tirsdag 29. juni 2021

Gift!

"Jag ska sjunga en visa ... vari man så att säga belyser människans monogama natur ... Eh, ursäkta, polygama natur! Ett litet misstag där, bara ..." Slik byrjar Cornelis Vreeswijk ei framføring av den briljante "Incestvisa", basert på ei sann historie frå ein svensk småby. Jamfør dette, er det ei stor glede å kunne presisere at vi no har gift oss! Med sambuaren vår, Vilde, som vi heretter må omtala som "vår kone". Flott dame, noko vi då òg påpeikte i den uendelege lange bryllaupstalen vår.
 

På rådhustrappa. Underteikna, vår kone Vilde og vår dotter Lindis, som no for fyrste gong har vorte eit ekte barn. I bakgrunnen forlovar (og livvakt?) Erlend Hukkelås Gaustad. Foto ved kunstvitar og forfattar Gustav Svihus Borgersen.

Vi hadde eigentleg invitert pleti til eit nokså stort bryllaup, og slik koronareglane vart for ei dryg veke sidan, kunne vi nok òg ha gjennomført dette som planlagt. Men undervegs såg det så stygt ut, og alt var så usikkert, at vi diverre såg oss nøydde til å nedskalere arrangementet. Vel, diverre og diverre, fru Blom, det kan diskuterast kor diverre det eigentleg var. For vi fekk ein jækla fin dag trass alt, kanskje finare enn vi ville ha fått om bryllaupet hadde vore megalomant; då blir det med ein gong mykje styr. Fyrst sa vi ja til ein fyr frå Trondheim kommune – altså ikkje til å gifte oss med han, sjølv om han for så vidt var grei. På vår bestilling las han eit dikt av Øyvind Berg. Moglegvis ein milepåle i norsk litteraturhistorie dette – vi tviler på at Øyvind Berg har vorte mykje lesen i norske bryllaup. Så gjekk vi ut på trappa, og såg til vår store glede mange kjende andlet. Dei gratulerte med meir. Syster vår hadde teke oss på alvor, då vi tidlegare sa at vi ikkje ynskte lausris kasta på oss, av omsyn til duene som visstnok et denne risen, før han svellar i magen deira og drep dei. I staden kasta ho, og ikkje minst vår kjære nevø, posar med såkalla boil-in-bag-ris på oss. Vi miste pusten fleire gonger, som seg høyr og bøyr på ein bryllaupsdag. Deretter lét vi oss fotografere frå alle vinklar, før vi brukte resten av ettermiddagen og kvelden på å eta og drikke i lag med toastmaster og forlovarar med fylgje. Maten var svært god og drikken ikkje dårlegare, fyrst på den kunstnariske kafeen Ni mus, deretter på den passe fornemme restauranten To rom og kjøkken. Gjennomgåande for heile dagen var vakre taler med endå meir lyrikk, mellom anna av Haldis Moren Vesaas, Tor Jonsson, Dan Andersen, Herman Wildenvey og Francesco Petrarca, berre for å nemne nokre. Så var det sjølvsagt kviss, både om oss og vår kone (der greidde vi nesten ingenting) og geografi i Melhus og verda.
 

Middag i restaurant To rom og kjøkkens anneks i Gjelvangveita, med heilt eigen kokk og servitør. Servitøren hugsa vi faktisk frå restaurant Bryggekanten i Kristiansund, der vi ein gong var på romantisk ferie med vår dåverande sambuar, no kone.

Ein spesiell takk til forlovaren vår, Erlend Hukkelås Gaustad, som i talen sin trekte liner heilt attende til Strandvegen barnehage på Melhus, der venskapen vår byrja. Han doserte svært poetisk også om togskuret på Melhus, der vi brukte å sitja og nippe til ein øl. Same mann arrangerte forresten eit fortryllande utdrikningslag for oss i mai, ei sublim tilstelling full av finesse. Han hadde snakka med vår næraste leiar på Melhus vaksenopplæring, som sjeldan er tung å be om noko som helst, og fått løyve til å plukke oss ut av ein arbeidsfredag. Med band for augo vart vi køyrde heilt til Rotvoll. Der sat vi ei stund på ein benk ved sjøen i lag med dei andre deltakarane, nærare bestemt Osland, Kristiansen og Feiten, før vi byrja den klassiske vandringa langs Ladestien inn mot byen. Dette var noko vi brukte å gjera med stor glede i vår ungdom, gå der i naturskjønne omgjevnader med ein liten pjolter, og på den måten oppnå den eigentleg umoglege og utenkjelege kombinasjonen av trim og hygge. Problemet den gongen var at vi sjeldan overlevde; ofte var vêret elendig og vi skleid på svaberg ned i fjorden, snubla i steinar og rulla ned bakkar med vidare. Men no, berre ein dryg månad før vi altså skulle gifte oss, var det heile svært elegant og soignert, med blåskjel på Ladekaia og dyr akevitt, og jaggu var vêret pent i tillegg.


Frå det svært avanserte og detaljert planlagde utdrikningslaget på Ladestien. I bakgrunnen Feiten, i framgrunnen Osland. Merk partyhatten.

Ein svært minneverdig siste dag i fridom, altså, men det er òg flott å vera gift, i sær med eit slikt drivande kvinnfolk som Vilde. No har det allereie gått fire dagar, og det gjev oss tru på at ekteskapet kan vare. Riktig nok har desse dagane vore feriedagar, så vi får sjå korleis det går når kvardagen set inn. Men som det heiter i ein legendarisk vits vår kone no må førebu seg på å høyre ytterlegare mange tusen gonger: Men læll da.

søndag 30. mai 2021

Svært hyggeleg denne veka

I mangel på fiksare idear køyrer vi ei overskrift i stilen til Kjell Olav Gisnås, vår briljante forgjengar som bridgespaltist i Gauldalen. Men dei som no ventar seg eit sedvanleg bridgeessay, vil bli skuffa. Poenget er at vi fekk ein telefon for nokre månader sidan, ein vanleg dag på jobb, der nokon som kalla seg Bokhandlerforeningen kunne fortelja at dei ville gje oss ikkje mindre enn to hundre laken. Kva skal ein seia til slikt? Vi ramla av stolen, sjølv om vi stod. 

Nesten like fantastisk var det at desse pengane skulle kronast med eit fysisk arrangement. Tenk det, eit fysisk arrangement! I denne antisosiale, menneskefiendtlege, helsefanatiske tida. Og dette skulle gå føre seg på Lillehammer, av alle stader, ein by vi faktisk ikkje misliker. Vi brukte jo i mange år å vera der på bridgefestival, kvar einaste sumar, og sjølv om vi sjeldan gjekk bortanfor spelehallen der vi spela og spelehotellet der vi dansa og drakk og speidarhuset der vi overnatta gratis, fekk vi eit godt inntrykk av byen. Det som var ekstra bra den gongen var sjølvsagt at vi pla få gratis bilskyss så å seia til døra, medan vi no i år måtte ta toget og skrive ei komplisert reiserekning. Men i praksis viste det seg at vi hadde sansen for dette med å ta toget, noko de kan lesa meir om i eit eige essay her (riktig peikar kjem seinare, når essayet er skrive og publisert). 

Jamvel Soknedal er vakkert sett frå toget.

Vel framme fann vi fort parken der stipendseremonien skulle gå føre seg, og dit kom òg vår kjære redaktør Geir Nummedal frå Oslo. Hans rolle i vår smule suksess som skribent kan ikkje undervurderast: Å gje ut bøker er alt anna enn eit soloprosjekt, og hjelpa vi har fått frå denne underlege forleggjaren og forfattaren, har rett og slett vore enorm. I Søndre park skulle vi bokbadast, eller i alle fall stikke tærne uti, i lag med medprisvinnarane Ingrid Nielsen og Ida Fjeldbraaten. Gratulerer òg til desse. 

