onsdag 26. april 2017

Hjarterom

"Halvt menneske, halvt same," var karakteristikken Stein Bjerkset gav av oss. Mange trur nok derimot at vi er 90 prosent melhusbygg i tillegg til 50 prosent same. Ingen av delane er dårleg gissa ut frå dialekten vår, som er litt meir grautete enn ein vanleg bydialekt, i kombinasjon med ei morbid interesse for samar og andre arktiske bagatellar. Men faktum er at ingen av delane stemmer. For vi er nemleg òg rundt 10 prosent urbane. At vi vart fødde på det gamle RiT er vel ikkje direkte overraskande, men meir sjokkerande for mange vil det nok vera at vi faktisk budde dei fire, fem fyrste åra våre i Trondheim. Det var før foreldra våre hadde "lagt sundt laget", som farfaren vår sa, og dei budde i ei leilegheit på Risvollan. Men seks, sju år er ei lang tid å vera gift, og ganske snart hadde vi flytt med far vår til Melhus, heimbygda hans, der vi hurtig utvikla oss til ein redneck og ein hillbilly.

Vi hadde faktisk ikkje vore på Risvollan sidan barndommen, då vi nokså tilfeldig drog attende dit no i januar, på ei husframsyning i lag med sambuaren vår. Sanneleg låg leilegheita i akkurat den gata der vi budde i dei fjerne barndomsåra, Marie Sørdals veg. Men husværet var nyoppussa og flott og med eit fantastisk utsyn, alt til ein grei penge, så vi baud og fekk tilslaget. No har vi flytt inn.

Då vi var småe hadde Risvollan eit frynsete rykte. Det kan nok hende at dei to eldre syskena våre byrja sine respektive karrierar på skråplanet akkurat her, men sjølve opplevde vi ingenting negativt. Vi hadde mange vener, og var ute i gatene og leika og hygga oss. Ein del av foreldra i stroket var nok temmeleg galne, derimellom våre eigne, og andre var trygdemisbrukarar, alkoholikarar, pedofile og liknande, utan at dette vart gjort til ti høns. Vi har inntrykk av at ryktet til Risvollan har vorte betre med åra, men vi vonar verkeleg at realitetane ikkje har vorte altfor polerte. Vi trur nemleg ikkje at det naudsynlegvis er det beste for born å vekse opp i eit miljø der alle foreldra er norske nordmenn som tener ein million i året og har eit ekstra hus på fjellet. Ein blir ikkje eit betre menneske av å gå på den fantastiske skulen der alle borna skal bli lækjarar eller rosabloggarar, det er ikkje eingong sikkert at ein blir ein betre elev av det. Tillat oss i all blygleik å bruke oss sjølve som eit døme til etterfylging: Vi gjekk alle skuleåra våre i lag med traktortjuvar og limsniffarar på Melhus, og rett nok har vi våre skavankar, men vi er fanatiske antirasistar, og vi liker lyrikk og klassisk musikk! Heldigvis observerte vi nyleg nokre røykjande tenåringsjenter på ein benk ved idrettsbanen her på Risvollan, og på bussen nokre mørke unggutar som med gangsteraktig sjargong snakka om ein crazy fest i Risvollan-blokka. Nedst i denne sovjetiske høgblokka ligg forresten enno Risvollan-senteret, som er om lag like nitrist og fantastisk som det såkalla varesenteret i Lakselv. Men bibliotek finst det der, så kva er problemet?. I sum framstår alt dette som eit ideelt oppvekstmiljø for barnet, som forresten ser ut til å bli ei jente.


Byen sett frå balkongen vår. Fosen i bakgrunnen kunne vi greidd oss fint utan, men kva skal ein gjera.

Men frå spøk til meir tull: Det er verkeleg mange positive sider ved det som er det største private burettslaget i Noreg. Når vi går av bussen ser vi rett heim til det mektige Vassfjellet på Melhus. Så går vi i to minutt via ein namnlaus snarveg som vi sjølvsagt allereie har døypt Skjetne-veita, og så er vi inne. Der har vi ei utsikt som vi ganske enkelt må kalle veldig bra. På grunn av vinkelen på rekkjehuset, der vi okkuperer andre og tridje etasje, ser vi riktig nok ikkje Melhus. Men til vederlag ser vi halve Trondheim by, pluss ein god del av fjorden og ikkje så reint lite av Fosen. Vi er så heldige å eige eit teleskop, og såleis har vi oversyn over nesten alt som skjer. Vi les namnet på kvart einskilde hurtigruteskip som glid ut fjorden. Her om dagen såg vi eit redningshelikopter lande på plattformen på taket av St. Olavs, og vi fylgde med i kikerten då dei trilla ut båra med den sjuke, som vinka til oss trass i den kritiske situasjonen sin. Vi ser kva resten av burettslaget et til middag, men dei ser ikkje oss. Ikkje di mindre ordnar dei det meste av praktiske gjeremål for oss, om det no skulle vera noko feil med bygget, og det er veldig bra, for sjølve kan vi ikkje å slå i ein spiker. Men Roy Narvestad berre elskar vi. Noko dei verkeleg har på stell på Risvollan, er forresten uteareala: I den vesle dalen nedom blokka vår, finst mellom anna eit utandørs bordtennisbord og to tennisbanar, som berre ligg der og ventar på brukarar. Så no har vi starta fysakklubb, ei festleg lita foreining vi skal fortelja meir om seinare. Kven veit, kanskje kan vi òg skrive ein artikkel om klubben i Rislappen, som er den offisielle avisa til burettslaget, eller vi kan lage eit innslag på TV Risvollan. Men for å gjera ei lang historie kort: Vi liker oss godt her i gettoen. Når vi no fyrst skal bu i denne fordervelege byen, ville vi ikkje budd i ein annan del av han.

fredag 14. april 2017

Påskedikt

"Ischariot" av Jens Bjørneboe. God påske.

         De gav meg tredve sølvpenger, og jeg
         – som ante noe meget mer i dette –,
         jeg tok imot og viste dem den rette.
         Hva var det hele blitt til uten meg?

         I haven var det mørkt, og mellem seg
         tok knektene ham bort, forvåkne, trette.
         Og han var blek, men skrittene var lette.
         Så tok jeg pengene og gikk min vei.

         Det var en vår. Og grenen som jeg valgte
         var tung og duvende av blomstersne.
         Så var vi begge frukt – på hvert vårt tre.

         Før Passah var det; husene var kalkte.
         Før det ble Sabbath måtte dette skje:
         De andre – flyktet. Bare vi to ble.   

søndag 9. april 2017

Den svarte katten er daud

Så har det altså skjedd. Det var eigentleg tilfeldig at vi oppdaga det, då vi bladde litt i magasinet Forskerforum som sambuaren vår får i posten, medlem av Forskerforbundet som ho er. Det var leiaren i forbundet, Petter Aaslestad, som skreiv om det der, litt sånn apropos. Vi har forresten delt ein pizza med denne merkelege professor Aaslestad. Vi hadde han nemleg som førelesar på meisterstudiet i nordisk på Dragvoll, og han var rettleiar for venninna vår Tuva Ottesen då ho skreiv meisteroppgåva si. Han skulle ha oss og henne til å hjelpe seg med å byte kontor, ein jobb som tok ein time, men til løn fekk vi både 500 kroner, ei signert utgåve av ei bok han hadde skrive om Samuel Beckett, pluss altså øl og pizza på ein restaurant i Ila, ein svært god pizza etter kva vi hugsar, og eit svært godt øl. Ein annan gong drakk vi forresten sprudlevatn på verandaen hans i Kofoedgeilan, og han hadde ei byste av Beckett i stova, men det er ei anna sak. Uansett, i dette innlegget i Forskerforum gjorde Aaslestad oss merksame på eit svært trist faktum, nemleg at poeten Kjell Heggelund gjekk bort i februar i år. Den unge Aaslestad hadde sjølv Heggelund som førelesar og rettleiar, fortalde han, og Heggelund vart eit førebilete for han, slik som Aaslestad er eit førebilete for oss. Men Heggelund er òg eit førebilete for oss; likevel har det altså gått oss hus forbi at han er daud, heilt til no. Vi skal vel ikkje påstå at vi ville fare i gravferda uansett, men hadde vi visst om daudsfallet, ville vi i det minste trykt dette minneordet mykje tidlegare, og ikkje så upassande seint som no.


Kjell Heggelund i glansdagane. Litteraturvitar, forlagsmann, kritikar, fornyar av norsk lyrikk og bla, bla, bla. Kule dikt, seier vi, og ikkje minst kule briller. 

Vi likte dei nokså stillfarne dikta til Heggelund, og ikkje minst det faktum at han gav ut tri glimrande diktsamlingar på andre halvdel av 60-talet, og aldri fleire etter den tid. Kvifor bale med å gje ut så mykje? Han hadde jo nok av andre gjeremål i livet.

Vel å merkje publiserte han tri einskildståande dikt også etter samlingane sine, noko som blir eit stort poeng i Dag Solstads etterord til Heggelunds Dikt i samling. For der er nemleg to av desse einskildståande dikta tekne med, men ikkje det siste, frå Dagbladet 11. oktober 1969. Difor gjer Solstad oss den tenesta å resitere dette siste diktet i etterordet sitt. I Forskerforum dreg Aaslestad fram diktet "Toleranse", og for all del, det er eit godt dikt det òg. Men diktet frå etterordet, "Diktet om den svarte katten", er likevel favoritten vår. Vi er faktisk veldig glade i kattar, mest fordi vi har eit turbulent forhold til hundar, mest fordi sambuaren vår har eit turbulent forhold til kattar. Så i det siste har vi lese mykje i antologien Kattestrofer, dikt om kattar, men der er merkeleg nok ikkje Heggelund-diktet teke med. Så det er vel ingen fare for at vi siterer det i hel om vi siterer det her og no, sjølv om Aaslestad på generelt grunnlag er skeptisk til "å bruke dikt som en illustrasjon til aktuell virkelighet". Uansett, her er det aller siste diktet Heggelund publiserte, i 1969 altså, før han døydde no i 2017.

            Hva var det den svarte katten ville ha?
            Ikke ville den ha fiskepudding
            og ikke ville den ha pølse.
            Den ville ha rått kjøtt,

            og så ville den ligge på ryggen
            og leke.

tirsdag 4. april 2017

Eit barn av Dagsnytt atten

Ein ideell ettermiddag er ein der vi rekk å eta middag før Dagsnytt atten. Av alle spennande fjernsynsseriar som blir laga i desse dagar, er dette den klårt mest mesmeriserande. Vi set oss litt komfortabelt, blar i ei bok og nippar til ein kaffi med ekstra grut, og så er sjansen stor for at vi glid inn i ein helsebringande liten middagskvil. For nokre interessante diskusjonar kan det jo bli i Dagsnytt atten, men som oftast er det berre falske politikarar som sit og slår kvarandre i hel med innøvde frasar blotta for meiningsinnhald.

Men til poenget: Det held lenge å sitja. Vi liker eigentleg ikkje å liggje, det blir for dekadent. Men i den nye heimen vår har vi fått ein særs retro hjørnesofa frå nemnde daudsbu etter farfaren vår, smal og hard frå den heilage finstova, og sit ein i denne sofaen, sit ein på eit svært formelt og høgtideleg vis, som dei gjorde før i tida. Så her om dagen måtte vi faktisk leggje oss. Men så er det slik at sofaen akkurat i hjørnet har ei diger treplate, til ærverdige pyntegjenstandar eller bilete av for lengst nedgravne slektningar, nærast som eit altar. Så skal ein liggje i denne sofaen, må ein naudsynlegvis liggje med hovudet vendt bort frå fjernsynsapparatet. Men til poenget: Der la vi oss, og Vilde påpeikte med undring: "Men du ser jo ikkje fjernsynet, det fjernsynet du nettopp skrudde på." Men akkurat då var det Venstres Trine Skei Grande som dreiv og babla om dette med olje, som om det ikkje er opplagt at vi rett og slett må trappe kraftig ned på all denne oljen og all denne levestandarden og velferda og tull og tøys, og vi sa som sant er: "Vi greier oss lenge med berre å høyre på den smellfeite kjerringa, vi treng ikkje sjå henne."


Stilleben: Sofahjørne med ny globus, smørkinne, korall, gamal globus, portrett av oldefar, bryllaupsbilete av besteforeldre, portrett av oldemor,  keramikkflodhest, statuett av nubisk prinsesse, hjorteforma kortstokkhaldar,  utstoppa piraja, koparand og kaktus i blomstrete kaffikopp.

