onsdag 25. oktober 2017

Bridgehistorie for ikkje-bridgespelarar

Mange lesarar (to, tri av dei totalt fem, seks lesarane vi har) seier til oss at dei ikkje les ein töddel vidare i eit innlegg på denne bloggen, viss dei forstår at det handlar om bridge. Men her er ein kuriøs bridgevariant som kanskje kan vera av interesse òg for dei mange som hatar bridge.

Du sit med ess, dame blokk, to filurar, ess, dame, knekt, ti sjette og ess, liten. Makkeren din, som forresten er Tromsø og Hammerfests Trond Bårdsen, opnar 1 spar. I gunstig sone melder nestemann, som du aldri har sett før, inn 3 kløver, som han rettar til 7 hjarter, som han rettar til 4 hjarter. Du sit med den to månader gamle dottera di på armen. Du trur det er partevling, men er ikkje sikker. Høgre motstandar er ikkje éin, men to personar, men du veit ikkje kven nokon av dei er. Så er spørsmålet kva du melder. Gjer det nokon skilnad at du no oppdagar at du ikkje hadde ein liten kløver jamsides esset, men derimot tiaren?

Vi kontemplerte både lenge og vel over denne saka, vurderte fyrst 5 ruter, slo det ifrå oss fordi det som sagt moglegvis var partevling, vurderte deretter 5 spar som ein sleminvitt utan hjarterkontroll, men vraka det alternativet fordi vi berre hadde dobbel spar. Til slutt fall vi ned på den bleike meldinga 4 spar, og det gjekk lynjekk rundt. Vi var veldig spente på om utspelaren kom til å ta for ess og konge i hjarter i utspelet, eller om dette var ein brent slem. Men så vakna vi.

Dette er eit artig fenomen som den vitskaplege litteraturen ikkje nemner med eit kvidder: Lidenskapelege bridgespelarar drøymer om natta om bridge, og det er ikkje berre omstenda kringom bridgen ein drøymer om, det er sjølve korta, kvart og eitt av dei tretten korta ein har på handa, og i mange tilfelle også korta til makkeren og motstandarane. Heile spel, ja, kanskje til og med fleire spel, kan utspela seg i ein einskild draum, med same detaljnivå som i røynda. Når ein vaknar kan ein hugse det og tenkje attende på det, som dette meldeproblemet over 4 hjarter. Men – og dette er det interessante, som trass alt plasserer desse draumane i kategori med andre draumar – det skjer alltid eit eller anna absurd, som strid imot bridgens reglar og logikk. Til dømes har ein tolv kort, som tilfellet over, eller for den del berre seks, eller kanskje har ein alle honnørpoenga i stokken på handa, eller spelaren som i den eine augneblinken var eins eigen makker blir plutseleg ein motstandar, eller det same kortet blir spela mange gonger, og så bortetter. Vi hugsar til dømes ein draum der Rune Hauge heilt openlyst melde på makkers tenkjepause, noko vi vart så rasande for at vi gjekk til fysisk åtak på han, med det resultatet at vi vart kasta ut av tevlinga. Vi prøvde i timevis å sleppe inn att, men fekk ikkje lov! Aldri før har vi vore så opprørde.

Nemnde draum frå i natt var til samanlikning ganske moderat, det var ikkje veldig mange eller spesielt hårreisande logiske brestar. Men kva synst du om 4 spar-meldinga vår? Idiotisk, blodfattig, grei nok eller briljant? Vi er interessert i å lære her, til seinare bridgedraumar vi måtte koma til å ha. Samstundes vil vi gjerne skape litt engasjement kring bloggen, så ikkje-bridgespelarar kan òg gjerne respondere. Skriv svaret ditt kommentarfeltet under.

2 kommentarer:

  1. Eg drøymde ein gong ein 7-spels lagkamp og skåra ut etterpå – IMP-skalaen sat! Det var i ein periode eg spela (og tenkte) noko meir bridge enn i dag.

    SvarSlett
  2. Sjølv har eg problem med alt for mange kort i draumebridge. Gjerne fleire sjukortsfargar, og kanskje firekort spar på si. Vert så vanskelege meldeproblem at eg vaknar. Eit anna problem er at eg ofte melder kjempegode kontraktar, men når eg skal claime så synar det seg at eg manglar fleire av godkorta eg hadde då eg melde.

    4sp budet er fattig. Her må det bys meir.

    SvarSlett