tirsdag 21. februar 2017

La Sacre du printemps

Allereie i lang tid no har det gått mot lysare tider. Det er jo eigentleg ingen skikkeleg vinter i denne byen, i grunnen går det rett frå haust til vår, og no er det meir eller mindre vår. Vi hadde mistanke om det alt for fleire veker sidan, men fekk endeleg prov då vi nyleg granska programmet til Trondheim symfoniorkester: Dei sette opp Stravinskijs Vårofferet. For verkeleg å få den heilt store vårkjensla, fann vi ut at vi måtte gå og høyre det. Den gode venen vår, smørsongaren Sverre Johan Aal frå Øvre Kvam, skaffa oss billettar som var nesten gratis.

Showet opna med Prokofjevs Skytisk suite, som i grunnen var heilt fantastisk den òg. Men vi hadde diverre liten kjennskap til dette verket på førehand, og veit framleis lite å seia om det. Det same med neste post på programmet, Prokofjevs Fiolinkonsert nr. 1, der ei ung asiatinne fekk synt seg fram som ein sann virtuos på fela. Så var det pause, og vi gjekk ut for å skule på kultureliten, som dreiv og "mingla" kvarandre oppetter lysken. 


Igor Stravinskij var ein dyktig komponist, og sannsynlegvis òg ein triveleg kar.

Men så, så var det høgtid. Fråveret av ballettdansarar gjorde oss ikkje så mykje, det er uansett musikken som er hovudsaka for vår del. Vårofferet er i sanning eit fortreffeleg verk, som vi har likt heilt sdan barndommen. Frå den karakteristiske fagottsoloen i opninga, berre ballar det på seg med den eine urkule vrien etter den andre. Meir vidløftige analysar skal vi ikkje prøve oss på, for det er dømd til å mislykkast. Når det gjeld musikk, tenkjer vi ikkje langs serleg meir avanserte skalaer enn den som går frå "briljant" til "møkk", og Vårofferet er på den briljante sida. 

Litt skuffande var det riktig nok at ingen i salen såg ut til å vera totalt usamde med oss, som tilfellet unekteleg var under den legendariske uroppsetjinga av Vårofferet i Paris i 1913, då folk protesterte høglytt og kasta støvlar og egg og det som verre var. Vi er ganske overtydde om at det einkvan stad i salen også no i 2017 må ha sete ein tverr, snurt wienarklassisist som berre lengta etter ein klaversonate av Mozart, og som verkeleg hadde lyst til å kaste støvelen sin på dirigenten. Men vedkomande kjende seg vel trykt langt ned i stolen av dei kulturelle maktmekanismane i den ugudelege tida vi lever i, der heidensk musikk à la Vårofferet altså utruleg nok har vorte gjengs.

Det som er sikkert, er at vi for vår del gjekk ut av lokalet i svært godt humør. For Vårofferet sluttar jo som kjent med den såkalla "Offerdansen", der den unge jenta som er utvalt til å ofrast til jorda og åndene for godt vêr og rik grøde, dansar mellom dei vise eldste. Det er med andre ord openbert at ho faktisk vil bli ofra, og dimed kan vi alle, i år igjen, vera sikre på at våren vil bli fin. Kos dykk! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar