mandag 27. mars 2017

Vårt lodd i livet

Vi har høyrd fleire snakke om sitt lodd i livet, som om det faktisk dreidde seg om eit lodd ein kjøpte på ein basar. Men det er sanneleg ikkje sikkert at det er feil eingong. For no ser vi at i nynorskordboka på nett står det ingenting om "ein lodd", altså maskulinum. Men bokmålsordboka har "ein lodd", jamfør norrønt "hlutr", "det som tilfaller en", og ordet "lott" har ho, men det har for så vidt nynorskordboka òg. Ivar Berg har sikkert nokre spissfindige kommentarar å koma med i denne samanhengen.

Grunnen til at vi byrja tenkje på dette, var at vi vitja Heimdal bridgeklubb på torsdag. Vi pla jo vera fast inventar der, men er vel ikkje just det lenger. Det ville vi freista kompensere for ved å rekruttere ein ny medlem til klubben, nemleg før nemnde John Gunnar Kristiansen. Han har spela veldig lite bridge, men han kan ein del, og vi ser at han har litt talent. Kven veit, om ti års tid kan han kanskje bli den nye oss. Uansett: På Heimdal sel dei lodd, eller "lodder", som det heiter på fint. Det har vi smerteleg røynt. For vi har faktisk ikkje tal på alle myntane vi opp gjennom åra har spytta inn i dette hasardspelet på Heimdal, eller Hjemdal som det heiter på fint, utan ein einaste gong å vinne noko som helst. Det vil seia: Éin gong, éin einaste gong har vi vunne på lodd på Heimdal. Men det må ha vore i prekambrium, for vi hadde ikkje eingong byrja drikke enno. Men sjølve stormatronen i Heimdal samfunnshus, gamlemor Gerd Aa, ei av fåe mellom bridgespelarane som overhovudet har ein moral, avgjorde at vi ikkje skulle få den eigentlege premien, som sjølvsagt var alkohol, men at vi derimot skulle kompenserast med kroner 50. Riktig nok var pengane meir verde på den tida, men 50 kroner i staden for ei flaske konjakk ...! Jamvel om vi som bridgespelarar knapt kan å telja lenger enn til 13, forstod vi jo at dette var eit ran. Uansett: Denne torsdagskvelden no nyleg, med Kristiansen som makker, kom klubbførekvinne Inger Hjellemarken som vanleg marsjerande til bordet med loddbøtta, og då er det jo ingen ved sine fulle fem som eingong vil vurdere å avstå frå å støtte klubben økonomisk. Vi tok jamvel på oss spanderbrøkene, og investerte i heile tri lodd, til den nette sum av kroner 20, før vi sa til makker: "Sjå her, du får velja to lodd, og dei lodda skal du få til odel og eige." Det var lodda kvit A2, A3 og A4 han hadde å velja imellom. "Då tek eg eit oddetal," sa han gåtefullt, "og så får du velja kva partal eg skal ha." Vi gav han A4 i tillegg til det opplagde A3. Hjellemarken strena vidare, og fekk nok selt kvart bidige lodd som vanleg. Ventetida var forferdeleg, men til slutt var det klårt for trekning. Fyrst ei vinflaske: Blå C14, Karl Johan Brækstad. Så ei vinflaske til: Raud D26, Terje Berg. Men så, så det store høgdepunktet, premien som heile klubben hadde gått og sikla på i timevis allereie: 50 centiliter nøttebrun, solmogna, eikefataromatisk Hennessy Maison Brillet XO Fins Bois ugni blanche Courvoisier med ekstra fylde og kropp. Kva farge hadde lappen som Inger Hjellemarken trekte opp av loddhatten? Kvit. Kva stod det på han? A4! A4! John Gunnar Kristiansen! Bileams esel! A4! Vi fall av stolen, korkje meir eller mindre. Her har vi spela på lodd i over eit tiår utan den ringaste utteljing, og så kjem den notbøtaren og sildestrøyparen Kristiansen på éin liten lynvisitt på Heimdal, og mottek gratis det eine fordømde loddet som tilfeldigvis (?) gjev den store gullmedaljen! Vi hadde jo gledd oss til å få han til å køyre oss innom Risvollan-puben ein tur etter bridgen, så vi kunne ta ein øl og ein kaffi og konjakk og han sitja og kike på oss, men no vart alt plutseleg snudd på hovudet: Det vart i staden vi som måtte køyre, medan Kristiansen sat og helte innpå konjakk, ei heil flaske deilig konjakk på den ti minutt lange køyreturen mellom Heimdal og Risvollan. For ein lagnadens uhyrlege ironi!

No vel. "I like my lot as well as any other," skal den 17 år gamle Owen Coffin ha sagt. Han overlevde då kvalfangsskuta Essex vart senka av ein spermkval i Sør-Stillehavet i 1820. Men det byrja etter kvart bli tynt med mat mellom mennene i livbåten, og dei måtte trekkje lodd om kven som skulle skytast for å kunne etast av dei andre. Coffin trekte det lagnadstunge svarte loddet. Fetteren hans skal ha tilbyde seg å ta kula i staden for han, men det var då den unge Coffin sa dei kjende orda om loddet sitt eller lodden sin. Den endå yngre Charles Ramsdell trekte deretter loddet som tvang han til å skyte venen sin. Dimed fekk han og dei andre nokre kjøtfulle bein å gnage på, sikkert mykje saftigare enn beina av alle dei som døydde ein naturleg daud i båten. Åtte menn overlevde faktisk strabasane og vart langt om lenge berga, medan totalt sju vart etne undervegs. Men hadde det ikkje vore for alt dette, ville Herman Melville kanskje aldri funne inspirasjonen til romanen Moby Dick. Så det er ofte ikkje verre enn at det likevel er godt for eit eller anna, Gud vere lova. Eller som Kurt Vonnegut ville formulert det: "So it goes."

søndag 26. mars 2017

Remedium

"Jeg foretrekker fiolin fremfor flygel." "Jaså, er De også musiker?" "Nei, jeg arbeider i flyttebyrå." Ein av dei absolutte favorittvitsane våre det der, subtil i si enkle form. Grunnen til at vi nemner han, er at han har fått fornya relevans for oss i det siste, i og med at vi har drive og flytt i stor stil.

Fyrst døydde jo farfaren vår, som var ein enkjemann langt opp i åra. Han etterlét seg ei stor leilegheit i det såkalla Melhuset i nedre Mællus, ei leilegheit fylt til randa av alskens eigedelar samla opp gjennom eit langt liv med stor sans for kuriosa og partikularia. Det var fullt i alle skuffer og skap, og det var fullt av skuffer og skap. Mange klenodium, sjølvsagt, men òg ein del skrammel, og generelt nokså mykje som vi ikkje såg oss den ringaste råd for å ta vare på. Fyrst inviterte vi kjentfolk til å koma og forsyne seg med det dei måtte attrå, eit tilbod veldig fåe nyttiggjorde seg. Men i det minste hadde John Gunnar Kristiansen næringsvit, og leilegheita hans på Tempe er no ein miniatyrversjon av leilegheita til farfaren vår, med mellom anna eit barndomsbilete av vesle oss på veggen, forutan rosemåla kråskap og andre nasjonalromantiske praktgjenstandar i fleng. Han hevdar òg at skrømtet av farfaren vår har kome på mang ei vitjing i det siste, for å koke syltynn kaffi og eta bittesmåe stykke salttekake. Men det er ei anna historie. Vidare ringde vi til ein auksjonarius, som kom og henta det han trudde kunne seljast. Vi var faktisk til stades på auksjonen i samfunnshuset på Klett då gjenstandane frå daudsbuet vart ropa opp. Det var ei bisarr, men absurd oppleving. Vi hadde trudd at mykje av dette rammelet ville bli tungt å selja, men her var det flust av landsens skrotnissar som sat og nibaud kvarandre i hel, nærast på trass og av gamal vane. Ta ein liten eggvarmar, til dømes, i keramikk, forma som ei fargerik høne: "50 kroner!" "100 kroner!" "150!" "200!" "250!" Der døydde det, før vinnaren av bodrunden stolt strena fram mot notariusen, idet han lét falle ein velnøgd liten merknad: "No vart det høn, ja!" Vi kunne ikkje anna enn le, og plukke med oss 15 laken heim att i bukselommene, som ikkje di mindre kjendest mykje lettare enn berre timar tidlegare, då dei var fulle av keramikkeggvarmarhøner. Men samstundes felte vi ei tåre ved tanken på den kjære, gamle farfaren vår, som no har ete sitt siste egg. Verre likevel var det med alt vi måtte bera ned i fyrsteetasjen i Melhuset, der det ligg ein bruktbutikk: Dei fekk så mange velspekka pappesker og svartsekkar av oss at lageret deira rann fullstendig fullt, slik at sjefsekspeditrisa til slutt måtte seia at nok var nok, dei kunne rett og slett ikkje ta imot meir. Men morgonen etter var ho ikkje der, det var berre dei inkjeanande unge døtrene hennar som sat og styrde butikken, så då nytta vi høve til å lure inn endå nokre hundre kilo materie.

Midt oppi arbeidet med å få rydda og ikkje minst selt denne leilegheita på Mælus, presterte vi å smelle sambuaren vår på tjukka. Dimed skulle vi helst òg hatt eit nytt husvære, i eit litt meir barnevenleg miljø enn ein trekkfull bygard i Ila, enn seia ein parkeringsplass i Melus sentrum, der det forresten berre bur folk over 70. Så vi kjøpte ein andre- og ein tridjeetasje i det veldrivne burettslaget Risvollan i Trondheim, med tri soverom, veranda og utsikt over halve byen. Meir om dette seinare. Men dimed måtte vi jo òg flytte ut av leilegheita i Ila, og for å seia det enkelt: All denne flyttinga er grunnen til at det har vorte smått med skriving på bloggen i det siste. Men vi kan garantere at det vil bli betre når vi no etter kvart får ein unge til å hjelpe oss, både med skrivinga og finansane og ymist praktisk arbeid.

Før ville vi sagt som Áillohaš: "Mitt hjem er mitt hjerte. / Det flytter med meg." Det kan vi for så vidt framleis seia, det er like gyldig. Men å arbeide med flyktningar, som vi gjer, gjev ein litt ekstra perspektiv på dette med flytting og ein heim og alt det der. Spesielt vanskeleg er skilnaden på "hjem" og "hjemme", og ikkje minst kva preposisjonar ein skal bruke i lag med desse orda. Kvar dag høyrer vi formuleringar som: "I går jeg sitter på hjemme." "Nå jeg skal gå til hjem." Konklusjonen er eigentleg at ein skal vera veldig glad for at ein faktisk har ein heim, eit tak over hovudet og nokre møblar under det taket. Det er så visst ikkje alle forunt.

søndag 26. februar 2017

Sadomasochismen 16/17

Overskrifta er eit ordspel av det avanserte slaget, så det er nok best om vi forklårer det fyrst som sist. For den årlege seriemeisterskapen i bridge nyttar ein ofte forkortinga SM. Same forkorting blir nytta for sadomasochisme. Dette hadde ikkje vore så artig, om det ikkje var for at bridge, og seriemeisterskapen i bridge spesielt, har noko veldig sadomasochistisk ved seg.

I årets sesong, til dømes, ville vi ikkje eigentleg spela i 2. divisjon på Økern i Oslo. Vi ville spela i 3. divisjon i Soknedal eller til naud på Sunndalsøra. Men vi måtte spela i 2. divisjon likevel, fordi vi vann 3. divisjon i førre sesong. Så vil vi så absolutt ikkje spela i 1. divisjon neste sesong, men likevel låg vi og leia 2. divisjon etter fyrste spelehelga, og gjennom det meste av andre helga. Men så kan ein liksom ikkje drive og tape heller, for det smertar jo enormt. Kvart einaste vesle egg, frå makker ikkje minst, er ei smerte av infernalske proporsjonar! Å tape eit spel er forferdeleg! Med denne innstilllinga seier det seg sjølv at ein ligg under det kandinske åket, det sibirske valet, at ein fell mellom to stolar infiserte med høvesvis pest og kolera, at ein er fanga i ein motbydeleg Morton's gaffel! Frivillig å utsetja seg for alt dette, kan ikkje vera noko anna enn sadomasochisme. Men, og dette er viktig, vi hugsar Yogi Berras kjende doktrine: "When you come to a fork in the road, take it."

Meir orkar vi ikkje å seia om seriemeisterskapen 16/17 i dette mediet. Men dei som vil lesa fleire detaljar, kan teikne eit urbilleg abonnement på Boye Brogelands litterære tidsskrift Bridge i Noreg, der vi i fyrstkomande nummer har på trykk ei lengre avhandling om akkurat seriemeisterskapen.

 

tirsdag 21. februar 2017

La Sacre du printemps

Allereie i lang tid no har det gått mot lysare tider. Det er jo eigentleg ingen skikkeleg vinter i denne byen, i grunnen går det rett frå haust til vår, og no er det meir eller mindre vår. Vi hadde mistanke om det alt for fleire veker sidan, men fekk endeleg prov då vi nyleg granska programmet til Trondheim symfoniorkester: Dei sette opp Stravinskijs Vårofferet. For verkeleg å få den heilt store vårkjensla, fann vi ut at vi måtte gå og høyre det. Den gode venen vår, smørsongaren Sverre Johan Aal frå Øvre Kvam, skaffa oss billettar som var nesten gratis.

Showet opna med Prokofjevs Skytisk suite, som i grunnen var heilt fantastisk den òg. Men vi hadde diverre liten kjennskap til dette verket på førehand, og veit framleis lite å seia om det. Det same med neste post på programmet, Prokofjevs Fiolinkonsert nr. 1, der ei ung asiatinne fekk synt seg fram som ein sann virtuos på fela. Så var det pause, og vi gjekk ut for å skule på kultureliten, som dreiv og "mingla" kvarandre oppetter lysken. 


Igor Stravinskij var ein dyktig komponist, og sannsynlegvis òg ein triveleg kar.

Men så, så var det høgtid. Fråveret av ballettdansarar gjorde oss ikkje så mykje, det er uansett musikken som er hovudsaka for vår del. Vårofferet er i sanning eit fortreffeleg verk, som vi har likt heilt sdan barndommen. Frå den karakteristiske fagottsoloen i opninga, berre ballar det på seg med den eine urkule vrien etter den andre. Meir vidløftige analysar skal vi ikkje prøve oss på, for det er dømd til å mislykkast. Når det gjeld musikk, tenkjer vi ikkje langs serleg meir avanserte skalaer enn den som går frå "briljant" til "møkk", og Vårofferet er på den briljante sida. 

Litt skuffande var det riktig nok at ingen i salen såg ut til å vera totalt usamde med oss, som tilfellet unekteleg var under den legendariske uroppsetjinga av Vårofferet i Paris i 1913, då folk protesterte høglytt og kasta støvlar og egg og det som verre var. Vi er ganske overtydde om at det einkvan stad i salen også no i 2017 må ha sete ein tverr, snurt wienarklassisist som berre lengta etter ein klaversonate av Mozart, og som verkeleg hadde lyst til å kaste støvelen sin på dirigenten. Men vedkomande kjende seg vel trykt langt ned i stolen av dei kulturelle maktmekanismane i den ugudelege tida vi lever i, der heidensk musikk à la Vårofferet altså utruleg nok har vorte gjengs.

Det som er sikkert, er at vi for vår del gjekk ut av lokalet i svært godt humør. For Vårofferet sluttar jo som kjent med den såkalla "Offerdansen", der den unge jenta som er utvalt til å ofrast til jorda og åndene for godt vêr og rik grøde, dansar mellom dei vise eldste. Det er med andre ord openbert at ho faktisk vil bli ofra, og dimed kan vi alle, i år igjen, vera sikre på at våren vil bli fin. Kos dykk! 

søndag 19. februar 2017

Same same, but different

Overskrifta var det tidlegare namnet på éin av dei to pubane i Lakselv, men han gjekk konkurs. Ein annan veldig god vits, som diverre òg seier mykje om det tragiske identitetstapet hjå mange samar, fekk vi servert av sørsamen Tor-Ove Reistad frå Askim. Han var i si tid faktisk sambuar med den mørkhuda samen i filmen Svidd neger. Men uansett, vitsen går som fylgjer: Éin eller annan idiot spør ein tradisjonell reindriftssame: "Er din bror også same?" Samen svarar: "Nei, han er bilmekanikar."

Vi kan berre orsake at vi er litt på etterskot, men her kjem omsider nokre minne frå Tråante 2017, ei rettleg kalasveke her i byen. Samar frå fjern og nær stimla saman for å feire seg sjølve, og i kjent stil lurde vi oss med på partyet vi òg.

Allereie den fyrste laurdagen i festivalveka tenkte vi oss opp til Sverresborg folkemuseum for å oververa opninga av ei duodjiutstilling. Vilde inviterte med ei venninne, og vi, mest på spøk, kameratane våre John Gunnar Kristiansen og Vidar Haavik. Overraskande nok var dei svært huga på å feire det samiske folket. I ein slik grad, faktisk, at dei alt i forkant av utstillingsopninga hadde byrja feiringa på Kafé Larssen. Dei kom heim til oss i drosje, og forlanga at vi òg måtte køyre drosje til Sverresborg. Vel framme gjekk dei straks og sette seg i tipien, som dei kalla lavvoen, og gjorde Gud veit kva der inne, medan vi andre stod ute og hutra og fraus og høyrde på banale taler frå alskens notabilitetar. Då vi etterpå gjekk inn i tipien for å leite etter dei to unge frøyværingane, hadde dei allereie gått inn på den nærliggjande tavernaen og kjøpt ei flaske raud vin. Vi kan berre vone at det i det minste dreidde seg om den pensjonerte lektor Øyvind Finnes kreklingvin frå Brennelv. Feiringa vart så til dei gradar samisk at John Gunnar måtte berast ned trappa og inn i nok ein drosje, som vonarleg køyrde han heilt til Láhpoluoppal. 

Dagen etter var vi på endå ei utstillingsopning, no av ei samling samisk biletkunst på Galleri Hanne i Kongensgata. Vi hadde med oss Jon "Jon-Jon" Eiesland, som synte forbausande store kunnskapar om dette med måling. Det var mange svært pene bilete å sjå. Litt skuffande var det derimot at joiken som arrangørane reklamerte med, vart avlyst. Men, tradisjonen tru på slike fornemme tilstellingar, vart det i det minste servert kvitvin, som vi berre kan vone var heimbrent frå Indre Billefjord. 


Jon Eiesland og underteikna framfor flott samisk måleri av fjell. Legg merke til buttonen på jakka vår, med tekst "Snakk nordsamisk te mæ!" Det språket forstår vi ikkje stort av, så då har vi ei god orsaking for ikkje å svara.

Dagen etter var vi i dei gamle lokala til Frostating lagmannsrett på Kalvskinnet, for å sjå kammerspelet Fra Kautokeino til Kalvskinnet. Det handla om Elen Aslaksdatter Skum, ei av dei straffedømde etter opprøret i Kautokeino i 1852. Ho vart sendt til tukthuset på Kalvskinnet for å avtene straffa si. Historia er jo interessant, men vi vil nok ikkje seia det same om denne dramatiseringa. Ho var, om vi må få seia det enkelt, eit makkverk. Men kva veit vel vi om dramatikk.

Då hadde vi litt meir sans for filmen Solens sønn, som gjekk vi på Nova kino og bivåna. Han dreidde seg, som alle vel forstår av namnet, om multikunstnaren Nils-Aslak Valkeapää, kjent som Áillohaš. Meir enn éin gong har vi sitert dei vakre dikta hans. Vi vil framleis påstå at dei gjer seg betre på papir enn på film, men i det minste var det mange fine naturbilete og ein del god musikk i filmen. 

Ikkje uventa fekk vi òg treffe gamle samiske vener denne veka. Den før nemnde Atli Konràðsson, islandsk same frå Lakselv, var til dømes attende i Trondheim. Vel å merkje kom han hit i samband med matematikkstudia sine, ikkje i samband med samefestivalen. Tvert imot var det kanskje delvis for å sleppe unna alt som har med samar å gjera, at han i utgangspunktet reiste sørover. Lite ana han at det skulle vera samefestival i Trondheim akkurat den veka han var her, så han vart nok litt skuffa. Men han er ikkje den som øydelegg ei god stemning. Vi feira samane på puben Den gilde granne, ved å spela samisk bridge og drikke brent rugmjøl og vatn, ein samisk tradisjonsdrikk kalla kvas. 

Samen Asfrid Olaug Karlsen frå Kistrand, ein granne av oss frå Lakselv, var òg til stades i byen. Ho brenn vel å merkje ikkje berre for den samiske saka, men òg for den kvenske. Såleis hadde det seg at ho inviterte oss til eit eksklusivt møte i regi av Norske kveners forbund, Ruijan Kveeniliitto, om opprettinga av eit kvensk lokallag i Trøndelag. Ho hugsa nok at vi, den tid vi budde i Porsanger, vart misbrukte av det lokale kvenlaget til å skrive i lokalavisa om alle tenkjelege kvenske saker, som kvensk årsmøte, kvensk gudsteneste, kvensk flagg, kvensk konsert, kvensk språkreir, kvensk busstur, kvensk suppe, kvenske museumsgjenstandar, for ikkje å nemne historisk kvensk fjøs. Men det var ikkje utan grunn, for sambuaren vår er faktisk litt kven, med røter i Kemi, Kuusamo og seinare den gamle norske kvenhovudstaden Vadsø, kvensk Vesisaari. Så Vilde vart òg med på møtet, etter sterkt press frå oss, og plutseleg hadde det skjedd, akkurat det ho frykta: Ho vart ufrivillig utpeikt til ein slags leiarfigur i nye Trøndelag kvenforeining. Ho kan ikkje lenger flykte frå dei kvenske røtene sine, ho må sjå den kulturelle arven sin i kvitauga, og for alltid arbeide knallhardt og gratis for kvenfolkets nokså vonlause sak. Vi for vår del skreiv ein inspirert liten artikkel om møtet til den kvenske avisa Ruijan Kaiku, og tener vel fort eit laken på denne. 


Kven dette er? Same kven som omtalt over, sambuaren vår Vilde. Aktuelt i lag med den synske Lebesbymannen i Lebesby ved Laksefjorden. 

Då gjenstår det berre for oss å dra ein endå betre vits, som vi har kome på heilt sjølve. Førestill dykk at dette er langt nord, sjukt langt nord, i ein bjørkeskog, til dømes, med mygg og joik og gammer og nordlys til alle baugar og kantar, og ein tilfeldig tulling som spør ein annan tølpar: "Kven er du?" Men den andre svarar uttrykkslaust: "Det kan vera det same."

torsdag 19. januar 2017

Steinknuseriet

I julegåve av vår kjære sambuar fekk vi ein helgetur til Røros. Ho har nok forstått at vi, i det pissvåte trondheimske vinterhelvetet, stundom drøymer oss attende til dei stabile 10, 20, 30 kuldegradane i Porsanger, det evige klårvêret som blir pryda av nokre perlemorsskyer i blåtimen, og nordlys og stjerner etter at mørkret attervender. Så ho ynskte å glede oss ved å skipe til denne utflukta til det som vitterleg er eit av Noregs kaldaste stelle, eit stort offer frå ei som misliker kulde nesten like sterkt som vi misliker varme. Mytji lys avskyr vi forresten òg. Vi gjekk på snøggtrænet på Skansen stasjon laurdag morgon, og sanneleg møtte vi kjentfolk. Hans Arne Forseth frå kvisslaget Levon Helm sat der og skulle til Haltdalen og vitje slektningar. Så då hadde vi jo rikeleg med godt selskap på den vakre turen gjennom eit stendig meir vinterleg landskap.

Vel framme på Røros, sørsamisk Plassje, vandra vi litt ikring og tok nærare i augnesyn denne pittoreske og ikkje minst historiske småbyen, som vi eigentleg aldri har granska i detalj tidlegare. Det er ein underleg stad, det er det ingen tvil om. Innbyggjarane i den gamle delen av byen lever jo i ei halvt uverkeleg verd, ein slags filmkuliss, fanga mellom gamal og ny tid. På den andre sida er byen, interessant nok, kjent for eit glimrande narkotikamiljø. Vi gjekk på ein kombinasjon av galleri og kafé, Tomasgaarden, og drakk ein lokalprodusert bayer, medan ein eller annan minst like lokal trubadur spela nokre svisker i kategorien "cowboy i solnedgang". Det var nesten for idyllisk. Heldigvis slo han plutseleg fullstendig om, til aggressive og absurde hits signert Røros' store viselegende Per Bergersen, som 29 år gamal skal ha fått hjelp av ein kamerat til sjølvmord per skytevåpen. Eitt av albuma hans er faktisk innspela på akkurat den gallerikafeen der vi sat denne januarettermiddagen, og høyrde framførd mellom andre klassikaren "Svidd cornflakes", som det høver godt å sitere litt ifrå: "Ungen til nabo'n ligger på veien / og hyler på mora si, men hu ækk'e der, / og selv om hu var der, så blei det ikke bedre, / for mora til ungen til nabo'n er dau!"


Konsert med glimrande trubadur på Røros. Stolpen gjer han utydeleg, men det er like greitt, for det var primært i røysta han hadde sin forse.

Dette til djup ettertanke, då det fort kan bli for mykje fjellhytteurnorsk skismøringsnarsissisme på ein stad som Røros. Elles kunne vi skrive mangt og mykje om alt vi såg og opplevde i Bergstaden, historiske detaljar frå det glimrande gruvemuseet, og så vidare. Men Røros ligg jo ikkje serleg langt unna noko som helst, så det er i grunnen berre å dra dit. Fer de no snart, er det òg ein sjanse for at de vil vera heldigare med vêret enn vi var. Temperaturen kraup nemleg berre så vidt under 10 kuldegradar under opphaldet vårt, så det seier seg sjølv at vi sveitta som ein gris. Men utover dette var det ein flott og minnerik tur.

fredag 13. januar 2017

Bilbeistet

Liten anekdote. Her om dagen vart vi kalla opp i Soknedalen for å spela bridge med Berkåks Stein Bjerkset, ein aftan i den såkalla Gauldalsserien. Vi skulle vikariere for Størens Reidar Bårseth, som òg var den som førespurde oss, og som brukte store ord om kor fantastisk artig vi ville få det der oppe i Soknedalen denne onsdagskvelden i januar. Jau då, vi kunne fått det artig, viss vi berre hadde gjort som vanleg, og sete på med Trondheims Asgeir Langen oppover. Men av praktiske årsaker hadde vi ikkje tid, vi måtte bruke vår eigen elendige bil til eit anna føremål rett i forkant, og deretter suse ned og plukke opp Langen, og så fyke vidare i retning Soknedal, alt i eit forrykande tempo.  

For det fyrste heldt vi på å drepe både oss sjølve og Langen, då ein eller annan labyrintisk kvervelvegspiral nær Siemens-bygget nesten narra oss til å kaste oss ut i feil køyreretning på sjølve E6. Dinest råka vi på ein ofseleg snøstorm litt sørom Støren, og køyrde i praksis i blinde. Men ikkje noko av dette var eigentleg så ille, for om vi kom litt for seint til offisielt starttidspunkt, så stod soknedalingane og singsåsbyggen, budalingane og høkerane uansett framleis på trappa og togg på pipene sine. Nei, det verste var fylgjande: «Skal du ha ein øl?» spurde Bjerkset, så å seia idet vi gjekk inn døra til restauranthuset og spelelokalet Soknatun. Vi hadde hatt ein stressande dag, og lite freista meir enn nettopp ein roleg øl, servert av den grasiøse tyrkaren i baren. Men vi kunne ikkje drikke, for vi hadde jo bilen med! 


Stein Bjerkset i Soknedals solvegg med ein kopp øl. 

Bjerkset, einbeint og nesten blind og med hyppige psykotiske anfall, han køyrer sjølvsagt ikkje anna enn snøscooter. Han er ein lykkeleg og harmonisk jævel, gjer alltid nøyaktig som han vil. Det gjorde vi òg – inntil for eit halvår sidan. Men så skulle vi altså på daud og liv ta lappen, og var endåtil nøgde med å greie det! Snakkar om idioti! For kva skjer? Jo, plutseleg ein aftan sit ein der, klaskar kort og hoiar og skrik, i Soknedal av alle dalar. Men kva drikk ein? Sodavatn! Ikkje anna enn sodavatn! Bjerkset, den gamle piraten, han kvelvar i seg den eine sprudlande ølen etter den andre, men vi, vi! Nei då. Ingenting, absolutt ingenting. Sorrig og avholdenhed, som det heiter i diktet. Det er verkeleg så gale at det ikkje er godt for noko. Men berre vent, og sann våre ord: Ein vakker dag skal vi miste lappen, og då skal alt bli bra igjen.