lørdag 23. desember 2017

Ein sjømann seglar vekk

Vi hadde ein draum: Ein gong å hyre inn Tommy Skalmerås til å ta oss med i sjarken sin på ei sjøreise langs heile Finnmarkskysten. Frå Nordfugløya inn mot Loppa øy og ned i fjordane i Loppa kommune, til Skavnakk og Langfjordbotn og Nuvsvåg, kringom Stjernøya, Seiland og Sørøya, til Jernteppet pub i Hammerfest, til Rolvsøy og Ingøy og over til Havøysund, til Gjesvær og kringom Nordkapp til Kjelvik og inn på Nøden pub i Honningsvåg, inn Porsangerfjorden til Åstedet vertshus og Alibiet nattklubb i Lakselv, nordover att via Djupvika, Flatvika og Rekvika, ja, alle dei ørsmåe, fråflytte gamle stadene ut mot Sværholt, og kringom det store fuglefjellet ned att i Laksefjorden, til Springstein og Veidgam og Veidnes, og like til Kunes, og ut att til Lebesby og Kalak og Torskefjord, via Kifjord og Dyfjord inn forbi Finnkirka til Kjøllefjord, og ut att til Skjøtningberg og Mehamn, og med ein betre boknafiskmiddag i Tommys eigen kåk i Gamvik, og kringom neset til Omgang og inn i Finnkongkeila, ja, heilt ned til Langfjordnes og Nervei og Laggo, og innom Manndrapselva til Smalfjord, ja, nesten inn i Tanas delta, og ut att til Gulgofjord, og kringom Tanahorn til Berlevåg og Båtsfjord, og forbi Makkaur til Syltefjord, og endeleg ned mot Meieriet pub i Vardø, og via Kiberg og Skallelv til Vadsø, og innom Bugøynes, og ut att til Havna pub i Kirkenes, og deretter – kven veit? Heile vegen skulle vi stå i baugen med vinden i håret og nippe til ein bayer, i blind tillit til at sjøfararen Skalmerås ville styre skuta med full kontroll.

Det verste er at det slett ikkje var ein urealistisk draum. Vi la han til og med fram for Skalmerås på Macbeth i mai, under lunsjpausen i partevlinga under Trondheim cup, og han var positiv som alltid. Vi hadde jo sett alle bileta han la ut på nettet frå seglasane sine «på Finnmarka», sett han erklære at han ganske enkelt elska dette livet han no fekk leva. Postadresse i ørvesle, kanskje litt dystre Gamvik, men eigen fiskebåt og fridom til å segle dit vinden og fisken måtte lokke han. Ein må ovundre ein mann som han, som bruker tid på å finne sin veg i livet, men som finn han til slutt, og som vågar å gå han – eller segle han.


Tommy Skalmerås går på line, ein festleg aftan under Bridge-EM i Tromsø sumaren 2015.

Mange kjende Tommy Skalmerås betre enn oss. Men han er ein av fåe vi alltid har gledd oss til å møte, fordi vi har visst at det hjå han alltid venta oss ei god samtale. Som så mange andre vi i dag kan kalle vener, møtte vi han òg gjennom bridgen. Han var ein kreativ, glimrande kortspelar, som rakk å gjera det bra medan han enno satsa på bridge. Men han visste heldigvis at livet har meir å by på, og han var ein av dei typane det ikkje er for mange av innan bridgen, som ein verkeleg kan snakke med om kva som helst – noko vi då òg gjorde. Han var openbert intelligent, hadde lese mykje og var svært godt orientert om verda ikring seg. Han hadde ein fabelaktig humor, samstundes eit sterkt politisk medvit og ein høg moral – men stod så langt ifrå det pretensiøse og skinnheilage som det er mogleg å koma. Det fyrste distinkte minnet vårt om han – ein episode som fleire nok kan hugse – skriv seg frå den aller fyrste tida vår i Studentenes bridgeklubb. Vi var faktisk ikkje eingong studentar enno, men 16, 17 år gamle, og ville så gjerne vera med dei noko eldre studentbridgespelarane ut på byen. Men korleis skal ein liten, naivt utsjåande tenåring koma inn på Sake pub? Jo, Skalmerås lånte oss skinnjakka si, og vi passerte dørvakta utan vanskar. Sidan den gongen har det vorte mange fine møte på mange forskjellige stader, no seinast i sumar i eit godt element for både oss og han, i kameraten Åsmund Forfots loftsleilegheit på Møllenberg. Som Forfot er Skalmerås frå Rissa, og då vi hadde sumarjobb i avisa Fosna-Folket i fjor, måtte vi naturlegvis bruke Skalmerås som objekt for den briljante spalta «Dagens fosning». Per telefon frå eit skipsdekk svara han tolmodig og så godt han kunne på dei idiotiske spørsmåla våre. «En sjømann elsker havets våg» vart overskrifta.


Ein arbeidsdag på Finnmarkskysten. Havøya i forgrunnen, Rolvsøya og Ingøya mot nordvest. Foto ved Tommy Skalmerås, lånt frå Facebook.

Men no er det altså slutt. Tommy Skalmerås døydde brått og uventa i Tromsø tidlegare denne veka. Det var djupt sjokkerande og useieleg trist å høyre det. Eit dyrebart menneske er borte, ein god ven som vi vil takke ærbødig for alle lyse minne. Tankane våre går særleg til brørne Jørgen og Per Atle, som vi òg er så heldige å kjenne, og til familien elles. Til den lærde, modige og godhjarta Tommy Skalmerås, vil vi tillata oss å avslutte med nokre lyriske ord frå Gunnar Reiss-Andersen.
Spør du, vandrer, hvem jeg er
svarer jeg deg: – En usynlig.
Jeg er bare dette her –,
stenene i stranden, suset
i den grå novemberluftens
havomsuste furutrær. 
Spør du ennu hvem jeg er,
svarer jeg deg: – Jeg er tyngden
av en dyp og rik erindring,
gullet på de mørke skjær
før det mørkner stumt og kaldt –,
en usynlig som ser alt –,
blind av glans fra diamanter
i den grå novemberstrandens
hvite rand av salt. 
Er det ennu ikke nok –,
spør du nok en gang og stirrer
på en værslitt måkeflokk,
svarer jeg deg mens jeg tvinger
dine øyne til å finne
et skjelett med brukne vinger
som en dønning slår i blinde
mot en gullrød rulleblokk – 
Jeg er dette og en sommer
som er sluknet.
Død og druknet
er jeg også –, død og borte
i det bunnløst grå og sorte,
derfor nær som ingen annen
denne høststrands diamantglans
i en sneblek rand av salt. 
Under lysene som brenner
bak de hvite vintre er jeg
allerede ett med lyset
fra det endeløse alt.

1 kommentar: