onsdag 26. april 2017

Hjarterom

"Halvt menneske, halvt same," var karakteristikken Stein Bjerkset gav av oss. Mange trur nok derimot at vi er 90 prosent melhusbygg i tillegg til 50 prosent same. Ingen av delane er dårleg gissa ut frå dialekten vår, som er litt meir grautete enn ein vanleg bydialekt, i kombinasjon med ei morbid interesse for samar og andre arktiske bagatellar. Men faktum er at ingen av delane stemmer. For vi er nemleg òg rundt 10 prosent urbane. At vi vart fødde på det gamle RiT er vel ikkje direkte overraskande, men meir sjokkerande for mange vil det nok vera at vi faktisk budde dei fire, fem fyrste åra våre i Trondheim. Det var før foreldra våre hadde "lagt sundt laget", som farfaren vår sa, og dei budde i ei leilegheit på Risvollan. Men seks, sju år er ei lang tid å vera gift, og ganske snart hadde vi flytt med far vår til Melhus, heimbygda hans, der vi hurtig utvikla oss til ein redneck og ein hillbilly.

Vi hadde faktisk ikkje vore på Risvollan sidan barndommen, då vi nokså tilfeldig drog attende dit no i januar, på ei husframsyning i lag med sambuaren vår. Sanneleg låg leilegheita i akkurat den gata der vi budde i dei fjerne barndomsåra, Marie Sørdals veg. Men husværet var nyoppussa og flott og med eit fantastisk utsyn, alt til ein grei penge, så vi baud og fekk tilslaget. No har vi flytt inn.

Då vi var småe hadde Risvollan eit frynsete rykte. Det kan nok hende at dei to eldre syskena våre byrja sine respektive karrierar på skråplanet akkurat her, men sjølve opplevde vi ingenting negativt. Vi hadde mange vener, og var ute i gatene og leika og hygga oss. Ein del av foreldra i stroket var nok temmeleg galne, derimellom våre eigne, og andre var trygdemisbrukarar, alkoholikarar, pedofile og liknande, utan at dette vart gjort til ti høns. Vi har inntrykk av at ryktet til Risvollan har vorte betre med åra, men vi vonar verkeleg at realitetane ikkje har vorte altfor polerte. Vi trur nemleg ikkje at det naudsynlegvis er det beste for born å vekse opp i eit miljø der alle foreldra er norske nordmenn som tener ein million i året og har eit ekstra hus på fjellet. Ein blir ikkje eit betre menneske av å gå på den fantastiske skulen der alle borna skal bli lækjarar eller rosabloggarar, det er ikkje eingong sikkert at ein blir ein betre elev av det. Tillat oss i all blygleik å bruke oss sjølve som eit døme til etterfylging: Vi gjekk alle skuleåra våre i lag med traktortjuvar og limsniffarar på Melhus, og rett nok har vi våre skavankar, men vi er fanatiske antirasistar, og vi liker lyrikk og klassisk musikk! Heldigvis observerte vi nyleg nokre røykjande tenåringsjenter på ein benk ved idrettsbanen her på Risvollan, og på bussen nokre mørke unggutar som med gangsteraktig sjargong snakka om ein crazy fest i Risvollan-blokka. Nedst i denne sovjetiske høgblokka ligg forresten enno Risvollan-senteret, som er om lag like nitrist og fantastisk som det såkalla varesenteret i Lakselv. Men bibliotek finst det der, så kva er problemet?. I sum framstår alt dette som eit ideelt oppvekstmiljø for barnet, som forresten ser ut til å bli ei jente.


Byen sett frå balkongen vår. Fosen i bakgrunnen kunne vi greidd oss fint utan, men kva skal ein gjera.

Men frå spøk til meir tull: Det er verkeleg mange positive sider ved det som er det største private burettslaget i Noreg. Når vi går av bussen ser vi rett heim til det mektige Vassfjellet på Melhus. Så går vi i to minutt via ein namnlaus snarveg som vi sjølvsagt allereie har døypt Skjetne-veita, og så er vi inne. Der har vi ei utsikt som vi ganske enkelt må kalle veldig bra. På grunn av vinkelen på rekkjehuset, der vi okkuperer andre og tridje etasje, ser vi riktig nok ikkje Melhus. Men til vederlag ser vi halve Trondheim by, pluss ein god del av fjorden og ikkje så reint lite av Fosen. Vi er så heldige å eige eit teleskop, og såleis har vi oversyn over nesten alt som skjer. Vi les namnet på kvart einskilde hurtigruteskip som glid ut fjorden. Her om dagen såg vi eit redningshelikopter lande på plattformen på taket av St. Olavs, og vi fylgde med i kikerten då dei trilla ut båra med den sjuke, som vinka til oss trass i den kritiske situasjonen sin. Vi ser kva resten av burettslaget et til middag, men dei ser ikkje oss. Ikkje di mindre ordnar dei det meste av praktiske gjeremål for oss, om det no skulle vera noko feil med bygget, og det er veldig bra, for sjølve kan vi ikkje å slå i ein spiker. Men Roy Narvestad berre elskar vi. Noko dei verkeleg har på stell på Risvollan, er forresten uteareala: I den vesle dalen nedom blokka vår, finst mellom anna eit utandørs bordtennisbord og to tennisbanar, som berre ligg der og ventar på brukarar. Så no har vi starta fysakklubb, ei festleg lita foreining vi skal fortelja meir om seinare. Kven veit, kanskje kan vi òg skrive ein artikkel om klubben i Rislappen, som er den offisielle avisa til burettslaget, eller vi kan lage eit innslag på TV Risvollan. Men for å gjera ei lang historie kort: Vi liker oss godt her i gettoen. Når vi no fyrst skal bu i denne fordervelege byen, ville vi ikkje budd i ein annan del av han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar