søndag 22. oktober 2017

Wlad vulgo Dracula dicitur wayvoda Wallachiae

Vi trur det er viktig at vi som foreldre forstår at dottera vår, Lindis, ikkje berre er ein vaksen. Ho er også eit barn, og må, som sådan, møtast med visse andre tilnærmingar enn ein vaksen. Vi kan ikkje berre sitja og lesa atlas og skrive sonettar i lag med henne, vi må òg ta del i meir infantile aktivitetar. Til dømes kosa vi oss med tridje sesong av fjernsynsserien Narcos i lag. Lindis hadde sett dei fyrste sesongane frå innsida av si mors liv, men synst det var gjævt å endeleg kunne ta ein bayer og ein bit fleskesvor til sjånaden.

Overskrifta er påskrifta på favorittskjorta vår. Vi har hatt henne sidan 2009, men ho er framleis ikkje heilt utvaska, for dette er robust rumensk kvalitet. Teksten dreier seg, som de vel forstår, om den valakiske fyrst Vlad III., kjent som Vlad Țepeș eller Vlad spiddaren (1431–1476), som heller ufortent vart ein slags modell for karakteren Dracula. I røynda skal han ha vore veldig populær mellom folk flest, fordi han fekk bukt med korrupsjonen mellom skatteinnkrevjarane, som saktens hadde godt av å bli litt spidda. Skjorta kjøpte vi på slottet Bran – som i røynda slett ikkje var heimen til fyrst Vlad – nokre miler vest for Brașov i fjellkjeda Karpatane i regionen Transilvania. Det var den gongen vi var der på Junior-EM i bridge, men faktisk hadde vi vore der to gonger tidlegare òg, sidan stemora vår kom frå nettopp denne byen. Veslesystera vår er halvt rumensk, eller snarare kvart, sidan mor hennar var halvt ungarsk, halvt rumensk.

Det er svært vakkert i denne historisk viktige delen av dagens Romania, men sjølvsagt er det òg uhyggeleg, ja, bloddrypande. Dette er illustrert mellom anna i det legendariske Super Nintendo-spelet Super Castlevania IV, som går føre seg i Draculas borg i Transilvania i det herrens år 1691. Som spelar går ein i rolla som Simon Belmont, ein vakker mann utstyrt med ein pisk, og oppdraget er å bane seg veg til toppen av slottet, og til slutt drepe Dracula. Som born hugsar vi at vi fann dette oppdraget ulideleg vanskeleg, men så kom broren til stemora vår på vitjing frå nettopp Brașov, og han hadde røynsler ikkje minst frå kampen mot den illgjetne diktator Nicolae Ceaușescu og hans drakoniske kjerring Elena, som gjorde at spelet for han var ei smal sak. Med kyndig vegleiing greidde vi òg å runde det etter kvart, vi fekk piska Dracula så han til slutt gjekk opp i liminga, og flaug i veg som ei einsleg flaggermus.


Frå møtet med mannen med ljåen i Super Castlevania IV, siste hindring før ein kjem til sjølve Dracula. Vi er til høgre, farleg nær å bli råka av ein utsendt sigd. 

I forkant av Lindis' nedkomst tenkte vi det var på tide å undersøkje om vår gamle Super Nintendo framleis fungerte – og forsyne oss: Medan smarttelefonar og berbare datamaskinar og alskens anna moderne møkk bryt saman berre ein mister det i golvet, lever den gamle SNES-en i beste velgåande etter over 20 år. Riktig nok må ein blåse bort støv kvar gong ein startar han, og kanskje stille han på høgkant eller setja inn spelet på ein særskilt måte, men liv blir det. Altså har dottera vår no fått del i dei vidunderlege Nintendo-eventyra vi sjølve fekk oppleva som born, med det kritikarroste Castlevania IV som det absolutte høgdepunktet. Det er mange fryktelege fiendar ein må hanskast med i laupet av dette spelet, avrivne hovud og vandrande skjelett og gigantiske kongroer an mass, men Lindis fokuserer på det vakre transilvanske landskapet og all den praktfulle musikken. 

Så kan folk berre sjikanere oss for at vi framleis sver til denne teknologien som snart er like gamal som sjølve Dracula-myten, men vi har prøvd desse moderne spela med all sin fancy-schmancy grafikk, og dei er ikkje noko for oss. No skal alt vera 3D, for ikkje å seia 4D, men har ein ikkje nok av den slags svineri i den røynlege verda? Når vi ein sjeldan gong tek oss tid til noko såpass samfunnsunyttig som å spela eit TV-spel, vil vi slappe av med maks to dimensjonar, helst berre éin, og til det føremålet er Castlevania IV perfekt. Og om nokon skulle lure: Ja, vi har også no nådd fram til toppetasjen i borga, og vi har piska gamle grev Dracula til den flottenfeiaren ikkje hadde korkje lyn eller eldtunger att å sende imot oss. Men ta dykk i vare: Éin stad i det karpatiske mørkret driv skrømtet av den store spiddaren framleis kvilelaust ikring. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar