søndag 17. september 2017

Daude pingvinar

For nokre månader sidan las vi den fenomenale populærvitskaplege boka Landene som forsvant, 18401970, om diverse mislykka statsdanningar rundt om i verda. Ho handla mellom anna om koloniseringa av Tierra del Fuego, Eldlandet, lengst sør i Sør-Amerika. Mellom sekundærlitteraturen til dette kapitlet var ei bok kalla Reisen til verdens ende. Sidan vi alltid har vilja lære meir om Eldlandet, leita vi opp denne boka på nettet, og tinga ho frå Hovudbibliotekets djupaste fjernlager til Risvollan bibliotek. Ho er forfatta av den danske journalisten og reiseskrivaren Arne Falk-Rønne, i samarbeid med vår eigen motstandshelt Max Manus, som i si tid levde eit noko mindre førebiletleg liv nettopp i Sør-Amerika. I denne boka frå 1975 får han vise veg, på ei smått melankolsk reise attende til sin ungdoms paradis.

Det er mykje interessant historie i boka, men ho kunne kanskje greidd seg med litt færre anekdotar om Max Manus sine gamle gauchostøvlar. Partiet der forfattarane vitjar prinsesse Ragnhild og hennar kjære gemal skipsreiar og industrigründar Erling Lorentzen i Rio de Janeiro, og sistnemnde får dosere fritt kring det velkjende temaet "dagens ungdom", kunne kanskje òg ha vore litt forkorta. Vi trudde vi skulle lesa ei bok om Eldlandet, men det er fyrst i dei siste kapitla at reisefylgjet faktisk kjem så langt, noko som ved nærare ettertanke ikkje burde forbausa oss, sett i lys av tittelen på boka: Det er jo ei reise det dreier seg om, ei lang ei.

Desse siste kapitla hadde vi til vederlag stor glede av, då vi her fekk lære ein heil del om Eldlandets urinnvånarar, yagánane, verdas sørlegaste urfolk. Ein del av informasjonen må vi riktig nok ta med ei klype salt, då forfattarane som nemnt har ein hang til det anekdotiske. Men den triste historia i botnen er nok sann: Yagánane tolte ikkje møtet med dei vestlege nybyggjarane, og det hardføre folkeslaget som visstnok kunne symje ned under isbreane og fange fisk som veritable selar, vart langt på veg utrydda, gjennom vald, sjukdommar, alkoholisme og alt anna svineri som overalt har fylgt i fotspora til den heroiske kvite mannen. Darwin med vener tok forresten med seg eit par av dei på Beagle, heilt til London, men det var ikkje nokon nemneverdig suksess det heller.
Da de kom til England, trodde de først at de var døde og hadde havnet i selenes evige jaktmarker i himmelen. Her holdt også døde pingviner til, og de vokste etter døden. I fornemme kretser i London, hvor yagánene ofte og gjerne ble vist frem, så de mange av disse forvokste avdøde pingvinene – herrer i kjole og hvitt. 

Ein yagánfamilie. Legg merke til kor lettkledde dei er, endå Eldlandet har eit røft klima. Dei hadde stundom nokre guanacopelsar og selskinn å dra ikring seg, men i framstillingane til vestlege forfattarar er det generelt knapt grenser for kor primitive dei blir påstått å vera. I lange periodar skal dei ha levd berre av muslingar og frose lav. Dei skal òg ha drepe og ete dei dei gamle damene sine når dei byrja bli slitsame, og ungar kasta dei over bord for å lette vekta av kanoane, eller bytte dei bort til kolonistane mot ein skinande knapp. Men sannsynlegvis er alt dette ein smule overdrive. 

Med yagánane sitt store fall gjekk det òg nedover med språket deira, eit nær isolert og såleis veldig spesielt språk, ordrikt som fåe andre, jamvel om det visstnok ikkje har talord større enn fem. I 1975 skriv Falk-Rønne og Manus at det berre finst to yagánar att, og desse to skulle endåtil vera uvener, ikkje på talefot gjennom dei ti seinaste åra. Andre kjelder kan tyde på at dette ikkje stemmer heilt; det kjem iallfall an på korleis ein definerer ein yagán, og det finst nok framleis nokre fåe sjeler som iallfall vil kalle seg delvis yagán. Men det øydelegg ikkje den fantastiske avslutninga på Reisen til verdens ende, der forfattarane etter lang tids leiting på Eldlandet finn fram til desse to visstnok aller siste yagánane. Den fyrste av dei vil overhovudet ikkje snakke om folket sitt, og det kan ein tru på, for slik det har vore ei skam å vera same eller kven i Noreg – eller, for vår del, kortvaksen og plattføtt hugenott på Melhus  har det i heile Amerika vore ei skam å tilhøyre eit urfolk. Boka endar idet dei finn den andre yagánen, forresten fetteren til den fyrstnemnde, og fylgjande vesle passiar utspelar seg:
"Får vi spørre om hva du ble uvenner med din fetter om?"
           "Ja, hvorfor ikke? Jeg ropte etter ham, den gangen for mange år siden: "For en yagán!" Og den hånen har han aldri tilgitt meg." 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar