onsdag 13. desember 2017

Pinnibelt

Som nokre kanskje har fått med seg, fekk vi til den 29. bursdagen vår to pinnedyr, i gåve av den svært dyregode eldre systera vår. Ho har halde både edderkoppar, slangar og ymse øgler, no held ho katt, høner og liknande. Sjølve har vi berre hatt eitt kjæledyr tidlegare, og det var òg ein vandrande pinne, som vi gav namnet Benito. Han fekk eit langt og lykkeleg liv i lag med oss på den gamle hybelen vår på Valentinlyst, den såkalla Kjellaren. Men på Risvollan, der vi no bur, må det vera eller anna med klimaet eller dei kulturelle tilhøva som ikkje høver den sære personlegheita desse skrømtinsekta (phasmatodea) gjerne har. 

Det eine pinnedyret døydde nemleg etter berre fåe dagar. Det andre, som vi rakk å døype Grautpinn, greidde seg tilsynelatande godt i ein månads tid. Deretter gjennomgjekk han eit hamskifte så dramatisk at det kosta han fire av seks bein, og sambuaren vår sende ut daudsmelding til slekt og vener. Det var ei overdriving, i røynda var han berre i koma, og han vakna opp att etter kvart. Vi vurderte aktiv daudshjelp, men det er no ein gong slik at beina kan vekse ut att på desse skapningane, så all von var tilsynelatande ikkje ute.

Men så var ho likevel det, for nokre veker seinare ebba livet til den vesle pinnen stille og fredsommeleg ut. No klamrar vi oss til vona om at dette dyret med den utrulege evna til sjølvformeiring, kan ha etterlate nokre egg i jorda, ein liten kvist eller to som kan føre den stolte arven vidare. Men kva med oss: Er vi eigentleg verdige ein andre sjanse som forsyrgjarar? Enn så lenge må vi trøyste oss med Inger Hagerups vakre dikt om hennar eige pinnedyr, "Strofe med pinnen", som vi òg siterte ved Benitos daud.

Den gang jeg levde, sa den døde pinnen,
da var jeg bare jeg og ingen annen.
Nå er jeg havet, himmelen og vinden
du føler stryker deg så svalt om pannen. 
Jeg elsket deg nok, men jeg så deg ikke.
Jeg var meg selv for heftig og for meget.
Nå ser jeg på deg med det store blikket
som solen modner kornet med på neket.

Det var for trangt i rommet og i tiden.
Men døden er så åpen og så stille,
og alt har hendt for lenge, lenge siden
av disse altfor mange ting jeg ville. 
Og når du kommer etter, hvisket pinnen,
da skal jeg vente i den svimle svingen.
Bak havet og bak himmelen og vinden,
der vi skal være evige og ingen.

onsdag 6. desember 2017

Menn som ringjer

"Jula er høgtid med tradisjon," heiter det i songen, og malapropos tradisjon og medmenneskelegheit og så bortetter, tenkte vi å ta føre oss ein av fåe tradisjonar vi sjølve har eit forhold til, nemleg den å slå på tråden. Sjølve slår vi sjeldan på tråden, men heldigvis har vi nokre vener som likevel slår på tråden til oss, uskuldige offer for Becketts syndrom: "Eg har ingenting å seia; likevel må eg tala." Det er desse arme sjelene som her skal få ein hjarteleg takk.

Den fyrste er Erlend Gaustad, seminarist i Haram kommune, som ofte ringjer oss og kjeftar oss opp for ikkje å ringje han. Tradisjonelt har han ringt ofte, gjerne til ukristelege tider, som den einslege gjesten på Øyra pub på Vatne, eller frå kjøkenbordet til far sin på Titran. Han er ein av dei argaste forsvararane av denne noble norrøne bygdetradisjonen å slå på tråden, ei interesse han har ervd ikkje minst frå onkelen sin, Rune Gaustad, som sjølv ringjer frå Titran når han er der, og til Titran når han ikkje er der, alltid med den same opningsfrasen: "Kårr'n sæi ferr nå den kar'n da?" Han kan godt ringje på nytt ein time seinare, og stille akkurat det same spørsmålet. Erlend Gaustads eigen signatur er forresten den plutselege avskilshelsinga, gjerne etter ein times snikksnakk om vått og tørt: "Vi sei det sånn så læng," vel å merkje utan at noko som helst har vorte avtalt, inga semje har vorte nådd. Men litt urolege er vi, for no har Gaustad utruleg nok vorte far (gratulerer, forresten), og vi tek oss i å undre: Er det fare for at han no vil ringje sjeldnare? Men på den andre sida: Kva anna skal ein gjera i dei lange nettene når barnet ligg og vrælar?

Så er det Håkon Lyng, overarkivar i Arbeidstilsynet i Trondheim og assisterande kaptein på kvisslaget Levon Helm. Han ringjer under eller etter vitjingar på Mellomveien pub, for å konfrontere oss med dei mange og skandaløse brota våre på kvisslagets komplekse byråkratiske statuttar. Lyng er alltid omgjeven av damer når han ringjer, flust med damer, på puben eller heime. At han altså likevel finn tid til å prioritere kapteinsrolla og det veldige ansvaret ho medfører, er rett og slett førebiletleg, og seier litt om kva formidabel leiarfigur han er. Det kan vera tilsynelatande bagatellmessige tilhøve det gjeld, som at søknaden vår om permisjon frå kvissen kom inn elleve i staden for dei forskriftsmessige tolv vekene på førehand, men som eineveldig assisterande kaptein veit han at slike tilhøve i røynda er alt anna enn bagatellmessige: Sluntrar ein unna den korrekte prosedyren berre ein einaste gong, om aldri så lite og umerkeleg, byrjar sjølve grunnfjellet i organisasjonen slå sprekkjer, med ein plutseleg og daudbringande kollaps som overhengande risiko.

På helgekveldane ringjer òg Stein Bjerkset, fysioterapeut i Rennebu, og han kan vera av dei seigaste, mest uthaldande telefonistane, der han sit på hytta si i Soknedalsfjella og tek ein gamaldansk. Fyrst skal han fortelja eit par lokalt produserte vitsar, deretter anekdotar frå røyndommen, og så må vi få nokre bridgespel til avisa, alle fire hender og alle ville meldingar. Førre laurdag trudde vi likevel ikkje at julekvelden var komen som kjerringa i påska på våre eigne øyro, då Bjerkset annonserte at han og kvinnfolket var på storbyweekend i Trondheim, og ville vitje oss in persona! Det var for å skode barnet. Vi gjorde ei avtale om at det skulle skje dagen etter, og sundagen kom som ein vind, han, men då ringte Bjerkset igjen, no for å seia at kvinnfolket hadde nekta han å vitje oss. Det var nemleg ikkje aktuelt, meinte ho, å dra på barselvitjing utan den obligatoriske barselsgrauten, som er ein titusenårig tradisjon i Rennebu og omegn. Det ville vore ei stor synd og ei endå større skam, hevda ho. Sjølve sver vi til det etymologiske, "barsel" i tydinga "barns-øl", og vi insisterte på at det ville vera meir enn godt nok om dei kom med nokre sixpacks med Frydenlund bayer. Men Bjerksets muse kunne ikkje risikere presseoppslag om at ho var faren på barselvitjing utan graut, så det vart ikkje noka vitjing, det vart med telefonsamtala. Men det var jo meir enn nitriveleg nok det òg.

Vi må sjølvsagt òg nemne Lasse Aaseng, utflytt nordtrøndar og profilert bankiér i Oslo, som sjeldan nedverdigar seg til å helse, men ganske enkelt innleier med orda: "Ja, ja, Skjetne." Deretter er det eit eller anna som ikkje er som det skal, som han kjenner ein trong til å diskutere med oss. Det kan gjelde talentlause norske bridgespelarar, eller det kan gjelde det evinnelege surret og vaset i hans eigen arbeidsbransje. Alt er trist, trasig, tragisk. Stundom freistar vi oppmuntre han, men han er utrøysteleg. Mange gonger har vi slett ikkje noko lurt å seia han til svar, det blir berre ja og ha, medan han i eit fargerikt språk opnar hjarta sitt opp for oss. Men plutseleg har han fått nok, og skjer igjennom: "Snakkes, Skjetne." Kom vi fram til noko? Nei. Men det var ei frapperande samtale likevel.

Det er òg ein del andre som stundom ringjer, som vårtorskefiskaren Trond Bårdsen frå Tromsø. Før ringde òg steinarbeidaren Malvin Gimse frå Melhus, og ein sjeldan gong trearbeidaren Reidar Bårseth frå Støren. Ein gong ringde ein bridgespelar frå Kvænangen, som vi knapt kunne hugse å ha møtt, og det vara i over ein time. Alt dette var veldig kjempekoseleg. Så det er berre for kven som helst å ringje oss igjen, og vi vil òg koma med same oppfordring til alle andre, no som det går mot jul og den glade høgtida med dei nære verdiane og alt det der: Ta opp telefonen, og snakk i ein time eller to om absolutt ingenting til einkvan du kanskje ikkje har snakka til sidan i går, og som frå før har det altfor travelt i den altfor kompliserte kvardagen sin. Det har han fortent. 

onsdag 15. november 2017

Tilfeldig oppdaging

Vi må koma med eit slags dementi. I ein tidlegare tekst på denne vevstaden kunne det framstå som at vi var i ferd med å lesa Saul Bellows Herzog. Det var vi for så vidt. Men det gjer oss ikkje til eit raffinert menneske. For vi fullførde aldri romanen. Det såkalla meisterverket av den Nobel-premierte forfattaren kjeda oss. 4–500 tettskrivne sider om ein nevrotisk akademikar som analyserer i hel sine eigne kvinnehistorier … Jau då, det er sikkert psykologiske, for ikkje å seia eksistensielle djupner i denne boka. Men livet er for kort til å plage seg gjennom bøker som ikkje fengjer ein. Det må vera lov å prioritere dei bøkene ein har glede av.

Ei slik ei fann vi svært tilfeldig i ei utsalshylle på Risvollan bibliotek nyleg (biblioteket er no under oppussing, så ikkje dra dit). I utgangspunktet plukka vi henne ikkje eingong med oss, men då vi kom til disken med åtte bøker à kr. 5, fekk vi høyre at ein heil pose berre kosta kr. 50, så då måtte vi hente nokre fleire. Ei lita ei med den tilsynelatande infantile tittelen The Easter Parade, anakronistisk dekorert av to pene, pyntelege damer teikna på raud botn, fekk under tvil innpass, utan at vi hadde nokon kjennskap til henne frå før. Men for ein roman! Vi har lese han på bussen til og frå jobb i det siste (vi har smerteleg erfart at det å køyre bil til jobb ikkje er kompatibelt med å lesa så mykje som eit haikudikt, og difor slutta med det), og vi måtte stendig klø oss i hovudet: Korleis er det mogleg å skrive om dei ganske ordinære liva til to mellomklassesystre i nokre av New Yorks Citys mest ordinære forstader ein gong i førre hundreår, på eit slikt vis at ein kynisk ung mann som oss knapt greier å leggje boka ifrå seg?


Superb romankunst.

Det syner iallfall at forma, eller skal vi seia uttrykket, er alt. Også om dei to systrene Grimes kunne ein sikkert produsert side opp og side ned med djuptpløyande psykologisk snikksnakk, men forfattaren Richard Yates (1926–1992) gjer ikkje det. Han er ein allvitande forteljar, ja visst, men han misbruker ikkje posisjonen sin. Han fortel den triste historia beint fram, i enkle ordelag, i ein roman som er relativt kort, men som likevel rømer to heile menneskeliv, frå barndom til fullvaksen alder. Ein trur på at det er sant, at desse systrene og menneska ikring dei like gjerne kunne levd i den røynlege verda. I mange kriminalromanar kan ein lesa om vald og drap utan at det avføder anna enn skuldertrekningar, i Yates sin roman finst derimot scener frå kvardagslivet som er så opprivande at jamvel vi, ein temmeleg kjøleg fisk, blir freista til å hoppe over nokre sider. Men samstundes vil ein jo vita kva som skjer, ein vil ikkje forlata systrene Grimes, ikkje eingong når den eine er daud og den andre gamal og smått forskrulla, og romanen plutseleg er slutt.

Vi trudde ikkje at vi hadde kjennskap til forfattaren Richard Yates frå før, men på ein måte var ikkje det heilt sant. For nokre år sidan såg vi nemleg ein amerikansk spelefilm kalla Revolutionary Road. Det høyrest kanskje urovekkjande ut av hovudrolleinnehavarane der er ingen ringare enn Leonardo DiCaprio og Kate Winslet. Vi har aldri sett Titanic og veit ingenting om prestasjonane deira der, men Revolutionary Road var faktisk ein temmeleg glitrande film – basert, har vi oppdaga no, på ein roman ved same namn av nettopp Richard Yates. Så dei som køyrer til jobb og ikkje har tid til å lesa bøker, kan jo eventuelt sjå den filmen.

onsdag 25. oktober 2017

Bridgehistorie for ikkje-bridgespelarar

Mange lesarar (to, tri av dei totalt fem, seks lesarane vi har) seier til oss at dei ikkje les ein töddel vidare i eit innlegg på denne bloggen, viss dei forstår at det handlar om bridge. Men her er ein kuriøs bridgevariant som kanskje kan vera av interesse òg for dei mange som hatar bridge.

Du sit med ess, dame blokk, to filurar, ess, dame, knekt, ti sjette og ess, liten. Makkeren din, som forresten er Tromsø og Hammerfests Trond Bårdsen, opnar 1 spar. I gunstig sone melder nestemann, som du aldri har sett før, inn 3 kløver, som han rettar til 7 hjarter, som han rettar til 4 hjarter. Du sit med den to månader gamle dottera di på armen. Du trur det er partevling, men er ikkje sikker. Høgre motstandar er ikkje éin, men to personar, men du veit ikkje kven nokon av dei er. Så er spørsmålet kva du melder. Gjer det nokon skilnad at du no oppdagar at du ikkje hadde ein liten kløver jamsides esset, men derimot tiaren?

Vi kontemplerte både lenge og vel over denne saka, vurderte fyrst 5 ruter, slo det ifrå oss fordi det som sagt moglegvis var partevling, vurderte deretter 5 spar som ein sleminvitt utan hjarterkontroll, men vraka det alternativet fordi vi berre hadde dobbel spar. Til slutt fall vi ned på den bleike meldinga 4 spar, og det gjekk lynjekk rundt. Vi var veldig spente på om utspelaren kom til å ta for ess og konge i hjarter i utspelet, eller om dette var ein brent slem. Men så vakna vi.

Dette er eit artig fenomen som den vitskaplege litteraturen ikkje nemner med eit kvidder: Lidenskapelege bridgespelarar drøymer om natta om bridge, og det er ikkje berre omstenda kringom bridgen ein drøymer om, det er sjølve korta, kvart og eitt av dei tretten korta ein har på handa, og i mange tilfelle også korta til makkeren og motstandarane. Heile spel, ja, kanskje til og med fleire spel, kan utspela seg i ein einskild draum, med same detaljnivå som i røynda. Når ein vaknar kan ein hugse det og tenkje attende på det, som dette meldeproblemet over 4 hjarter. Men – og dette er det interessante, som trass alt plasserer desse draumane i kategori med andre draumar – det skjer alltid eit eller anna absurd, som strid imot bridgens reglar og logikk. Til dømes har ein tolv kort, som tilfellet over, eller for den del berre seks, eller kanskje har ein alle honnørpoenga i stokken på handa, eller spelaren som i den eine augneblinken var eins eigen makker blir plutseleg ein motstandar, eller det same kortet blir spela mange gonger, og så bortetter. Vi hugsar til dømes ein draum der Rune Hauge heilt openlyst melde på makkers tenkjepause, noko vi vart så rasande for at vi gjekk til fysisk åtak på han, med det resultatet at vi vart kasta ut av tevlinga. Vi prøvde i timevis å sleppe inn att, men fekk ikkje lov! Aldri før har vi vore så opprørde.

Nemnde draum frå i natt var til samanlikning ganske moderat, det var ikkje veldig mange eller spesielt hårreisande logiske brestar. Men kva synst du om 4 spar-meldinga vår? Idiotisk, blodfattig, grei nok eller briljant? Vi er interessert i å lære her, til seinare bridgedraumar vi måtte koma til å ha. Samstundes vil vi gjerne skape litt engasjement kring bloggen, så ikkje-bridgespelarar kan òg gjerne respondere. Skriv svaret ditt kommentarfeltet under.

søndag 22. oktober 2017

Wlad vulgo Dracula dicitur wayvoda Wallachiae

Vi trur det er viktig at vi som foreldre forstår at dottera vår, Lindis, ikkje berre er ein vaksen. Ho er også eit barn, og må, som sådan, møtast med visse andre tilnærmingar enn ein vaksen. Vi kan ikkje berre sitja og lesa atlas og skrive sonettar i lag med henne, vi må òg ta del i meir infantile aktivitetar. Til dømes kosa vi oss med tridje sesong av fjernsynsserien Narcos i lag. Lindis hadde sett dei fyrste sesongane frå innsida av si mors liv, men synst det var gjævt å endeleg kunne ta ein bayer og ein bit fleskesvor til sjånaden.

Overskrifta er påskrifta på favorittskjorta vår. Vi har hatt henne sidan 2009, men ho er framleis ikkje heilt utvaska, for dette er robust rumensk kvalitet. Teksten dreier seg, som de vel forstår, om den valakiske fyrst Vlad III., kjent som Vlad Țepeș eller Vlad spiddaren (1431–1476), som heller ufortent vart ein slags modell for karakteren Dracula. I røynda skal han ha vore veldig populær mellom folk flest, fordi han fekk bukt med korrupsjonen mellom skatteinnkrevjarane, som saktens hadde godt av å bli litt spidda. Skjorta kjøpte vi på slottet Bran – som i røynda slett ikkje var heimen til fyrst Vlad – nokre miler vest for Brașov i fjellkjeda Karpatane i regionen Transilvania. Det var den gongen vi var der på Junior-EM i bridge, men faktisk hadde vi vore der to gonger tidlegare òg, sidan stemora vår kom frå nettopp denne byen. Veslesystera vår er halvt rumensk, eller snarare kvart, sidan mor hennar var halvt ungarsk, halvt rumensk.

Det er svært vakkert i denne historisk viktige delen av dagens Romania, men sjølvsagt er det òg uhyggeleg, ja, bloddrypande. Dette er illustrert mellom anna i det legendariske Super Nintendo-spelet Super Castlevania IV, som går føre seg i Draculas borg i Transilvania i det herrens år 1691. Som spelar går ein i rolla som Simon Belmont, ein vakker mann utstyrt med ein pisk, og oppdraget er å bane seg veg til toppen av slottet, og til slutt drepe Dracula. Som born hugsar vi at vi fann dette oppdraget ulideleg vanskeleg, men så kom broren til stemora vår på vitjing frå nettopp Brașov, og han hadde røynsler ikkje minst frå kampen mot den illgjetne diktator Nicolae Ceaușescu og hans drakoniske kjerring Elena, som gjorde at spelet for han var ei smal sak. Med kyndig vegleiing greidde vi òg å runde det etter kvart, vi fekk piska Dracula så han til slutt gjekk opp i liminga, og flaug i veg som ei einsleg flaggermus.


Frå møtet med mannen med ljåen i Super Castlevania IV, siste hindring før ein kjem til sjølve Dracula. Vi er til høgre, farleg nær å bli råka av ein utsendt sigd. 

I forkant av Lindis' nedkomst tenkte vi det var på tide å undersøkje om vår gamle Super Nintendo framleis fungerte – og forsyne oss: Medan smarttelefonar og berbare datamaskinar og alskens anna moderne møkk bryt saman berre ein mister det i golvet, lever den gamle SNES-en i beste velgåande etter over 20 år. Riktig nok må ein blåse bort støv kvar gong ein startar han, og kanskje stille han på høgkant eller setja inn spelet på ein særskilt måte, men liv blir det. Altså har dottera vår no fått del i dei vidunderlege Nintendo-eventyra vi sjølve fekk oppleva som born, med det kritikarroste Castlevania IV som det absolutte høgdepunktet. Det er mange fryktelege fiendar ein må hanskast med i laupet av dette spelet, avrivne hovud og vandrande skjelett og gigantiske kongroer an mass, men Lindis fokuserer på det vakre transilvanske landskapet og all den praktfulle musikken. 

