mandag 14. november 2016

Den dag du gav oss

Av våre lysaste ungdomsminne er datoen 2. februar i eit eller anna fjernt, forlora år, då Erlend Gaustad ringde og spurde kvifor vi enno ikkje hadde gratulert han med dagen. "Kvifor skal vi det," undra vi, "hadde du ikkje fødselsdag i januar?" "Jo," sa han, "men det er jo for faen verdas våtmarksdag! Dette må vi markere. Møt meg i Ravnkloa om sju minutt." Det er vel ikkje naudsynt å nemne at Gaustad ikkje har den ringaste interesse for, eller eit fnugg av kunnskap om, våtmarker. Men det vart eit party av dimensjonar. Viktigare, likevel: Det fekk oss til å forstå at kvar dag er heilag gåve, og verd å markere på eit eller anna vis. I Finnmark var vi så heldige å få to nye dagar å feire, samefolket sin den 6. februar og kvenfolket sin den 16. mars. På samefolkets dag no i år stakk nokre av dei villaste av dei afghanske elevane våre av frå klasserommet, fordi Samisk språk- og kultursenter, som låg i same bygget som skulen, serverte gratis vaflar. Vi måtte springe inn dit og formeleg hale dei ut av armane på dei kjærlege samiske tantene, som openbert hadde lagt sin elsk på desse unge eksotiske silkerampane. På kvenfolkets dag ein dryg månad seinare, var vi i sjølvaste kvenhovudstaden Børselv og snakka med biskopen i Nord-Hålogaland, og lydde til ein persisk muslim som las ein bibeltekst på kvensk. Men nok nostalgi. Eit viktigare høgdepunkt for oss som er i lag med ein arkivar, er naturlegvis arkivdagen, som kvart år blir arrangert på ein laurdag i november.

Difor fekk vi no på laurdag entre Vildes arbeidsplass, Trondheim byarkiv på Arkivsenteret i det gamle ubåtanlegget Dora. Namnet har det veldige byggverket fått fordi Trondheim som kjent heiter Drontheim på tysk, og Dora er bokstaven d i det tyske fonetiske alfabetet. Takk til Vilde for opplysninga. Riktig nok hadde annonseringa av dagen vore slett, og oppmøtet vart deretter, men di meir merksemd fekk vi sjølve av omvisarane, og di meir lærde vi. Temaet for dagen var "skule", noko som høvde oss godt, sidan vi sjølve opererer som ein slags lærar. I dei gamle protokollane vart fråveret til elevane kategorisert ut frå fylgjande årsaker: "Sygdom", "Fattigdom", "Uvejr" eller "Ligegyldighet". Men jamvel om årsaka var "Ligegyldighed", kunne ikkje elevane få meir enn eit visst antal "rapp", over fingrane eller baken eller kva det no var. Dei kunne heller ikkje tuktast i ein slik grad at dei fekk "varige men", diverre.


Utstilling av gamle undervisningsplansjar frå Rye, Åsheim og Ranheim skular.

Før har vi berre vore i bowling- og snookerdelen av det historiske bygget Dora. No fekk vi endeleg òg dykke ned i dei meir mystiske indre gemakkane, der dokument frå mange hundre år attende ligg trygt deponerte, i lag med ferskare løyndommar som enno er meir eller mindre klausulerte. Men Achtung! Her finst òg torpedoar etterlatne av tyskarane, og er det sant som vandrehistoria seier, så ligg det flust av jødar inne i dei ugjennomtrengjelege veggene ...

Dagen vidare skulle Vilde feire med venninner, så vi feira han med vener. Den 17. juni no i år hadde vi forresten gleda av å feire Islands nasjonaldag i Lakselv, heime hjå islendingen Atli Konràðsson. Han er realfagslærar, har kone, fem born, og ein gard på Saarela nede ved Lakselva, der han driv med islandshestar. Mange andre av Lakselvs islendingar var òg til stades, og Atli serverte fermentert håkjerring og årgangskvalspekk. Av desse to islandske spesialitetane var den fermenterte håkjerringa  kanskje overraskande for nokre  faktisk den minst motbydelege. Med sin distinkte smak av ammoniakk eller rett og slett urin, hadde håkjerringa sin styrke i det at ho i det minste var mogleg å tygge, i motsetnad til kvalspekket. Det skal seiast at håkjerringa er giftig idet ho kjem på land, nettopp fordi ho manglar urinrøyr og difor har ein valdsam ammoniakkonsentrasjon i kroppen. Men gje henne litt tid så ho berre får rotna, så blir ho mogleg å eta utan at ein døyr av det. Uansett, til poenget: Som ein takk for denne gjestfridommen, inviterte vi Atli til å koma ned frå Lakselv og feire arkivdagen i lag med oss. I tillegg kom tri andre eksemplar av menneskearten som for lengst skulle vore arkiverte, nemleg John Gunnar Kristiansen, Vidar Haavik og Jon Eiesland. Vi spela femøyres kurs og drakk øl av rustikke seidlar.


I høve til gamal skikk på landet, skal ein sitja ved kjøkenbordet jamvel om stova står tom.

Kva høver betre enn å avslutte med nokre vers frå boka vi nyleg fekk i bursdagsgåve av Vilde. Ved grensa, heiter ho, og er ei samanstilling av dikt av vår ungdomshelt Tor Jonsson og måleri av den eminente biletkunstnaren Anders Kjær.

          Dagen vev på sitt gråe tjeld.
          Gråe dagar skal glitre.
          Men tvilen reiser sitt tunge fjell,
          og alle augo blir bitre.

          Tvilen fylgjer til siste dag.
          Mange dagar er svarte.
          Men trua er som eit andedrag
          frå jorda inn i ditt hjarte. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar