søndag 19. februar 2017

Same same, but different

Overskrifta var det tidlegare namnet på éin av dei to pubane i Lakselv, men han gjekk konkurs. Ein annan veldig god vits, som diverre òg seier mykje om det tragiske identitetstapet hjå mange samar, fekk vi servert av sørsamen Tor-Ove Reistad frå Askim. Han var i si tid faktisk sambuar med den mørkhuda samen i filmen Svidd neger. Men uansett, vitsen går som fylgjer: Éin eller annan idiot spør ein tradisjonell reindriftssame: "Er din bror også same?" Samen svarar: "Nei, han er bilmekanikar."

Vi kan berre orsake at vi er litt på etterskot, men her kjem omsider nokre minne frå Tråante 2017, ei rettleg kalasveke her i byen. Samar frå fjern og nær stimla saman for å feire seg sjølve, og i kjent stil lurde vi oss med på partyet vi òg.

Allereie den fyrste laurdagen i festivalveka tenkte vi oss opp til Sverresborg folkemuseum for å oververa opninga av ei duodjiutstilling. Vilde inviterte med ei venninne, og vi, mest på spøk, kameratane våre John Gunnar Kristiansen og Vidar Haavik. Overraskande nok var dei svært huga på å feire det samiske folket. I ein slik grad, faktisk, at dei alt i forkant av utstillingsopninga hadde byrja feiringa på Kafé Larssen. Dei kom heim til oss i drosje, og forlanga at vi òg måtte køyre drosje til Sverresborg. Vel framme gjekk dei straks og sette seg i tipien, som dei kalla lavvoen, og gjorde Gud veit kva der inne, medan vi andre stod ute og hutra og fraus og høyrde på banale taler frå alskens notabilitetar. Då vi etterpå gjekk inn i tipien for å leite etter dei to unge frøyværingane, hadde dei allereie gått inn på den nærliggjande tavernaen og kjøpt ei flaske raud vin. Vi kan berre vone at det i det minste dreidde seg om den pensjonerte lektor Øyvind Finnes kreklingvin frå Brennelv. Feiringa vart så til dei gradar samisk at John Gunnar måtte berast ned trappa og inn i nok ein drosje, som vonarleg køyrde han heilt til Láhpoluoppal. 

Dagen etter var vi på endå ei utstillingsopning, no av ei samling samisk biletkunst på Galleri Hanne i Kongensgata. Vi hadde med oss Jon "Jon-Jon" Eiesland, som synte forbausande store kunnskapar om dette med måling. Det var mange svært pene bilete å sjå. Litt skuffande var det derimot at joiken som arrangørane reklamerte med, vart avlyst. Men, tradisjonen tru på slike fornemme tilstellingar, vart det i det minste servert kvitvin, som vi berre kan vone var heimbrent frå Indre Billefjord. 


Jon Eiesland og underteikna framfor flott samisk måleri av fjell. Legg merke til buttonen på jakka vår, med tekst "Snakk nordsamisk te mæ!" Det språket forstår vi ikkje stort av, så då har vi ei god orsaking for ikkje å svara.

Dagen etter var vi i dei gamle lokala til Frostating lagmannsrett på Kalvskinnet, for å sjå kammerspelet Fra Kautokeino til Kalvskinnet. Det handla om Elen Aslaksdatter Skum, ei av dei straffedømde etter opprøret i Kautokeino i 1852. Ho vart sendt til tukthuset på Kalvskinnet for å avtene straffa si. Historia er jo interessant, men vi vil nok ikkje seia det same om denne dramatiseringa. Ho var, om vi må få seia det enkelt, eit makkverk. Men kva veit vel vi om dramatikk.

Då hadde vi litt meir sans for filmen Solens sønn, som gjekk vi på Nova kino og bivåna. Han dreidde seg, som alle vel forstår av namnet, om multikunstnaren Nils-Aslak Valkeapää, kjent som Áillohaš. Meir enn éin gong har vi sitert dei vakre dikta hans. Vi vil framleis påstå at dei gjer seg betre på papir enn på film, men i det minste var det mange fine naturbilete og ein del god musikk i filmen. 

Ikkje uventa fekk vi òg treffe gamle samiske vener denne veka. Den før nemnde Atli Konràðsson, islandsk same frå Lakselv, var til dømes attende i Trondheim. Vel å merkje kom han hit i samband med matematikkstudia sine, ikkje i samband med samefestivalen. Tvert imot var det kanskje delvis for å sleppe unna alt som har med samar å gjera, at han i utgangspunktet reiste sørover. Lite ana han at det skulle vera samefestival i Trondheim akkurat den veka han var her, så han vart nok litt skuffa. Men han er ikkje den som øydelegg ei god stemning. Vi feira samane på puben Den gilde granne, ved å spela samisk bridge og drikke brent rugmjøl og vatn, ein samisk tradisjonsdrikk kalla kvas. 

Samen Asfrid Olaug Karlsen frå Kistrand, ein granne av oss frå Lakselv, var òg til stades i byen. Ho brenn vel å merkje ikkje berre for den samiske saka, men òg for den kvenske. Såleis hadde det seg at ho inviterte oss til eit eksklusivt møte i regi av Norske kveners forbund, Ruijan Kveeniliitto, om opprettinga av eit kvensk lokallag i Trøndelag. Ho hugsa nok at vi, den tid vi budde i Porsanger, vart misbrukte av det lokale kvenlaget til å skrive i lokalavisa om alle tenkjelege kvenske saker, som kvensk årsmøte, kvensk gudsteneste, kvensk flagg, kvensk konsert, kvensk språkreir, kvensk busstur, kvensk suppe, kvenske museumsgjenstandar, for ikkje å nemne historisk kvensk fjøs. Men det var ikkje utan grunn, for sambuaren vår er faktisk litt kven, med røter i Kemi, Kuusamo og seinare den gamle norske kvenhovudstaden Vadsø, kvensk Vesisaari. Så Vilde vart òg med på møtet, etter sterkt press frå oss, og plutseleg hadde det skjedd, akkurat det ho frykta: Ho vart ufrivillig utpeikt til ein slags leiarfigur i nye Trøndelag kvenforeining. Ho kan ikkje lenger flykte frå dei kvenske røtene sine, ho må sjå den kulturelle arven sin i kvitauga, og for alltid arbeide knallhardt og gratis for kvenfolkets nokså vonlause sak. Vi for vår del skreiv ein inspirert liten artikkel om møtet til den kvenske avisa Ruijan Kaiku, og tener vel fort eit laken på denne. 


Kven dette er? Same kven som omtalt over, sambuaren vår Vilde. Aktuelt i lag med den synske Lebesbymannen i Lebesby ved Laksefjorden. 

Då gjenstår det berre for oss å dra ein endå betre vits, som vi har kome på heilt sjølve. Førestill dykk at dette er langt nord, sjukt langt nord, i ein bjørkeskog, til dømes, med mygg og joik og gammer og nordlys til alle baugar og kantar, og ein tilfeldig tulling som spør ein annan tølpar: "Kven er du?" Men den andre svarar uttrykkslaust: "Det kan vera det same."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar