lørdag 29. juli 2017

Vi blir eldre

"Jeg blir eldre, mitt liv / begynner å ligne veggene i fraflyttede / rom der bildene er blitt fjernet, ett / for ett". Slik byrjar eit dikt av Stein Mehren, gjeve ut i 1990, som vi har tenkt på no og då oppgjennom åra, og kom i hug att no i kveld. For det gjeld jo oss òg. Ikkje minst blir det tydeleg når ungdomsheltane våre byrjar døy, som nettopp Mehren har gjort no, så seint som i går. Han vart 82 år gamal. "Tiden," skriv han i eit anna dikt, "dens dragsug igjennom oss / av glemsel, glemsel".


Stein Mehren. Eit andlet ein ikkje gløymer så fort. 

Vi kunne sagt mangt og mykje om denne forfattaren. Då vi i tenåra verkeleg byrja interessere oss for lyrikk, var han ein av dei vi fyrste vi oppdaga. I ettertid har vi vel innsett at ikkje alt han skreiv er like spennande, at han kanskje brukte vel mange ord til tider, og ikkje hadde tronge å publisere absolutt alle dei ufatteleg mange dikta han publiserte. Men vi kastar jo stein i glashus når vi seier dette, vi som sit og skriv og skriv på denne tåpelege bloggen. At Mehren var eit lyrisk talent av dei sjeldne er det iallfall ingen tvil om, og han har skrive mange dikt som vi veit at vi aldri vil gløyme. Målar var han òg, men der kjem kompetansen vår til kort, vi nøyer oss med å lesa og resitere. Vi går attende til 1963, då Mehren var like gamal som vi er no, og forfatta fylgjande:
Jeg brøt egentlig aldri opp fra din død
men gav den til vinden. Og nu er det vind
Hva tenker de fjerne fjell når det mørkner
og kvelder som alltid bekymrer hvert tre
Er det min uro som dirrer i gressets hjerte
– min skygge som dypner i stienes vener 
Det blåser i natt som det blåste den natten
Det er sterk vind. Det er som jeg prøver
å rive meg løs i natt; det er som du prøver
å rive meg til deg. Hvem er det som nøler
av oss. Hvem er det som ikke vil gå av oss
Din død er som levende hender omkring meg 

søndag 9. juli 2017

Bordet er grønare om sumaren

Noko av det hyggelegaste med sumaren er som kjent sumarbridgen. Denne er som anna bridge, berre sumarlegare, lausare i snippen, med den store fordelen at ein spelar med mange forskjellige makkerar i staden for berre éin makker. Det finst jo knapt ein einskilt makker som ein ikkje ganske fort blir møkklei av, så mange feil som vedkomande nærast uavlateleg gjer.

I ungdommen vår var det sumarbridge i Huset i Brattørveita fire kveldar i veka, to av dei med røyking, og vi tok bussen innover frå Melhus så ofte som vi berre greidde, mange gonger utan å ha nokon makkeravtale. Det førde oss opp i nokre av dei skjønnaste eventyra vi har opplevd, makkerskap med den eine merkelege tullingen merkelegare enn den andre. Trond Olsen, Jon Eirik Brennvall, Øyvind Sletvold, Annfrid Hansen, you name it. Stundom drog vi òg i den andre retninga, til Kvål eller Soknedal, og det var saktens forunderlege makkerar å oppdrive der òg: Til dømes var det fleire som vi hugsar klårt og tydeleg at vi vann sumarbridgar med allereie tidleg i tenåra, men som no for lengst har lide trumfedauden, så som Jan Meland, Kåre Kvam, Leiv Øyås, Jan Skorstad, fred vera med det heilagre minnet deira.

I seinare tid har det vorte mindre sumarbridge med oss. I Lakselv var vi for så vidt trufaste på Porsanger vertshus éin gong i veka også om sumaren, men vi veit ikkje om eitt og eitt kvarts bords singeltevling utan svans eigentleg tel: Det vart iallfall aldri noko samanlagt resultatliste av det, og for det meste sat vi på plattinga utom lokalet og passivrøyka ceruttane og cigarilloane til islendingen Konráðsson, og granska trafikken langsmed E6-en. Men hyggeleg var det det òg, Gud hjelpe oss.

