tirsdag 5. september 2017

Pingpong på Kvinne–barn

Vi har no budd i over tri veker på St. Olavs hospital. Som den legendariske felegnikkaren Jørgen Tjønnstaul sa det, då han langt om lenge hamna på heim, og nokon spurde korleis han treivst: "Det er ikkje nokon blivande stad."

For det meste sit vi jo ved kuvøsen til dottera vår, klappar henne på skuldra og kondolerer, les dagens nyheiter for henne, ofte òg ein god roman, i desse dagar Saul Bellows Herzog. Det er ikkje så artig for henne å liggje med ein slange ned gjennom nasen og halsen, men ho har då i det minste fått ein god porsjon fentanyl for strevet. Til oss kom svigerforeldra med ein sterk og god trappistøl i barselsgåve, og han var god, og han var sterk, men han var skryp. Han døyvde berre for ei kort stund monotonien ved tilveret på dette hospitalet, som til overmål har namn etter ein katolsk avgud. Det er litt trøyttande å berre gå her og vente, vente på at vesle Lindis skal bli briljant nok til å vera med heim.

Så ein må prøve å gjera det beste ut av det, variere dagane på den måten ein kan. Til dømes kan ein jo av og til ta heisen, av og til gå trappene ned i resepsjonen for å hente seg kaffi, og av og til kan ein drikke svart kaffi, av og til ha fløyte i han. Vidare prøver vi å byte litt på kantinane vi et i, då rekvisisjonen vår gjeld både Jordmor Matja på Kvinnebarn-senteret, Labb-inn på Laboratoriesenteret, Café Bevegelse på Bevegelsessenteret, Café Gastro på Gastrosenteret, og ikkje minst kantina med det velklingande namnet Kantina, på Nevrosenteret. Vi har likevel vorte så mette av den sterile sjukehusmaten, at vi éin dag, i staden for eta den gratis rekvisisjonsmiddagen vår, betalte av eiga lomme for middag på thairestauranten i Elgesetergata! Dei som kjenner oss veit at vi er glade i å snu på krona, så dette var ei desperat og urovekkjande handling. Elles er det jo flott å sprade rundt i dei forskjellige bygga på sjukehuset og sjå på all den vakre kunsten på veggene, og for så vidt har vi gått oss nokre turar utandørs òg, til spennande mål som Marienborg og Gløshaugen.

Men det største var vel oppdaginga vi gjorde ute på terrassen i andre etasje på KvinneBarn, av eit vaskekte pingpongbord. Det berre stod der og stod der, tilsynelatande utan å bli brukt overhovudet. Dette minna oss om gamle dagar, då vi enno budde på Risvollan, og hadde både tennisbane og bordtennisbord nede i dalen. Så har vi ved gjentekne høve, meir eller mindre tilfeldig, møtt på den profilerte tennisspelaren Jon Eiesland nede på Jordmor Matja, av di han har sitt daglege arbeid her på sjukehuset. Den ofte omtala John Gunnar Kristiansen dukka òg opp, på grunn av ein uheldig skade i kneet. Dimed planta det seg ein idé i hovudet vårt om å arrangere nokre rundar bordtennis innimellom, berre som ei lita avveksling, og dette er noko vi har hatt stor suksess med. På det meste har vi vore heile fire personar, då den medievante hooligan Erlend Fillingsnes òg dukka opp. Vi har jo tapa ganske mykje i bordtennis opp gjennom åra, fyrst i kjellaren under Betel og på ymse kristne barneleirar, dinest mot dei småe døtrene til vår husvert Espen Erichsen i Royal Tunbridge Wells, seinare òg mot dei afghanske gangsterane i Lakselv, så vi fekk det litt for lett mot meir urutinerte Eiesland, Kristiansen og Fillingsnes til å byrja med. Men etter kvart har faktisk dei òg greidd å racketere nokre ballar, og det har vorte meir spenning knytt til spelet, fleire utfordringar. Samstundes er det sjølvsagt svært forgremmeleg at vi har byrja tape.

No gler vi oss berre til Lindis blir såpass at ho òg kan vera med og spela, og vinne dei sigrane vi ikkje lenger vinn. Inntil vidare har ho inga skikkeleg røyst, på grunn av at nemnde slange set stemmebanda hennar ut or spel. Men vi høyrer ekkoet av tankane hennar gjalle gjennom dei lange korridorane her på St. Olavs, vi høyrer at ho heiar på den gamle far sin.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar