Vi føler vi bør fortelja dykk at vi nyleg var i Oslo igjen. Dette er jo ganske sensasjonelt, når vi så seint som i februar bortimot erklærte at vi aldri igjen skulle setja våre bein i denne syndas avgrunnsdjupe pøl. Men ærleg mann skifter meining, som kjent. Ikkje at vi på nokon måte har skift meining, vi meiner framleis at Oslo er helvetes åttande krins, men uansett. Poenget er at vi drog til Oslo fordi forlaget Cappelen Damm inviterte oss. Vi var så heldige å få nokre tekstar på trykk i debutantantologien Signaler 2018. Om det blir noko meir med denne skrivinga vil tida vise, vi vonar jo det, men ein skal ta sorgene på forskot. I det minste fekk vi oss ein dag i sola, bokstaveleg talt. Forlaget spanderte reise til Oslo og rom på Cochs pensjonat, og dei stelte til eit litterært seminar, baud på middag på pikant restaurant, og heldt ein såkalla sleppfest for oss om kvelden. Heile vegen spanderte dei alt ein måtte ynskje av drikke, men vi greidde å moderere oss såpass at vi enno kunne stå på beina då vi skulle ha høgtlesing frå tekstane våre, framfor ein haug med frammøte frå hovudstadens kulturelle elite. Dimed skjemde vi oss ikkje heilt ut på scena, og meir kunne vi aldri ha drøymt om. Utover dette, er det tri aspekt vi vil trekkje fram som interessante ved den store reisa vår.
Primo: Då vi kom fram om morgonen hadde vi ein time å slå i hel før seminaret, og som den opne og nyfikne personen vi er, brukte vi denne stunda til å gå rundt og inhalere den vamle eimen av storbyen. Vi rekna med å møte både Wergeland, Hamsun og Bjerke på den forvirra vandringa vår gjennom Pilestredet og Spikersuppa, men i staden vart det ein ganske annan kjendis vi gjekk oss borti: Trond Giske! Så gale hadde vi aldri trudd det kunne bli. Men det vil glede lesarane å høyre at vi gjorde plikta vår, vi skjelte den svinepelsen ut etter notar. Takk vera han og den kvalme framferda hans, har det vorte mykje vanskelegare for folk som oss å til dømes klaske tilfeldige kvinnfolk på baken. Sjølve er vi jo praktisk talt gift, og driv naturlegvis ikkje med den slags lenger. Men vi snakkar for alle dei single venene våre, som no knapt har ei einaste glede i livet lenger. "Synst du at dette er godt sosialdemokratisk handverk, din fusentast?" spurde vi den taskenspelaren Giske. Som venta hadde han ikkje noko svar.
Secundo: Det litterære seminaret gjekk føre seg i Cappelen Damm sine lokale i Akersgata. Då det var over utpå ettermiddagen, hadde vi litt tid før nemnde middag på rustikk restaurant. Vi tenkte difor å freista finne pensjonatet, så vi kanskje kunne få bytt frå havresekk til bukse før selskapet. Men vi kom oss ikkje ut! Forlaget synte seg å vera ein labyrint av verste sort. Vi spurde fleire av dei fast tilsette om vegen til utgangen, men alle svara oss på kav austlandsk, og vi forstod ikkje eit ord. Overalt møtte vi veggar og stengde dører. Vi hamna borti ein naudutgang, og utløyste nesten brannalarmen. Ein av konsulentane måtte koma og leie oss steg for steg ned gjennom trappene. Ved utgangen mot den travle gata, spurde ho med ein fryktsam mine: "Er du sikker på at du greier deg no?"
Tertio: Etter sleppfesten kunne vi endeleg senke skuldrene, vi hadde greidd å gløyme episoden med Giske, og var nesten i halvgodt humør. Vi snakka med alt og alle, det vera seg ein kortfilmskapar frå Bodø, ein kvinneleg prest frå Vestlandet, ei dame frå Oslo med puddel. Vi vart med på ein bar, og folk byrja falle ifrå, men vi vart med dei siste attverande på endå ein bar. Denne låg, utruleg nok, på det infamøse Hotell Cæsar. Elegant og grasiøst, eller kva? Klokka var no ganske mykje, men ei psykedelisk diskokule rulla i taket, og ein platekusk sat og galopperte plater for absolutt ingen. Konsulentane var òg borte, altså måtte vi for fyrste gongen tinge drikke på eiga hand. Vi byrja bli skikkeleg stormannsgalne no, og tenkte at sidan vi var i hovudstaden, skulle vi forsyne oss velja ein real cocktail, ikkje berre den vanlege ølsuppa. "Hot Pepper," stod det på veggen, "kr. 279." Vi liker pepar, så vi bad bartenderen gje oss ein av den sorten. "Det kan eg gjera," svara han, "men den er ikkje god." Dette forfjamsa og fortørna oss: Ei ærleg sjel i Oslo? Vi kunne ikkje tru at det var sant, så vi forlanga å få den fordømde cocktailen likevel. Glaset kom med ei blanding Fireball og Pepsi, og det smakte heilt oppkasteleg. Vi drakk berre ein einaste sup, før vi donerte resten til ein fattig student, og gjenopptok den timelange jakta på pensjonatet vårt.
onsdag 16. mai 2018
tirsdag 24. april 2018
Com'è gentil
Vinteren var lang i år, og verre blir det sikkert til neste år. Men no er det iallfall vår, tru det eller ei. Vi er så heldige å ha gått ut i ein såkalla farspermisjon, frå denne måndagen av og like til medio september. Vi vonar og trur at vi vil få det hyggeleg i lag med dottera vår, men det kjem naturlegvis an på korleis ho vel å oppføre seg. Uansett er det ei flott årstid å sleppe å arbeide på, sjølv om vi eigentleg liker jobben vår veldig godt.
Då vi forleden stod opp i firetida for å servere barnet litt nattmat, kom vi til å nynne på ei gamal vårvise vi tenkte vi kunne dele med dykk. Våren 2015 sat vi i Lakselv og bala med eit oppdrag frå musikaren Sverre Johan Aal, som sumaren etter vart til ei operaoppsetjing i Øvre Kvam. Det galdt å omsetja librettoen til Donizettis Don Pasquale frå italiensk via engelsk til norsk, riktig nok med god hjelp av Aal sjølv. Sambuaren vår bidrog òg med tonal input, då vi personleg er heller tonedauve. Eit av høgdepunkta i denne operaen er arien til Ernesto (Ernst Otto) idet han ventar på si kjære Norina (Gurine) ute i skogen i tridje akt. "Com'è gentil / la notte a mezzo april," byrjar han på italiensk, og ganske snart kjem koret òg med. På nordtrøndsk vart det som under; la dette vera ord til undring og ettertanke no som våren er på sitt fagraste.
Så blank og fin e natta om vår’n i nord!
Så lett ein bris, og månen e passele stor.
Det ligg eit slør av kjærligheit over jord –
koffor, min ælskede, e du itj hær?
Hør, småe føgla søng
med kjærle stæmme,
den gamle bækken renn,
og sukke tungt.
Så koffor dryg, og lætt mæ sett og vent?
Når æ e dau, e all bruin brent.
Da vil du anger djuft, rop og skrik og bær dæ.
Men da e alt ferr seint, æ kjæm aldri nær dæ!
torsdag 29. mars 2018
Jappens solbriller
Vi hadde faktisk med oss eit kamera til påskebridgen i Soknedal i går, då vi tenkte at det kanskje kunne gjera seg med eit bilete av vinnarane i avisa. Men noka fotografering fekk vi ikkje tid til. Det vart i det heile ei veldig hektisk tevling for oss i Soknedal denne onsdagen før skjærtorsdag.
Vi hadde kjøpt med ein haug med bayerar frå RS, Risvollansenteret. Éin kunne vi nyte i baksætet på Villiam Ovesens elbil på vegen oppover, og fullføre på trappa utom Soknahallen, då vi ikkje ville gå inn og risikere å bli bombarderte av makker Stein Bjerksets mas om heimesnikra konvensjonar. Men under sjølve tevlinga var det jo, som det er i dei fleste tevlingar no for tida, alkoholforbod. Ein kan naturlegvis spørja seg kvifor det er så viktig for mange, oss inkluderte, å bryte dette alkoholforbodet. Har ein ikkje, spesielt når ein arbeider som lærar og er varamedlem i kyrkjelydsrådet i Porsanger, eit spesielt ansvar for å prøve å oppføre seg ein smule sømmeleg? Kanskje, men samstundes er vi veldig opptekne av å ha det hyggeleg og sosialt. Enn vidare er vi oppvaksne i ein kultur, den norske, der den normale oppfatninga er at ein ikkje kan ha det hyggeleg og sosialt utan alkohol. Så har vi jo etter kvart vorte småbarnsfedrar, og det legg avgrensingar på dette med sosial hygge. Ein får saktens andre og meir gjevande former for hygge. Men dette har jo gjort at det no er ekstra viktig for oss, dei gongene vi skal vera sosiale, å få maksimalt utbyte av det, kort sagt ha det svært ekstremt hyggeleg, triveleg, koseleg, festleg, flott og artig. Då må det jo nesten vera lov til å ta seg "ein øl"? Ti spørjeteikn og tjue ropeteikn.