Så kan folk berre sjikanere oss for at vi framleis sver til denne teknologien som snart er like gamal som sjølve Dracula-myten, men vi har prøvd desse moderne spela med all sin fancy-schmancy grafikk, og dei er ikkje noko for oss. No skal alt vera 3D, for ikkje å seia 4D, men har ein ikkje nok av den slags svineri i den røynlege verda? Når vi ein sjeldan gong tek oss tid til noko såpass samfunnsunyttig som å spela eit TV-spel, vil vi slappe av med maks to dimensjonar, helst berre éin, og til det føremålet er Castlevania IV perfekt. Og om nokon skulle lure: Ja, vi har også no nådd fram til toppetasjen i borga, og vi har piska gamle grev Dracula til den flottenfeiaren ikkje hadde korkje lyn eller eldtunger att å sende imot oss. Men ta dykk i vare: Éin stad i det karpatiske mørkret driv skrømtet av den store spiddaren framleis kvilelaust ikring. 

tirsdag 10. oktober 2017

Dei frie sjelers justis

Det har vore offentleg merksemd kring vår kjære hobby bridge i det siste, etter at stjernene Geir Helgemo og Tor Helness fekk fengselsstraffer og store bøter for grovt skattesvik. Når bridgen dukkar opp i media, er det stort sett utelukkande i negative samanhengar, det vere seg juks, spritsmugling med fatalt utfall, drap eller dobbeltdrap, og no altså òg økonomisk hufs.

I kva grad dei er skuldige skal vi ikkje seia noko om, men uansett trur vi på total likskap for lova. Difor augnar vi no ny von for Helgemo og Helness: I går vart det nemleg kjent at den eksentriske målar Odd Nerdrum, etter å ha vorte domfelt for akkurat det same som Helgemo og Helness, har vorte "benådet ved kongelig resolusjon", såleis at han slepp å sone fengelsstraffa si. Vi trudde knapt at slikt var mogleg i kongeriket Noreg, men "kongeriket" er nøkkelordet her: Når kongen for ein gongs skuld fann det for godt å bruke den vesle makta han har, var det altså for å hjelpe Nerdrum til å unngå fengsel. Kan Nerdrum vera ein av dronning Sonjas elskarar? Det blir spekulasjonar. Men éi sak er klår: Kommentarane til benådinga frå Nerdrums advokat Elden, sitert i VG-artikkelen vi linka til ovanfor, er noko av det artigaste vi har lese så langt i år. "– Alt er nå ferdig for Nerdrum når det gjelder skattesaken, og han fortsetter videre med maling som den frie sjel han er, skriver Nerdrums advokat John Christian Elden i en tekstmelding til DN. [...] – Hans kunstneriske sjel er og må være fri, og han kan nå konsentrere seg om kunst og kultur og ikke skatt, skriver Elden i en e-post til VG." At denne Elden, ein fyr som framstår som kul utelukkande i eigenskap av å vera ein usedvanleg gjennomført juridisk tørrpinn, skal drive og fable om Nerdrums "frie sjel", er rett og slett urkomisk.

Personleg var vi den heldige mottakar av ei restskattrekning på søte 93.000 her i sumar, ein sum vi innbetalte med glede. Hadde vi tenkt tanken at vår smule kunstnariske pretensjon kunne innvilga oss benåding ved kongeleg resolusjon, etterfylgt av lyriske fraser frå sjølvaste John Christian Elden, skulle vi nok likevel aldri ha betalt, men heller gått andre vegar med rekninga. Men gjort er gjort, og no er det Tor Helness og Geir Helgemo vi vil forsvare mot Skatteetatens nyslipte falløks.

Svært frie sjeler: Odd Nerdrum flankert av Geir Helgemo og Tor Helness. Dei mange sjarmerande fellestrekka gjer at dei alle tri, etter vår meining, fortener same blide lagnad. 

Desse figurane har mellom anna vunne VM i bridge på vegner av nasjonen Noreg, Helgemo også EM, og såleis vore gode representantar for kongeriket. Helness kjenner vi ikkje så veldig godt, men fleire møte med han ved bridgebordet, har gjort det tydeleg for oss at han er ei svært fri sjel, som ikkje er redd for å seia det han tenkjer, og på andre måtar oppføre seg minst like eksentrisk som Odd Nerdrum. Geir Helgemo, som vi har drukke mang ein kaffikopp med gjennom ei såkalla dagdrivarforeining organisert i det midtnorske bridgemiljøet, er ikkje fullt så eksentrisk. Men også han framstår som svært fri, iallfall så lenge han ikkje blir kasta i fengsel. Vi må berre appellere til kongens samvit, om snarast å slå ein strek over desse dommane. Vi må få sleppe å oppleva at Geir Helgemo – som vi hugsar at ein av dei metanolspritdømde gjorde – møter opp på sumarbridge i Bridgehuset ikledd ein oransje fengselshabitt. Det høver ikkje ein av bridgens største kunstnarar.

torsdag 5. oktober 2017

På frifot

"Jeg er fri, jeg er fri, jeg er fri! / Mitt fangenskaps liv er forbi! Jeg er fri som en fugl, jeg er fri!" Det var dottera vår Lindis som resiterte dei kjende linene frå Ibsens Når vi døde vågner, då ho på torsdag endeleg fekk lov til å forlata Nyfødd intensiv. Då hadde ho, som vi, vore der i halvannan månad. Vi er utruleg takksame for hjelpa vi har fått der. Men heldigvis hadde dei som arbeider der det same målet som oss, nemleg å få oss til helvete ut og heim. I den samanhengen har dei noko som heiter NAST, Nyfødd intensiv ambulerande sjukepleiarteam, som fungerer såleis at ein som forelder kan få opplæring i det medisinske som må gjerast med barnet, deretter reise heim medan ein enno formelt er innlagt, og så kjem ein sjukepleiar frå avdelinga innom tri gonger i veka for å sjekke at alt går etter planen.

"Min pappa triller piller / på byens apotek. / Han er så tynn og trist og blek, / og triller hvite piller." Slik byrjar ein av Lindis sine favorittsongar, nettopp fordi han handlar om far hennar. Vi står med ei lita sprøyte og doserer morfin og noko som heiter klonidin, eksklusive medisinar verde tusenvis av kroner, i gradvis nedtrapping for å unngå at Lindis blir abstinent. Så skal ho inntil vidare ha mat via ein sonde, og det i eininga, for ho må visst feitast opp. Dette er vi veldig imot: For oss har det magre alltid vore eit ideal, og Lindis er samd, jamfør sisteverset i den andre favorittsongen hennar: "Det var en gammel baker / på en bitteliten øy. / Han åt for mange kaker / med krem og syltetøy. / Forleden dag så satt han død / midt i en haug av wienerbrød."  Men det er korkje vi eller ho som legg føringane, så det er berre å innrette seg. Når alt dette er over, vil vi praktisk talt vera utlærde sjukepleiarar. Kanskje ikkje dei aller beste, men vi kan sikkert få jobb i det private helsevesenet.


Litt vemodig var det òg å ta farvel med hospitalet. Mellom anna hadde vi mange hyggelege middagar i kantina på Kvinne–Barn-senteret i lag med Jon Eiesland, som arbeider med eit eller anna EDB-relatert på St. Olavs. Her er han og barnets mor Vilde Christoffersen Walsø avfotografert utom kantina etter vår aller siste middag i lag. I midten ein utstoppa grevling, som også var ein viktig støttespelar for oss under det lange opphaldet.

Heldigvis er det ikkje berre sjukdom og elende i kvardagen. Det har, som de forstår, gått veldig framover med barnet, og det er òg mykje hygge med henne. Den siste kvelden vår på St. Olavs fekk vi lov til å gå ein trilletur i området, og vi synte Lindis mange av dei store spektakla i nedre del av Trondheim, så som Nidarosdomen. Men ho sov seg gjennom alt. Forleden dag vart det derimot ein tur frå leilegheita vår på Risvollan bort til butikken på Risvollansenteret, der vi skulle kjøpe lakris. På vegen er det ei flate der ein ser beint opp til Vassfjellets topp i vakre Melhus. Då ho for fyrste gong fekk sjå det fagre fjellet mot himmelranda, då kvikna ho til og smilte mykjeseiande.