal sanneleg passe seg når ein arbeider i lokalavis, spesielt ei som dekkjer mange kommunar: Vi hadde ikkje vore på Brekstad i meir enn drygt to veker, før den fyrste skuldinga kom haglande imot oss om at vi var som Fosna-Folkets redaksjon alltid hadde vore, ukritiske til Ørland kommune og hatefulle ovanfor Rissa kommune. Skuldinga kom frå høgste hald, ordføraren i Rissa, så vi reknar med at det var noko i det. Saka galdt helsefortet på Hysnes i Rissa, der det kommersielle helseselskapet Unicare har inngått kontrakt med Helse Midt-Norge om ei etablering, på kostnad mellom andre av den ideelle aktøren Betania Malvik, som ligg an til å miste sin kontrakt. Betania har riktig nok klaga på prosessen, og samstundes er jo ikkje dette Unicare heilt fritt for svin på skogen: Eit enkelt Google-søk syner at leiarane skal ha teke millionar i utbyte, samstundes som dei tilsette i selskapet har vore utsette for mykje rart. Så vi ringde til ordføraren i Rissa for å spørja om ein kommentar, men ettersom kommunen hans har vore ille plaga av arbeidsløyse og fråflytting, ville han ikkje høyre eit skeivt ord om det "gigantiske gladnyhendet" at Unicare er på veg til Rissa. "Ei skitsak!" erklærte han om framstøyten vår. "Hadde dette vore ei etablering på Ørlandet og ikkje i Rissa, så hadde du ikkje eingong tenkt tanken at det var noko negativt ved det! Skriv du noko om dette, kjem eg til å reagere sterkt!" Vi drygde nokre dagar før vi sende saka til trykk, og har faktisk ikkje høyrd noko meir frå ordføraren. Men vi må berre vedgå at vi skolv i brøkene. Kjeft, av ein ordførar!


Eit glimt av det flate og fruktbare Ørlandet. Det kan likne ein idyll. Men biletet er teke under floghavresafari med heradsagronomen, og den høge veksten i front er den fryktelege floghavren.

Nei, det er nok vaffeljournalistikken som ligg hjarta vårt nærast, dei hyggelege gladsakene. Det var jo stort sett slike vi dreiv med den tida vi arbeidde ein del freelance for Ságat, med kjende titlar som "Blomsterprakt i Lakselv sentrum", "Har åpnet thailandsk kafé i Indre Billefjord" og "Konfirmantene fikk lære om læstadianismen". Ikkje for det, det kan vera farleg nok med slike saker òg. På den siste arbeidsdagen vår på Fosen var vi i Botngård i Bjugn for å snakke med ei jente som selde jordbær fra Linesøya. Diverre hadde ho selt all bæra og fare heim att innan vi kom. Idet vi skulle svinge ut att på vegen, kvelte vi motoren i samband med ein liten bakkestart, og vart så forfjamsa at vi gløymde å sjå oss til venstre då vi omsider rota oss inn på vegen. Derifrå kom ein bil, som no måtte bråbremse. Han tuta sjølvsagt kraftig, medan vi i skam og otte køyrde attende mot Brekstad. Vel attende hadde vi motteke ei Facebook-melding frå Odd Inge Hovd, ein Fosen-kjendis som vi tilfeldigvis kjenner frå før, gjennom bridgen, og som vi òg har portrettert i den faste spalta "Dagens fosning": "Var du i Botngård nå nettopp?" spurde han, noko vi berre måtte vedgå. Jau då, det var han og ingen andre som måtte vike for oss på vegen, og vi var sjølvsagt ikkje vanskelege å kjenne att der vi køyrde i ein bil med "Fosna-Folket" trykt i diger, raud skrift over heile karosseriet.

Nei, det er bra at vi snart skal gå attende til noko vi kan mindre dårleg, nemleg å ta bussen til Melhus. Men fyrst vil vi få takke Fosen, og Fovsen, for gjestefridommen i denne omgangen. Det har vore ei oppleving. Vi vil avslutte med å peike dykk vidare til ei av dei sakene vi skreiv som ikkje hamna attom ein såkalla betalingsmur, nemleg saka om den voksne mannen som dytta ein 13-åring. Slik kan de vonarleg få eit innblikk i den harde røynda på Fosen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar