torsdag 29. juni 2017

Den store reisa

Ein slags lærar som vi er, gjekk vi fredag ut i ferie. Særleg mykje ferie blir det riktig nok ikkje, men meir om dette seinare. I helga tok vi i alle høve ein ferietur, den einaste i år. Målet var eksotisk, for å seia det mildt: Titran på Frøya. Vi har berre vore der tri gonger før, men på det fjerde skal det skje.

Det var John Gunnar Kristiansen som hadde planlagt denne storstilte seansen, fordi mor hans skulle vera borte frå Titran akkurat denne helga, noko som elles ikkje skjer meir enn éin gong i tiåret. Dimed ville han få litt spelerom der ute. Barndomsheimen attmed kapellet på Titran ville kunne hyse elegante kalas. Han skulle ta med masse folk, og alt skulle bli svært grandiost. Så det var no vi og han som køyrde vestover fredag ettermiddag. Lykelen til huset til mora fann han ikkje før sundag formiddag, liggjande under matta, så vi måtte nøye oss med å sjå på huset frå utsida.

Heldigvis kom ein annan gjest frå ein annan kant, og det er vel ikkje naudsynt å nemne at dette var den før omtalte Erlend Gaustad. For han er farens heimstad Titran så stort eit eldorado, at han nyttar kvar ledige time han har til å køyre dei fem, seks timane frå Vatne på Sunnmøre og nordover til Sør-Frøyas kystparadis.

Dette vart verkeleg ein fredagskveld å minnast. Fyrst sat vi ved Geir Gaustads kjøkenbord. Så gjekk vi ein tur ut for å sjå kva som føregjekk i dette fråflyttingstruga fiskeværet denne regntunge aftanen. Vi banka på hjå John Arnfinn: Ingen heime. Vi nærma oss huset til Jan Otto "Totto" "Lotto-Otto" Flåhammer: Han vræla i god tid: "Neeeeei!" Vi heldt fram til Sverre Georgs sokkelleilegheit: Eureka! Hunden hans, han Romeo, opna døra og sleppte oss inn. Vi sat der nokre timar. Sverre Georg brydde seg ikkje med å slå på lyset for gjestane, men generelt var han mindre lynsk enn vanleg. Etterpå gjekk vi attende til Geir Gaustads kjøkenbord, og sat der nokre timar. Så gjekk vi og la oss.

Sidan det var ferien vår, lét far og son Gaustad oss liggje attpå morgonen etter. Vi vart ikkje forsøkt vekte før klokka sju, og fekk slumre heilt til åtte. Så var det å rekkje floa. Skulle det bli middag, måtte vi ha fisk. Så vi la ut i den vakre, velhaldne trebåten "Njord". Han var av tre, såpass forstod vi, men elles kan vi lite om dette med båtar, og vi insisterte på å få ha på redningsvest, for vi kan ikkje eingong å symje. Folk sjikanerer oss for dette (eller "nedsjakanerer", som ein medelev av oss ein gong sa), men kva kan vi for at vi kjem frå Melhus? Kva finst det å symje i der? Mose? Ein einerkvast? Den grunne, steinete, loddbeint stupande Loddbekken? Vi berre spør. Men Geir Gaustad er ein durkdriven sjømann, så vi skjøna at vi var i dei tryggaste hender. Ved å multiplisere Tustnas posisjon med Sulas, og dividere solas høgd med tidevatnet, visste denne veritable Wolf Larsen nøyaktig kvar vi skulle leggje vegen, ut forbi Stabbflua, Korsholmræva og Daudmannstarran i retning Øyabakken, den beste grunnen.

Sonen hans Geir, med røynsle frå resepsjonen på Hurtigruta, hevdar òg å vera sjømann. Men ute på fiske gjorde han absolutt alt gale: Batt det doble halvstikket som eit trippelt bakstikk, velta fribordet over i merlespikaren, snubla og snåva så vi nesten kantra. Det var ikkje til å undrast på at Geir hånflira og lét falle einskilde bannord og skjellsord, der han sjølv sat og trekte opp den eine feite storseien etter den andre. Til slutt kom jamvel ein diger torsk, sju, åtte kilo tung. Då kunne vi med godt samvit sikte oss inn att mot Titran, grundig solbrende og med havsalt i håret. Men fyrst fekk vi ein tur innom det mektige fyret Sletringen, som er Noregs høgste. Då vi stod der og speida utover det vide havet, skjenkte vi ein tanke til dei drygt 140 fiskarane som vart tekne av det store uvêret i 1899, i det vi kjenner som Titran-ulykka. Det fyrste Sletringen fyr stod flunkande nytt akkurat det året, men etter katastrofen vart det krav om ytterlegare utbygging. Fyret som det står der i dag vart ferdigstilt i 1923, og skal vi tru John Gunnar og Erlend, tok dei båe aktivt del i bygginga.


Den vederheftige sjømann Geir Gaustad, med Sletringen fyr i bakgrunnen.

Erlend Gaustad greidde å få eit tau gjennom ei lykkje, det skal han ha, og det fekk han også durabeleg skryt for, då vi gjekk inn til naustet hans Roy Olsen, grannen til Geir. Der sat vi ei stund i solveggen. Men etterpå, då vi skulle preparere middagen, vart det same surret og vaset endå ein gong: Erlend miste eit egg i golvet, skrudde av lyset når han skulle skru av vifta, gløymde lever mellom fiskekjøtet, og så bortetter. Geir passa på å at sonen rakk å setja seg ned att i nøyaktig éin sekund mellom kvar einskilde kommando han ropte ut. Men ferskfisk, lever, potet, gulrot og eggsmør vart det då, og det smakte fortreffeleg.

Etterpå gjekk vi ein tur på den lokale kafeen for å ta ein dessert, men der vart vi uglesette. Så vi gjekk attende til kjøkenbordet, og sat no der ei stund. Så kom ho May, dotter av grannen Roy og syskenbarnet hans John Gunnar, og det vart litt betre stemning. Ho kunne informere oss om at det skulle vera bålbrenning nedpå kaia. Det ville vi aldri funne ut utan henne, så takk skal ho ha. På vegen nedover møtte vi Sverre Georg, som var ute med han Romeo, og desse to slo òg fylgje med oss.


Sitjande i stussleg firsemd under folkefesten. Frå venstre John Gunnar Kristiansen, Erlend Gaustad, Sverre Georg Nordskag, han Romeo og May Olsen. 

Under samankomsten, full av hytteeigarar og feriegjestar, vart vi òg uglesette. Men det var ikkje anna å forvente. Vi sat der ei god stund og naut sjøutsynet og fjellsola, men så måtte vi nesten ta ein tur attende til kjøkenbordet hans Geir, som hadde stått tomt litt for lenge. Der dukka det òg opp nokre tyske fisketuristar, som grannen Johan Eldar hadde funne i fjæresteinane. Det gav oss ein sjanse til å praktisere tysken vår, som synte seg å vera elendig. Sverre Georg var mykje flinkare, så han vart utnemnt til tolken hans Geir. Han sensurerte heldigvis ein smule, då Geir gjekk til åtak på gjestane for dette med krigen: Ikkje hadde dei rydda opp etter seg på Titran, og ikkje i Ruhrdalen, meinte han. Kvifor? Kvifor?

På sundagen vart det ein køyretur uti Kjerrvågsundet, der vi spaserte ikring i vakker natur. Deretter var det seikaker til middag, av resten av fangsten frå gårdagen. Erlend heldt på øydeleggje absolutt alt igjen, då han hadde for mykje eddik i laka som råkosten skulle liggje i. Men heldigvis slapp vi med skrekken: Han Geir laga ei ny ei lake. Så var ferieturen 2017 omsider slutt, og vi køyrde attende til Trondheim.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar