søndag 10. september 2017

Tuva Ottesen gift

Ei av våre betre venninner, Byåsen og Sorgenfris Tuva Ottesen, gifte seg på laurdag. På grunn av utfordringane med vår eiga dotter, forresten fødd i synd, fekk vi berre overvore det mest formelle av bryllaupet, seremonien i Havstein kyrkje, der Ottesen sa ja til sin Magne Værnes. Vi høyrde det riktig nok ikkje så tydeleg, men vi trur det var det ho sa, og vi vil med dette få gratulere.

Ottesen, no Værnes, har vore ein person i vår eksistens heilt sidan vi byrja på studiet av nordisk språk og litteratur for ganske nøyaktig ti år sidan. Men dei fyrste tri åra fann vi henne litt skummel, og heldt oss unna. Fyrst då vi byrja på meisterstudiet kom vi litt nærare innpå henne, og oppdaga då at ho var forbausande hyggeleg. Ja, eigentleg var ho den klårt hyggelegaste mot oss av dei tri nære venninnene vi kan seia vi hadde under meisterstudiet. Dei to andre, Ingrid Skjold Roan og Line Vatnemorkødegård, var meir tilbøyelege til innfule innfall og feministisk orientert sjikane av vår eminente og ikkje minst truskuldige person. Ottesen hadde derimot ei slags maternalistisk omsorg for oss, og med åra har ho då òg vorte ei glitrande mor, for si unge dotter Aurora.

Ottesen er ei dame med orden i sysakene. Under meisterstudiet hadde vi eit system der den av oss fire som kom til lesesalen tidlegast om morgonen, fekk ei stjerne i eit skjema. Den som så fekk flest stjerner over tid, fekk ein premie. Ikkje berre fekk Ottesen klårt flest stjerner, ho var òg den einaste som ikkje juksa med stjernene. Men til dei som no måtte innbille seg at ho er ein altfor formell person, er det nok å seia at vi ein gong tok henne på fersken i å ha ei flaske egglikør  som endåtil var illegalt smugla inn i Noreg  på innerlomma under ei ettermiddagsvitjing på den familievenlege kafeen Mormors. Vi kan heller ikkje unngå å nemne det heilt spesielle tilhøvet ho hadde til vegleiaren sin under meisterstudiet, professor Petter Aaslestad. Dette er vel å merkje ikkje ei kompromitterande opplysning for hans del, då han er homofilert. Men denne relasjonen fekk også vi nyte godt av: Vi vil aldri gløyme korleis han hyra Ottesen, og Ottesen hyra oss, til å hjelpe han å byte kontor. For jobben, som tok ein halvtime, fekk vi og Ottesen 500 kroner kvar, ein middag med innlagt føredrag om Samuel Beckett på ein pizzeria i Ila, og ikkje minst ei signert bok om nettopp Samuel Beckett. Dette berre for å nemne noko av alt det forunderlege vi har opplevd i lag med denne kvinna, Ottesen.


Fantastisk kollasj som vi eigenhendig laga i bryllaupsgåve til Ottesen, ved bruk av det nesten magiske programmet Paint. Til venstre ser vi den svenske forfattarinna Victoria Benedictsson, som Ottesen skreiv meisteroppgåve om, i lag med dottera Hilma i 1878, dette som ein metafor for Ottesen og dottera Aurora. I midten ser vi Ottesens vegleiar på meisterstudiet, den eksentriske professor Petter Aaslestad. Til høgre eit bilete frå ei melankolsk markering då studietida vår var over; frå venstre Line Ødemorkvatnegård, Tuva Ottesen, underteikna og Ingrid Skjold Roan.

Ein fiffig detalj: Nemnde Skjold Roan og Vatnemorkødegård, sistnemnde med sin sambuar Erlend Gaustad, var òg i Trondheim i helga for å feire brura. Den religiøse seremonien skulle skje i Havstein kyrkje klokka 11.45 laurdag formiddag. Vi hadde avtale om å sitja på oppover med nemnde vener frå hotellet deira, Rica Nidelven, klokka 11.00. Vi sprang gjennom byen for å rekkje oss fram, døydde nesten av overkoktheit, men rakk det. Vel framme fekk vi høyre at avreisa var utsett til 11.15, då den notorisk seindrektige Vatneødemorkgård opplevde krøll med krølltanga. Klokka 11.15 skulle ho "berre" ta ei andletsmaske, eller kva det var. Klokka var 11.25 før ho, som av ein eller annan grunn skulle vera sjåfør, faktisk vreid om tenningsnøkkelen. Ingen av oss visste kvar vegen til denne kyrkja eigentleg gjekk, men vi ana at vi nok måtte pårekne eit kvarters køyring, om vi då overhovudet ville greie å finne fram. Til overmål byrja sjåføren, fordi ho vart så varm av alt sitt eigenproduserte stress, å dra av seg klesplagg medan ho køyrde. Midt i ei rundkøyringa måtte vi til dømes hjelpe henne av med ei jakke. Poenget er: Vi burde faktisk, berre for å terge brura, ha kome springande oppover kyrkjegolvet samstundes som ho skreid inn arm i arm med far sin, vi burde snubla i brurekjolen og radbrekt dei småe brurepikene i fallet. Det ville på ein minneverdig måte ha minna Ottesen om våre glade studiedagar i lag, og ho kunne ganske sikkert ha ledd godt av det om nokre år. Men akk: Etter ein sjudundrande køyretur der minst eit par fartsdemparar vart forserte utan minst teikn til fartsreduksjon, kom vi inn i kyrkja eit heilt minutt før brura.

Nokre ord om brudgommen skulle vi sikkert òg ha sagt, men vi kjenner han primært som ein jordnær og veldig real person, som arbeider med eit eller anna innan moderne teknologi, og som ikkje plagar verda med overflødig sjølvhevdande snikksnakk. Han og Ottesen har vore i lag i tolv år, trur vi presten sa, og dei har alltid framstått for oss som eit eksepsjonelt harmonisk par. I sitt pittoreske rekkjehus, med vesle Aurora og katten Sushi, blir dei sikkert ikkje mindre harmoniske med det fyrste. Hadde det ikkje vore for at han openbert har gjort det allereie, skulle vi sagt at brudgommen no kan kysse brura.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar