lørdag 4. juni 2022

Jetsetlivet, igjen

Vi har tidlegare rosablogga i det vide og breie om korleis det er å vera ein D-kjendis. No vil vi halde fram med dette. Vi trur det kan trøyste dykk i det monotone kvardagslivet dykkar å vita at nokon lever så glamorøst og ekstravagant som oss. Vi vil eksemplifisere det flamboyante ved tilværet vårt ved å fortelja om berre to av dei (totalt to) gloriøse turneane vi har vore på denne våren. 

I månadsskiftet mars–april var det Sunnmøres snøkledde alpar vi turnerte. Det byrja svært luksuriøst med flytaxi til Værnes (fordi flyet skulle gå så gudsjammerleg tidleg at det ikkje var mogleg å ta flybuss, og fordi kona trong bilen medan vi var borte). For å fly til Ålesund måtte vi om Oslo. Då vi kom til Gardermoen, las vi feil på tavla på veggen, og trudde at flyet vårt vidare var i ferd med å lette, så vi sprang som ein galen heilt til den andre enda av flyplassen med ein sekk smekkfull av bøker på ryggen. Vel framme såg vi at vi hadde lese feil, så vi byrja springe til det andre flyet til Ålesund som stod lista opp på skjermen, nok ein gong i andre enda av flyplassen. Men dette viste seg å vera eit Norwegian-fly, medan vi skulle flyge med SAS. På grunn av dei to bomturane var det no temmeleg kort tid att til SAS-flyet vårt skulle gå, så vi trudde at vi igjen måtte springe for å nå fram i tide, og vi sprang og sprang på kilometervis. Men dette flyet var i praksis litt forsinka, så den siste laupeturen vart òg forgjeves. 

Gjennomblaute av sveitte og forkrøpla av prolapsar landa vi i Ålesund. Der venta heldigvis ein leiebil på oss. Så køyrde vi lengre enn langt, til Stranda ungdomsskule. Der snakka vi til skuleelvar. Artig å sjå at så mange møtte opp, sjølv om ingen av dei hadde noko val. Same kveld, då vi heldt eit ope arrangement på biblioteket i Sykkylven, kom tre personar. Ein av dei var Erlend Hukkelås Gaustad, som bur på Vatne på Sunnmøre og ville støtte oss psykisk. Etterpå sjekka vi utelivet i Sykkylven – det var ein pizzarestaurant. Vi åt ein pizza og drakk eit par øl med Gaustad, som riktig nok ikkje kunne drikke, fordi han køyrde. Han var så venleg å køyre oss attende til hotellet etterpå, ved ferjeleiet. Vi såg fram til ein drink i hotellbaren, men tilsynelatande var vi den einaste gjesten på heile hotellet, og innehavaren hadde lagt seg. Det gode nyhendet var at vi fekk ha alle spegelegga i frukostbufeen for oss sjølve. Så var det ut på landevegen att, til Fosnavåg, der vi igjen predika for ungdomsskuleelevar. Artig å sjå at så mange møtte opp, sjølv om ingen av dei hadde noko val. Til slutt køyrde vi attende til Ålesund, langt det òg, for å ta flyet heim. Det var ikkje vanskeleg å finne det rette flyet på Vigra. Men ikkje før hadde vi sett oss i flysetet, så måtte kapteinen diverre annonsere at det var oppdaga ei flis i flyvengen. Så det gjekk ikkje an å fly med dette flyet, og det var ikkje akkurat slik at dei hadde eit anna fly i bakhand heller. Sluttresultatet: småpene fem timar forseinking. Til vederlag fekk vi plass i "SAS pluss" då vi fyrst kom oss i lufta. Der er alt gratis, både ein øl og ein snacks. Vi hadde ikkje lyst på ein snacks, men jaggu bad vi om ein snacks likevel, berre for å hemne oss på flyselskapet. Vi har den snacksen i kjøkenskapet vårt enno, og der skal han få liggje. 

Ferjer og fjell, det er den enkle oppsummeringa av turneen vår på Sunnmøre. Biletet er moglegvis frå sambandet Hundeidvik–Festøya, som var endå tommare enn føredraget vårt i Sykkylven. Men det kan vera ei anna ferje òg, for det vart etter kvart så mange ferjer at det gjekk fullstendig i surr for oss. At vi rakk dei alle, verkar i ettertid nærast mirakuløst. 

Turneen i byrjinga av mai var om mogleg endå betre. Ikkje eit vondt ord om Sunnmøre, men vi har som kjend eit spesielt hjarta for Finnmark. Trygg Jakola i Vestre Jakobselv, som vi kjenner frå det kvenske, iscenesette gjennom Folkeakademiet i Nord-Hålogaland ein turné for oss i Aust-Finnmark. For ei ære! Vi landa i Kirkenes, og møtte ungdomsskuleelevar der òg, på biblioteket. Ein russisk bibliotekar synte oss med stoltheit den store russiskavdelinga deira – tankevekkjande. Så hadde vi tid til ein betre middag i den kulinariske kategorien som er Finnmarks spesialitet, thaimat, før bussen vår gjekk mot Vadsø. Nok ein luksus dette, å sleppe å køyre og berre kunne sitja og glo ut på landskapet. Vi har jo vore på nokre turar i Varanger tidlegare, men då i bil og i fylgje med folk som av ulike grunnar har vore ute av stand til å køyre, så vi har alltid enda opp som sjåfør. Bussen var svært punktleg, og vi kom til vakre Vesisaari i passeleg tid før kveldens seanse på det store og moderne biblioteket i byen. Der skulle nemnde Trygg Jakola bokbade oss, noko han gjorde med stødig hand. Frammøtet var faktisk òg glimrande. Etterpå vart det sjølvsagt bankett, først ein Qvænbrygg på hotellet i lag med Jakola med kone og granne, deretter ute på byen. På ein av Vadsøs mange nattklubbar møtte vi tilfeldigvis ein fyr frå Porsanger som vi tidlegare berre så vidt har snakka med, men som vi no fekk høve til å bli litt betre kjende med. Svært interessant. Det er vel neppe naudsynt å nemne at vi sov som ein stein den natta; opplevingane hadde vore så mange.

Neste dag var det elevar ved Vadsø vidaregåande som høyrde på oss, og dei sat som tende lys på stolane sine. Etterpå fekk vi tid til kultur òg, ei vitjing på det temmeleg nye og svært sjåverdige Kvenmuseet i kvenhovudstaden. Kona vår figurerer forresten både i taket og på ein vegg der. Vi kjøpte endåtil med oss ein suvenir frå museumsbutikken, Samuli Paulaharjus legendariske På Finnmarks ytterste øyer, i spildrande ny omsetjing frå finsk ved Mikael Holmberg. Ei gåve ikkje berre til oss, men til verda. Såleis fekk vi endå meir lesestoff til den litt for korte bussturen vidare ut til Vardø, som var siste stogg på turen vår. Det var reint fascinerande å sjå korleis vêret endra seg utover langs kysten: I Vadsø var det vår, i Vardø full vinter og som vanleg sterk vind – men òg, det må seiast, vakker song frå tusen måsar. Vi måtte nesten berre le av vêret, det var så fantastisk. Sjefen på staden der vi overnatta, ein innfødd vardøværing som i ein periode var den einaste kvite drosjesjåføren i Baltimore, Maryland, USA, fortalde forresten ein vits om dette med Vardø og vind då vi tok ein drink med han i foajeen, eller rettare sagt i TV-kroken, der han tilsynelatande alltid sat med ein drink (det var trass alt onsdag, og vår): "Veit du kva som skjer med ein vardøværing når det blir vindstilt?" spurde han. "Nei, grei ut!" ropte vi. "Han tippar framover." Det er verkeleg litt av eit etablissement denne bartefine branden og den snakkesalige amerikanske kona hans administrerer: Namnet er Meieriet, tidlegare "funpub", no generell bygning med nokre soverom i overetasjen. Møblementet, tapetet, vêret ... Alt var berre heilt perfekt. Det vart forresten Finnmarks nasjonalrett til middag igjen, thaimat. Til føredraget vårt i det såkalla Glasshuset midt i Vardø sentrum kom fåe frivillig. Men heldigvis hadde pensjonisten som var kontakten vår i byen, pressa ein lærar til å presse elevane sine til å koma, sjølv om arrangementet altså var på kveldstid. Dei skulle visst få heftig avspasering seinare som kompensasjon. Kva læraren fekk for å vera til stades, veit vi ikkje. 

Vårnatt i Vardø, sett frå rommet vårt på Meieriet. Bilen tilhøyrer den tidlegare einaste kvite drosjesjåføren i Baltimore. Om det er den same bilen som han nytta i Baltimore, er riktig nok uklårt.

Turneen vart avrunda med full bankett på verdskjende Nordpol kro. Vi sat lenge åleine i eit hjørne, men slikt vedvarer aldri i Finnmark: Plutseleg kom vi snakk med ein fyr som vi ikkje hadde noko sams med og heller ikkje likte spesielt godt, og det vart ei utruleg hyggeleg og gjevande samtale. Vel attende på Meieriet tenkte vi at det no var på tide å gjera som stjerner flest, nemleg kaste møblar ut i bygatene. Men vinden var for sterk, vi fekk ikkje opna vindauga.

fredag 11. mars 2022

Ingen andre på maltesisk storfilm

Det har vore nok ein seig og trasig koronavinter, der smittefare ved bruk av tastatur til og med har hindra oss frå å gjera det vi elskar, nemleg å oppdatere bloggen. Altså har vi neppe vore åleine om å sjå fram til lysare tider. 

Men er det ikkje det eine, så er det det andre: Våren kom no som vanleg, han, men så måtte det sjølvsagt bli krig. Det einaste positive som kan seiast om krigen, er at han på mirakuløst vis ser ut til å ha gjort slutt på heile koronaen, nærast over natta. Men alle som i to år har kost seg med å jamre om korona, jamrar no i staden om atomkrig og jod, så jamring blir det lell.  

Ikkje di mindre trudde vi at mange ville søkje ut av sine klamme stover no i vårløysinga, og omfamne det vesle som finst att av levande kulturliv i Trøndelag. Sjølve inviterte vi iallfall med kona på ein "date" her forleden dag (vi er ikkje sikre på det norske ordet, men det må helst vera "dato"), der vi skulle eta ein betre middag – til og med fleirkulturell, av typen indisk – og gå på kino. 

Det var ikkje vanskeleg å velja film: Mellom alskens norsk ræl og amerikansk møl, dukka tittelen Luzzu – fiskaren frå Valletta opp. Maltesisk film skal ein ikkje kimse av, som kjend, så vi sprang frå restaurantbordet i god tid for å vera sikre på å få billettar. Deretter såg vi oss om i vrimlearealet etter kjentfolk. Vi tok det for gjeve at vi dei fleste vi kjenner hadde tenkt seg på Luzzu – fiskaren frå Valletta denne vakre onsdagskvelden. Men det var berre framande å sjå, så vi rekna med at alle vener og kjende allereie hadde gått inn i salen.

Fiskaren Jesmark i sin tradisjonelle luzzu. Men alt er ikkje så idyllisk som det ser ut til. Moderne fiskeripolitikk gjer livet vanskeleg for Jesmark, som må ut i grumsete farvatn for å kunne forsyrgje den sjuke sonen sin. 

Då vi sjølve kom til salen, trudde vi fyrst at vi måtte ha gått feil. For endå det no berre var ein halvtime att til start, fanst det ikkje ei levande sjel å sjå på eit einaste sete. Vi kontakta til og med ekspeditrisa for å høyre om vi hadde hamna rett, men jodå, det hadde vi. "Det er berre de to som har kjøpt billett," sa ho, og av denne vitsen lo vi høgt og hjarteleg: "Ja, det skal du ha oss til å tru!" No vel, tenkte vi, folk har sikkert vore på ymse soarear og vernissasjar tidlegare på kvelden, dei kjem vel ramlande i siste augneblink. 

Men nei, ingen kom. Gjennom heile den nydelege filmen, eit moderne arbeidarklassedrama spekka med tradisjonelle båtar og eksotiske fiskar, hadde vi og kona salen for oss sjølve. Korleis kan dette vera mogleg, at berre vi i heile Trondheim ynskte å sjå Luzzu – fiskaren frå Valletta denne vakre onsdagskvelden? Om sant skal seiast, er vi framleis i sjokk. Vi kan difor ikkje skrive meir no, og sannsynlegvis ikkje på lenge. 

lørdag 1. januar 2022

Diverse opplysningars nyttårstale

... utgår diverre i år på grunn av korona. Det vil seia, vi hadde aldri tenkt å halde nokon nyttårstale, men det er kjærkome å kunne gje inntrykk av å ha tenkt å gjera det, og vi har jo merkt oss i samfunnet elles at korona kan brukast til å orsake nærast kva som helst. 


Ein av dei fyrste dagane i 2021 bygde vi denne snømannen på verandaen, som eit vonfullt symbol på vona om eit år fylt av glede og von. Han levde ikkje lenge. 

Faktisk kom vår største siger i 2021 heilt på tampen, då vi, for å unngå å påføre elevane våre tap av dyrebare timar i det essensielle faget diktanalyse, ynskte å endre datoen for vår dotters rutinekontroll hjå augespesialist ved St. Olavs hospital, og hospitalet per telefon fortalde oss at dei på grunn av korona ikkje lenger kan flytte på timar. Dei kan altså ikkje gå inn i kalenderen og sjå om det tilfeldigvis finst ein annan ledig time, noko som truleg ville ha teke telefondama kortare tid enn å forklåre oss kvifor ho ikkje kunne gjera det. Denne meiningslause praksisen sende vi sjølvsagt ein lang skriftleg klage på, og fekk då likevel endra datoen frå 19. januar til 17. mars. Vi, ein innbiten helsemotstandar, slo altså knock-out på sjølvaste St. Olavs hospital! Som ein klok vinnar ein gong sa: Éin siger til som denne, og eg er fortapt!


 Også 2021 vart eit herleg år for dei som liker å moralisere over andres framferd og tvinge på dei munnbind i utide. Vi har i det minst prøvd å tenkje på miljøet ved å bruke det same munnbindet gjennom heile året, medan andre, i munnbindet, har funne endå ei forbruksvare som kan kastast i naturen etter kort tids bruk. Her ser vi tre munnbind hengjande i ein einaste liten busk nær heimen vår på Risvollan; de kan sjå føre dykk korleis dei store bjørkene ser ut. 

Du les no Diverse opplysningars tradisjonelle nyttårstale, arrangert kvart år sidan nettsida starta opp i 2016, riktig nok med opphald i 2017, 2018 og 2019, samt i 2020 på grunn av korona. Vi ynskjer å dele ein vakker biletkavalkade med dykk, med nokre høgdepunkt frå året som har gått, men då treng vi diverse tekstpassasjar innimellom for å unngå krøll med kodinga av nettsida, så difor held vi fram med å tala sjølv om vi strengt teke ikkje har meir å seia.


Som vanleg har vi i 2021 vore opptekne av å koma oss ut i naturen. Her ser vi mor vår og dotter vår under ei idyllisk haustutflukt til lauvskogen nær det gamle sanatoriet, sinnssjukehuset, eldresenteret, asylmottaket og leilegheitskomplekset på Ringvål. 

V. K. Krishna Menon tala som kjend i nær åtte timar i FN til forsvar for Indias rolle i Kashmir, og i Stein Bjerksets 50-årsdag på Bjørgan i Soknedal måtte alle gjestene halde fleire talar, i tur og orden kring langbordet, sjølv dei som ikkje hadde førebudd eit kløyva ord. Mange hadde vorte såpass fulle innan det for andre eller tredje gong var deira tur til å tala, at dei heldt den same talen ein gong til. Ein av dei gløymde endåtil kven som hadde bursdag, og heldt tale til einkvan heilt annan. Denne anekdoten har vi sannsynlegvis brukt i minst ti talar tidlegare. Men folk er jo glade i tåpelege tradisjonar, difor denne tåpelege anekdoten i denne tåpelege nyttårstalen. 


Nokre turar utombys har det òg vorte; mellom anna har vi fått utforska vår nasjons hovudstad litt nærare. Biletet er noko slørete på grunn av smog på linsa, men her ser vi altså ein vaskekte månefisk symjande rundt i nærleiken av Akerselva i Oslo no i november. Eit verdig punktum i soga om 2021. 

Då gjenstår det berre for oss å avslutte talen, og det er dette vi no gjer gjennom å avslutte talen, ved å erklære at vi no avsluttar talen. 

mandag 1. november 2021

Celebrity deathmatch

Ein vits, eller var det eit visdomsord, frå vitsesida i eit gamalt Donald-blad: "En kjendis er en person som vil at alle skal vite hvem han er, og som deretter går med solbriller for ikke å bli gjenkjent."

Vi har vore heldige med dei tre bokutgjevingane vi no har på samvitet; alle bøkene har greidd seg høveleg godt i verda. Vi vonar jo at det tyder at dei har nokre kvalitetar, men det handlar nok òg mykje om timing og litt flaks. Vi må berre takke og bukke så lenge folk vil gje oss gode meldingar, stipendpengar og dilikt, men for igjen å parafrasere Donald Duck: Det offentlege minnet er kort; ein kan vakne i morgon og vera fullstendig gløymd. Vi synest difor det er sjofelt og nedrig å sjikanere oss for å ha vorte ein kjendis, som mange i det siste har gjort.


Boka Eit anna blikk førte oss nyleg til Oslo, der vi heldt eit slags føredrag for fleire grupper av skuleelevar. Innimellom førestillingane fekk vi tid til å spasere litt, og vi må innrømme at vi snart vart blenda av all glamuren i hovudstaden. Plutseleg å gå seg på eit departement, til dømes ...! Jamvel eit av dei departementa vi har drøymt mest intenst om å få oppleva. Gjerdet var høgt og piggete og ikkje ei levande sjel fanst å sjå, men for oss var det meir enn nok å observere departementet gjennom sprinklar og vakkert haustlauv.

Vi har lyst til å dementere denne uhyrlege påstanden, men samstundes augnar vi ei gyllen orsaking for den nærast totale neglisjeringa av herverande blogg: Kjendislivet har i det siste kravd så mykje av oss at vi overhovudet ikkje har greidd å skrive på bloggen. Ja, så mange soarear, sorbear og symposium blir det for tida, at vi snart ikkje rekk å skrive i det heile, ikkje ein ørliten haiku eingong. Såleis er vi i ferd med å uthole sjølve grunnlaget for kjendisstatusen vår, altså skrivinga (for vi trur ikkje at suksessen kan tilskrivast utsjånaden vår). Langsamt skyv vi unna den krakken vi står på, og ein veit jo kva som då skjer med løkka kring halsen. I framtida vil vi truleg måtte leva som ein av desse kjendisane som ikkje lenger har noko som helst å fara med, men som framleis kan kalle seg kjendisar fordi dei var det ein gong i urtida. Vi må vera med på realityseriar og danseshow og fronte alternativ medisin og hjernedaude slankekurar, alt medan depresjon og alkoholisme hurtig fortærer oss.


Forleden var vi så heldige å få NTNU sin litteraturpris. I forkant av arrangementet samtalte ingen ringare enn Jan Kjærstad og Vigdis Hjorth om skjønnlitteraturen i TV-seriens tidsalder, med sosiolog Arve Hjelseth som ordstyrar. Etter prisutdelinga skulle vi og kona moglegvis få eta eit smørbrød med nettopp Kjærstad og Hjorth, men vi er ikkje meir verdsvane enn at dette hadde vorte forferdeleg nervepirrande for oss, og vi priste oss lykkelege for at vi hamna på eit anna bord. Litt stas var det likevel at dei kom bort og helsa på oss, både Kjærstad og Hjorth, og at dei til og med smilte, som ein gjer til alle born.

Nokre fåe morosame opplevingar har vi jo hatt i kulturlivet i den seinaste tida. Men desse vil vi ikkje nemne her, fordi vi ikkje vil framstå som ein kjendis. Gløym difor at de nokon gong har lese dette innlegget. Men: På Litteraturhuset etter utdelinga av NTNU sin litteraturpris vart vi sitjande i lag med juryformannen, professor i nordisk litteratur Petter Aaslestad, som vi ein gong i studietida hjelpte med å byte kontor. No vil mange tru at litteraturprisen var reint kameraderi, men Aaslestad har så absolutt ikkje stått i noka gjeld til oss, tvert imot: For det morosame arbeidet med å flytte nokre tusen bøker, fekk vi og veninna vår Tuva 500 kroner kvar, som var ein formue den gongen. Som om ikkje dette var nok, fekk vi fekk påspandert pizza i Ila og ein øl, krydra med fantastiske refleksjonar kring Samuel Beckett. Som om heller ikkje dette var nok, skjenkte Aaslestad oss ei bok han sjølv hadde skrive, om nettopp Beckett. Faktisk hadde han ei byste av Beckett i stova si, det såg vi den gongen han inviterte studentane sine på sprudlevatn i forkant av den store masteravslutningsfesten. Men til poenget: Om romankarakteren Murphy skreiv Beckett, famøst og svært minneverdig, at ... Vi greier ikkje å gjenkalle det, hugsar berre noko med ein "viden kjent" "superiority to nothing". Hakket klårare erindrar vi noko anna han skreiv, kanskje i Molloy eller Malone dør, eit sitat vi har brukt minst ti gonger før, mellom anna på gravsteinen vår, men likevel: "Han var overbevist om at skjebnen hadde tiltenkt ham en annen grøft enn den nærmeste latrinen."

søndag 11. juli 2021

Kvalrosspizza

Ein liten epistel frå vår årvisse hoppsatur til Finnmark med "gutta boys". I år må vi vera sparsame med informasjonen, fordi vi kanskje skal skrive ei lengre avhandling om saka i ei avis, og difor ikkje kan bruke opp alt sensasjonsstoffet. Men vi kan seia såpass at det var ein hyggeleg tur, som neppe ville ha passa for alle. Mange har stussa på at vi la ut på denne ferda såpass kort tid etter bryllaupet vårt, men vi kan garantere at det måtte bli slik av praktiske årsaker, og at alt skjedde med vår kones relative velsigning. Vi skal sjølvsagt på ein honningmåne med ho litt seinare. Eit anna kritisk spørsmål som stendig melder seg i samband med reisene våre til Finnmark, er kvifor vi ikkje heller fer til andre vakre område i Noregs langstrekte land. Til og med folk som bur i Finnmark, lurer litt på dette. Svaret gjev seg sjølv: Finnmark er det einaste området på det norske fastlandet der vi blir godtekne for dei vi er, der ein ikkje er omgjeven av hordar av menneske med dømmande blikk, og der temperaturane generelt er levelege (sjølv om det var i varmaste laget no i år, alle andre stader enn på Slettnes fyr).

Denne gongen flaug vi, som for to år sidan, til Kirkenes. Der bunkra vi opp saft og brus i leiebilen, og tok så ein svipptur litt opp i Pasvikdalen for å gløtte inn i Russland. Men det fanst ingen russarar å sjå, og der oppe i skogane var det verkeleg altfor varmt. Så ganske snart bråsnudde vi, og vende nasen mot det som var destinasjonen på turens fyrste dag: Kjøllefjord, kommunesentrum i Lebesby. Vi liker oss betre i ytre Finnmark enn indre, det er liksom steinrøysene ute ved kysten som er det sannaste Finnmark for oss. Dette har nok mykje å gjera med at vi er oppvaksne i ein kommune med stolte kystkultur- og sjøfartstradisjonar, nemleg Melhus. 


Daud kvalross i Ivarsfjord nær Skjånes, Gamvik kommune. Frå venstre Feiten, John Gunnar og Gaustad. Osland meinte at kvalrossen hadde ein noko ubehageleg odør, og vart difor ikkje med på biletet.

Det er eit stykke frå Kirkenes til Kjøllefjord, og det store spørsmålet var om vi kom til å rekkje puben der oppe. Den mest gastronomisk interesserte av turdeltakarane, Erlend Gaustad, hadde på førehand undersøkt nøye kor vidt det overhovudet fanst noka servering i Kjøllefjord. Det synte seg at puben nyleg var opna att etter lang tids kvile, og Gaustad hadde ein lengre korrespondanse med innehavaren Jan Børre for å sikre at vi ville få plass i lokalet denne kvelden. Om Jan Børre nokon gong før hadde opplevd å få ei innringt bordbestilling, skal vera usagt.
 

God stemning på veg til puben i Kjøllefjord. Berre elleve kilometer å gå, omvegane inkludert. Gaustad i front, deretter Sindre, John Gunnar og Feiten. Skiltet i bakgrunnen informerer om fråstanden til Kifjord og Dyfjord.

Det såg lenge ut til at vi tidsmessig låg greitt an, men så hadde underteikna som vanleg valt den mest økonomiske løysinga kva galdt losji: Hytta vår for natta, forresten litt for lita for fem vaksne, låg i ein sameleir eit godt stykke utom Kjøllefjord sentrum. Etter ein kort pow-wow kring kjøkenbordet var ingen i reisefylgjet særleg villige, eller kapable, til å køyre den siste stubben. Så då måtte vi gå, og så rota vi oss sjølvsagt bort nedi ei myr og noko kratt. Men då vi langt om lenge kom over åsen og fekk sjå Kjøllefjorden bada i kveldssol med den mektige Finnkirka ytst, då visste vi at vi var berga. Jan Børre stod klar med ein doggfrisk akevitt til oss alle, og utsøkt pizza serverte han òg; vi tinga to store Kalak og éin stor Bekkarfjord. På uteserveringa sat dessutan ein annan kjenning: Trond Olsen, vår gamle bridgementor, innfødd kjøllefjordværing som budde i Trondheim ein gong i tida. Vi spela til og med eit par rundar bridge i laupet av kvelden, men nivået vårt var så elendig at Olsen ikkje gidda å halde på særleg lenge, forståeleg nok.


Frå biljardklubben i Kjøllefjord. Trond Olsen ventar tolmodig medan Erlend Gaustad forgjevast prøver å sikte på kvitkula.

Ikkje di mindre serverte Olsen oss frukost neste morgon, i biljardklubben han er øvste leiar for. På bordet stod heimelaga fiskekaker og heimerøykt laks, berre for å nemne noko. Han rakk å gruse oss i biljard òg, før vi måtte suse vidare. Vi hadde nemleg mykje på programmet. Men dette kan vi diverre ikkje skrive utførleg om, både fordi vi då vil drepe den moglege avisreportasjen, og fordi diverse folk vi kjenner i Finnmark, vil drepe oss om dei får vita at vi passerte dei utan å helse på. Akk, vi skulle så gjerne hatt meir tid! Men vi oppnådde nesten alle måla våre for turen, som mellom anna var å koma oss til Kifjord, Dyfjord, Skjånes og framfor alt Nervei, Njereveadji, den sjøsamiske bygda som inntil nyleg ikkje har hatt farbart vegsamband. Direkte god er ikkje vegen no heller, og 17 kilometer på grov grus og stein tek saktens si tid. Vi hadde nok ikkje teke sjansen om det var vår eigen knapt tretten år gamle Ford Focus vi risikerte livet til, men no var det heldigvis berre ein nymotens blankpolert hybrid som stod på spel. 

Vel, nok er nok, vi har allereie røpt for mykje. På oppmoding frå den litterært interesserte turdeltakar Sindre Osland, vil vi denne gongen avslutte med litt lyrikk. Petter Dass, "Kiøllefiords beskrifvelse":
Fem fede drenge,
de pines på hullete veie
på Finnmarkens jord.
En samehytte til leie
med kun fire senge
er all deres eie
i Kiøllefiord.

Men dog er der vakkert!
De skuer fra Tana
et fata morgana –
en øl og en akkert
på Jan Børres bord.

tirsdag 29. juni 2021

Gift!

"Jag ska sjunga en visa ... vari man så att säga belyser människans monogama natur ... Eh, ursäkta, polygama natur! Ett litet misstag där, bara ..." Slik byrjar Cornelis Vreeswijk ei framføring av den briljante "Incestvisa", basert på ei sann historie frå ein svensk småby. Jamfør dette, er det ei stor glede å kunne presisere at vi no har gift oss! Med sambuaren vår, Vilde, som vi heretter må omtala som "vår kone". Flott dame, noko vi då òg påpeikte i den uendelege lange bryllaupstalen vår.
 

På rådhustrappa. Underteikna, vår kone Vilde og vår dotter Lindis, som no for fyrste gong har vorte eit ekte barn. I bakgrunnen forlovar (og livvakt?) Erlend Hukkelås Gaustad. Foto ved kunstvitar og forfattar Gustav Svihus Borgersen.

Vi hadde eigentleg invitert pleti til eit nokså stort bryllaup, og slik koronareglane vart for ei dryg veke sidan, kunne vi nok òg ha gjennomført dette som planlagt. Men undervegs såg det så stygt ut, og alt var så usikkert, at vi diverre såg oss nøydde til å nedskalere arrangementet. Vel, diverre og diverre, fru Blom, det kan diskuterast kor diverre det eigentleg var. For vi fekk ein jækla fin dag trass alt, kanskje finare enn vi ville ha fått om bryllaupet hadde vore megalomant; då blir det med ein gong mykje styr. Fyrst sa vi ja til ein fyr frå Trondheim kommune – altså ikkje til å gifte oss med han, sjølv om han for så vidt var grei. På vår bestilling las han eit dikt av Øyvind Berg. Moglegvis ein milepåle i norsk litteraturhistorie dette – vi tviler på at Øyvind Berg har vorte mykje lesen i norske bryllaup. Så gjekk vi ut på trappa, og såg til vår store glede mange kjende andlet. Dei gratulerte med meir. Syster vår hadde teke oss på alvor, då vi tidlegare sa at vi ikkje ynskte lausris kasta på oss, av omsyn til duene som visstnok et denne risen, før han svellar i magen deira og drep dei. I staden kasta ho, og ikkje minst vår kjære nevø, posar med såkalla boil-in-bag-ris på oss. Vi miste pusten fleire gonger, som seg høyr og bøyr på ein bryllaupsdag. Deretter lét vi oss fotografere frå alle vinklar, før vi brukte resten av ettermiddagen og kvelden på å eta og drikke i lag med toastmaster og forlovarar med fylgje. Maten var svært god og drikken ikkje dårlegare, fyrst på den kunstnariske kafeen Ni mus, deretter på den passe fornemme restauranten To rom og kjøkken. Gjennomgåande for heile dagen var vakre taler med endå meir lyrikk, mellom anna av Haldis Moren Vesaas, Tor Jonsson, Dan Andersen, Herman Wildenvey og Francesco Petrarca, berre for å nemne nokre. Så var det sjølvsagt kviss, både om oss og vår kone (der greidde vi nesten ingenting) og geografi i Melhus og verda.
 

Middag i restaurant To rom og kjøkkens anneks i Gjelvangveita, med heilt eigen kokk og servitør. Servitøren hugsa vi faktisk frå restaurant Bryggekanten i Kristiansund, der vi ein gong var på romantisk ferie med vår dåverande sambuar, no kone.

Ein spesiell takk til forlovaren vår, Erlend Hukkelås Gaustad, som i talen sin trekte liner heilt attende til Strandvegen barnehage på Melhus, der venskapen vår byrja. Han doserte svært poetisk også om togskuret på Melhus, der vi brukte å sitja og nippe til ein øl. Same mann arrangerte forresten eit fortryllande utdrikningslag for oss i mai, ei sublim tilstelling full av finesse. Han hadde snakka med vår næraste leiar på Melhus vaksenopplæring, som sjeldan er tung å be om noko som helst, og fått løyve til å plukke oss ut av ein arbeidsfredag. Med band for augo vart vi køyrde heilt til Rotvoll. Der sat vi ei stund på ein benk ved sjøen i lag med dei andre deltakarane, nærare bestemt Osland, Kristiansen og Feiten, før vi byrja den klassiske vandringa langs Ladestien inn mot byen. Dette var noko vi brukte å gjera med stor glede i vår ungdom, gå der i naturskjønne omgjevnader med ein liten pjolter, og på den måten oppnå den eigentleg umoglege og utenkjelege kombinasjonen av trim og hygge. Problemet den gongen var at vi sjeldan overlevde; ofte var vêret elendig og vi skleid på svaberg ned i fjorden, snubla i steinar og rulla ned bakkar med vidare. Men no, berre ein dryg månad før vi altså skulle gifte oss, var det heile svært elegant og soignert, med blåskjel på Ladekaia og dyr akevitt, og jaggu var vêret pent i tillegg.


Frå det svært avanserte og detaljert planlagde utdrikningslaget på Ladestien. I bakgrunnen Feiten, i framgrunnen Osland. Merk partyhatten.

Ein svært minneverdig siste dag i fridom, altså, men det er òg flott å vera gift, i sær med eit slikt drivande kvinnfolk som Vilde. No har det allereie gått fire dagar, og det gjev oss tru på at ekteskapet kan vare. Riktig nok har desse dagane vore feriedagar, så vi får sjå korleis det går når kvardagen set inn. Men som det heiter i ein legendarisk vits vår kone no må førebu seg på å høyre ytterlegare mange tusen gonger: Men læll da.

søndag 30. mai 2021

Svært hyggeleg denne veka

I mangel på fiksare idear køyrer vi ei overskrift i stilen til Kjell Olav Gisnås, vår briljante forgjengar som bridgespaltist i Gauldalen. Men dei som no ventar seg eit sedvanleg bridgeessay, vil bli skuffa. Poenget er at vi fekk ein telefon for nokre månader sidan, ein vanleg dag på jobb, der nokon som kalla seg Bokhandlerforeningen kunne fortelja at dei ville gje oss ikkje mindre enn to hundre laken. Kva skal ein seia til slikt? Vi ramla av stolen, sjølv om vi stod. 

Nesten like fantastisk var det at desse pengane skulle kronast med eit fysisk arrangement. Tenk det, eit fysisk arrangement! I denne antisosiale, menneskefiendtlege, helsefanatiske tida. Og dette skulle gå føre seg på Lillehammer, av alle stader, ein by vi faktisk ikkje misliker. Vi brukte jo i mange år å vera der på bridgefestival, kvar einaste sumar, og sjølv om vi sjeldan gjekk bortanfor spelehallen der vi spela og spelehotellet der vi dansa og drakk og speidarhuset der vi overnatta gratis, fekk vi eit godt inntrykk av byen. Det som var ekstra bra den gongen var sjølvsagt at vi pla få gratis bilskyss så å seia til døra, medan vi no i år måtte ta toget og skrive ei komplisert reiserekning. Men i praksis viste det seg at vi hadde sansen for dette med å ta toget, noko de kan lesa meir om i eit eige essay her (riktig peikar kjem seinare, når essayet er skrive og publisert). 

Jamvel Soknedal er vakkert sett frå toget.

Vel framme fann vi fort parken der stipendseremonien skulle gå føre seg, og dit kom òg vår kjære redaktør Geir Nummedal frå Oslo. Hans rolle i vår smule suksess som skribent kan ikkje undervurderast: Å gje ut bøker er alt anna enn eit soloprosjekt, og hjelpa vi har fått frå denne underlege forleggjaren og forfattaren, har rett og slett vore enorm. I Søndre park skulle vi bokbadast, eller i alle fall stikke tærne uti, i lag med medprisvinnarane Ingrid Nielsen og Ida Fjeldbraaten. Gratulerer òg til desse. 

Etterpå føreslo Nummedal eit anna arrangement: "Den poetiske hoppuka". Sjølv om vi ikkje kan noko som helst om sport generelt, og endå mindre om hopp, har vi ikkje angra ein sekund på at vi gjekk dit. Her var eit glitrande samtalepanel samansett av vår gamle kjenning frå universitetet filolog og skiflygar Kristin Fridtun, forfattarar og tidlegare skiflygar Thorvald Steen samt eksentrisk og urkul forfattar og heimehøyrande i skiflygingshovudstaden Vikersund Thure Erik Lund, desse tre leia av poet, moldensar og mangeårig sjølverklært "sirkushest" Endre Ruset. Særleg Rusets haikudikt om Noriaki Kasai, akkompagnert av subtil jazz ved Stian Omenås frå Valldal, bergtok oss. Det same gjorde forresten jodlar og strupesongar Bjørn Tomren frå Vestnes, som denne gongen bidrog med to hoppviser, den siste ein vakker ballade om sjølvaste Matti Nykänen. Vi lærte meir enn vi har gjort på lang tid, og vi lærer vanlegvis ikkje fort. 

Samtale om hopp. På scena, frå venstre: Kristin Fridtun, Thorvald Steen (foten), Endre Ruset, Bjørn Tomren og Thure Erik Lund. I framgrunnen ukjend kvinne og Geir Nummedal (låret). 

Den herlege Ruset var berre ein av mange kjendisar vi rakk konversere på denne altfor korte dagen på Lillehammer. Det bør òg nemnast at vi observerte endå fleire kjendisar, mellom andre den infamøse Høgre-politikar og felespelar Olemic Thomessen, i tillegg til moskus på Dovre. 

Innan nattoget skulle ta oss nordover att kl. 01.21, var vi så søkklasta av inntrykk og kjensler at vi knapt fekk opna døra til sovekupeen. Det einaste negative som elles kan seiast om heimreisa, er at toget frå Lillehammer ikkje stoggar på Melhus. Altså måtte vi vera med til Heimdal, for så å ta buss attende til Melhus for å koma oss på jobb. Alt slepande på to blomebukettar, eit diplom og ein svartsekk full av stipend.