søndag 9. juli 2017

Bordet er grønare om sumaren

Noko av det hyggelegaste med sumaren er som kjent sumarbridgen. Denne er som anna bridge, berre sumarlegare, lausare i snippen, med den store fordelen at ein spelar med mange forskjellige makkerar i staden for berre éin makker. Det finst jo knapt ein einskilt makker som ein ikkje ganske fort blir møkklei av, så mange feil som vedkomande nærast uavlateleg gjer.

I ungdommen vår var det sumarbridge i Huset i Brattørveita fire kveldar i veka, to av dei med røyking, og vi tok bussen innover frå Melhus så ofte som vi berre greidde, mange gonger utan å ha nokon makkeravtale. Det førde oss opp i nokre av dei skjønnaste eventyra vi har opplevd, makkerskap med den eine merkelege tullingen merkelegare enn den andre. Trond Olsen, Jon Eirik Brennvall, Øyvind Sletvold, Annfrid Hansen, you name it. Stundom drog vi òg i den andre retninga, til Kvål eller Soknedal, og det var saktens forunderlege makkerar å oppdrive der òg: Til dømes var det fleire som vi hugsar klårt og tydeleg at vi vann sumarbridgar med allereie tidleg i tenåra, men som no for lengst har lide trumfedauden, så som Jan Meland, Kåre Kvam, Leiv Øyås, Jan Skorstad, fred vera med det heilagre minnet deira.

I seinare tid har det vorte mindre sumarbridge med oss. I Lakselv var vi for så vidt trufaste på Porsanger vertshus éin gong i veka også om sumaren, men vi veit ikkje om eitt og eitt kvarts bords singeltevling utan svans eigentleg tel: Det vart iallfall aldri noko samanlagt resultatliste av det, og for det meste sat vi på plattinga utom lokalet og passivrøyka ceruttane og cigarilloane til islendingen Konráðsson, og granska trafikken langsmed E6-en. Men hyggeleg var det det òg, Gud hjelpe oss.

Denne sumaren har vi derimot snudd litt på kjerringa, og delteke på fire seriøse sumarbridgar i Huset i Trondheim att. Makkerskapa våre har vore nøyaktig like vilkårlege, uforståelege og bisarre som tidlegare; sjå den illustrative fotomontasjen under for ei folkeleg og lettfatteleg framstilling av tematikken.


Illustrativ og ikkje minst instruktiv kollasj vi berre brukte sju timar på å setja saman, gjennom det hyperteknologiske digitale hjelpemidlet "Paint", som vi no har fått installert på EDB-maskinen. Kollasjen er basert på bilete frå våre eigne arkiv: Frå venstre Aksel Hornslien, John Våge, Åsmund Forfot og Hilde Aas Nøst.

På sumarbridgen er det altså slik at ein må spela fire kveldar med fire forskjellige makkerar for å bli ein signifikant del av samanlagtlista, noko vi no då har gjort. Kort om desse makkerane: Aksel Hornslien, hjernekrympar og travekspert. Ein bamseperson, kjent for sin subtile humor og sine mange snedige triks. Samstundes ein feinschmeckar, nøye med at konjakken må drikkast før han slår seg. John Våge, jarnbanepukkarbeidar. Den einaste i kvartetten som har vunne eit JM, internasjonal jarnbanemeisterskap, i bridge. I og for seg sympatisk, men ramma av tvangstankar og ein hang til overanalyse av obskure, diffuse, i verste fall totalt uvesentlege episodar og situasjonar. Åsmund Forfot, hjernekrympar og godseigar. Ein typisk rosa gris, veldig jovial og lett å omgåast, men frynsete i stilen, tilbøyeleg til skøyrlevnad. Planlegg no å trekkje seg attende til heimbygda Rissa for å nyte sitt opium. Hilde Aas Nøst, doktorgradsstipendiat innan geologiteknologiingeniørfaget og tobarnsmor. Den mest kultiverte i kvartetten, kan både måle og snakke fransk, men er ramma av ein påfallande mangel på maniar og andre psykiske sjukdommar, med ei for ueksentrisk framferd som resultat.

Så gjeld det sjølvsagt å få så høge scorar som mogleg, og det vil glede dykk å høyre at alle dei fire scorane våre har vore over 60 prosent. Diverre har fleire verkeleg store scorar vorte pulveriserte av tull og vas, og samanlagtscoren vi no har, 249,70, er så visst ikkje noko å vinne på. Men for augneblinken trur vi at leier, marginalt framfor den livsfarlege og ikkje minst flamboyante Kjell Helmersen på 249,10. Dette kan bli ein thriller! Fylg med vidare! Men vi reknar med at vi blir nummer fire til slutt, så ikkje kast bort heiaropa dykkar på oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar