torsdag 5. oktober 2017

På frifot

"Jeg er fri, jeg er fri, jeg er fri! / Mitt fangenskaps liv er forbi! Jeg er fri som en fugl, jeg er fri!" Det var dottera vår Lindis som resiterte dei kjende linene frå Ibsens Når vi døde vågner, då ho på torsdag endeleg fekk lov til å forlata Nyfødd intensiv. Då hadde ho, som vi, vore der i halvannan månad. Vi er utruleg takksame for hjelpa vi har fått der. Men heldigvis hadde dei som arbeider der det same målet som oss, nemleg å få oss til helvete ut og heim. I den samanhengen har dei noko som heiter NAST, Nyfødd intensiv ambulerande sjukepleiarteam, som fungerer såleis at ein som forelder kan få opplæring i det medisinske som må gjerast med barnet, deretter reise heim medan ein enno formelt er innlagt, og så kjem ein sjukepleiar frå avdelinga innom tri gonger i veka for å sjekke at alt går etter planen.

"Min pappa triller piller / på byens apotek. / Han er så tynn og trist og blek, / og triller hvite piller." Slik byrjar ein av Lindis sine favorittsongar, nettopp fordi han handlar om far hennar. Vi står med ei lita sprøyte og doserer morfin og noko som heiter klonidin, eksklusive medisinar verde tusenvis av kroner, i gradvis nedtrapping for å unngå at Lindis blir abstinent. Så skal ho inntil vidare ha mat via ein sonde, og det i eininga, for ho må visst feitast opp. Dette er vi veldig imot: For oss har det magre alltid vore eit ideal, og Lindis er samd, jamfør sisteverset i den andre favorittsongen hennar: "Det var en gammel baker / på en bitteliten øy. / Han åt for mange kaker / med krem og syltetøy. / Forleden dag så satt han død / midt i en haug av wienerbrød."  Men det er korkje vi eller ho som legg føringane, så det er berre å innrette seg. Når alt dette er over, vil vi praktisk talt vera utlærde sjukepleiarar. Kanskje ikkje dei aller beste, men vi kan sikkert få jobb i det private helsevesenet.


Litt vemodig var det òg å ta farvel med hospitalet. Mellom anna hadde vi mange hyggelege middagar i kantina på Kvinne–Barn-senteret i lag med Jon Eiesland, som arbeider med eit eller anna EDB-relatert på St. Olavs. Her er han og barnets mor Vilde Christoffersen Walsø avfotografert utom kantina etter vår aller siste middag i lag. I midten ein utstoppa grevling, som også var ein viktig støttespelar for oss under det lange opphaldet.

Heldigvis er det ikkje berre sjukdom og elende i kvardagen. Det har, som de forstår, gått veldig framover med barnet, og det er òg mykje hygge med henne. Den siste kvelden vår på St. Olavs fekk vi lov til å gå ein trilletur i området, og vi synte Lindis mange av dei store spektakla i nedre del av Trondheim, så som Nidarosdomen. Men ho sov seg gjennom alt. Forleden dag vart det derimot ein tur frå leilegheita vår på Risvollan bort til butikken på Risvollansenteret, der vi skulle kjøpe lakris. På vegen er det ei flate der ein ser beint opp til Vassfjellets topp i vakre Melhus. Då ho for fyrste gong fekk sjå det fagre fjellet mot himmelranda, då kvikna ho til og smilte mykjeseiande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar