søndag 25. september 2016

Crazy little party boy

Torsdag kveld vart vi omsider ferdige med eit nytt nummer av magasinet Norsk Bridge, som vi er redaktørar for. Det er ikkje eit veldig vanskeleg arbeid å lage bladet, for vi har nokre års rutine, men likevel tek det si tid. Fyrst og fremst handlar jobben om å mase på folk om å levere innan tidsfristane, noko dei aldri gjer uansett, og så er det å sjekke at alle kort er på riktig plass i alle dei tallause speldiagramma, noko som heller aldri går bra. Så kvar gong vi kjem i hamn med denne gresselege arbeidsprosessen, er vi rett og slett sjeleglade. No er det nærare to månader til vi for alvor må byrja tenkje på neste nummer.

Altså var det naturleg å feire litt no i helga. På fredag hadde vi ståande invitasjon til å vera med på konsert med Mayhem. Vi likte dette legendariske bandet ein gong i tida. Men etter at Per Yngve "Dead" Ohlin så ettertrykkjeleg tok livet av seg, og Øystein "Euronymous" Aarseth var så uheldig å bli knivdrepen, har det i grunnen berre gått nedover med Mayhem. Vi tenkte difor at det var betre å utsetja feiringa vår til dagen etter.

Laurdag formiddag sa vår gamle John Gunnar Kristiansen fylgjande per telefon: "Det blir party i kveld." Men då vi troppa opp heime hjå han i Alfred Larsens gate på Tempe, lo han godt av oss. Han skulle nemleg ikkje ha noko party, han skulle berre ta det roleg og lage pizza i lag med ein felles ven av oss, grønsakshandlaren og rastafarianaren Jan Roger Lyngvær. Gode råd var no dyre for oss som var budde på party, og som til og med hadde teke på strømper utan hol. I praksis vart vi sitjande og nippe til eit par øl, snakke med Kristiansens to kattar og lyde til Jan Johansons "Jazz på svenska", medan Kristiansen og Lyngvær drakk Oskar Syltes ananasbrus og arbeidde vidare med pizzaen sin. Samstundes sende vi ut nokre tekstmeldingar for å finne ut om nokre andre enn oss overhovudet var i partyhumør denne vakre, mørke og regnvåte septemberkvelden.


Jan Roger Lyngvær i sin karakteristiske lilla genser, som eigentleg er ein kjole. Vi er her rundt midnatt, men klokka på veggen stogga for godt for fleire år sidan.

Pizzabakinga hadde byrja i firetida den ettermiddagen. Men med enorme mengder chili, kvitlauk og purrelauk som skulle finhakkast, scampi som skulle marinerast og ein steikomn som skulle nå den rette temperaturen, vart prosessen nesten like tidkrevjande som produksjonen av eit nummer av Norsk Bridge. Då den fyrste pizzaen endeleg var ferdig, var klokka faktisk over midnatt. Men det skal seiast at arbeidet var langt frå bortkasta, for det vart i sanning ein heilt grei pizza, var slett ingen usmak på han. Vi rakk å smake to småe stykke før vi måtte springe, for å rekkje den siste bussen frå Tempe ned til diskostroket i Trondheim sentrum.

Vi rakk han likevel ikkje, og måtte gå. Dimed kom vi åtte minutt for seint til ei avtale vi hadde greidd å gjera, med den einaste som responderte positivt på tekstmeldinga vår. Det var Åsmund Forfot, som oppheldt seg i baren "Bror" i lag med arbeidskollegaer. Dei var eigentleg ute og gjorde feltarbeid, for bransjen deira er rusomsorg, og då gjeld det å vita korleis dette med rusmisbruk eigentleg føregår. Forfot er dedikert; til dømes nyttar han konsekvent fagtermen "rusepisode" om all former for festleg samver. Sjølv om dei ikkje gjorde stort for å hjelpe oss med rusproblema vi sjølve har – som til dømes det at så fåe vil partye i lag med oss – treivst vi i grunnen greitt i selskap med desse heksedoktorane. Vi rakk å drikke ein heil øl og ein tridjedels cider, sistnemnde på Forfots rekning, før baren stengde og hjernekrymparane skulle på nachspiel. Dette skulle vi eigentleg ikkje vera med på, men så viste det seg å skulle føregå i sjølvaste Tyrkrisveita, som vi alltid har hatt lyst til å utforske nærare. Så vi var der i ein dryg halvtime. Deretter gjekk vi heim, og resten kan Cornelis Vreeswijk få skildre: "Sen spöar han sin fru / med dunder och med brak, / och somnar som ett svin / och vaknar som ett vrak."

For å oppsummere, vil vi påstå at dette var ein svært vellykka kveld. Vi gjorde lite av skandaløs karakter, og brukte ekstremt lite pengar. Med andre ord vil vi greie å gløyme heile kvelden ganske fort, og då skal ein vera godt nøgd. Vi vonar òg at de har hatt glede av å lesa om denne flotte kvelden, og at historia om han kan vera til glede og inspirasjon i dykkar eigne tilvære.

søndag 18. september 2016

Tragikomisk start for den nye nettsida

Diverre inneheld kontrollpanelet på denne nettsida ein statistikk over vitjingar. Vi veit at det er veldig skadeleg for den allereie frynsete psyken vår å lesa denne statistikken, men vi greier ikkje å halde oss unna, jamvel om lesinga alltid er like hjarteskjerande: Elleve sidevisningar på fredag, åtte i går, fem i dag. Tal så småe at ein bør skrive dei med bokstavar, ikkje tal. Reknar ein med alle gongene vi sjølve har vitja sida for å undersøkje om statistikken har betra seg, er det faktisk mogleg at ingen overhovudet har vitja sida andre enn nettopp vi.

Så kva er eigentleg poenget med å skrive det vi no skriv? Vi kunne like gjerne stått og sett oss sjølve i spegelen heile dagen. Tru vel å merkje ikkje at vi er overraska. Vi visste eigentleg utmerkt godt kva vi gjekk til, men levde som vanleg i infantil fornekting. Når det openbert ikkje var Guds vilje at vi skulle ha nokon vellykka blogg lenger, korleis kunne vi vel tru at det ville nytte å starte ein ny blogg? Det er som Woody Allen sa det: "If you want God to laugh, tell him about your plans."

Men vi kan ikkje gje oss utan krampetrekningar. Vi vel å leva i den naive draumen om ein lysare morgon. Vi vil difor ikkje leggje ned nettsida heilt enno, men halde fram i minst ei veke eller to til, og sjå korleis det går. Ikkje minst vil vi etterstreva å gje dykk det vi lova dykk, nemleg ei lystig nettside som er bra for den psykiske helsa dykkar. Dette innlegget, må vi vedgå, har ikkje vore så lystig fram til no. Difor gav vi oss til å leite i gamle notatbøker etter ein fiffig vits å avslutte med. Det tok si tid, men midt mellom substantiva "negerhirse" og "urgubbe" – som vi ein gong las, men ikkje lenger kan hugse kvifor vi noterte – fann vi faktisk ein svært bra vits. Førebu dykk på å storflire.

Ein mann har ein gjest, og gjev gjesten ein kopp kaffi. Litt seinare spør mannen gjesten om han vil ha påfyll på kaffien. Gjesten takkar nei. Mannen spør: "Likte du ikkje kaffien?" Gjesten svarar: "Viss kaffien er god, er det nok med éin kopp. Viss han ikkje er god, er det meir enn nok." 

søndag 4. september 2016

Ein ettermiddag med Buchmann

Berre éin gong har vi fått ein e-post frå Ralph "Raffe" Buchmann. Det var då han tok oss i å omtala ein tilfeldig israelar som "israelitt". Det finst fleire moglege forståingar av omgrepet "israelitt", men ein viss relasjon til jødisk etnisitet ligg vel i botnen. Ein israelar kan derimot godt vera ein arabar, eller kva som helst. Dette burde vi sjølvsagt ha tenkt på, så vi la oss langflate og orsaka.

Mange vil kjenne Buchmann som ein utspekulert bridgespelar, men i tillegg er han altså jøde, og forstandar i den mosaiske forsamlinga her i Trondheim. Det bør for så vidt ikkje koma som noka overrasking, for det har jo gjennom lange tider vore mange jødar i Nerbyen, der Bridgehuset ligg. Området var ein gong temmeleg forslumma, men mange jødar kjøpte opp eigedom og byrja forretningsdrift der, kloke og driftige som dei alltid har vore. Eit vanleg jødisk etternamn er Kahn, fylgjeleg vart området stundom kalla "Kahnans land". Sjølv om han plasserte oss i dei forferdelegaste kontrakter den eine gongen vi har spela bridge med han, har vi faktisk stor sans for denne Buchmann. Han er ein snedig type.

Det fekk vi ikkje minst sjå i ettermiddag, då han og historikar Terje Bratberg stod i spissen for ei byvandring gjennom det jødiske Trondheim. Det har vore jødisk kulturfestival i helga, med konsertar og det heile. Diverre fekk vi ikkje vore med på meir enn akkurat denne byvandringa, men det var ikkje verst berre det. Buchmann hadde full kontroll på alt, og måtte støtt og stadig gje historikaren ein korreks for småe detaljfeil. Ferda gjekk frå synagogen, som visstnok er den nordlegaste i verda om ein ser bort ein sumaropen synagoge i Alaska, ned forbi Frukyrkja til Nerbyen, deretter ut til stakkars Sissi Klein på benken sin på Kalvskinnet.


Buchmann til venstre, Bratberg til høgre. På hjørnet av Brattørgata og Krambugata.

Det var særs interessant å høyre litt meir om historia til jødane her i byen. Vi har alltid likt jødar temmeleg godt. At dei er smartare enn oss andre, kan det ikkje herske den ringaste tvil om, og det fortener dei vyrdnad for. Før var vi ganske glade i Israel òg, men til vårt forsvar vil vi seia at vi knapt nok kunne for det. I pinsemenigheita vi vaks opp i, lærde ein frå barnsbein av å seia "Shalom aleichem" og elske Israel og alle jødar. Vi hugsar faktisk at vi – det må ha vore i 1998 – var på eit kristeleg party for feire 50-årsdagen for uavhengigheitserklæringa til staten Israel. Det var ein fin fest, det skal vi ikkje leggje skjul på, men etter kvart har vi innsett at Israel har nokre stygge svin på skogen, dei som mange andre. Heldigvis er ikkje dette ein blogg om politikk, så meir vil vi ikkje seia om den saka der, som uansett er altfor komplisert for eit skralt hovud som vårt. Men takk, Raffe, for ein hyggeleg ettermiddag, og mazel tov.

tirsdag 30. august 2016

Høgtid og lågmål

Vi er berre ein skarve skårunge, ein benjamin på kvisslaget Levon Helm. Difor skal vi vera uhyre forsiktige med å uttala oss om noko som helst. Vi innser at kunnskapsnivået vårt held botnnivå samanlikna med nivået på dei andre på laget, og det er berre rett og rimeleg at vi sit på ein trestol medan dei får sitja på skinnstolar. Vi er heldig som får lov til å sitja i det heile, eigentleg burde vi stått.

Den førre måndagen, og i går, var det ekstra høgtid under kvissen, som går på Antikvariatet på Bakklandet i Trondheim. Det har seg slik at lagets eigentlege kaptein, Geir Olav Tislevoll, er heime i Trondheim ein svipptur. Etter som han vanlegvis residerer bokstaveleg talt på andre sida av jordkloten, i Auckland på New Zealand, er ikkje dette kvardagskost. Det sterke engasjementet hans set ein ekstra spiss på ein kviss som alltid er blodig alvorleg, og nervepirrande inntil det angstbitarske.

Førre måndag, den fyrste i sesongen, kom lag Levon Helm på fyrsteplass. Det var ikkje vår forteneste, og vi vil rette ein stor takk til laget for at vi likevel fekk ta del i triumfen, og til og med i premien, som var tri øl på deling. Men i går vart resultatet ein audmjukande åttandeplass. Etter ein slik fadese må ein spørja seg kva som gjekk gale.

Ikkje at det skal vera noka orsaking, men to tragiske hendingar innanfor skisporten fekk utvilsamt tragiske fylgjer for gårsdagens kviss. Så sønderknust vart visekaptein Håkon Lyng av dei bråe og uventa daudsfalla til langrennslauparane Berit Mørdre og Harald Grønningen, at han ikkje kunne møte opp i går: Han ynskte forståeleg nok å vera åleine med sorga. Dimed var vi sjanselause på den fyrste oppgåva, som dreidde seg om det geografiske opphavet til tri forskjellige designarsmykke. Det var òg ei musikkoppgåve som dreidde seg om eit album av artisten Björk, der Lyng i motsetnad til oss andre ville greidd å svare rett. Men at det vart skrive "Australia" på spørsmål om kva verdsdel Victoria-ørkenen ligg i, syner at konsentrasjonen i laget generelt var for dårleg i går: Verdsdelen heiter då vitterleg Oseania. Teorien vår er at utidig kviling på laurbær, i kombinasjon med dårleg væskebalanse som fylgje av for lågt ølinntak, var dei utløysande årsakene til katastrofen. Men vi granskar framleis ulykka frå alle moglege vinklar, og vil ikkje konkludere enno.

Det nytter vel å merkje ikkje å gråte over spilt mjølk, og det viktige for laget blir no å sjå framover, og ha fullt fokus på arbeidsoppgåvene. Samstundes er det klinkande klårt at nokon må ta ansvar for det som har skjedd. Tislevoll sa med ein gong at det måtte han som kaptein gjera, og var i ferd med å klatre ut vindauga for å hoppe ned i Nidelva. Men vi meinte at dette vart feil, at det tvert imot er han med den lægste ansienniteten som må ta støyten i ei skandaløs sak som denne. Difor er det no vi som ligg på botnen av elva. I det minste ligg vi i eit vakkert område, nær songens Gamle bybru, og vi helsar til Håkon Lyng frå Berit Mørdre og Harald Grønningen, som vi nettopp møte under perleporten. Takk for alt, og farvel.

torsdag 25. august 2016

Ver helsa

La oss byrja muntert, med ei artig gåte vi las no nyleg: Kva er skilnaden mellom ein daud fugl?

Den gamle vevstaden vår, Kjellaren, har kollapsa. Mange av dykk nok har vore urolege for oss, men vi kan forsikre at rykta om dauden vår er delvis overdrivne: Ved eit Herrens mirakel sat vi ikkje i Kjellaren då katastrofen skjedde, vi sat for ein gongs skuld i overetasjen. Riktig nok var heile livshistoria vår arkivert i Kjellaren, så ho er for alltid tapt no. Men då grunnen opna seg under oss, klamra vi oss fast til ei sky på himmelen, og sjølve organismen vår slapp ifrå det med livet. Til å byrja med var vi i sjokk og sorg, men så vart vi gripne av ein heilag vreide, så vi børsta støvet av skuldrene og sa som Charlie Chaplin: "When I return, I shall come back!" Dei siste vekene har vi gått på ein hardkur av stryknin og brandy, nervetonic og terpentin. Det er med stor glede vi kan annonsere at vi no er fullt ut rehabiliterte, og at vi har bygd ein ny vevstad midt i ruinane av den gamle.

Riktig nok forstår vi at denne nye sida aldri kan bli like bra. Det vi likte med Kjellaren, var at han var så mørk, og det harmonerte godt at skrifta var mikroskopisk. Vi koste oss då gamlingane fortalde at dei måtte sitja med lupe og lesa tekstane våre. For å leggje stein til børa deira, passa vi på å gjera kvart einskilde avsnitt uendeleg langt, i uendeleg lange innlegg.

Minuset var at det tok oss uendeleg lang tid å skrive desse uendeleg lange innlegga. Dessutan byrja heile konseptet Kjellaren å få eit tvilsamt rykte, etter det infamøse medieutspelet til Josef Fritzl: "Eg forsøkte å gjera livet i kjellaren så komfortabelt som mogleg." Vi har difor avgjort at den nye vevstaden vår skal ha eit lett og ledig uttrykk, meir i pakt med tida vi lever i. Vi skal ikkje lenger skrive kolossar av nøye gjennomtenkt tekst ein svært sjeldan gong, men heller prøve oss med korte, impulsive og idiotiske oppdateringar nokså ofte. Det meste vil vera i kategorien generell informasjon, men litt humor kan det òg bli. Kanskje kan vi jamvel publisere eit bilete i ny og ne, men dette tviler vi i grunnen sterkt på.

Svaret på gåta i innleiinga: Den eine foten er like lang.