mandag 13. april 2020

Slett ikkje ein blank fimfomfei

Det var denne koronaen. Vi liker ikkje å klage, men det seier seg sjølv at krisa har ramma fåe så hardt som oss, og spesielt no i påska har dette vorte overtydeleg. Fyrst med påskebridgen som vart avlyst: Det er direkte sjelevandrande å tenkje på at vi hadde sete her som vinnarar av påskebridgen i Soknedal 2020 no, om det ikkje var for eit virus så lite at det får plass på eit knappenålshovud. Men i tillegg dette perfide hytteforbodet, eit gigantisk overgrep frå statens side, tidenes kanskje verste justismord. Som norske borgarar har vi éin ting å glede oss til per år, og dét er påska, når alle hyttefanatikarane hutar seg til Helgoland ut av byen, og for ein gongs skuld lèt oss vera i fred! Éi skarve veke der dei småborgarlege grannane våre ikkje står i gata og kostar grus og mokar regnvatn, og ugleser oss fordi vi ikkje gjer det same. Men nei då, denne påska vart dei verande, heile hurven! Dei står der og kneggjar og skrapar som aldri før, og smittar oss med Gud veit kva.

I det minste er det lov til ta dagsturar ut av kommunen, og sist måndag følte vi eit sterkt behov for å sleppe unna dei desperate hyttegnomane for ei lita stund. Dessutan ville vi glede den gamle mor vår med ei utflukt, og bror vår som òg slit med grannane sine. Så vi tenkte: Kva stad er vakker og lett tilgjengeleg, og såpass isolert at ein neppe støyter på folk der? Svaret gav seg sjølv: Budal.

Budal har alltid hatt ein nesten mytologisk sus i vår serk. Vi var der for nokre år sidan med vår gamle ven Vigfus Skunken, og ein annan gong på tevling med Monrad Lunnsa, den legendariske våravslutningstevlinga i Singsås bridgeklubb. Men no tenkte vi at dotter vår òg burde få oppleva denne ljuvlege pletten på jord. Fjella, elvene, brattleiken, skogane, fjella, liene, brattleiken, elvene, skogane: O, for ein venleik! Og som venta: ikkje ei levande sjel å sjå. Ganske underleg, eigentleg, med tanke på at absolutt alle vegar fører til Budal. Ein kan køyre opp før Soknedal, i Soknedal, før Rognes, på Rognes. På denne turen testa vi faktisk alle dei eksotiske vegane til Budal. Særleg den tarvelege vegen frå Kjellbrua fortrylla oss: Noko så trongt, bratt, svingete, mørkt og halvvegs nedsnøa! Fantastisk. Det er faktisk sant som leksikona seier, at i Budal er det så bratt at ein må stogge for å bremse. Vi heldt på å køyre av vegen både tiatt og tuatt, og ingenting er gale med dette.


"La småborna koma til meg," sa Jesus før påska tok livet av han. Men det gjeld visst ikkje dét heller no lenger. Lukka og låst i Budal kyrkje palmemåndag.

Ja, dette er verkeleg ein dagstur vi kan tilrå på det kaldaste. Men kjenner vi dykk rett, vil de heller sitja heime og surmule over hytteforbodet, ein politikk vi støttar eitt hundre prosent, og som ærleg talt er til pass for dykk. Det seier ein del om kor gjerne verda vil bedragast, at det same ettermiddag var tjåkfullt av folk i husgerådsbua "IKEA" i Trondheim. Vi drog dit fordi steikeomnen vår – noko skikkeleg ræl kjøpt av den førre huseigaren, nettopp på IKEA – sjølvsagt har gått i hundane. Der, i denne helvetes ørtogførtiande krins, stod altså kreti og pleti som sild i tønne kring gullkalven. Ergo decipiatur! 

Sjeldan har vel eit av dei fremste påskedikta i norsk lyrikk, Vilhelm Krags "Mårtens klage over de triste tiane" passa betre. Han var riktig nok sørlending, Krag, og er det nokre vi er meir skeptiske til enn austlendingar, vestlendingar, trønderar og nordlendingar minus finnmarkingar, så er det sørlendingar. Men i desse undergangstider står verda neppe til pinse, og same kor nådelaust viruset har herja med akkurat oss, er det kallet vårt å gjera kvardagen dykkar litt rikare. Difor denne elegien, som kan tyde på at gamle Krag var reine Nostradamus.
Og katten går langs bryggane
om morningen og gråder,
      å jøje mig, for påske!
For endda her er påskedag,
så er her bare slupseveir,
og sundet er som grynegraud så grå.  
Og her er koldt i kammerset
og ovnen er ugiddelig,
jeg gir ham extra bjerkeved,
men se om han vil æde,
      han ryger, så en kunne mest forgå. 
Nei, her er ikke leveligt
på jorderig nu mere,
for ikke er her kvægelse,
og ikke er her røigelse
      og sletikke en blank fimfomfei. 
Men her er bare sodavand
og sorrig og afholdenhed,
en er som til begravelse
og hygga hun er gåen,
      ja, gåen alt sin fløitande vei. 
Så katten kan nok klage sig
om morningen langs bryggane
og suge sig på labbane
og pille seg på teane
      og ønske sig en liden melketår.
For hvor han så skal snu sig,
så er her bare slupseveir.
Og hele verdens rige
er grå, ja, som en grynegraud.
      Å jøje mig, for påske, du, i år!
 

lørdag 14. mars 2020

Forkrøpla smultringar, perfekte akkurat som dei er

Vel, då vart det visst karantene! Personleg har vi aldri sett korkje ein bakterie eller eit virus, og det er totalt uaktuelt for oss å tru på noko vi ikkje har sett. Forresten skjer jo dei fleste ulykker i heimen! Og sjukdommar og daudsfall som underteikna har hatt med å gjera, har i stor grad vore knytte til rusmisbruk i heimen. Så om vi overlever denne karantenen, er nok høgst tvilsamt. Difor tenkte vi at det var greitt å få sagt vår meining om det såkalla koronaviruset fyrst som sist, før denne bloggen går inn i arkeologien for godt. Alle må jo ha ei sterk meining om viruset, slik vi forstår det, iallfall ser det slik ut i "SoMe".

Fyrst var vi veldig glade for viruset, fordi vi eigentleg forventa mykje stress i perioden fram mot påske, og difor såg lyst på litt redusert aktivitetsnivå. Mellom anna har vi slite mykje med FOMO, men det slepp ein no, når ingenting hender. At skulen vi arbeider på plutseleg skulle stengje, synst vi likevel var å dra det langt, for vi har stor glede av samværet med elevane. Det er rart å tenkje på at vi seinast på torsdag stod og steikte vaflar i lag med afrikanarar og asiatar, og hosta og naus både i hytt og vêr, fullstendig ubekymra for absolutt alt. 

Men på fredag fekk ikkje elevane lenger koma. Heldigvis presiserte sjefen at vi som kommunalt tilsette på ingen måte var permitterte, men no kunne bli omplasserte og nytta til å dekkje andre presserande behov i kommunen.Vi sende ho straks ein e-post med dei fem fyrsteynska våre kva galdt ny etat, i prioritert rekkjefylgje: "1. Kart og oppmåling. 2. Hølonda skimuseum. 3. Bibliotek og litteraturformidling. 4. Ordførarens harem. 5. Heradsagronomen." Men idet vi kom heim den ettermiddagen, venta ny informasjon frå sambuaren vår, Vilde: "Er du galen," sa ho, "hugsar du ikkje at eg var i Polen sist helg med venninnene? Vi er i karantene vi no, ti dagar fram i tid. Endeleg skal eg lære ditt sanne eg å kjenne – om du no har eit!" 


Solas korona, her framheva av ei solformørking, er inga ny oppfinning. Riktig nok har denne blåkvite strålekransen ein temperatur på over ein million gradar, men han er sjølvsagt ikkje farleg for folk på jorda! Å tru at vi no plutseleg skal få virus av koronaen berre på grunn av holet i ozonlaget, er i beste fall konspiratorisk. 

Høyrt sånt! Nei, vi er verkeleg ikkje positive til viruset, synst det er noko skikkeleg tullball. Har folk fullstendig gløymt kva som er rota til alt vondt? Ja, nettopp: lediggang! Så freistar vi døyve keisemda i nokre augneblinkar då, ved å pusle litt med hobbyen vår, nemleg å bite naglar. Men same kvar i leilegheita vi står og gneg, er Vilde på oss som hauken: "Det er er forbode å stikke fingrane i kjeften!" doserer ho. "Eg har det frå Bent Høie i eigen låge person!" Jaså, men kva pokker er det eigentleg meininga at ein skal finne på i karantene, anna enn å skrive dustete blogginnlegg?

Vel, ein får glede seg til den 27. mars, tenkte vi, når skulen og barnehagen opnar opp att, og alt blir nøyaktig som før. Då er det forresten snart påske, og tid for påskas vakreste eventyr, påskebridgen i Soknedal. Så vi gjekk inn på nettet for å sjå på påmeldingslista, godte oss over alle buljongpara. Men kva stod det der? Jo då: "Grunna koronaviruset har vi diverre sett oss nøydde til å avlyse tevlinga." Avlyse! Jamvel under svartedauden greidde dei å arrangere påskecupen i Soknedal, men altså ikkje i 2020. Ei fallitterklæring av dimensjonar!

Når det kjem til slike eksessar, må ein vurdere om ikkje vinninga ved heile unnatakstilstanden går opp i spinninga. Vi snakka alt for månadsvis sidan med Stein Bjerkset om påskecupen, og det er inga overdriving å seia at han har gledd seg som ein gris. Når avlysinga så kjem, snakkar vi om vonbrot og liding i ein slik storleiksorden at nokre skarve daudsfall blir småtteri i samanlikning. Einsemd, isolasjon og mangel på sosial stimulans har historisk sett drepe langt fleire enn alle andre daudsårsaker til saman (sjå relevant forskning for meir info). Likeins er det vitskapeleg sett livsfarleg å ikkje bite naglar når ein er nervøs, for konsekvensen blir gjerne at ein kanaliserer nervøsiteten ut i anna, endå meir bisarr framferd. Gud vere med oss alle! 

SISTE: Karantenen vart laurdag formiddag oppheva for partnarar av kvinner som har vore på spaweekend i Krakow. For å få litt luft under vengene, køyrde vi difor ein tur til City Lade, der vi hamstra Frydenlund bayer i tilfelle ny karantene. Utom senteret stod ei smultringvogn, og der inne såg vi til vår store overrasking den legendariske bridgespelar og seljar av bær, suvenirar og no altså smultringar, Steinar Stokkeland. I desse tronge tider ynskte vi å støtte den samfunnskritiske funksjonen hans ved å kjøpe fire smultringar, som ikkje var dyre heller: Éin smultring kosta kr. 8, fire smultringar berre kr. 32! Men dugnadsorientert som han er, ville Stokkeland i staden støtte oss i vår smule forfattargjerning, som sant å seia har fått ein oppsving under koronaviruset, og forresten er fullstendig samfunnsukritisk: Han gav oss rett og slett ein diger pose av full av deformerte restesmultringar – gratis! Dei var aldeles nydelege på smak, men kva viktigare er: Dei prova at det trass alt finst kjærleik, jamvel i koronaens tid. 

fredag 13. desember 2019

Attersyn med Hiisi-elgen

Vi må berre beklage at bloggen har gått for varmt og kaldt vatn i det siste. Mange har vel vore urolege for oss, tenkt at vi er daude. Det kan absolutt vera ei moglegheit, men det er ikkje tilfelle denne gongen. Tvert imot har vi hatt det travelt, noko som er fort gjort så lenge ein er i live. At bloggen har vorte siste prioritet, kan ha å gjera med at han sug, som de sikkert har merkt. Det er lite freistande å prioritere han.

Eit døme: Sist helg drog vi heller på ferie til Helsinki enn å setja oss ned ved skrivebordet og forfatte dette blogginnlegget. Vi skreiv teksten i notatboka vår i staden. Éin grunn til at han har vorte så elendig, er at vi miste høyrselen på flyet. Vi er avhengig av å høyre vår eiga røyst i hovudet for å kunne skrive godt. Men gjennom heile helga høyrde vi berre det vi ville høyre: finsk tango.

Vår kjære sambuar fekk dessutan praktisert kvensken sin, som ho øvar på gjennom studieturar, språkkafé, adventskalender og ymist anna. Dette gjekk sjølvsagt rett heim hjå finnane, som har varme minne om dei mange som utvandra til Ishavskysten, Ruija, for nokre hundre år sidan. I fjor på denne tida skreiv vi om ei anna romantisk utflukt, til Stockholm, men vi må ærleg innrømme at vi likte Helsinki betre. Det er noko med svenskane som ... vi veit ikkje ... Men dei er jo imperialistar, i botn og grunn, snørrhovne viktigperar, og til overmål nokså mislykka sådanne. Tenk berre på Vasa-skipet, og Andrée med den patetiske ballongen sin. Dei minner slik sett om danskane, som vi heller ikkje kan fordra. Nei, vi føler oss mykje nærare i slekt med finnane, som vi strengt teke er langt fjernare i slekt med. Dei finnane vi møtte var hyggelege, men ikkje for hyggelege, som amerikanarane. Finnane er kjende for å vera alkoholiserte og depressive, og dei eigenskapane har vi den største vyrdnad og sans for.


Vilde med treskulptur av gjeddehovud. Dette ved Akseli Gallen-Kalela-museet, som vi ikkje eigentleg vil tilrå, fordi ein ikkje fekk sjå noko særleg av Akseli Gallen-Kalelas kunst der. Det er ikkje han som har laga denne skulpturen heller, men denne likte vi. Gjedda er svært viktig i Finland, både som matfisk og i mytologien. Tenk berre på den infamøse Mana-gjedda i Kalevala. Väinämöinen laga den fyrste kantele av ein diger gjeddekjeve. Det er berre vi nordmenn som er så einspora, avstumpa og primitive at vi ikkje veit å verdsetja ei skikkeleg gjedde når vi ser ei. Det er ikkje naudsynt å nemne at dei norske politikarane som er så heldige å heite Gjedde, gjer namnet sitt til skamme.

Då vi kom til Helsinki var det sjølve den finske nasjonaldagen, sjølvstendedagen, men trur de finnane dreiv og veiva med flagg og hyla og skreik? Ikkje perkele, sjølv om dei har utstått vesentleg større strabasar enn oss nordmenn. På sundagen var det nok ein flaggdag, den finske musikkens dag, opprinneleg fødselsdagen til Jean Sibelius. Men vi høyrde ikkje ein masse katzenjammer av den grunnen. Vi nordmenn er jo heilt hysteriske på dette omkvervet òg, festivitas er synonymt med redselsfull musikk på høgt volum. Men kva er gale med å sitja heime med ei flaske Koskenkorva og kontemplere over musikken i tagnad? Det er kjempeflott, etter vår meining, og heilt naturleg.

På same måte er det kjempeflott for ein nordmann å ta ein helgetur til Finland. Ingenting er naturlegare, eller meir saliggjerande, enn å gløyme for ei stakka stund alt som heiter blogg og Yodel, fjord og fjell, samt anna surr og vas.

mandag 7. oktober 2019

Sosial opptur

Eit anna reisemål stod òg på ynskelista vår for hausten: Saariselkä, dette eldoradoet i dei finske skogane, der den legendariske Vadsø-tevlinga i bridge kvart år går av stabelen. Draumen var gjera som i 2016, lande i Tromsø og bli plukka opp av vår kjære ven Trond Bårdsen, deretter leggje ut på landevegen berre vi og han, i ein bil på samanbrotets rand, dei åtte timane gjennom fjell og myr. Men akk: Kva gjennomsnittleg lønsarbeidar kan permittere seg frå jobb både fredag og måndag, for å dra til svartaste Nord-Finland og spela kort? Vi får ta det att når vi blir arbeidsledige. Hellet i uhellet var at det dukka opp ei anna relevant tevling i nord, i sjølve Tromsø by: Troms og Ofoten bridgekrins si 80-årsjubileumstevling.

Vi budde jo i Tromsø ein gong i tida, riktig nok ikkje så lenge, men vi rakk å få nokre gode vener der, og vi rakk å røyne at det er ein vakker og hyggeleg by. Nest etter alle byar i Finnmark, pluss kanskje Trondheim på ein god dag, er det han vi liker best i Noreg. Då vi gjekk på bussen frå Langnes lufthamn inn til Tromsø sentrum, oppdaga vi at vi ikkje hadde konantar til billetten, og kort tok dei ikkje, og internett med "app" hadde vi heller ikkje på oss. Men på fremste rad sat ein lokal psykolog, og ho skjøna med ein gong at vi kom til å bli psykotiske om vi ikkje straks kom oss inn til sentrum, der ein bayer stod og dovna i fråværet vårt. Så ho betalte like godt billetten for oss! Slikt skjer ikkje i Oslo, der får ein ingenting gratis utan å betala med kroppen sin.

Bårdsen venta oss på Jernbanestasjonen, ein av dei absolutt hyggelegaste kafeane i denne byen full av flanørar. Han synte oss det store hjarta sitt ved å be servitrisa om å få låne ein penn for å kunne skrive ned eit meldeproblem på ein serviett, for så å stela denne pennen og gje han til oss som ein suvenir. I Oslo ville servitrisa ha ringt polisen, i Tromsø sa ho ingenting. Påskrifta på pennen seier det meste: "Jernbanestasjonen, Tromsø, 3,48 m.o.h." Fargen er lilla, vår favoritt.


Den flotte pennen Trond Bårdsen stal til oss på Jernbanestasjonen. Denne skal vi ta vare på som eit minne, mykje lenger enn vi tek vare på andre kulepennar, altså to veker. Den noko dårlege biletkvaliteten kjem av at vi miste kameraet opp i ein Mack bayer.

Endå betre vart det då vi fekk selskap av Jan Ragnar Guttormsen, den kjende halvsamiske bridgesjamanen, som med berre blikket kan flytte ein konge frå attom til framom kappen. Han kom køyrande med dagens einaste buss frå Alta. Vi vitja han forresten heime i Alta under ein krinsmeisterskap i Vest-Finnmark ein gong i tida, det gløymer vi aldri, både fordi han serverte oss dei nydelegaste sjølvfanga torsketunger, og fordi overnattingsplassen vår var inni eit hol i veggen. Der sov vi svært godt, for å seia det slik. Men no skulle vi residere hjå Bårdsen, som riktig nok bur i Tønsvika langt pokker ut mot Noregs sjette største øy Ringvassøy. Før leggjetid var det vel å merkje grilling, som seg høyr og bøyr i slutten av september nokre fåe breiddegradar sør for Nordpolen. 


Jan Ragnar Guttormsen og Trond Bårdsen topp motiverte for god bridge, på veg frå Tønsvika til Tromsø sentrum laurdag morgon. Den noko dårlege biletkvaliteten kjem av mygg på linsa. 

Sjølve tevlinga skal vi ikkje skrive så mykje om, for som Geir Helgemo alltid seier: "Ingenting er så fort gløymt som ei dårleg bridgetevling." Det vil seia: Tevlinga i seg sjølv var staseleg nok, med lokale i det vakre rådhuset midt i sentrum av Tromsø, og bankett med utsøkt mat på det fornemme hotell The Edge. Men spelinga var daddelverdig både frå oss og makker, og vi enda på ein lite stolt 12. plass mellom dei 52 para. Sportsleg vart det altså ein nedtur, men vi deltek berre for det sosiale, og sosialt må vi kalle helga ein gedigen opptur. 

søndag 6. oktober 2019

Nynorsk helg i hovudstaden

På føresumaren fekk vi ei overraskande oppringing: Ein høgtståande figur i Noregs mållag inviterte oss til å snakke i Oslo. "Greitt nok," sa vi, "men vi har ingenting å seia." "Det held i massevis," meinte ho.

Det dreidde seg om ei samling for unge vaksne i mållaget, og det stemmer for så vidt at vi er yngre enn den yngste kjekspakken i Melhus mållag, der vi fungerer som leiar. Til sinns er vi hauggamle, men så var det heller ingen disco vi skulle på.

Vi hadde aldri trudd at vi skulle greie å finne fram, men vi orienterte oss etter dei to institusjonane vi kjenner i Oslo: Scotsman pub og Stortinget. På denne måten kom vi faktisk til Samlagets lokale i Mariboes gate, der helga skulle byrja, lenge før start. Vi brukte ventetida på å ta ein kaffi på ein kafé i nærleiken, og det var ei veldig hyggeleg oppleving, for det fanst knapt ein nordmann å sjå. Ifylgje innehavaren var vi no på Grønland, og aldri hadde vi kunna gisse at eskimoane lagar så god kaffi.

Fyrst var det seminar med både unge og gamle til stades, der nytt prinsipprogram for Noregs mållag skulle diskuterast. Det var svært interessante ordskifte, men vi hadde lite å bidra med, for i Melhus mållag har vi berre eitt prinsipp: Prøv å få til eitt eller anna innimellom, og går det ikkje, så går det ikkje.

Etterpå vart den unge fraksjonen skilt ut, samlinga vår skulle føregå ein annan stad. Fyrst vart det tid til eit glas på ein overraskande hyggeleg pub borte i gata. Vi hugsar ikkje kva gate det var, og puben trur vi ikkje hadde noko namn, men vi skal hugse å bruke han som eit tridje omdreiingspunkt viss vi mot formoding reiser til Oslo att ein gong i framtida.

Rett i nærleiken vart vi forbausa over å sjå ein mann som sat på knea med panna i asfalten. Vi tenkte fyrst at det måtte vera ein av eskimoane som dreiv med religionsutøving, men nokon fortalde oss at dette var ein av dei narkomane. Vi kjenner lite til den religiøse praksisen til akkurat denne etniske gruppa, men vi er villige til å døy for retten deira til å utøve han.



Telefonen vår var diverre i flymodus under opphaldet i Oslo, så vi fekk ikkje fotografert. Men då vi googla "Grønland" dukka dette lekre motivet raskt opp, og det overtyder oss om at det er gode grunnar for å reise attende til Oslo!

Innlegget vårt var ikkje det mest lærerike, då målarbeidet i Melhus er eit tema som raskt avgrensar seg sjølv. Men vi liker å dosere, og etterpå var det betasupe. Det tradisjonelle trøndske soddet er betre, men vi likte betasupa òg, og vi likte å konversere dei andre på samlinga. Her var det ikkje mange pappskallar, for å seia det slik: Dei fleste synte seg å vera ordførar eller iallfall varaordførar i ein eller annan vestlandskommune vi aldri hadde høyrd om, og vi fekk servert mykje saftig sladder frå mørke krikar av norsk lokalpolitikk. Passande nok var det òg ein doktorgradsstipendiat innan drenering til stades.

Dei gode samtalene heldt fram på sundagen, og det er trygt å seia at vi reiste heim til Trøndelag og Melhus med mange nye inntrykk og mange gode idear i handbagasjen. Så står det att å sjå om vi kan omsetja noko av dette til praksis. Ein flott tur var det uansett, og det hadde vi aldri trudd at vi kom til å seia om ein tur til Oslo.

fredag 20. september 2019

Gratulerer

Mange vil nok tru at vi skriv dette innlegget berre for å forherlege oss sjølve, men det er berre delvis sant. Det er viktigere for oss å få sitert ein tidlegare elev som tok førarkort, og annonserte dette på Facebook med den vakre formuleringa: "Gratulerer til meg. I dag jeg fikket kjørebrev." Vi er usikre på om "fikket" er ei alternativ preteritumsform av "å få", ein slags hybrid mellom sterkt og lint verb, eller om han gløymde operommet mellom verb og artikkel.

Uansett ei flott formulering, som gjer det lettare for oss å gratulere oss sjølve her i dag, med den lenge etterlengta samanlagtsigeren på sumarbridgen i Trondheim. I mange år har vi stridd med Kjell Ove Helmersen og andre – unnskyld uttrykket – svinepelsar om denne gjæve fjøra i hatten, og vi trudde heilt til det siste at det kom til å glippe i år òg. Men så kom Karl Morten Lunna frå Lom, makkeren vår på den siste og avgjerande spelekvekden, opp med nokre bamsevariantar heilt på tampen, og dimed berga vi. Takk til han, og til John Kristen Våge, Åsmund Forfot og framfor alle Hilde Aas Nøst for glimrande drahjelp i samandraget. Vi spela òg med høvesvis kommunist Øyvind Sletvold, jøde Ralph Buchamm og Lars Frøland frå Heimdal, utan at dette førde til noko. Men takk skal dei likevel ha. Takk òg til mor vår, som gav oss livet, og til sambuaren vår som passa dottera vår dei kveldene vi var på bridge. Takk til Gud, som tidleg gav oss opp, og overlét oss i hendene til den vel så kaprisiøse kortguden. Til alle som ikkje ville ta ein øl med oss etter spelinga, vil vi derimot sende ei arabisk helsing: Måtte Allah forbanne skjegget dykkar.

Men ærast kan dei som ærast bør, som det heiter, og vi vil nytte høve til å gratulere eit par andre òg. Fyrst og fremst Johan Petter Tøndel, som gifte seg så seint som i august, med si kjære Maria frå Luktvatnet nær Mosjøen. Vi var så privilegerte å vera inviterte i bryllaupet på frodige Byneset, "og heldigvis for det", som einskilde seier. Vi storkoste oss glugg i hel der, for å seia det slik, og møtte mange snakkverdige menneske. Eitt av dei var Glenn Grøtheim, som var så venleg å invitere oss i sitt eige selskap helga etter. Han kalla det 50-årsjubileet for sitt første stikk, men vi forstod etter kvart at det dreidde seg om ein 60-årsdag.


Glenn Grøtheim er òg forfattar, særleg kjent for kioskveltaren Relépresisjon: Det komplette bridgesystem. No har han vorte 60, ufatteleg nok. Biletet er frå feiringa ved Ånøya no i august, der Grøtheim var ein glitrande vert.

For dei som ikkje veit det, var Grøtheim ein gong grannen vår på Lauvset på Melhus. Vi gjekk i klasse med sonen hans, som rekrutterte oss til bridgen. Såleis vart, som det så fint heiter, "vårt livs ternings kasta". 60-årsmarkeringa skulle føregå på Grøtheims hytte ved Ånøya, den største og klårt mest pittoreske innsjøen i Melhus, med fire bords singeltevling. I dette området har vi mange røter, då farmora vår kom frå borti hogget der, og far vår vaks opp i same hutaheiti, så det er neppe naudsynt å seia at vi treivst. Hytta er meir for ein villa å rekne, og maten kom heilt frå Frati i Trondheim, så dette var ikkje noko kortreist ræl. Litt av poenget var at vi skulle lesa nokre dikt, så vi las eitt, og drog deretter diverse bridgehistorier. Vi skal ikkje påstå at tala vår akkurat lyfte selskapet, men tale vart det, og bridge vart det, med meir. Sigeren i tevlinga gjekk til Per Erik "Pil" Austberg, gratulerer til han. Vi fekk ikkje med oss kor vi sjølve enda på resultatlista, men det var kanskje like greitt.

Grøtheim sleppte oss uansett ikkje så lett: Helga etter skulle han ha eit andre selskap, no for slekta, og igjen skulle han ha oss til å lesa dikt. Valdsamt kor lyrikkinteressert denne elektroingeniøren og kraftspekulanten, eller kva han no er, plutseleg har vorte. Vi las litt fleire dikt i dette selskapet, som føregjekk på ærverdige Kvilhaugen gård, og drog litt færre bridgehistorier. Vi skal ikkje påstå at tala vår akkurat lyfte selskapet, men maten og klientellet var såpass fortreffeleg at det ikkje spela noka rolle. Vi fekk faktisk selt ei diktbok òg, gratulerer til oss med dette. Men fyrst og fremst vil vi gratulere Glenn Frode Grøtheim så hjarteleg med runddagen, og takke han for mange gode minne så langt. Utan han hadde vi ikkje vore der vi er i dag, vi hadde vore ein annan stad i staden. 

mandag 2. september 2019

Turtips!

Då er bloggferien omsider over, og vi vil igjen byrja produsere tekstar på laupande band. Mykje har skjedd, og vi har mykje å fortelja. Mange trur kanskje at vi har lege på lat- og vrangsida heile sumarferien, men faktum er at vi har vore svært aktive, og spesielt har vi vore mykje på tur. Her fylgjer nokre tips til flotte familieturar i nærområdet, som vil gjera det mogleg for dykk andre å bli like kjernesunne som oss.

Forbordsfjellet, Skatval 
Type: Fjelltur
Gradering: Bratt 
Køyr til Skatval kyrkje. Betal dei fåe bompengane det kostar å køyre opp, så slepp du å gå. Nyt eit fortreffeleg utsyn frå toppen, over store delar av Trondheimsfjorden og området rundt. Et lunsjen i bilen, då vinden kan vera sterk. Køyr ned att, stogg for is på bensinstasjonen i Hommelvik. 

Valsøyfjorden, Halsa
Type: Helgetur
Gradering: Varm
Køyr til Valsøyfjorden på Nordmøre. Ikkje eig eit feriehus der, det er mykje arbeid, men sjå til at nokon i slekta til sambuaren din eig eit feriehus der, som de kan låne. Invitér med gode vener. Ta med mat og rikeleg med drikke. Ha alle vindaugo på vidt gap, for det kan bli skrekkeleg varmt inne i slike fjordar, spesielt i slutten av juli. Gje ungane sovepiller. Sprett sjampanjen.


Våre gode vener Erlend Gaustad og Line Vatnemorkødegård, sistnemnde med si dotter Maja og vår dotter Lindis i Walsø-slektas ferieparadis i Valsøyfjorden. Forferdeleg fint, men forferdeleg varmt.

Gaulas gylne breidder, Nedre Melhus
Type: Piknik
Gradering: Steinete
Køyr under nybrua på Melhus ned til Gaula. Gå i ca. fem minutt sørover frå bilen. Du er då på ei praktfull rullesteinsstrand. Ikkje bad, det er for kaldt, og det er veldig ukomfortabelt å gå på rullestein utan skor. Det kan vera vondt å sitja òg, så ta med mat ein kan innta ståande.  Pass på så barnet ikkje et stein. Viss det likevel et stein, prøv å halde det opp ned. Viss dette ikkje fungerer, ikkje ring lækjarvakta, for dei kan uansett ikkje hjelpe.

Stykket, Vestre Melhus
Type: Fottur
Gradering: Gjengrodd 
Køyr som pokker i retning Sagberget. Det er aldri kontrollar utover der, og køyrer du i juvet, døyr du i det minste lykkeleg. Parkér i vegkanten i området Kottum. Gå tvers gjennom åkeren, men prøv å halde deg i utkanten. Rull gjennom ein masse brennesler, men et gjerne ei bringebær eller to. Plutseleg ser du huset, eit gamalt hus der tippoldemora vår budde som enkje, og som ho no heimsøkjer. Artig for ungane. Vigda, grenseelv mellom Melhus og Skaun, renn rett nedanfor. Ei morken trebru leier over til Skaun-sida. Det går heilt fint å ramle av eller igjennom brua, så lenge det ikkje er altfor stor eller altfor lita vassføring i elva. Køyr om Buvika attende att, for å få ein vakker rundtur.


Rustikt hespetre etter vår tippoldemor, Stykket i Vigdalen, Vestre Melhus.

Riasten, Tydal
Type: Langtur
Gradering: Lang
Køyr til Selbu og vidare til Tydal. Ta bomvegen via innsjøen Riasten. Nyt nydeleg fjellandskap. Viss du vurderer å plukke molter, berre gløym det, dei er ikkje mogne. Køyr vidare ned til Holtålen og nordover mot Trondheim att. Vil du ha ein verkeleg langtur, køyr frå Singsås om Samsjøen ned til Lundamo. Hugs å drikke rikeleg med kaffi og Coca Cola, og et mengder av saltskum og hockeypuckar, så du ikkje sovnar bak rattet.