Men dei som no kanskje er redde for at påskebridgen i Soknedal vart ei useriøs og usivilisert tevling, kan ta det heilt med ro. Når ein berre kan drikke ute i snøen i pausane mellom rundane, med skjelvande hender fordi det alltid er hundkaldt i Soknedal, seier det seg sjølv at inntaket blir liggjande på eit minimum. Spesielt ille blir det når ein har ein makker som alltid skal gruble og spekulere jamvel i dei mest opplagte situasjonar ved bridgebordet, og såleis skusle vekk nesten alle pausane våre. Som om 99 prosent av bridgen ikkje handlar om rutine og gamal vane! Han hadde forresten sjølv ei flaske gamaldansk i bilen til sambuaren sin, ein bil han konsekvent etterlét vidopen og med nøklane i døra. Men kva hjelpte det, når vi så sjeldan kom oss ut dit. I den fyrste pausen etter tevlingsstarten klokka 17.00, opna vi ein øl. Vi vart ferdige med denne i lunsjpausen klokka 21.00, då vi òg opna ein ny ein. Den neste gongen vi rakk oss ut for å ta ein slurk, hadde det lagt seg eit fint lag is oppå ølet nede i boksen. Då tevlinga var slutt litt over klokka 01.00, hadde ølet vorte til issørpe. Dei siste restane av ølslushen naut vi i bilen på veg attende. Vi hadde då kome på den sedvanlege fjerdeplassen i tevlinga, medan medpassasjer Aksel Hornslien naturlegvis var smørblid etter ein suveren siger, og naut ein Dahls som ikkje var frosen. Sjukt sosialt, vilt hyggeleg!
Av dei mange bileta vi ikkje tok under påskecupen, er det særleg eitt vi angrar på. I ei hylle i veggen på utsida av lokalet, der diverse ølboksar stod og vansmekta, låg nemleg eit par solbriller. Det var ikkje vanskeleg å seia kven dei tilhøyrde, både fordi vedkomande stod der i kvar einaste pause i lag med oss, og fordi vi berre kjenner ein einaste person som konsekvent bruker solbriller med berre eitt glas i, og det både sumar og vinter, påske og jul . De har kanskje gissa det no, at dei tilhøyrde John Arthur "Jappen" Paulsen, som med sin særeigne karisme alltid har vore mellom favorittspelarane våre. Vi føler at dei malplasserte og dysfunksjonelle solbrillene til den renommerte afterskientusiasten Paulsen var ein nokså poetisk metafor for eit eller anna under denne påskas påskecup i Soknedal. Men vi rakk altså ikkje å fotografere dei, og det kan i seg sjølv vera ein svært vakker metafor for eit eller anna.

fredag 16. mars 2018
Hakemamatka
Onnee Kväänikansan päiväle! I dag er det Kvenfolkets dag. Ein liten anekdote i denne samanhengen: På denne tida i 2016 var vi i Skoganvarre for å dekkje eit snøscooterdragrace for avisa Ságat. Mange slags skapningar var forsamla på det islagte Øvrevatnet på den store festdagen: Her var hundar frå baktroppen i Finnmarkslaupet, her var soldatar frå den nærliggjande Porsangmoen militærgarnison, og her var ikkje minst dei einslege mindreårige afghanske asylsøkjarane i kommunen, som vi på den tida hadde gleda av å vera lærarar for. I heller umoderne og uhøvelege vinterklede som var komne til dei gjennom ymse innsamlingsaksjonar i lokalsamfunnet, og med sine mange elleville utrop på pashto og dari, verka dei unge flyktningane ein smule malplasserte i denne spesielle situasjonen. Like fullt kom ein fyrstegongstenande austlending bort til oss med eit spørsmål han openbert hadde lurd fælt på, ved synet av desse merkeleg utsjåande gutungane med så underlege tungemål: "Er dei slike kvenar, dei der?" spurde han.
Dette skulle vel prove at kvenane, ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg, saktens kan ha bruk for ein eigen dag. Men no skal vi ikkje vera for høge på pæra, for vi visste vel eigentleg fint lite om kvenar vi òg, før vi flytte til Finnmark. Der vart vi til vederlag raskt skolerte, då vår kjære granne Asfrid Olaug Karlsen fekk overtydd oss om å melde oss for Ságat som freelancarar, samstundes som ho føreslo at årsmøtet i den lokale kvenforeininga skulle vera den fyrste store saka vår. Det var ikkje fyrst og fremst dei 25 kuldegradane som fekk oss til å skjelve då vi spaserte til møtet i foreininga som på kvensk har det velklingande namnet Ruijan kväänit, Lemmijokilaiset: Fyrst og fremst var vi nervøse for korleis kvenane ville ta imot ein jypling som oss. Etter kva vi hadde høyrd, skulle dei vera litt som finnar flest, harde på flaska og snøgge med å trekkje kniven. Strikking er visstnok noko typisk kvensk, og det var sagt at ein kvinneleg kvenpolitikar i Porsanger, Porsanki ein gong hadde stukke ein politisk motdebattant med strikkepinnane sine. Men møtet gjekk over all forventning: Kvenforeininga var for det meste hyggelege eldre menneske, som til overmål serverte vaflar. Stemninga var riktig nok skyhøg, med friske fråspark ikkje minst i diskusjonen kring det kvenske folkets nye flagg, som kvenane fyrst no nyleg har nådd ei semje om. Men framfor alt var kvenane sjeleglade for at ein journalist frå den samiske avisa endeleg kom for å dekkje ei av tilstellingane deira; det hadde så visst ikkje skjedd for ofte. No vart dei vel nesten i overkant nøgde med den panegyriske omtala vår av årsmøtet deira: Det kunne verke som dei mistok oss for ein slags nyfrelst kven, ein kven fanga i fransk hugenotts ørvesle kropp, og konsekvensen vart at dei ringde oss personleg kvar einaste gong dei ville ha noko på trykk i avisa. Såleis kom vi til å skrive om kvensk gudsteneste, kvensk konsert, kvensk språkreir, kvensk busstur, kvensk suppe, kvensk aldersheim, kvensk skule, kvensk fjøs, kvenske museumsgjenstandar, kvensk bygd, kvensk institutt, for ikkje å nemne Kvenfolkets dag, og stundom skreiv vi òg i den kvenske avisa Ruijan Kaiku.
Kort sagt stiller vi oss heilt og halde attom vår kjære sambuar i arbeidet hennar for kvensaka. Det skulle forresten berre mangle, no som vi endåtil har vorte fedrar til ei kvensk dotter. No gler vi oss berre til å ta henne med i barnehagen og forlange kvensk språkreir frå fyrste dag. Kvensk mat må ho forresten òg få der, typisk innbakt gjedde. Morsmjølka skal ho snart byte ut med kvas, altså brent rugmjøl og vatn, stundom iblanda ei klype salt.
Frå Kvenfolkets dag 2016, i kyrkja i Børselv, Pyssyjoki. Den kristne asylsøkjaren Sina Rigi, som den gongen budde på mottaket i kvenbygda, las på kvensk frå Apostelgjerningane, om dette med tungetale. Til høgre biskop i Nord-Hålogaland Olav Øygard.
Dette skulle vel prove at kvenane, ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg, saktens kan ha bruk for ein eigen dag. Men no skal vi ikkje vera for høge på pæra, for vi visste vel eigentleg fint lite om kvenar vi òg, før vi flytte til Finnmark. Der vart vi til vederlag raskt skolerte, då vår kjære granne Asfrid Olaug Karlsen fekk overtydd oss om å melde oss for Ságat som freelancarar, samstundes som ho føreslo at årsmøtet i den lokale kvenforeininga skulle vera den fyrste store saka vår. Det var ikkje fyrst og fremst dei 25 kuldegradane som fekk oss til å skjelve då vi spaserte til møtet i foreininga som på kvensk har det velklingande namnet Ruijan kväänit, Lemmijokilaiset: Fyrst og fremst var vi nervøse for korleis kvenane ville ta imot ein jypling som oss. Etter kva vi hadde høyrd, skulle dei vera litt som finnar flest, harde på flaska og snøgge med å trekkje kniven. Strikking er visstnok noko typisk kvensk, og det var sagt at ein kvinneleg kvenpolitikar i Porsanger, Porsanki ein gong hadde stukke ein politisk motdebattant med strikkepinnane sine. Men møtet gjekk over all forventning: Kvenforeininga var for det meste hyggelege eldre menneske, som til overmål serverte vaflar. Stemninga var riktig nok skyhøg, med friske fråspark ikkje minst i diskusjonen kring det kvenske folkets nye flagg, som kvenane fyrst no nyleg har nådd ei semje om. Men framfor alt var kvenane sjeleglade for at ein journalist frå den samiske avisa endeleg kom for å dekkje ei av tilstellingane deira; det hadde så visst ikkje skjedd for ofte. No vart dei vel nesten i overkant nøgde med den panegyriske omtala vår av årsmøtet deira: Det kunne verke som dei mistok oss for ein slags nyfrelst kven, ein kven fanga i fransk hugenotts ørvesle kropp, og konsekvensen vart at dei ringde oss personleg kvar einaste gong dei ville ha noko på trykk i avisa. Såleis kom vi til å skrive om kvensk gudsteneste, kvensk konsert, kvensk språkreir, kvensk busstur, kvensk suppe, kvensk aldersheim, kvensk skule, kvensk fjøs, kvenske museumsgjenstandar, kvensk bygd, kvensk institutt, for ikkje å nemne Kvenfolkets dag, og stundom skreiv vi òg i den kvenske avisa Ruijan Kaiku.
Historisk kvensk spikar, fotografert på Revfossnes, Repokoski, i Lakselvdalen våren 2016. Også dette skreiv vi i avisene om.
Faktum er at vi ikkje har eit einaste kvensk fiber i kroppen. Naturleg nok frykta vi at det harde arbeidet vårt for å tekkjast dei stolte og sterke kvenane kom til å miste all verdi, då også vi svikta Finnmark, for heller å flytte attende til Trøndelag. Men ved eit lagnadens lykketreff var vi likevel ikkje ferdige med det kvenske: Det har seg nemleg slik at sambuaren vår, Vilde, sjølv er ein kven! Prosentar og anna rasehygiene skal vi ikkje spekulere i, det viktige er at ho har formødrer og forfedrar som i sanning var kvenar i ordets rette meining, då dei utvandra frå Kemi og Kuusamo i Finland til sjølve kvenhovudstaden Vadsø, Vesisaari. Det som er endå artigare, er at ho faktisk har byrja interessere seg litt for denne arven. Den nasjonale foreininga Norske kveners forbund, Ruijan Kveeniliitto, nytta Tråante 2017-markeringa til ei eiga fylking på Litteraturhuset i Trondheim, der målet var å skipe eit kvensk lokallag her i Trøndelag. Dette såg vi vårt snitt til å skrive om for Ruijan Kaiku, og greidde å trekkje med oss Vilde som penneberar. Før ho visste ordet av det var ho kontaktperson for det nye lokallaget, og sidan har det berre balla på seg. Sist fredag vart ho endåtil intervjua i radioen om kvenskheita si, dette òg som ein inngang til den store hendinga same aftan: For fyrste gong skulle det haldast ein kvensk aftan i Trondheim! Åstaden var Antikvariatet på Bakklandet. Vilde var ein slags konferansier. Nestleiar Trygg Jakola og leiar Hilja Huru i Norske kveners forbund var komne langvegs frå for å fortelja trønderane om kvenane, og førsteamanuensis i musikk ved NTNU Reidar Bakke informerte om arbeidet sitt med å samle inn kvensk songtradisjon. Men det store høgdepunktet var ein konsert med artistane Trygve Beddari og Anne Margaret Nilsen, busette i Oslo, men sterkt knytte til det kvenske Finnmark og spesielt Pasvik. Vi har hatt gleda av å høyre dei ein gong tidlegare, på Fjordutsikten i Lakselv, Lemmijoki, i regi av nettopp Ruijan kväänit, Lemmijokilaiset, og dei imponerte oss like stort no som då: Den unike blandinga av finsk tango og læstadiansk salmesong, kvenske barneregler og Kalevalas trolldomsgaldrar, og av trekkspel og kantele ikkje minst, sende tankane våre på vandring til ein svært vakker stad. Kvelden var i det heile ein stor suksess, med flust av folk i det veldig hyggelege lokalet.
Sambuaren vår med det nyleg vedtekne kvenske flagget, tinga frå Kvenstua i Alta, Alattio. Det heng sjølvsagt ute på verandaen i dag, sjølv om det offisielle Noreg enno ikkje har godkjent det.
Kort sagt stiller vi oss heilt og halde attom vår kjære sambuar i arbeidet hennar for kvensaka. Det skulle forresten berre mangle, no som vi endåtil har vorte fedrar til ei kvensk dotter. No gler vi oss berre til å ta henne med i barnehagen og forlange kvensk språkreir frå fyrste dag. Kvensk mat må ho forresten òg få der, typisk innbakt gjedde. Morsmjølka skal ho snart byte ut med kvas, altså brent rugmjøl og vatn, stundom iblanda ei klype salt.
torsdag 1. mars 2018
Oikouménen
Folk trur kanskje at dette med å gå på bar er noko svært forderveleg. Men vi veit betre. Seinast her på laurdag måtte vi slå i hel nokre timar i Trondheim sentrum medan sambuaren vår Vilde hadde eit slags babytreff i heimen vår. Gode råd var dyre, så vi gjekk på ein av dei billegare plassane, Bobby’s bar. Vi veit at det er feil å bruke denne apostrofen, men baren sjølv er litt schizofren når det gjeld akkurat dette, og vi må difor, av respekt, veksle mellom å bruke og ikkje bruke han.
Kven denne Bobby er, er uklårt. Han bak disken heiter visstnok Tore. Mang ein gong har han bede oss om å snu i døra, han liker nemleg ikkje folk som berre kjem og tek ein øl eller to, for så å vandre vidare. Vi forstår han godt, for denne baren lever jo av stamgjestane sine, som gjerne sit der frå sola står opp og heilt til dei ramlar av krakkane sine i kveldinga. Skal forresten bartenderen tinge taxi til deg, kostar det 20 kroner, det står på eit oppslag på veggen. Uansett, desse fredsæle menneska er avhengige av tryggleik og stabilitet, dei toler ikkje for mange useriøse spirevippar som oss. Men akkurat denne laurdagen fekk vi faktisk ei hyggeleg helsing då vi kom inn døra, kameraten vår John Gunnar og vi: «Hei, gutta,» sa Tore Bobby. Han må ha vore i eksepsjonelt godt humør.
Folk tenkjer vel no at vi berre vart sitjande der og passivt eta maltsupe som vanleg. Men det er ikkje tilfelle. På veggen på Bobbys oppdaga vi nemleg eit kart, og det var eigentleg dette kartet vi ville skrive om her i dag. Vi har nemleg det eksakt same kartet hengjande på kontoret vårt heime, og det er ingen tvil om at det er eit særs frapperande kart.
Det står at det er produsert av Adressavisa, men det må ha vore for temmeleg mange år sidan. Vi fann det då vi rydda ut or leilegheita til den altfor tidleg avlidne farfaren vår, fred over minnet, utan at vi kan hugse å ha sett det tidlegare. «Kart over deler av Trøndelag og Møre» er tittelen. Det har eit spesielt skrått perspektiv, med blikket mot vest, og gjev eit unikt blikk på geografien kringom Trondheimsfjorden.
På Bobby’s bidrog kartet med mykje god samtale. John Gunnar vart overraska over å finne sitt kjære Titran lengst ute i havgapet, medan atter andre fekk høve til å briljere med anekdotar frå sine eigne respektive heimstader, som Hølonda og Buvika. Det var kort sagt ei urhyggeleg stemning og eit sjukt godt læringsmiljø på Bobbys bar denne laurdag formiddagen, og vi gler oss allereie til å gå dit igjen. Men sidan vi som sagt har det same flotte og nyttige kartet heime, kan det like gjerne hende at vi inviterer alle frå Bobby's opp til oss ein dag.

Vi har alltid vore interesserte i kart. Seinast i november tvang vi elevane våre til å lære om Ptolemaios, og til jul fekk vi i gåve av mor vår den briljante sakprosaboka Verdensteater av Thomas Reinertsen Berg, om historia til karta, så no skal alt bli så mykje betre.
Det står at det er produsert av Adressavisa, men det må ha vore for temmeleg mange år sidan. Vi fann det då vi rydda ut or leilegheita til den altfor tidleg avlidne farfaren vår, fred over minnet, utan at vi kan hugse å ha sett det tidlegare. «Kart over deler av Trøndelag og Møre» er tittelen. Det har eit spesielt skrått perspektiv, med blikket mot vest, og gjev eit unikt blikk på geografien kringom Trondheimsfjorden.
På Bobby’s bidrog kartet med mykje god samtale. John Gunnar vart overraska over å finne sitt kjære Titran lengst ute i havgapet, medan atter andre fekk høve til å briljere med anekdotar frå sine eigne respektive heimstader, som Hølonda og Buvika. Det var kort sagt ei urhyggeleg stemning og eit sjukt godt læringsmiljø på Bobbys bar denne laurdag formiddagen, og vi gler oss allereie til å gå dit igjen. Men sidan vi som sagt har det same flotte og nyttige kartet heime, kan det like gjerne hende at vi inviterer alle frå Bobby's opp til oss ein dag.
mandag 12. februar 2018
Bonfire of the Vanities
Nokre gonger er vi rett og slett vilt nøgde med oss sjølve, vi er så geniale at vi hoppar rundt i ein dans à la Homer Simpson: "I am so smart! I am so smart! S-M-R-T! S-M-R-T!" Som no i helga, då vi forlét heimen for å spela andre halvdel av den norske seriemeisterskapen i bridge – i Oslo! Vi har knapt nok vore i Oslo før. Riktig nok var vi der i fjor i same tevling, men vi budde då på Standard Telefon- og Kabelfabrik på Økern, der spelinga òg føregjekk, og vi såg ingen grunn til å gå utom døra i denne postindustrielle, for ikkje å seia postapokalyptiske betongjungelen. Men til denne andre spelehelga hadde Ivar Berg, som tok seg av det merkantile under kaptein Asgeir Langens sjukmelding, tinga hotell midt nede i heksegryta, praktisk talt på Plata, rett ved Oslo børs. Vi har lenge tenkt at det trass alt kunne vore interessant å ta ein nærare kik på dette Noregs Sodoma, sjølv om vi visste på førehand at det kom til å hjarterotopprykkje og mergspalte tilliten vår til alt vi held for sant og heilagt her i verda. Ikkje før var vi komne ut av Oslo sentralstasjon, den romanomspunne såkalla Oslo S, før ein junkie kom ropande etter Stein Bjerkset: "Er ikkje du frå Berkåk?" Bjerkset budde heile sju år i Oslo ein gong i tida, og er openbert enno ein kjent karakter i dette Nord-Europas Gomorra. Seinare i helga skulle han koma til å syne oss både det eine og det andre av attraksjonar i denne syndas avgrunnsdjupe pøl, som Stortinget, Spikarsupa og Theatercaféen.
"Les Fleurs du mal". Ivar Berg, Arnfinn Helgemo, Stein Bjerkset og underteikna i Hyenestaden i helga. Lagkaptein Asgeir Langen deltok ikkje andre spelehelg.
Men til poenget: Det er laurdag aftan, og etter enda bridgespeling sit vi på Stortorvets Gjæstgiveri, ein gamal, elegant og ærverdig restaurant, ein liten oase i denne jammerdalen av ein by. Etter ein kalvetartar og ei nesten like blodig and, komne til desserten ingen skal ha, blir det tilbod om kaffi. "Tja, har du karsk?" spør Bjerkset servitrisa. Ho ser ut som eit spørjeteikn. "Altså, kaffi med noko oppi," utbroderer han, som alltid på ein demonstrativt brei soknedalsdialekt. Ho er like villrådig. "Kaffi med brennevin i," forklårar han, og omsider ser ho ut til å forstå. Etterpå kjem riktig nok kollegaen hennar attende for å forsikre seg om at tinginga er oppfatta rett, men uansett: "Du kan ikkje forvente at ein person som ikkje er norsk skal vita kva karsk er," seier vi, ufaglærde pedagogar som vi er. "Ikkje norsk? Ho der er frå tjukkaste Oslo," hevdar Bjerkset. "Nei, ho har ein eller annan utanlandsk aksent," erklærer vi. "Skal vi vedde?" spør Bjerkset, i staden for ganske enkelt å trekkje kniven, som han longo ville gjort om han var heime på kroa på Berkåk. Vi blir samde om ein innsats på ein båt, altså hundre spenn. Det irriterer oss i ettertid at vi ikkje satsa meir, så brennsikre som vi var i saka vår, men vi hadde teke ein øl på t-banen og tenkte ikkje klårt.
Då servitrisa kom attende med kaffikasken, innrømte ho villig at ho kom frå Helsinki. Hundre blanke grunkar på oss! Ein liten formue for ein melhusbygg i hovudstaden! Men mange timar seinare, då vi og Bjerkset skulle frå Scotsman pub attende til hotellet på Plata, fekk han lurd oss til å betala dobbelt så mykje for transport i ein rickshaw. Trøytte og blakke og merkte for livet av dette oppkastelege sotholet av ein by, var det så vidt vi fekk karra oss nordover att på sundagen. Men di større var gleda over gjensynet med heimen og familien. Farvel, store skjøkje! Farvel, Babylon! Måtte vi sleppe å sjå deg igjen.
fredag 19. januar 2018
Dementi
Som ein marginalt til middels profilert bloggar, ein synsar om diverse i ymse fora, og såleis utan tvil ein potensielt kvasioffentleg person i visse krinsar, føler vi i kveld at det er maktpåliggjande for oss å koma med ei presisering og ei avklåring til vårt høgt elska publikum på fem eller seks personar, som vi så å seia lever og andar for. Vi føler nemleg at det i verste fall kan oppstå rykte og spekulasjonar om oss, tufta på andre rykte og spekulasjonar om andre, og desse vil vi no ta ved rota og på det største alvor, så å seia før bjørnen er skoten: Vi har vel alle gjennom media høyrd folkesnakket om Venstre-leiar Trine Skei Grande i det siste, og om ein ung mann som ein gong var 17 år, men som i dag er 26 år. Dei som har høyrd ekstra godt etter, som vi sjølve i ein Facebook-chat med vår alltid uhyre velinformerte ven Erlend Gaustad, vil òg vita at kornåkeren som er inne i biletet i denne saka, visstnok skal liggje i Melhus, heimbygda vår. Når det gong på gong blir understreka at den unge mannen definitivt ikkje skal ha vore Venstre-medlem, og vi alle ein fredag aftan har kome i skade for å forveksle talet 6 med talet 9, slik at ein lynfort òg kan forveksle alderen 26 år med våre eigne 29 år, og vi til overmål alltid har hatt eit nasjonalromantisk, for ikkje å seia nasjonalsosialistisk forhold til dette med kornåkrar, kan vi naturlegvis godt forstå at nokon kan setja oss i samanheng med denne penible og ikkje minst pikante saka. Men det er faktisk ikkje tilfelle, vi har ingenting med denne skandalen å gjera. For å seia som Trine sjølv sa då ho vart konfrontert med det faktum at heller daddelverdige rykte om henne er i sirkulasjon: "Æ hi vøksi opp i Trøndelag, æ hi vøksi opp på fæst." For hennar del var dette poenget riktig nok irrelevant, all den tid ho var 38 år då hendinga i kornåkeren skal ha skjedd. Men uansett: Vi har òg vakse opp i Trøndelag, og mang ein aftan sat vi i kornåkeren, men vi gjorde det stort sett alltid åleine, med ei bok av Tor Jonsson eller Tarjei Vesaas. Vi har vore ein del på fest òg, men noko bryllaup i Venstre-krinsar vart vi aldri inviterte til på Melhus, då vi hadde eit horn i sida til både kommunestyret og formannskapet og ordføraren og det som verre er, fordi vi kan ha kome i skade for å skrive på den utprega ungdommelege, fantasifulle og ikkje minst "friske" bloggen vi hadde på den tida, at dei alle var korrupte, maktsjuke og inkompetente, noko vi sidan har bede grundig om orsak for, riktig nok alltid med lygarkross, men likevel. Uansett: Visst er det mange frodige kvinnfolk i politikken vi har sansen for, det vera seg Angela Merkel, Olaug Bollestad eller Ellen Johnson Sirleaf. Men akkurat Trine Skei Grande ... nei, huff tyti og lell. Vi forstår at det kan verke usannsynleg, og som ei desperat handling frå ein desperat strevar heilt i den grisgrendte utkanten av periferien av den norske offentlegheita, men vi må be dykk ta oss på vårt gode ord og namn og skinn, når vi no dyrt og heilagt og med handa på Bibelen erklærer: "We did not have sexual relations with that woman."
Abonner på:
Innlegg (Atom)