"Sånt må du ikkje seia," parerte Vilde. "Er du ikkje klar over at fosteret allereie kan høyre deg?" Men denne protesten protesterte vi kraftig på. For det fyrste: Barnet kan jo sjølv, så snart det kjem attende får sjukehuset og byrjar sjå på Dagsnytt atten, umogleg unngå å leggje merkje til at Trine Skei Grande i stor grad fyller stolen ho sit på, for ikkje å seia skjermen. At det same kan seiast om Erna Solberg er vel òg heva over tvil. Men la oss i den samanhengen i tillegg nemne ein karakter som Bård Hoksrud, så vi ikkje blir skulda for å vera kvinnefiendtlege her. Uansett: Er det éin kvalitet vi skal dyrke fram hjå barnet, så er det evna til å kalle ein spade for ein spade, og ei tønne for ei tønne, og så bortetter. Men unyanserte skal vi ikkje vera, tvert imot gler vi oss stort til å diskutere med han eller ho (ikkje hen!) det vi alltid har krangla så busta fyk om med Erlend Gaustad: Kva er feitast av smellfeit og bælfeit? Deretter: "Et denne chilien, og ha deg ut og leik!" Men til poenget: Litt seinare kjem denne Peter Svaar på skjermen, i den samanhengen at nemnde månefisk Solberg fer til Kina for å smiske for dei kinesiske politikarane, utan eingong å nemne dei tallause menneskerettsbrota desse riskokarane driv med. Vi i Noreg unnser oss ikkje for å sjikanere ein type som Assad, i eit land vi ikkje driv handel med, men finansminister Tom Peng Pung, fiskeriminister Fang En Hai, samferdsleminister Lang Trang Gang og dei andre grønsakene som driv sitt skamlause maktmisbruk i Tibet og Xinjiang, i Hong Kong og på Taiwan, dei kan vi ikkje seia eit skeivt ord om. Éin ting til: Forstår verkeleg ikkje Solberg at kinesarane, radmagre som dei alltid vore, garantert sit og baksnakkar overvekta hennar? Det kler henne ikkje å vera servil, ho bør heller setja seg på dei alle. Men til poenget: Svaar står og snakkar framfor eit bilete av Beijing (det skulle ikkje forbause oss om han eigentleg er på Marienlyst), og Vilde seier: "Han har slanka seg, han Peter Svaar. Før var han jo kjempetjukk!"  

De ser dobbeltmoralen? Men uansett: Det var aldri vår intensjon å bidra til å oppretthalde uoppnåelege kroppsideal og destruktivt kroppspress ved å sjikanere dei feite. Vi vil difor utjamne denne sjikanen med litt vondsinna sjikane av dei tynne. Har de høyrd om han som var så tynn at han måtte springe sikksakk i dusjen for å bli blaut? Han som forresten òg var så tynn at han berre hadde éi stripe i pysjamasen? Ikkje det, nei. Det var fordi han var så tynn at ingen nokon gong såg han. 

lørdag 1. april 2017

Men engelen gret og gjekk bort

Vi går for sjeldan i teateret. Vi kjem ikkje på å gjera det. Men så såg vi at teateret nede i byen skulle setja opp Brørne Karamásov, og då måtte vi nesten i veg. Det var norsklæraren vår på ungdomsskulen som tvang oss til å lesa Dostojevskijs Brot og straff. Då vi var ferdige med den, kom han med ein endå større murstein, nemleg Brørne Karamásov, av den sjølvsame gamle Fjodor. Briljant, kort og godt. Nokre masar om denne Tolstoj, men det er Dostojevskij som er tingen.

Oppsetjinga i teateret var moderne i uttrykket, og langt meir humoristisk, på ein svart og absurd måte, enn romanen er. Men det var berre bra. For ein kan uansett ikkje nå til dei eksistensielle djupnene i ein slik roman i laupet av ei to, tri timar lang teaterførestilling. Men ein setja den sære stemninga, ein kan mane fram dei komplekse karakterane, ein kan vekkje mange tankar hjå åskodaren, og ikkje minst kan ein inspirere til å lesa boka, anten ein no har lese henne frå før eller ikkje.


Frå førestillinga. Favoritten vår, Smerdjakòf, i selskap med halvbroren Ivàn. Spela av høvesvis Petter Winther og Christian Ruud Kallum.

Vi tviler riktig nok på om vi får tid til å lesa henne opp att med det fyrste, for det er trass alt mange andre bøker ein gjerne òg skulle ha lese her i livet. Men vi tok henne ned frå hylla etter førestillinga, berre for å bla og mimre litt. Tilfeldigvis slo vi rett opp i legenda om laukstengelen, som var noko av det som fekk plass i teaterstykket. Det er den unge og vakre Grusjka, eit svikefullt og farleg kvinnemenneske som etter kvart syner seg djupare og klokare enn ein fyrst kanskje trudde, som fortel denne legenda til den mest godhjarta av brørne Karamásov, Aljòsja, med klosterknekten Rakitin som tilhøyrar.

"Det var ein gong ei kone, gresseleg slem, og ho døydde, og det var ikkje ei einaste god gjerning att etter henne. Djevlane tok og kasta henne i eldsjøen. Men skytsengelen hennar står og tenkjer: "Kva skulle eg vel hugse på av ei god gjerning av henne, som eg kan nemne for Gud?" Så hugsa han noko, og seier til Gud: "Ho rykte ein gong ein lauk opp av hagen og gav han til ei tiggarkjerring." Gud svarar han: "Godt, så ta du den lauken, rekk han ut til henne i sjøen, la henne gripe i han og trekkje til, og om du får trekt henne opp av sjøen, så la henne sleppe inn i paradis; men brest laukstengelen, så får kona bli der ho er." Engelen sprang til kona, heldt ut lauken, og sa: "Ta no fatt, kjerring, og hald fast." Han byrja å trekkje forsiktig i henne og hadde henne alt nesten heilt oppe, men så fekk dei andre syndarane i sjøen sjå at ho vart trekt opp, og så freista alle få tak i henne for å bli trekte opp, dei òg. Men kona var gresseleg slem, ho tok til å sparke dei med beina og sa: "Det er eg som blir trekt opp, ikkje de, lauken er min og ikkje dykkar." Ikkje før var dette sagt, så brest laukstengelen, og kona fall i sjøen att og brenn der den dag i dag. Men engelen gret og gjekk bort." 

mandag 27. mars 2017

Vårt lodd i livet

Vi har høyrd fleire snakke om sitt lodd i livet, som om det faktisk dreidde seg om eit lodd ein kjøpte på ein basar. Men det er sanneleg ikkje sikkert at det er feil eingong. For no ser vi at i nynorskordboka på nett står det ingenting om "ein lodd", altså maskulinum. Men bokmålsordboka har "ein lodd", jamfør norrønt "hlutr", "det som tilfaller en", og ordet "lott" har ho, men det har for så vidt nynorskordboka òg. Ivar Berg har sikkert nokre spissfindige kommentarar å koma med i denne samanhengen.

Grunnen til at vi byrja tenkje på dette, var at vi vitja Heimdal bridgeklubb på torsdag. Vi pla jo vera fast inventar der, men er vel ikkje just det lenger. Det ville vi freista kompensere for ved å rekruttere ein ny medlem til klubben, nemleg før nemnde John Gunnar Kristiansen. Han har spela veldig lite bridge, men han kan ein del, og vi ser at han har litt talent. Kven veit, om ti års tid kan han kanskje bli den nye oss. Uansett: På Heimdal sel dei lodd, eller "lodder", som det heiter på fint. Det har vi smerteleg røynt. For vi har faktisk ikkje tal på alle myntane vi opp gjennom åra har spytta inn i dette hasardspelet på Heimdal, eller Hjemdal som det heiter på fint, utan ein einaste gong å vinne noko som helst. Det vil seia: Éin gong, éin einaste gong har vi vunne på lodd på Heimdal. Men det må ha vore i prekambrium, for vi hadde ikkje eingong byrja drikke enno. Men sjølve stormatronen i Heimdal samfunnshus, gamlemor Gerd Aa, ei av fåe mellom bridgespelarane som overhovudet har ein moral, avgjorde at vi ikkje skulle få den eigentlege premien, som sjølvsagt var alkohol, men at vi derimot skulle kompenserast med kroner 50. Riktig nok var pengane meir verde på den tida, men 50 kroner i staden for ei flaske konjakk ...! Jamvel om vi som bridgespelarar knapt kan å telja lenger enn til 13, forstod vi jo at dette var eit ran. Uansett: Denne torsdagskvelden no nyleg, med Kristiansen som makker, kom klubbførekvinne Inger Hjellemarken som vanleg marsjerande til bordet med loddbøtta, og då er det jo ingen ved sine fulle fem som eingong vil vurdere å avstå frå å støtte klubben økonomisk. Vi tok jamvel på oss spanderbrøkene, og investerte i heile tri lodd, til den nette sum av kroner 20, før vi sa til makker: "Sjå her, du får velja to lodd, og dei lodda skal du få til odel og eige." Det var lodda kvit A2, A3 og A4 han hadde å velja imellom. "Då tek eg eit oddetal," sa han gåtefullt, "og så får du velja kva partal eg skal ha." Vi gav han A4 i tillegg til det opplagde A3. Hjellemarken strena vidare, og fekk nok selt kvart bidige lodd som vanleg. Ventetida var forferdeleg, men til slutt var det klårt for trekning. Fyrst ei vinflaske: Blå C14, Karl Johan Brækstad. Så ei vinflaske til: Raud D26, Terje Berg. Men så, så det store høgdepunktet, premien som heile klubben hadde gått og sikla på i timevis allereie: 50 centiliter nøttebrun, solmogna, eikefataromatisk Hennessy Maison Brillet XO Fins Bois ugni blanche Courvoisier med ekstra fylde og kropp. Kva farge hadde lappen som Inger Hjellemarken trekte opp av loddhatten? Kvit. Kva stod det på han? A4! A4! John Gunnar Kristiansen! Bileams esel! A4! Vi fall av stolen, korkje meir eller mindre. Her har vi spela på lodd i over eit tiår utan den ringaste utteljing, og så kjem den notbøtaren og sildestrøyparen Kristiansen på éin liten lynvisitt på Heimdal, og mottek gratis det eine fordømde loddet som tilfeldigvis (?) gjev den store gullmedaljen! Vi hadde jo gledd oss til å få han til å køyre oss innom Risvollan-puben ein tur etter bridgen, så vi kunne ta ein øl og ein kaffi og konjakk og han sitja og kike på oss, men no vart alt plutseleg snudd på hovudet: Det vart i staden vi som måtte køyre, medan Kristiansen sat og helte innpå konjakk, ei heil flaske deilig konjakk på den ti minutt lange køyreturen mellom Heimdal og Risvollan. For ein lagnadens uhyrlege ironi!

No vel. "I like my lot as well as any other," skal den 17 år gamle Owen Coffin ha sagt. Han overlevde då kvalfangsskuta Essex vart senka av ein spermkval i Sør-Stillehavet i 1820. Men det byrja etter kvart bli tynt med mat mellom mennene i livbåten, og dei måtte trekkje lodd om kven som skulle skytast for å kunne etast av dei andre. Coffin trekte det lagnadstunge svarte loddet. Fetteren hans skal ha tilbyde seg å ta kula i staden for han, men det var då den unge Coffin sa dei kjende orda om loddet sitt eller lodden sin. Den endå yngre Charles Ramsdell trekte deretter loddet som tvang han til å skyte venen sin. Dimed fekk han og dei andre nokre kjøtfulle bein å gnage på, sikkert mykje saftigare enn beina av alle dei som døydde ein naturleg daud i båten. Åtte menn overlevde faktisk strabasane og vart langt om lenge berga, medan totalt sju vart etne undervegs. Men hadde det ikkje vore for alt dette, ville Herman Melville kanskje aldri funne inspirasjonen til romanen Moby Dick. Så det er ofte ikkje verre enn at det likevel er godt for eit eller anna, Gud vere lova. Eller som Kurt Vonnegut ville formulert det: "So it goes."

søndag 26. mars 2017

Remedium

"Jeg foretrekker fiolin fremfor flygel." "Jaså, er De også musiker?" "Nei, jeg arbeider i flyttebyrå." Ein av dei absolutte favorittvitsane våre det der, subtil i si enkle form. Grunnen til at vi nemner han, er at han har fått fornya relevans for oss i det siste, i og med at vi har drive og flytt i stor stil.

Fyrst døydde jo farfaren vår, som var ein enkjemann langt opp i åra. Han etterlét seg ei stor leilegheit i det såkalla Melhuset i nedre Mællus, ei leilegheit fylt til randa av alskens eigedelar samla opp gjennom eit langt liv med stor sans for kuriosa og partikularia. Det var fullt i alle skuffer og skap, og det var fullt av skuffer og skap. Mange klenodium, sjølvsagt, men òg ein del skrammel, og generelt nokså mykje som vi ikkje såg oss den ringaste råd for å ta vare på. Fyrst inviterte vi kjentfolk til å koma og forsyne seg med det dei måtte attrå, eit tilbod veldig fåe nyttiggjorde seg. Men i det minste hadde John Gunnar Kristiansen næringsvit, og leilegheita hans på Tempe er no ein miniatyrversjon av leilegheita til farfaren vår, med mellom anna eit barndomsbilete av vesle oss på veggen, forutan rosemåla kråskap og andre nasjonalromantiske praktgjenstandar i fleng. Han hevdar òg at skrømtet av farfaren vår har kome på mang ei vitjing i det siste, for å koke syltynn kaffi og eta bittesmåe stykke salttekake. Men det er ei anna historie. Vidare ringde vi til ein auksjonarius, som kom og henta det han trudde kunne seljast. Vi var faktisk til stades på auksjonen i samfunnshuset på Klett då gjenstandane frå daudsbuet vart ropa opp. Det var ei bisarr, men absurd oppleving. Vi hadde trudd at mykje av dette rammelet ville bli tungt å selja, men her var det flust av landsens skrotnissar som sat og nibaud kvarandre i hel, nærast på trass og av gamal vane. Ta ein liten eggvarmar, til dømes, i keramikk, forma som ei fargerik høne: "50 kroner!" "100 kroner!" "150!" "200!" "250!" Der døydde det, før vinnaren av bodrunden stolt strena fram mot notariusen, idet han lét falle ein velnøgd liten merknad: "No vart det høn, ja!" Vi kunne ikkje anna enn le, og plukke med oss 15 laken heim att i bukselommene, som ikkje di mindre kjendest mykje lettare enn berre timar tidlegare, då dei var fulle av keramikkeggvarmarhøner. Men samstundes felte vi ei tåre ved tanken på den kjære, gamle farfaren vår, som no har ete sitt siste egg. Verre likevel var det med alt vi måtte bera ned i fyrsteetasjen i Melhuset, der det ligg ein bruktbutikk: Dei fekk så mange velspekka pappesker og svartsekkar av oss at lageret deira rann fullstendig fullt, slik at sjefsekspeditrisa til slutt måtte seia at nok var nok, dei kunne rett og slett ikkje ta imot meir. Men morgonen etter var ho ikkje der, det var berre dei inkjeanande unge døtrene hennar som sat og styrde butikken, så då nytta vi høve til å lure inn endå nokre hundre kilo materie.

Midt oppi arbeidet med å få rydda og ikkje minst selt denne leilegheita på Mælus, presterte vi å smelle sambuaren vår på tjukka. Dimed skulle vi helst òg hatt eit nytt husvære, i eit litt meir barnevenleg miljø enn ein trekkfull bygard i Ila, enn seia ein parkeringsplass i Melus sentrum, der det forresten berre bur folk over 70. Så vi kjøpte ein andre- og ein tridjeetasje i det veldrivne burettslaget Risvollan i Trondheim, med tri soverom, veranda og utsikt over halve byen. Meir om dette seinare. Men dimed måtte vi jo òg flytte ut av leilegheita i Ila, og for å seia det enkelt: All denne flyttinga er grunnen til at det har vorte smått med skriving på bloggen i det siste. Men vi kan garantere at det vil bli betre når vi no etter kvart får ein unge til å hjelpe oss, både med skrivinga og finansane og ymist praktisk arbeid.

Før ville vi sagt som Áillohaš: "Mitt hjem er mitt hjerte. / Det flytter med meg." Det kan vi for så vidt framleis seia, det er like gyldig. Men å arbeide med flyktningar, som vi gjer, gjev ein litt ekstra perspektiv på dette med flytting og ein heim og alt det der. Spesielt vanskeleg er skilnaden på "hjem" og "hjemme", og ikkje minst kva preposisjonar ein skal bruke i lag med desse orda. Kvar dag høyrer vi formuleringar som: "I går jeg sitter på hjemme." "Nå jeg skal gå til hjem." Konklusjonen er eigentleg at ein skal vera veldig glad for at ein faktisk har ein heim, eit tak over hovudet og nokre møblar under det taket. Det er så visst ikkje alle forunt.