Denne sumaren har vi derimot snudd litt på kjerringa, og delteke på fire seriøse sumarbridgar i Huset i Trondheim att. Makkerskapa våre har vore nøyaktig like vilkårlege, uforståelege og bisarre som tidlegare; sjå den illustrative fotomontasjen under for ei folkeleg og lettfatteleg framstilling av tematikken.


Illustrativ og ikkje minst instruktiv kollasj vi berre brukte sju timar på å setja saman, gjennom det hyperteknologiske digitale hjelpemidlet "Paint", som vi no har fått installert på EDB-maskinen. Kollasjen er basert på bilete frå våre eigne arkiv: Frå venstre Aksel Hornslien, John Våge, Åsmund Forfot og Hilde Aas Nøst.

På sumarbridgen er det altså slik at ein må spela fire kveldar med fire forskjellige makkerar for å bli ein signifikant del av samanlagtlista, noko vi no då har gjort. Kort om desse makkerane: Aksel Hornslien, hjernekrympar og travekspert. Ein bamseperson, kjent for sin subtile humor og sine mange snedige triks. Samstundes ein feinschmeckar, nøye med at konjakken må drikkast før han slår seg. John Våge, jarnbanepukkarbeidar. Den einaste i kvartetten som har vunne eit JM, internasjonal jarnbanemeisterskap, i bridge. I og for seg sympatisk, men ramma av tvangstankar og ein hang til overanalyse av obskure, diffuse, i verste fall totalt uvesentlege episodar og situasjonar. Åsmund Forfot, hjernekrympar og godseigar. Ein typisk rosa gris, veldig jovial og lett å omgåast, men frynsete i stilen, tilbøyeleg til skøyrlevnad. Planlegg no å trekkje seg attende til heimbygda Rissa for å nyte sitt opium. Hilde Aas Nøst, doktorgradsstipendiat innan geologiteknologiingeniørfaget og tobarnsmor. Den mest kultiverte i kvartetten, kan både måle og snakke fransk, men er ramma av ein påfallande mangel på maniar og andre psykiske sjukdommar, med ei for ueksentrisk framferd som resultat.

Så gjeld det sjølvsagt å få så høge scorar som mogleg, og det vil glede dykk å høyre at alle dei fire scorane våre har vore over 60 prosent. Diverre har fleire verkeleg store scorar vorte pulveriserte av tull og vas, og samanlagtscoren vi no har, 249,70, er så visst ikkje noko å vinne på. Men for augneblinken trur vi at leier, marginalt framfor den livsfarlege og ikkje minst flamboyante Kjell Helmersen på 249,10. Dette kan bli ein thriller! Fylg med vidare! Men vi reknar med at vi blir nummer fire til slutt, så ikkje kast bort heiaropa dykkar på oss.

mandag 3. juli 2017

En silvergrå missil

I førre innlegg påstod vi at det berre vart ein einaste ferietur i år. Det er ikkje heilt sant. Vi var på ein liten tur til denne veka, men eit prosaisk ærend låg attom han: Vi skulle kjøpe bil. Den førre bilen vår gjekk nemleg nedanom og heim i mars, og forresten var han uansett ein tosetar. No treng vi ei kjerre som kan romme tri; dottera vår i førarsetet og mora hennar jamsides, vi i baksætet med ein bayer, på biltur til Nervei og Gulgofjorden. Så vi fann ei høveleg stasjonsvogn på internett; einaste problemet var at ho stod i Ålesund. Men merkeleg nok kjenner vi nokre tullingar som bur der i kverven, den nyleg nemnde Erlend Gaustad og sambuaren hans, Line Vatnegårdødemork. Så då Gaustad skulle køyre heim til Vatne på Sunnmøre no på tysdag, sat vi like godt på med han. Vilde var òg med. Han køyrde oss gjennom fjordane heilt til Spjelkavik, eller kva det no heitte, der bilen stod og venta, nokså ny og flunkande til å vera brukt.

Etterpå kolonnekøyrde vi med Gaustad til Vatne. Vi miste han berre éin gong. Det var stort å få oppleva denne vesle staden som den gamle studievenninna vår, Line Vatnemorkødegård, er svært stolt av å koma frå. Ho har altså fått med seg barndomsvenen vår Gaustad hit, mot alle odds. Førebels bur dei i ei sokkelleilegheit, men snart blir det barn og hus og heile suppedasen. Gratulerer. Line serverte ein utsøkt moussaka, og vi som ikkje er drektige kunne drikke øl og vin. Vi gjennomførde to rundar av den festlege tankesporten gruble, og diskuterte elles laust og fast. Dagen etterpå fekk vi sjå tomta der familien Vatneødemorkgård Gaustads hus skal stå. Dei får eit vakkert utsyn over vatnet med det festlege namnet, Vatnevatnet. Vi gler oss til å koma attende.


Line Vatnegårdmorkøde framfor tomta der hennar og Erlend Gaustads hus skal stå.

Men klokka går, så vi måtte seia farvel og byrja på heimreisa mot Trondheim. Denne gongen gjekk vi for innlandsvegen, for å få ein slags runde. Fleire påstod at det ikkje er noko å sjå langs denne vegen, men der er vi svært usamde: Romsdalen med Trollveggen og alskens andre fagre fjell, er jo eigentleg eit syn for auga. Vi skrudde på cruisekontrollen, lente oss attende og lydde til Nick Caves Murder Ballads.

Alt gjekk som smurd heilt til vi nådde Risvollan. Der skulle vi inn i den tronge og mørke parkeringskjellaren, og parkering er ikkje akkurat den sterke sida vår som sjåførar. Så vi greidde å svinge inn i murveggen, så høgre bildør fekk ei skramme. Ikkje ei stor ei, men likevel: Ein flott start! Sant å seia tok vi det med knusande ro, for vi har alltid meint at det er det indre som tel, og kosmetiske manglar bryr vi oss lite om. Men så fekk den eldre bror vår, som er svært motorinteressert, nyss om saka. Han meinte det var farleg å la skaden bli verande som han er, at han burde fiksast for å unngå rust, og at dette ville koste oss minst 10.000. "Ti tusen!" skreik vi, og hoppa frå verandaen. Då vedgjekk han at det fanst ei anna løysing, nemleg ein boks rustbeskyttelsesprimer til 79 kroner på Biltema. "Men det blir ikkje veldig estetisk," sa han. Uansett: No er vi verna mot rust att, og på litt fråstand kan ein slett ikkje skimte den vesle skramma. Bilen har i det minste litt personleg preg, han kjennest meir som vår eigen. Nemnde vi forresten kva merke det er? Nei, men no har vi gløymt det. Det som er sikkert er at han er grå, ein bil. Så det er jo flott.

torsdag 29. juni 2017

Den store reisa

Ein slags lærar som vi er, gjekk vi fredag ut i ferie. Særleg mykje ferie blir det riktig nok ikkje, men meir om dette seinare. I helga tok vi i alle høve ein ferietur, den einaste i år. Målet var eksotisk, for å seia det mildt: Titran på Frøya. Vi har berre vore der tri gonger før, men på det fjerde skal det skje.

Det var John Gunnar Kristiansen som hadde planlagt denne storstilte seansen, fordi mor hans skulle vera borte frå Titran akkurat denne helga, noko som elles ikkje skjer meir enn éin gong i tiåret. Dimed ville han få litt spelerom der ute. Barndomsheimen attmed kapellet på Titran ville kunne hyse elegante kalas. Han skulle ta med masse folk, og alt skulle bli svært grandiost. Så det var no vi og han som køyrde vestover fredag ettermiddag. Lykelen til huset til mora fann han ikkje før sundag formiddag, liggjande under matta, så vi måtte nøye oss med å sjå på huset frå utsida.

Heldigvis kom ein annan gjest frå ein annan kant, og det er vel ikkje naudsynt å nemne at dette var den før omtalte Erlend Gaustad. For han er farens heimstad Titran så stort eit eldorado, at han nyttar kvar ledige time han har til å køyre dei fem, seks timane frå Vatne på Sunnmøre og nordover til Sør-Frøyas kystparadis.

Dette vart verkeleg ein fredagskveld å minnast. Fyrst sat vi ved Geir Gaustads kjøkenbord. Så gjekk vi ein tur ut for å sjå kva som føregjekk i dette fråflyttingstruga fiskeværet denne regntunge aftanen. Vi banka på hjå John Arnfinn: Ingen heime. Vi nærma oss huset til Jan Otto "Totto" "Lotto-Otto" Flåhammer: Han vræla i god tid: "Neeeeei!" Vi heldt fram til Sverre Georgs sokkelleilegheit: Eureka! Hunden hans, han Romeo, opna døra og sleppte oss inn. Vi sat der nokre timar. Sverre Georg brydde seg ikkje med å slå på lyset for gjestane, men generelt var han mindre lynsk enn vanleg. Etterpå gjekk vi attende til Geir Gaustads kjøkenbord, og sat der nokre timar. Så gjekk vi og la oss.

Sidan det var ferien vår, lét far og son Gaustad oss liggje attpå morgonen etter. Vi vart ikkje forsøkt vekte før klokka sju, og fekk slumre heilt til åtte. Så var det å rekkje floa. Skulle det bli middag, måtte vi ha fisk. Så vi la ut i den vakre, velhaldne trebåten "Njord". Han var av tre, såpass forstod vi, men elles kan vi lite om dette med båtar, og vi insisterte på å få ha på redningsvest, for vi kan ikkje eingong å symje. Folk sjikanerer oss for dette (eller "nedsjakanerer", som ein medelev av oss ein gong sa), men kva kan vi for at vi kjem frå Melhus? Kva finst det å symje i der? Mose? Ein einerkvast? Den grunne, steinete, loddbeint stupande Loddbekken? Vi berre spør. Men Geir Gaustad er ein durkdriven sjømann, så vi skjøna at vi var i dei tryggaste hender. Ved å multiplisere Tustnas posisjon med Sulas, og dividere solas høgd med tidevatnet, visste denne veritable Wolf Larsen nøyaktig kvar vi skulle leggje vegen, ut forbi Stabbflua, Korsholmræva og Daudmannstarran i retning Øyabakken, den beste grunnen.

Sonen hans Geir, med røynsle frå resepsjonen på Hurtigruta, hevdar òg å vera sjømann. Men ute på fiske gjorde han absolutt alt gale: Batt det doble halvstikket som eit trippelt bakstikk, velta fribordet over i merlespikaren, snubla og snåva så vi nesten kantra. Det var ikkje til å undrast på at Geir hånflira og lét falle einskilde bannord og skjellsord, der han sjølv sat og trekte opp den eine feite storseien etter den andre. Til slutt kom jamvel ein diger torsk, sju, åtte kilo tung. Då kunne vi med godt samvit sikte oss inn att mot Titran, grundig solbrende og med havsalt i håret. Men fyrst fekk vi ein tur innom det mektige fyret Sletringen, som er Noregs høgste. Då vi stod der og speida utover det vide havet, skjenkte vi ein tanke til dei drygt 140 fiskarane som vart tekne av det store uvêret i 1899, i det vi kjenner som Titran-ulykka. Det fyrste Sletringen fyr stod flunkande nytt akkurat det året, men etter katastrofen vart det krav om ytterlegare utbygging. Fyret som det står der i dag vart ferdigstilt i 1923, og skal vi tru John Gunnar og Erlend, tok dei båe aktivt del i bygginga.


Den vederheftige sjømann Geir Gaustad, med Sletringen fyr i bakgrunnen.

Erlend Gaustad greidde å få eit tau gjennom ei lykkje, det skal han ha, og det fekk han også durabeleg skryt for, då vi gjekk inn til naustet hans Roy Olsen, grannen til Geir. Der sat vi ei stund i solveggen. Men etterpå, då vi skulle preparere middagen, vart det same surret og vaset endå ein gong: Erlend miste eit egg i golvet, skrudde av lyset når han skulle skru av vifta, gløymde lever mellom fiskekjøtet, og så bortetter. Geir passa på å at sonen rakk å setja seg ned att i nøyaktig éin sekund mellom kvar einskilde kommando han ropte ut. Men ferskfisk, lever, potet, gulrot og eggsmør vart det då, og det smakte fortreffeleg.

Etterpå gjekk vi ein tur på den lokale kafeen for å ta ein dessert, men der vart vi uglesette. Så vi gjekk attende til kjøkenbordet, og sat no der ei stund. Så kom ho May, dotter av grannen Roy og syskenbarnet hans John Gunnar, og det vart litt betre stemning. Ho kunne informere oss om at det skulle vera bålbrenning nedpå kaia. Det ville vi aldri funne ut utan henne, så takk skal ho ha. På vegen nedover møtte vi Sverre Georg, som var ute med han Romeo, og desse to slo òg fylgje med oss.


Sitjande i stussleg firsemd under folkefesten. Frå venstre John Gunnar Kristiansen, Erlend Gaustad, Sverre Georg Nordskag, han Romeo og May Olsen. 

Under samankomsten, full av hytteeigarar og feriegjestar, vart vi òg uglesette. Men det var ikkje anna å forvente. Vi sat der ei god stund og naut sjøutsynet og fjellsola, men så måtte vi nesten ta ein tur attende til kjøkenbordet hans Geir, som hadde stått tomt litt for lenge. Der dukka det òg opp nokre tyske fisketuristar, som grannen Johan Eldar hadde funne i fjæresteinane. Det gav oss ein sjanse til å praktisere tysken vår, som synte seg å vera elendig. Sverre Georg var mykje flinkare, så han vart utnemnt til tolken hans Geir. Han sensurerte heldigvis ein smule, då Geir gjekk til åtak på gjestane for dette med krigen: Ikkje hadde dei rydda opp etter seg på Titran, og ikkje i Ruhrdalen, meinte han. Kvifor? Kvifor?

På sundagen vart det ein køyretur uti Kjerrvågsundet, der vi spaserte ikring i vakker natur. Deretter var det seikaker til middag, av resten av fangsten frå gårdagen. Erlend heldt på øydeleggje absolutt alt igjen, då han hadde for mykje eddik i laka som råkosten skulle liggje i. Men heldigvis slapp vi med skrekken: Han Geir laga ei ny ei lake. Så var ferieturen 2017 omsider slutt, og vi køyrde attende til Trondheim.

tirsdag 20. juni 2017

Dyret

Som nokre kanskje veit, er vi eigentleg ein pinseven. Det var iallfall det vi vart oppseda til å bli. Dei fyrste orda vi sa, i ein alder av eitt, var det arameiske formularet: "Marana ta!" – "Herren kjem!". Med åra har vi mist litt av barnetrua, men av den dyrebare arven er det særleg éin eigenskap vi har teke med oss: Vi avskyr katolikkar. For ein god pinseven er pavemakta den store skjøkja, dyret, sjølve Antikrist. Helgenar og munkar, avlatspengar og sølibat – piss oss i øyra! Og den norske statskyrkja som driv og smiskar for desse skinnheilage flottenfeirane er ikkje særleg betre. Broder Aage Samuelsen, der har du ein skikkeleg kristen: Drikkfeldig, trekkspelande, amorøs og humoristisk – ein mann av folket! 

Framleis haglar kritikken mot dei kristne i Noreg, for måten dei tedde seg på då dei dreiv og kristna landet. Men vi vil presisere at desse såkalla kristne ikkje var pinsevener, men snarare nettopp katolikkar. Vi vil faktisk gå så langt som til å seia, at ein god pinseven føretrekkjer ein real heidning framfor ein katolikk! For heidningen veit ikkje betre. Katolikken har sett lyset, men vel å misbruke det. 

Alt dette tenkte vi grundig på i Korsvika no på laurdagen, då vi og sambuaren vår bivåna det årvisse Korsvika-spelet. Vi må innrømme at når det gjeld spel, så har vi framleis til gode å sjå noko betre enn Linn Skåbers pinlege komiserie Hjerte til hjerte – Spelet. Mange av desse spela er så svulstige og sjølvhøgtidelege, kort sagt så katolske i stilen, at vi trur vi spyr. Men Korsvika-spelet var eit friskt pust. Det var lettliva og morosamt som eit vekkjelsesmøte i pinserørsla. Det tok ikkje parti for den brekkekle katolikken Olav Tryggvason, men snarare for den gode heidningen Håkon jarl – om no endeliktet hans riktig nok vart litt tragisk.




Scene frå Korsvika-spelet. Håkon jarl i front. 

For ein melhusbygg er soga om jarlen og trælen hans naturlegvis barnelærdom, ei historie som alltid har gjort djupt inntrykk. Vi meiner faktisk å hugse at vi i vår tid, medan vi enno hadde tiltaksevne, skreiv dei fyrste engelske Wikipedia-artiklane om både Rimol, Tormod Kark og Jarlshola. Men éin liten twist ved det heile tok det lang tid før vi byrja tenkje på. Høyr berre her: Vi heiter jo Erlend, ikkje sant. Kven var det som kalla oss det? Far vår, naturlegvis, som òg var frå Melhus. Det var jo eigentleg rart at han, ein manisk pinseven, skulle gje oss eit norrønt namn. Men så går vi nærare inn i materien, til Soga om kong Olav Tryggvason, og les der fylgjande om det krigsaktige oppgjeret mellom katolikken Olav og Håkon jarls son Erlend: "Ólafr sá hvar lagðist maðr fríðr forkunnliga. Ólafr greip hjálmunvölinn ok kastar at þeim manni, ok kom höggit í höfuð Erlendi, syni jarls, svá at haussinn brotnaði til heila." Utlagt, sånn cirka: "Olav såg at det låg ein fager mann og symde, og tok styrvolen og kasta etter han, og hogget kom i hovudet på Erlend, son til jarlen, så hausen brotna radt til heilen, og der miste Erlend livet sitt."

Treng vi seia meir? Det er openbert at avskya for katolisismen er ein lodd i livet vårt. Difor vart vi veldig glade då den katolske kyrkja i Noreg kom under etterforsking for grov økonomisk kriminalitet, og vi vonar dei blir dømde til å smake sin eigen medisin, nemleg bålet. Vi tilrår òg den amerikanske "true crime"-serien The Keepers, sanninga om katolske prestar i såkalla sølibat, og sjølvsagt Johannes' openberrings glitrande skildingar av Antikrist.

lørdag 10. juni 2017

Marbakken

Tradisjonelt har vi vore skeptiske til kysten, båtar og fiske og alt det der. Det har nok hatt å gjera med alle fosningane vi ufrivillig kjenner, typiske kystfolk som har rodd inn til byen frå Rissa og det som verre er, berre for å drikke og klaske kort og lage kvalme, slengje sildbøtter og tangstukne nøter ikring seg til alle baugar og kantar. Nei, vi har nok vore meir av eit innlandsmenneske, snø og granskog og alt det der, som skikken er i det gamle Melhus. Men det er noko med det; etter kvart som tida går blir ein tvungen til å utvide horisonten, og vi skal ikkje nekte for at vi saktens har sett nokre mesmeriserande kystlandskap, spesielt i Nord-Noreg. Det var difor direkte naturleg for oss å ta del i den såkalla kystens dag, som gjekk av stabelen her i Trondheim no på laurdag.

Vi fekk kjennskap til dette storstilte arrangementet gjennom sambuaren vår. Arkivsenteret på Dora, der ho arbeider, var nemleg ein av arenaene for det heile, og i den samanhengen hadde Vilde fått eit særs ærefullt oppdrag: Ein del av showet var utstillinga av ein uniform frå den nazityske marinen, ein uniform ho måtte sy diverse dekor på, inkludert ein ørn med hakekross. Vi stilte villig opp som mannekeng under syprosessen, og kunne med tryggleik konstatere at høgda vår ikkje ville kvalifisert for ein posisjon i tysk krigsmarine. Vi hadde nok høvd betre mellom dei stuttjukke partipampane, Himmler og Streicher og slike.

Uansett: På kystens dag stod vi tidleg opp, og sat og gjorde andre ting i mange timar. Så tok vi bussen ned til byen. Vi inviterte ein heil skokk av venene våre til å vera med, men responsen var laber. Den mest positive attendemeldinga fekk vi frå ein person som skal få lov til å vera anonym: "Var på kystens dag i sted, men ble antastet av ei overkåt kystdame; var ikke forsvarlig å bli der lenger." Så vi fekk altså ikkje møte han heller, men måtte kose oss i vårt eige elendige selskap. På Dora hadde dei pynta med ballongar, og nemnde naziuniform venta oss rett innom porten. Dei delte òg ut sjokolade, donert av grannen Nidar, utan at vi heilt forstod kva dette hadde med kysten å gjera. Vi fekk ei synfaring gjennom torpedogangen, der vi for så vidt har vore før, og vidare ut til skuta Hansteen, som låg i hamnebassenget på baksida. På dette ærverdige fartøyet vart vi geleida rundt av sjølvaste kapteinen, ein gamal marulk som sjikanerte oss for å stå malplassert på dekket, med foten midt oppi ein taukveil, som visstnok plutseleg kunne fyke i veg og slengje oss langt pokker ut i Frohavet. "Hadde du hatt hyre som dekksgut," konstaterte han tørt, "ville du vorte kjølhala."

Etterpå gjekk vi til den svært maritime Kafé Løkka, og tok ein bayer med dei ilandflotne lettmatrosane Åsmund Forbregd og Torgrim Wemunddal. Det er ikkje tilfeldig at dei kjem frå Rissa, og at det einaste dei ville snakke om var Johan Bojer og Den siste viking. Ikkje før var vi komne, så drog dei oss attende til Dora, men ikkje for å gå på kystens dag. Nei då, desse karane kan jo allereie alt som er å kunne om kysten og det maritime: Forbregd ein sursildfiskar i verdsklasse ... Wemunddal, ein notknytar av Guds nåde ... Dei skulle sjølvsagt spela biljard, og kven kan klandre dei? Det er ikkje ofte det ofselege Smutthavet, der dei til kvardags ligg og otrar etter røykalaks, er smult nok til at høgkvalitets biljardspeling kan føregå i kahytten. Så dette var ei veldig verdig avslutning på dagen, og vi rodde heim att gjennom regnet på ein mental bylgjetopp.

lørdag 27. mai 2017

For dårleg

26. mai er ein høgtidsdag av sjeldne proporsjonar. Dette er nemleg fødselsdagen til den amerikanske musikar og delvis skodespelar Levon Helm (1940–2012), "known for his deeply soulful, country-accented voice, multi-instrumental ability and creative drumming style", for å sitere internett. Bandet hans var sjølvsagt The Band, mellom andre.

Han har òg gjeve namn til kvisslaget vi er med på, der vi eigentleg ikkje fortener plassen vår, fordi vi kan altfor lite om Levon Helm. Eller rettare sagt: Vi kan altfor lite, punktum. Men leiinga på laget ser det openbert som naudsynt å freista banke litt kunnskap inn i hovudet vårt, noko vi sjølvsagt er dei evig takksame for. Ein spesiell takk til kaptein Geir Olav Tislevoll i Auckland, New Zealand, og assisterande kaptein her i Trondheim, Håkon Lyng. Utan desse til å oppdra oss, hadde vi vore endå mykje dummare enn vi er.

Udugelegleiken vår til trass, blir det nokre kvissigrar for lag Levon Helm, spesielt dei kveldane når vi for vår del ikkje har høve til å delta. På Antikvariatet på Bakklandet kjem kveldspremieringa i form av bongar på øl, men fordi alle på laget er working class heros, blir det sjeldan høve til å sitja utover måndagskveldane og tylle i seg all premieringa. I dei elles magre lommebøkene til kasserarane Ivar Berg, Meldal, og Hans Arne Forseth, Rauland, byggjer det seg med tida opp nokre feite bunkar av slike ølbongar. Før dei blir så nedslitne at dei ikkje lenger kan lesast, må ein helst få nytta dei. Lag Levon Helm bruker difor å ta ein felles seanse der alt det tilgjengelege ølet blir konsumert, gjerne i samband med Levon Helms fødselsdag. I år fall jo denne på ein fredag, så det høvde svært godt.

Underteikna heiste det norske flagget allereie ved soloppgang. Sørstatsflagget vi hadde tinga frå Elaine, Arkansas, kom diverre ikkje fram i tide. Laget kom saman på Antikvariatet klokka 16.30. Lyng hadde med aviser med kvissar til oppvarming, og det var berre å gå til bardisken og forsyne seg med øl. Vi vil presisere at vi, som strengt teke ikkje har fortent nokre av premiane, drakk med litt meir måte enn dei andre på laget. Det skulle verkeleg berre mangle, for så vidt òg fordi vi, med den stusslege fysikken vår, toler svært lite av det sterke. Lyng gjekk snart over på sine eigenkomponerte kvissar. Vi var her så heldige å trekkje Terje Røsand, Kristiansund, som lagkamerat. Han må verkeleg vera eit slags geni, iallfall kan han nesten alt. Så den fyrste kvissen, om Levon Helm, vann "vi" nokså klårt over Berg og Forseth, med godt under helvta rett. Vi visste absolutt ingenting, men Røsand visste ein del. Neste tema var Oddvar Brå, og der vart vi slått. Vi visste ingenting, Røsand visste ein del, men Berg og Forseth visste litt meir, og vann denne runden på kanskje ein femtedel av den oppnåelege scoren. Heldigvis hadde jamvel vi nokre svar rett då kategoriane vart litt rundare, nemleg litteratur og film, så totalt gikk vi sigrande ut av Lyngs kviss.


Ein ung Levon Helm.

For nokre veker sidan, på ein kviss der vi ikkje var til stades, hadde lagleiinga avgjort at andre del av Levon Helms bursdagsfest skulle føregå i den nye bustaden til underteikna og hans kjære sambuar. Svært sjenerøst godtok Vilde denne avgjerda utan å mukke, noko dei færraste kvinner ved sine fulle fem ville gjort. Det vart tinga ein drosje til Marie Sørdals veg kring klokka 20.00. Servitrisa på Antikvariatet gjorde noko høgst uvanleg og djupt rørande: Ho sende med oss ei gratis flaske sprudlevatn i gåve. Fyrst måtte ho riktig nok forsikre seg om at nokon på laget hadde ein sekk, så vi kunne ta flaska med oss utan å vekkje oppsikt på vegen ut. Sekk hadde heldigvis opptil fleire, mellom andre Røsand, fordi han drog på ein gamal kassettspelar, som var tenkt brukt til å spela ein kassett med noko av Levon Helms rikhaldige musikalske produksjon. Stor takk til servitrisa for flaska og lykkynskingane.

Vel oppe hjå underteikna, heldt kvelden fram med musikkfilmen The Last Waltz på repeat, og fleire kvissar laga av medlemene på laget. Vi greidde oss godt så lenge vi trekte Røsand som lagkamerat, men dei andre rundande vart diverre skrale. Når vi no i ettertid ser igjennom poengskjemaet som alle resultata skulle førast inn i, er det riktig nok umogleg å seia sikkert ut frå dette kven sigerherren vart. Men det må nok ha vore Røsand. Etter at vi hadde presentert vår eigen litt for enkle kviss (opptil fleire greidde opptil fleire av spørsmåla), og skårunge Kristian Kvamsøe, Dale, sin populærkulturelle og difor urvanskelege kviss, gjekk vi over på ymse såkalla Kahoot-kvissar, eit høgteknologisk intermedialt format. Det var komplisert, ikkje minst for oss med Nokia 100, men på mystisk vis gjekk det bra.

I det heile lærde vi svært mykje av denne førebiletlege kvelden, som enda om lag klokka 03.30. Gjestane var til og med galante nok til å medbringe ein sjokolade til Vilde som takk for velviljen. Gratulerer igjen til Levon Helm, og Guds fred over minnet både om han og bursdagsfesten hans.