søndag 9. april 2017

Den svarte katten er daud

Så har det altså skjedd. Det var eigentleg tilfeldig at vi oppdaga det, då vi bladde litt i magasinet Forskerforum som sambuaren vår får i posten, medlem av Forskerforbundet som ho er. Det var leiaren i forbundet, Petter Aaslestad, som skreiv om det der, litt sånn apropos. Vi har forresten delt ein pizza med denne merkelege professor Aaslestad. Vi hadde han nemleg som førelesar på meisterstudiet i nordisk på Dragvoll, og han var rettleiar for venninna vår Tuva Ottesen då ho skreiv meisteroppgåva si. Han skulle ha oss og henne til å hjelpe seg med å byte kontor, ein jobb som tok ein time, men til løn fekk vi både 500 kroner, ei signert utgåve av ei bok han hadde skrive om Samuel Beckett, pluss altså øl og pizza på ein restaurant i Ila, ein svært god pizza etter kva vi hugsar, og eit svært godt øl. Ein annan gong drakk vi forresten sprudlevatn på verandaen hans i Kofoedgeilan, og han hadde ei byste av Beckett i stova, men det er ei anna sak. Uansett, i dette innlegget i Forskerforum gjorde Aaslestad oss merksame på eit svært trist faktum, nemleg at poeten Kjell Heggelund gjekk bort i februar i år. Den unge Aaslestad hadde sjølv Heggelund som førelesar og rettleiar, fortalde han, og Heggelund vart eit førebilete for han, slik som Aaslestad er eit førebilete for oss. Men Heggelund er òg eit førebilete for oss; likevel har det altså gått oss hus forbi at han er daud, heilt til no. Vi skal vel ikkje påstå at vi ville fare i gravferda uansett, men hadde vi visst om daudsfallet, ville vi i det minste trykt dette minneordet mykje tidlegare, og ikkje så upassande seint som no.


Kjell Heggelund i glansdagane. Litteraturvitar, forlagsmann, kritikar, fornyar av norsk lyrikk og bla, bla, bla. Kule dikt, seier vi, og ikkje minst kule briller. 

Vi likte dei nokså stillfarne dikta til Heggelund, og ikkje minst det faktum at han gav ut tri glimrande diktsamlingar på andre halvdel av 60-talet, og aldri fleire etter den tid. Kvifor bale med å gje ut så mykje? Han hadde jo nok av andre gjeremål i livet.

Vel å merkje publiserte han tri einskildståande dikt også etter samlingane sine, noko som blir eit stort poeng i Dag Solstads etterord til Heggelunds Dikt i samling. For der er nemleg to av desse einskildståande dikta tekne med, men ikkje det siste, frå Dagbladet 11. oktober 1969. Difor gjer Solstad oss den tenesta å resitere dette siste diktet i etterordet sitt. I Forskerforum dreg Aaslestad fram diktet "Toleranse", og for all del, det er eit godt dikt det òg. Men diktet frå etterordet, "Diktet om den svarte katten", er likevel favoritten vår. Vi er faktisk veldig glade i kattar, mest fordi vi har eit turbulent forhold til hundar, mest fordi sambuaren vår har eit turbulent forhold til kattar. Så i det siste har vi lese mykje i antologien Kattestrofer, dikt om kattar, men der er merkeleg nok ikkje Heggelund-diktet teke med. Så det er vel ingen fare for at vi siterer det i hel om vi siterer det her og no, sjølv om Aaslestad på generelt grunnlag er skeptisk til "å bruke dikt som en illustrasjon til aktuell virkelighet". Uansett, her er det aller siste diktet Heggelund publiserte, i 1969 altså, før han døydde no i 2017.

            Hva var det den svarte katten ville ha?
            Ikke ville den ha fiskepudding
            og ikke ville den ha pølse.
            Den ville ha rått kjøtt,

            og så ville den ligge på ryggen
            og leke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar