søndag 17. desember 2017

Då vi forstod at vi ikkje kom til å vinne Proffen-cupen

I går var det endeleg tid for den årlege Proffen-cupen, eit høgdepunkt i bridgeåret. Lokalet var igjen ærverdige Frimurerlogen, utan at det vart drive så mykje som ein sekund frimureri mellom bridgespelarane denne kvelden. Nei, tevlinga er laus i kvitsnippen, med ein utprega "sosial" profil, stengt for kvinner og andre oppviglarar og renkesmedar. Det er lov til å ta "eit par øl" undervegs, dette i ånda til den altfor tidleg avlidne Rune "Proffen" Brattgjerd. Om nokon heidrar minnet vårt med ei arrangement berre halvparten så bra når vi ligg under torva, skal vi vera svært nøgde med det vi fekk utretta i livet.

Sjølve det bridgetekniske er av underordna tyding i denne tevlinga, og at spela ikkje blir overanalyserte, skal nok mange, vi sjølve inkludert, vera glade for. For vår del såg det svært lyst ut etter det fyrste av dei 30 spela, då vi gjennomførde eit ganske småpent motspel for beita i ein hjarterutgang. Men så vart alt snudd på hovudet i det andre spelet, og vi forstod der og då at det ikkje kom til å bli nokon siger på oss i år heller. Stein Bjerkset, som vi eigenhendig valde oss ut som makker i denne fyrste tospelsrunden i singeltevlinga, presterte nemleg ei melding som vi vil nominere til kåringa av årets verste. Han sat med fire småe, esset tridje, esset fjerde og tia dobbel, og høyrde oss opna 1 kløver. Inn kom 1 hjarter, og no oversåg Bjerkset ein spar og valde å melde 1 grand. Det var for så vidt ikkje så ille, til hans forsvar skal det seiast at lyset i Frimurerlogen var temmeleg nattklubbaktig endå klokka enno berre var rundt tri på ettermiddagen, og han har unekteleg svært dårleg syn. Det dumme var at han like etterpå faktisk oppdaga den oversette sparen, og dimed fekk han dårleg samvit. Så når det no gjekk 2 hjarter frå nestemann, pass frå oss og 3 hjarter som sperr frå opnaren, plukka han fram 3 spar! 3 spar! På fire småe! Med ein annan makker ville vi knapt trudd det vi såg frå den andre sida av bordet, men vi veit jo godt at Bjerkset har nokre synsrelaterte uhell innimellom, så meldingsforlaupet var sånn sett ikkje uvanleg. For å seia som ein politikar vi såg på nyheitene nyleg, konfrontert med ei eller anna daddelverdig sak: "Det er sjokkerende, men vi er ikke overrasket." Spørsmålet var berre kva vi med våre 14 punkter og 4–4–4–1 no skulle gjera. I ettertid ser vi at vi burde passa, for det var jo odds for at det ekstra kortet Bjerkset no tilsynelatande hadde oppdaga, var eit småkort og ikkje eit ess. Men på den andre sida kunne det jo vera fleire ekstra kort han hadde oppdaga ... Så vi lyfte til utgang, og Bjerkset kunne berga med éi beit, men gjekk to.

Rein botn, iallfall nesten. Vi ramla ned under middels, og derifrå og inn gjekk det berre éin veg: opp og ned. Men ein utsøkt, gentlemansaktig aftan vart det likevel, med stort fokus på det sosiale, som sagt, og vi gler oss allereie til neste år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar