tirsdag 22. november 2016

ኢንተርናትኦናል ዳይ

Vi blir stendig skulda for å vera ein arbeidslaus nisse, og i åtte dagar i slutten av august var vi faktisk det. Men så fekk vi eit vikariat som det no syner seg at vi skal ha fram til sumaren, på vaksenopplæringa i heimbygda vår Melhus, eller Mællus som ho heiter i daglegtala. Det er same bransje som vi arbeidde i på slutten av opphaldet vårt i Lakselv, og vi må innrømme at vi verkeleg liker oss i dette hjørnet av utdanningssektoren. Jo meir vi møter nordmenn, di betre liker vi utlendingar, og i vaksenopplæringa er det utelukkande utlendingar vi underviser. Det kjennest meiningsfullt å få hjelpe våre nye landsmenn til å bli litt betre integrert i det norske samfunnet, som riktig nok ofte fortonar seg som uforståeleg jamvel for oss. Eit anna aspekt bør òg nemnast, som best kan illustrerast med ein liten anekdote, frå ein aftan då vi hadde ete bacalao og skulle få kaffi heime hjå Trond Bårdsen i Tromsø. Då kom denne temmeleg frittalande fyren, som mange nok held for å vera grov og rabulistisk, trekkjande med nokre vakre antikke kaffikoppar med blomar påmåla, som han introduserte med fylgjande ord: "Mi gamle grandtante Oluffa ville nok vorte veldig glad om ho såg at vi faktisk bruker desse koppane som eg ervde etter henne. Slike variantar skal ein òg ta med seg." Likeins var den gamle far vår ekstremt glad i utlendingar, forstod seg mindre og mindre på nordmenn, og drøymde vel eigentleg alltid om å dra langt fanden i vald, bort frå dette suppelandet, til Mauritania, Indre Mongolia, Papua Ny-Guinea eller kva det no var alt i hop. Med andre ord ville han likt at vi arbeidde med utlendingar. Sjølvsagt er dette fullstendig irrelevant, i ein viss forstand, men samstundes er det liten variant ein gjerne kan ta med seg.

Så var det avgjort at skulen no på laurdag skulle arrangere ein såkalla internasjonal dag, der folk i bygda skulle få koma og sjå  kven elevane er. Det vil seia, elevane skulle sjølve gjennomføre dagen, vi lærarar berre koordinere og leggje til rette. Elevane skulle delast inn i grupper etter land, og så få ansvar for å fylle kvart sitt rom med innhald relatert til dette landet. På førehand var det eit møte der lærarane fekk melde ifrå om kva landgruppe dei ynskte å arbeide med. Dei litt smarte ropte kjapt ut "Sudan!", eit land som som er moderat representert ved skulen. Vi mumla eit spedt "Eritrea?" utan å tenkje på at dette er den største grupperinga av dei alle. Eritrea var det einaste landet som skulle ha heile to rom, ikkje eitt. Ut gjennom veka var dei ikkje berre lette å halde styr på, dei viljesterke fjellgeitene frå Raudehavskysten. Men når det er sagt, har vi alltid hatt ein fascinasjon for landet deira. I all blygleik hugsar vi ein episode i baren Familien for ein del år sidan. Vi var der med nokre unge blondiner av det gneldrete slaget, og søkte oss difor raskt bort frå dei i retning bardisken, der det stod ein einsleg mørkhuda mann. "Kvar kjem du ifrå?" spurde vi. "Giss éin gong," svara han. Vi brukte no litt tid på å studere han, studere hudfargen og den generelle kroppsbygninga, strukturen på kraniet, spesielt fråstanden mellom augo, og nasen i forhold til panna, før vi med olympisk sjølvtryggleik fastslo: "Eritrea." Det var riktig! Men sant å seia var det ikkje så vanskeleg, for eritrearane ser unekteleg litt annleis ut enn andre afrikasørforsaharanarar. Vi har sansen for dei, og dei eritreiske romma til den internasjonale dagen vart då òg greie til slutt. Riktig nok forstår vi ikkje at girlander og ballongar, som var det det vart aller mest av, skal vera spesielt typisk for Eritrea. Men kven er eigentleg vi til å uttala oss om eritreisk kultur.



Eritreas heroiske krig for fridom frå overmakta Etiopia varte frå 1961 til 1991, og rundt ein tridjedel av soldatane var kvinnfolk. Bilete frå ei iscenesetjing under den internasjonale dagen på Melhus.

Overskrifta på denne teksten er, som de sikkert har forstått innan no, "Internasjonal dag" på det eritreiske skriftspråket tigrinja. Men vi veit ikkje eingong om dette vart rett. Uansett, den internasjonale dagen vart svært vellykka. Ein heil haug av folk frå bygda kom innom, og alle såg ut til å hygge seg. Elevane hadde sjølve laga mat frå sine respektive heimland, og delikatessane var mange. Eritrearane hadde på seg eritreiske klede, og serverte kaffi på tradisjonelt eritreisk vis, som inneber eit heilt rituale, der ein både skal brenne bønnene og merkeleg nok òg poppe popkorn. Det var eit Herrens mirakel at ikkje brannalarmen gjekk. Etter kvart vart det endåtil dans, og utpå ettermiddagen då tida var ute, verka det eigentleg ikkje som at nokon ville gå heim. Vi vonar og trur at elevane, gjennom møtet med bygdefolket, vart litt betre integrerte i det norske samfunnet. Det som i alle fall er sikkert, er at vi oppnådde målet vårt om å bli betre integrerte i det eritreiske samfunnet.

torsdag 17. november 2016

Ingen väckelse, ingen oro, intet andligt bekymmer

Igjen har de skuffa oss, men igjen er det vi som ler sist, for det er verst for dykk sjølve. Onsdag aftan heldt vi eit føredrag i Prestegardslåna på Melhus, med tittelen ""Ens ropandes röst i öknen"" – Lars Levi Læstadius og læstadianismen", og berre fåe av dykk som les dette, kan med handa på hjarta seia at de var der og høyrde på oss. At føredraget var spesielt bra skal vi på ingen måte påstå; til å operere som lærarar har vi neppe meir enn eit absolutt minimum av pedagogiske evner. Men det er ikkje poenget, poenget er snarare fylgjande: Med den slette karakteren dykkar, og den daddelverdige livsførselen, kunne de hatt godt av å høyre litt om Læstadius og hans førebiletlege liv og vyrke. 

Grunnen til at vi heldt dette føredraget, var at religionslærarinna vår frå vidaregåande, den gamle venninna vår Kristine "Kikki" Kaasa Moe, inviterte oss til å koma og predike over eit valfritt emne, totalt "con amore". Det er over eit halvår sidan vi fekk tilbodet. Då budde vi enno i Lakselv, og vi tenkte at temaet burde ha noko med boreale, for ikkje å seia frigide tilhøve å gjera. Sidan vi lenge har hatt ei interesse for Nordkalottens kulturhistorie, og for Læstadius spesielt, var valet enkelt. Vi fekk jo òg fyrstehands røynsle med læstadianarar, då vi gjorde den historiske prestasjonen å bli valt inn i kyrkjelydsrådet i Porsanger sokn, jamvel om vi ikkje eigentleg er religiøse. Men læstadianarane er no eigentleg ikkje så mykje verre enn andre fanatikarar, og fanatikarar finn ein jo på nær sagt alle omkverve i samfunnet, det vera seg innan idrett og kosthald, mote og utsjånad, pengar og glamur, politikk og makt ... Det som er sikkert, er at Læstadius var ein intelligent og kul fyr, og at alt det som epigonane hans har føreteke seg, må stå for deira eiga rekning. 




Kåre Kivijärvis kjende fotografi "Læstadianere", forresten teke i Indre Billefjord.  

Meir vil vi ikkje seia om innhaldet i føredraget, for de som var så plebeiske at de ikkje møtte opp, fortener ikkje å få det servert gratis no i ettertid. Men det kan kjøpast for ein rimeleg penge ved å sende oss ein e-post. Vi vil avslutte med å takke Kikki for oppdraget, og ikkje minst takke dei fåe andre som sat i salen: Ein assistent på bruket, sambuaren vår, to gode kollegaer på den daglege arbeidsplassen vår, ein utflytt porsangerværing med fylgje, eit mellomaldrande ektepar som kom med diverse kritikk, og ein eldre herremann som stilte eit godt spørsmål. Dykk andre helsar vi til avskil med Læstadii skildring av kyrkjelyden i Karesuando, då han byrja som sokneprest der i 1826 – med den vesentlege merknaden at sokneborna i dette tilfellet må jamstillast med dykk lesarar: "Församlingen var genom krögare och fyllhundar, rentjuvar och bedragare så djupt sjunken över öronen i fördärvet, så att fingerspetsarna knappt syntes." 

mandag 14. november 2016

Den dag du gav oss

Av våre lysaste ungdomsminne er datoen 2. februar i eit eller anna fjernt, forlora år, då Erlend Gaustad ringde og spurde kvifor vi enno ikkje hadde gratulert han med dagen. "Kvifor skal vi det," undra vi, "hadde du ikkje fødselsdag i januar?" "Jo," sa han, "men det er jo for faen verdas våtmarksdag! Dette må vi markere. Møt meg i Ravnkloa om sju minutt." Det er vel ikkje naudsynt å nemne at Gaustad ikkje har den ringaste interesse for, eller eit fnugg av kunnskap om, våtmarker. Men det vart eit party av dimensjonar. Viktigare, likevel: Det fekk oss til å forstå at kvar dag er heilag gåve, og verd å markere på eit eller anna vis. I Finnmark var vi så heldige å få to nye dagar å feire, samefolket sin den 6. februar og kvenfolket sin den 16. mars. På samefolkets dag no i år stakk nokre av dei villaste av dei afghanske elevane våre av frå klasserommet, fordi Samisk språk- og kultursenter, som låg i same bygget som skulen, serverte gratis vaflar. Vi måtte springe inn dit og formeleg hale dei ut av armane på dei kjærlege samiske tantene, som openbert hadde lagt sin elsk på desse unge eksotiske silkerampane. På kvenfolkets dag ein dryg månad seinare, var vi i sjølvaste kvenhovudstaden Børselv og snakka med biskopen i Nord-Hålogaland, og lydde til ein persisk muslim som las ein bibeltekst på kvensk. Men nok nostalgi. Eit viktigare høgdepunkt for oss som er i lag med ein arkivar, er naturlegvis arkivdagen, som kvart år blir arrangert på ein laurdag i november.

Difor fekk vi no på laurdag entre Vildes arbeidsplass, Trondheim byarkiv på Arkivsenteret i det gamle ubåtanlegget Dora. Namnet har det veldige byggverket fått fordi Trondheim som kjent heiter Drontheim på tysk, og Dora er bokstaven d i det tyske fonetiske alfabetet. Takk til Vilde for opplysninga. Riktig nok hadde annonseringa av dagen vore slett, og oppmøtet vart deretter, men di meir merksemd fekk vi sjølve av omvisarane, og di meir lærde vi. Temaet for dagen var "skule", noko som høvde oss godt, sidan vi sjølve opererer som ein slags lærar. I dei gamle protokollane vart fråveret til elevane kategorisert ut frå fylgjande årsaker: "Sygdom", "Fattigdom", "Uvejr" eller "Ligegyldighet". Men jamvel om årsaka var "Ligegyldighed", kunne ikkje elevane få meir enn eit visst antal "rapp", over fingrane eller baken eller kva det no var. Dei kunne heller ikkje tuktast i ein slik grad at dei fekk "varige men", diverre.


Utstilling av gamle undervisningsplansjar frå Rye, Åsheim og Ranheim skular.

Før har vi berre vore i bowling- og snookerdelen av det historiske bygget Dora. No fekk vi endeleg òg dykke ned i dei meir mystiske indre gemakkane, der dokument frå mange hundre år attende ligg trygt deponerte, i lag med ferskare løyndommar som enno er meir eller mindre klausulerte. Men Achtung! Her finst òg torpedoar etterlatne av tyskarane, og er det sant som vandrehistoria seier, så ligg det flust av jødar inne i dei ugjennomtrengjelege veggene ...

Dagen vidare skulle Vilde feire med venninner, så vi feira han med vener. Den 17. juni no i år hadde vi forresten gleda av å feire Islands nasjonaldag i Lakselv, heime hjå islendingen Atli Konràðsson. Han er realfagslærar, har kone, fem born, og ein gard på Saarela nede ved Lakselva, der han driv med islandshestar. Mange andre av Lakselvs islendingar var òg til stades, og Atli serverte fermentert håkjerring og årgangskvalspekk. Av desse to islandske spesialitetane var den fermenterte håkjerringa – kanskje overraskande for nokre – faktisk den minst motbydelege. Med sin distinkte smak av ammoniakk eller rett og slett urin, hadde håkjerringa sin styrke i det at ho i det minste var mogleg å tygge, i motsetnad til kvalspekket. Det skal seiast at håkjerringa er giftig idet ho kjem på land, nettopp fordi ho manglar urinrøyr og difor har ein valdsam ammoniakkonsentrasjon i kroppen. Men gje henne litt tid så ho berre får rotna, så blir ho mogleg å eta utan at ein døyr av det. Uansett, til poenget: Som ein takk for denne gjestfridommen, inviterte vi Atli til å koma ned frå Lakselv og feire arkivdagen i lag med oss. I tillegg kom tri andre eksemplar av menneskearten som for lengst skulle vore arkiverte, nemleg John Gunnar Kristiansen, Vidar Haavik og Jon Eiesland. Vi spela femøyres kurs og drakk øl av rustikke seidlar.


I høve til gamal skikk på landet, skal ein sitja ved kjøkenbordet jamvel om stova står tom.

Kva høver betre enn å avslutte med nokre vers frå boka vi nyleg fekk i bursdagsgåve av Vilde. Ved grensa, heiter ho, og er ei samanstilling av dikt av vår ungdomshelt Tor Jonsson og måleri av den eminente biletkunstnaren Anders Kjær.

          Dagen vev på sitt gråe tjeld.
          Gråe dagar skal glitre.
          Men tvilen reiser sitt tunge fjell,
          og alle augo blir bitre.

          Tvilen fylgjer til siste dag.
          Mange dagar er svarte.
          Men trua er som eit andedrag
          frå jorda inn i ditt hjarte. 

onsdag 2. november 2016

Katastrofe, skandale

Lesarar med godt minne vil hugse kor frustrerande seriemeisterskapen i bridge vart for oss i førre sesong. Vi hadde endeleg kome oss ut av 1. divisjon og fått innpass på eit lag i 3. divisjon, slik at vi kunne sleppe alt presset, og samstundes få spela på vakre Sunndalsøra heller enn på det grufulle Austlandet. Men så kom vi i skade for å vinne pulja vår i 3. divisjon, og då er det jo rett attende til 2. divisjon, og rett attende til Austlandet. I staden for ein flott køyretur gjennom djupe dalar mellom høge fjell, måtte vi altså køyre langs den tarvelege Trondheimsfjorden ut mot Værnes. På vegen byrja makkeren vår Stein Bjerkset som vanleg å gnåle om system, noko som resulterte i ein spontan narkoleptisk reaksjon hjå oss. Deretter måtte vi sitja på eit fly mellom tette skyer og lesa på det same uforståeleg systemet, og Bjerkset, som sat på sæterada framfor oss, bøygde seg i eininga bakover for å sjekke at vi framleis var vakne. Men no hadde vi kjøpt slike briller som Homer Simpson tek på når han skal utføre juryteneste, med pålimte vidopne augo, som gjer at ein verkar vaken sjølv om ein både siklar og snorkar.

Helga vidare vil vi eigentleg ikkje snakke om, for innsatsen var under all kritikk, ikkje minst frå vår side. Det er brei semje internt i laget om at 2. divisjon får vera ille nok: No skal vi syrgje for å halde oss i denne divisjonen, eller aller helst rykkje ned att i 3. Det er berre å sjå på nokre av dei spelarane som ligg lægst i 1. divisjon i år: Ikkje ein smil å sjå i fjesa deira, langt mindre ein lått å høyre ifrå dei gjennom heile helga. Vi forstår dei godt: Sitja i 1. divisjon og tapa kampar, når ein kan sitja i 2. eller 3. og vinne og vinne – kva er eigentleg poenget? Så er det altså samstundes denne balansegangen, ikkje å vinne for mykje heller, for då veit ein jo kva som kan skje: Ein kan koma i skade for å rykkje opp! Men det må då vel gå an for fem vaksne, velutdanna menneske å unngå ein så ublid lagnad?

Det skulle ein tru, men ikkje di mindre toppar vi resultatlista i pulja vår etter den fyrste av dei to spelehelgene. No er sjølvsagt ikkje dette einstydande med at ein faktisk kjem til å vinne, men det er i det minste ein teoretisk risiko for at det kan skje, og det er meir enn ille nok. Her må mange ta eit oppgjer med seg sjølve, og vurdere om dei har spela som dei skulle etter strategien vi planla på førehand. Det er faktisk freistande å seia at nokre må gå. Både vi, Stein Bjerkset, Asgeir Langen og Ivar Berg har eit ansvar, men eit spesielt ansvar kviler sjølvsagt på lagkaptein Reidar Bårseth. Kanskje bør han revurdere om han verkeleg er rett mann for stillinga han innehar?

torsdag 20. oktober 2016

Davás!

Vi måtte ha med oss den såkalla Vadsø-tevlinga i år òg, jamvel om vi har flytt sørover. Det er ei flott tevling, og denne gongen var det jubileum, tjuande gongen at tevlinga blir spela i Saariselkä i Finsk Lappland. Mange vil vel seia at turen opp dit frå Trondheim er ein smule tungvint, men dei har oversett eit viktig poeng, nemleg at sjølve turen er ein vesentleg del av opplevinga. Det var med store forventningar vi hoppa frå flyet i Tromsø inn i vår kjære makker Trond Bårdsens bil, og sette kursen mot Inari kommune.

Frå Tromsø er det diverre berre åtte timars køyring til Saariselkä, men til vederlag var storparten av vegen ei strekning vi aldri har sett før. Frå Skibotn svingar ein av mot finskegrensa og den vesle bygda Kilpisjärvi, Kilpis i daglegtala. Her er ein ikkje langt unna den vestlegaste av dei to tririksrøysene på Nordkalotten, og vegen vidare går tett opp til svenskegrensa. Sjølvsagt måtte vi ein snartur frå det finske Kaaresuvanto over Muonionjoki til Karesuando, den nordlegaste tettstaden i kongeriket Sverike. Delvis var det fordi Bårdsen måtte kjøpe snus, men like mykje fordi vi skulle vitje ein turistattraksjon. I Karesuando var nemleg sjølvaste Lars Levi Læstadius prest frå 1826 til 1849, og i same tid skaut den religiøse oppvakninga ikring han for alvor fart. I den styggvakre vesle bygda ligg enno det såkalla Læstadii pörte, eit gamalt forsamlingshus som i si tid vart flittig brukt av den store øydemarksprofeten. Døra var open, så vi gjekk inn og stal nokre postkort, med bilete av kjende læstadianske lekpredikantar som Johan Raattamaa, Per Anders Vasara og Per Anders Persson Nutti. Deretter åt vi lunsj på trappa, før ferda gjekk vidare inn i dei verkeleg djupe finske skogane. Nokre småe tettstader finst her og der, som Muonio, Kittilä og Sodankylä. Men mest er det skog, skog og atter skog, og ein og annan innsjø som glitrar mellom trea. 


Trond Bårdsen framfor Læstadii pörte i Karesuando.

Vi var ikkje framme i Saariselkä før etter at mørkret var falle, og velkomsttevlinga var det ikkje snakk om å rekkje, men vi rakk di meir av det sosiale. Sjølvsagt var vi likevel i seng i rett tid, og vakna utkvilte neste morgon. Makker var det di vanskelegare å få liv i, men vi greidde det til slutt, ti sekundar før spelinga skulle byrja. Bridgen vart som alltid eit makkverk, men di vakrare var den storslagne gallamiddagen same kveld. Det var ei lang rekkje høgtidelege taler, og vi trur vi heldt éi vi òg, men det er mogleg at vi berre drøymde det. 


"Ipmila ráfi.

Læstadius sade: "Ni drinkare, ni tjuvar, ni horkarlar och horkonor, ni kortklaskare: Omvänd eder!" Men ein kan alltids vente til over helga.

Den fyrste gongen vi vitja Saariselkä, var i ... Vel, vi hugsar ikkje når. Men det er så lenge sidan at vi den gongen ikkje hadde vore korkje i Finnmark eller Finnland før. Poenget er at det gjorde inntrykk på oss. Sjølvsagt var det på same årstid som vi no har, og det var noko med skogen, barfrosten, den tynne isen på dei tusen sjøane, alt det der ... Sidan då har denne uvegsame øydemarka hatt ein spesiell plass i hjarta vårt. Det er noko overnaturleg, som ikkje kan forklårast med ord. Men alle veit at nord er den heilage sida. Dei heilage vegane går mot nord. Dei heilage elvene renn mot nord.  

No vel. Det er i grunnen berre tull å freista snakke om det. Mun lean vaibbas, dal mun gal manan nohkkat. Så vi seier berre giitu, og maistte."


Vi vakna då vi slo panna vår mot kanten på ølglaset. Maten var forresten god. Vi var på karaokebar utan karaoke, og på sundagen spela vi oss kraftig ned på resultatlista. Men deretter spela vi oss litt opp igjen, og hamna til slutt på ein liten premie. Endeleg var tida inne for den flotte bilturen attende til Tromsø.

Det vart tidleg mørkt, og det var skodde og det var glatt, og såpass uhumskt at Bårdsen ikkje eingong ville la oss køyre. Men med han ved sida vår, kjende vi oss fullstendig trygge. Då vi passerte Kilpis og kom ned mot Skibotn, fekk vi endåtil fylgje av eit fortryllande nordlys. Veit de forresten korleis dette underlege naturfenomenet oppstår? Jo, ein gong i tida flaug nokre svaner for langt mot nord, og vart sitjande fast i isen. Kvar gong dei kjempar med vengene for å koma seg laus, flammar nordlyset opp på himmelen. Fordi vi har sett det med våre eigne augo, veit vi at soga er sann. Báchhi dearvan!

tirsdag 11. oktober 2016

Tullbøy

Overskrifta er ein vesttrøndsk eufemisme for ein periode der ein har mist forstanden, altså eit forbigåande delirium eller liknande. Fordi den kjære sambuaren vår var bortreist i helga, hadde vi lenge planlagt å ha oss ei helg av det idiotiske slaget. Men så synte det seg at akkurat denne helga skulle nesten alle dei beste av dei verste venene våre òg ut av byen, og det byrja spøkje for heile greia. Så snakka vi tilfeldigvis litt med Erlend Gaustad, som no residerer på Vatne på Sunnmøre av alle merkelege stader, om planane hans for komande helg. Det synte seg at han skulle til heimstaden sin Titran, heilt ut mot storhavet lengst sørvest på Frøya, i samband med 60-årsdagen til onkelen sin. Då fekk vi den lyse ideen at vi òg kunne dra dit. Når ingenting av interesse hender der ein er, må ein vera villig til å flytte på seg. I dette tilfellet innebar det å køyre frå storbyen Trondheim fredag etter jobb, bortimot 20 miler til eit fiskevær som per dags dato har kringom 40 innbyggjarar, helvta av dei over 60 år gamle. Vi har vore der to gonger før, og veit at det er eit eldorado.

I vakkert landskap i vakkert vêr, og med alle Beethovens symfoniar på CD-plate, var forresten bilturen i seg sjølv ei form for terapi. Vi var framme på Titran i det aller siste av dagslys, og greidde så vidt å skimte Erlend Gaustad i ein vegkant. Inne på kjøkenet venta far hans, Geir Gaustad, med heimelaga fiskekaker i brun saus. Kartongkvitvinen harmonerte godt med maten. Til dessert fekk vi kirsebærkompott, og vi fekk ikkje lov til å ta ein liten porsjon eller til ikkje å ha sukker på. Eit aber var at den helvetes skitungen Erlend hadde drukke opp all fløyten, meinte Geir, så vi fekk nøye oss med heilmjølk. Etterpå synte det seg at fløyten stod på benken, uopna. Det å høyre på den evige høglytte kjeklinga mellom far og son Gaustad er i det heile ei ypparleg form for underhaldning. Titterværingane er kjende for å vera frittalande, og desse to er inkje unnatak. Geir meiner at Erlend ustanseleg uttalar seg skråsikkert om tilhøve han ikkje har den ringaste peiling på, og Erlend fnys den betrevitande tonen til far sin. Det var til dømes ei grundig lekse Erlend fekk før vi skulle på vitjing til grannen Kåre, om at han for ein gongs skuld måtte prøve å oppføre seg fint og syne vyrdnad. Kor vyrdnadsfullt det i utgangspunktet er å koma utan forvarsel i halvfylla klokka ti om kvelden og invadere huset til ein edrueleg gamling som sit i ro og mak og ser på fjernsynet, kan vel diskuterast. Geir vart sitjande lenge i finstova hjå gamlingen, medan vi og Erlend ganske snart gjekk vidare, for å sjå om det var noko meir liv på Titran denne stjerneklåre fredagskvelden. Den eksentriske Eva – forresten mor til John Gunnar Kristiansen, som vi før har skrive om her på sida – var nokså openbert heime. Men ho opna ikkje døra for oss. Med berre sandalar på føtene, samvitsfullt berande på kvitvinskartongen, førde Gaustad oss gjennom eit digert kratt til neste post, den lettare labile tidlegare lottomillionæren Jan Otto. Han freista ikkje ein gong leggje skjul på at han var der, han berre skreik gjennom døra at vi fekk sjå til å hute oss til helvete vekk. No trudde vi at alt var over, men vel attende i Geirs hus synte det seg at ein gjest var komen gjennom den alltid ulåste døra, nemleg den muntre John Arnfinn. Han sat mutters åleine i Geirs stove, og var glad for å få selskap. Så kom også Geir attende, og så kom den relativt unge granneguten Sverre Georg med ein diger hund. Ganske snart byrja Geir mase på Erlend om at han for pokker fekk sjå til å gå og leggje seg, og så var kvelden over.

Vi sov i kjellaren, men vart tidleg vekte av lyden av far og son Gaustad som dreiv og sjikanerte kvarandre oppe i kjøkenet. Ikkje di mindre diska dei opp ein fabelaktig frukost, med sjølvfanga krabbe som den største delikatessen. Geir var nøye med påpeike at han, og ikkje sonen, hadde gjort alt arbeidet med maten. Etterpå gav Erlend oss ei omvising på Titran. Staden er rett og slett pittoresk. Vi fekk stå på utsida av det gamle Sildekontoret, vi fekk studere restane det tyske militæranlegget Stabben fort, og vi fekk nyte utsikta mot Noregs høgste fyr, Sletringen, som ligg på ein holme rett utom Titran. Vi fekk endåtil gå på vitjing hjå den lokale helten Roy, som riktig nok ikkje var så nøgd med solskinet og den relative vindstilla denne laurdagen. Han føretrekkjer regn og sørvestkuling, som saktens er det vanlege på Titran, så neimen om han skulle forlata huset for å dra i nokon 60-årsdag, han måtte halde seg innandørs.


Erlend Gaustad guidar oss gjennom sitt personlege eldorado, Titran. 

Selskapet skulle vel å merkje ikkje vera på Titran. For jamvel om onkel Rune Gaustad er ein titterværing av ypparste klasse, eig han eit småbruk i den meir innestengde bygda Meldal. Geir køyrde dit med den høge og lange Johan Eldar og den meir kompakte Nils Erik, og vi køyrde etter med Erlend ved sida vår. Han koste seg med nokre øl langs vegen, og lydde til ein CD med The Pogues. Johan Eldar visste om ein snarveg, som gjorde at turen til Meldal vart ekstra lang. Erlend kritiserte vegen, men ikkje køyringa vår, så vi var nøgde. Samstundes var det godt å koma fram, og kunne setja seg i ein fluktstol i ein lavvo. Mange slags vener og slektningar var inviterte i selskapet, og vi var veldig takksame for å få lov til å vera med. Vi har stor sans for den blide og rause Rune Gaustad. Det var ei nydeleg kjøtsuppe han serverte gjestane sine, sjølv om Geir uttrykte sterk misnøye med at kålen var for lite kokt. Dette var Erlend fullstendig usamd i, han meinte den tvert imot var for mykje kokt. Kakene var gode dei òg. Rune hadde endåtil ordna overnattingsplass til oss, på øvste plan i stabburet, der det var svært varmt og godt å liggje. Einskilde andre hadde det diverre ikkje like komfortabelt. Ingen veit kvar Nils Erik sov, men han påstod at han hadde vakna sundag morgon med rim i barten. Venteleg var det difor han i sjutida den morgonen sette seg til i stabburet for å snakke med seg sjølv og syngje på songen "På låven sitter nissen". Han forstod ikkje kvifor han skulle dra heilt til Meldal for å fryse i hel, kunne han ikkje like gjerne gjera det heime på Frøya? Men ein liten sommerakevitt gjorde humøret lettare, og etter kvart vart alle samde om at det hadde vore ein relativt fin tur.

torsdag 6. oktober 2016

Fyrste krinskamp

På tysdag byrja spelinga i krinsserien her i den såkalla Midt-Trøndelag bridgekrins. Denne bloggen skal jo slett ikkje handle om bridge, det blir for snevert, men saka kan likevel nemnast som eit generelt gladnyhende. Krinsserien nede i Brattørveita brukte nemleg å vera favorittevlinga vår, og det er ho kanskje framleis, det gjenstår å sjå. Vi har ikkje vore med på tri sesongar no, men vi har fylgt resultata med argusaugo, og registrert at det har gått kraftig attende med vårt gamle og kjære lag Lunna. Spelarane på laget, som vi trudde var venene våre, har dolka oss grundig i ryggen: Dei har berre vunne serien to av dei tri siste sesongane. Med andre ord var det på høg tid at vi vende nasen heimover, for å få reist den stygt falne kjerringa opp på høgkant.

Men fyrst eit aber: Oppe i lukka rom i Bridgehuset registrerte vi ei rekkje oppslag på veggene: "Hold lydnivået nede!" "Skru av musikken før dere åpner vinduene!" "Vis hensyn, vi har fått klager fra naboene!" Vi måtte spørja oss kva som eigentleg var skjedd med tankesporten bridge her nede i Trondheim i fråveret vårt. At Rogeir Paulsen og Liv Marit Grude kan vera i overkant høglytte under spelinga er ingenting nytt, det var dei saktens òg denne tysdagskvelden i oktober, men klager frå grannane ...! Men så fekk vi forklåringa, som både forbløffa og forferda oss: Andre etasje i Bridgehuset blir i eininga leigd ut til Trondheim tangoklubb! Ein skal høyre mykje. Etter vår meining er bridge ein kunst, dans noko syndig svineri, så dette blir som å joike, jodle eller plystre i Kautokeino kyrkje. Men kva verre er: Dei svevnlause grannane kjenner jo bygget berre som Bridgehuset, så dei må tru at all støya kjem frå bridgespelarane. Vi reagerer sterkt på at den noble sporten vår, med sitt hittil plettfrie rykte, på dette viset får omdømmet tilsmussa. Her bør krinsstyret snarast gå inn og gjera noko drastisk, for ikkje å seia overilt.

No vel. I fyrste runde skulle vi spela med sjølvaste lagkapteinen Karl Morten Lunna, som har styrt laget med jarnhand i uminnelege tider. "Du spelar på tysdag," var meldinga vi på førehand fekk ifrå han. Etter at Sverre Johan Aal måtte trekkje seg på grunn av barnrikdom, vil vi hevde at det er vi, Lunna og Åsmund Forfot som utgjer kjernen i laget. Men lagkameratar for kvelden var Tor Eivind Grude og Lars Arthur Johansen. Korleis to slike jyplingar har fått innpass på eit botnsolid lag av så formidabel patina, forstår ikkje vi. Men sjølv om meldingane deira var dumdristige og motspelet deira unøyaktig, må vi seia at juniorane for det meste trakterte korta sine greitt. Gje dei ein ti, tolv år på baken, så kan dei bli talentfulle. Motstandarar for aftanen var det renommerte lag Skagestad, som har namnet sitt etter den gamle økonomilæraren vår på vidaregåande. Det er klart at vi skolv i buksene i møtet med denne legenda, for økonomi har aldri vore det sterkaste faget vårt. Inflasjon, stagflasjon, styringsrenter, styringsrenters renter, ågerrenter, renters ågerrenter, ågerrenters ågerrenter, debet, kreditt, saldo, bilag, den slags har aldri vore noko for oss. Heile formuen vår har vi i venstre bukselomme, også når buksa er på vask, og så får vi sjå kor mange øl og lakrisstenger vi tilfeldigvis har råd til. Men når kulepennen til den godaste reknemeister Skagestad synte seg å vera totalt defekt, slik at han ikkje kunne nyttast til å føre liste, kven måtte då trø til? Jo då, då var det kulepennen vår som kom den feterte økonomen til unnsetjing.

Høgst overraskande var det altså vi som fekk eit tidleg psykologisk overtak i kampen. Men så skjedde det, det som aldri skulle skje, noko vi fryktar vil forfylgje oss gjennom heile denne sesongen og gjennom mange sesongar etter han. Denne bloggen skal som sagt ikkje handle om bridge, men de vil ikkje la akkurat denne historia gå ifrå dykk. Så la oss å forklåre på ein pedagogisk måte, så de som ikkje spelar bridge òg kan hengje med: Vi sit altså med ein kval av ei hand, 19 honnørpoeng, 4–4–1–4 med singel ruter ess, Karl Morten Lunna opnar 1 kløver og Svein Skagestad melder inn 1 spar. Handa vår blir ikkje akkurat forringa av at vi held ess, dame, knekt i spar attom sparinnmeldaren. Vi doblar negativt, Bjørn Strand passar, og makker melder 2 kløver. Vi har no ei ideell hand for Blackwood, etter som alt vi manglar for ein lett storeslem er hjarter ess, kløver ess og kanskje kløver dame hjå makker. Men i desse futuristiske tider er jo alle hopp til 4 grand over fargemeldingar å rekne for kvantitative. Så vi melder 2 spar for å høyre kva makker kan lire av seg. Der kjem 3 kløver. Vi føler framleis ikkje at vi trygt kan hoppe til 4 grand, så vi lyfter til 4 kløver for å setja trumfen fyrst. Men så ... Hald dykk fast: Så går det pass rundt! Kva i all verda! Ti ropeteikn! Hundre spørjeteikn! For eit sjokk! Lunna trudde altså at 4 kløver her skulle vera ein invitt til utgang, når vi allereie har meldt 2 spar! Er det mogleg? Tydelegvis, men vi vil hardnakka hevde at å spela 4 kløver i denne posisjonen som invitasjon berre til utgang, må vera det glade vanvit. Er de ikkje samde? Vi hadde verkeleg trudd at meldeteknikken her nede i Trondheim var komen litt lenger i laupet av dei tri åra vi var borte, men så syner det seg altså at standarden er høgare på vertshuset i den avdøles finnegrenda Lakselv. Der vart alle slemmar melde, om så i stummande mørker. Men her står det altså ein enkel 1440 i 7 kløver, og vi noterer 190 i 4 kløver. 24 IMP ut av glaset, då vi var på veg mot storeslem, medan Øystein Fiplingdal og Ole Jonny Tøsse på det andre bordet berre melde vesleslem. Men rett skal vera feil, og som det heiter i ein gamal song: "It takes two to tango". Så la oss òg ta litt sjølvkritikk: Kloke av tidlegare skadar burde vi visst at alle desse falske meldingane er djevelens verk, og ganske enkelt hoppa til 7 kløver over 2 kløver. Sjansen for at makker har alle dei manglande nøkkelkorta, er jo relativt stor.


Karl Morten Lunna i Bridgehuset. Ikkje eingong det å stogge i delkontrakt når storeslem er nedlegg, kan få han til å slutte å glise.

Då vi langt om lenge var ferdige med andre halvrunde, fanst ikkje Grude og Johansen å sjå. Men vi visste kvar vi skulle leite: Som venta fann vi dei i ei støvete krå i den lugubre bula 3B, ei adresse der det i gamle dagar pla vera vekkjelsesmøte. Mellom ølglas og oskebekar fekk vi så vidt til å samanlikne. Det synte seg at vi hadde vunne kampen med tala 80–44, som svarar til 16,29–3,71 i vinnarpoeng. Men det er bittert å tenkje på kor mykje meir det kunne vore, om berre storeslemmen hadde vorte meldt. Då hadde vi nok vunne tevlinga, men no fekk lag Lund fleire vinnarpoeng enn oss, så alt ser ut til å vera tapt. Berre ni av ti tysdagskveldar står att før serien er ferdigspela.