Etterpå føreslo Nummedal eit anna arrangement: "Den poetiske hoppuka". Sjølv om vi ikkje kan noko som helst om sport generelt, og endå mindre om hopp, har vi ikkje angra ein sekund på at vi gjekk dit. Her var eit glitrande samtalepanel samansett av vår gamle kjenning frå universitetet filolog og skiflygar Kristin Fridtun, forfattarar og tidlegare skiflygar Thorvald Steen samt eksentrisk og urkul forfattar og heimehøyrande i skiflygingshovudstaden Vikersund Thure Erik Lund, desse tre leia av poet, moldensar og mangeårig sjølverklært "sirkushest" Endre Ruset. Særleg Rusets haikudikt om Noriaki Kasai, akkompagnert av subtil jazz ved Stian Omenås frå Valldal, bergtok oss. Det same gjorde forresten jodlar og strupesongar Bjørn Tomren frå Vestnes, som denne gongen bidrog med to hoppviser, den siste ein vakker ballade om sjølvaste Matti Nykänen. Vi lærte meir enn vi har gjort på lang tid, og vi lærer vanlegvis ikkje fort. 

Samtale om hopp. På scena, frå venstre: Kristin Fridtun, Thorvald Steen (foten), Endre Ruset, Bjørn Tomren og Thure Erik Lund. I framgrunnen ukjend kvinne og Geir Nummedal (låret). 

Den herlege Ruset var berre ein av mange kjendisar vi rakk konversere på denne altfor korte dagen på Lillehammer. Det bør òg nemnast at vi observerte endå fleire kjendisar, mellom andre den infamøse Høgre-politikar og felespelar Olemic Thomessen, i tillegg til moskus på Dovre. 

Innan nattoget skulle ta oss nordover att kl. 01.21, var vi så søkklasta av inntrykk og kjensler at vi knapt fekk opna døra til sovekupeen. Det einaste negative som elles kan seiast om heimreisa, er at toget frå Lillehammer ikkje stoggar på Melhus. Altså måtte vi vera med til Heimdal, for så å ta buss attende til Melhus for å koma oss på jobb. Alt slepande på to blomebukettar, eit diplom og ein svartsekk full av stipend. 

onsdag 31. mars 2021

Still veke

Interessant samtale her om dagen. Sambuaren vår – ho meiner vi bør kalle ho Vilde, men vi trur at dei fleste vil ha vanskeleg for å tru at vi kan ha ein sambuar, og dimed gå ut ifrå at Vilde må vera støttekontakten eller i beste fall psykologen vår – seier: "No er det lenge sidan du har skrive noko på bloggen." Vi: "Bloggen? Kva blogg?" Ho: "Du har jo ein blogg!" Vi: "Hæ?" Ho: "Diverse opplysningar, hugsar du ikkje den?" Vi: "Ja, fader, det var den, ja ... Bad vi ikkje deg om å overta ansvaret for det gamle skaberakket?" Ho: "Det er din blogg, Skjetne, du får skjøtte han sjølv!" Vi: "Men kva skal vi skrive om då?" Ho: "Spør no ikkje meg, det er du som er forfattaren! Og kan du venlegast slutte å omtala deg sjølv som vi? Det er ufatteleg irriterande!" Vi: "Apropos, har du fiksa sykkelen vår?" Ho: "Du meiner sykkelen min?" Vi: "Ja, riktig, el-sykkelen." Ho: "Eg har vaska og smurt kjeda og sjekka bremsene og bytt batteri i lyktene og fylt luft i dekka, om det er det du meiner." Vi: "Fint, då tek vi oss ein sykkeltur og ser etter godt stoff til bloggen." Ho: "Du meiner då vi som fleirtal, altså ein felles, romantisk sykkeltur i vårkvelden?" Vi: "Nei, i dette tilfellet meinte vi eg." 


Bratt og vårleg i Sunnlandsskrenten. 

Det viste seg å vera ein glitrande kveld for ein sykkeltur i einsam kontemplasjon. Opphaldsvêr, mildt og svært fredeleg, knapt ei levande sjel å sjå. Det er inga overdriving å seia at turen avfødde minst sju dikt, fire noveller og ein roman i hovudet vårt, men fordi dette er ein blogg og bloggosfæren er dominert av det korte formatet, skal vi nøye oss med å nemne den mest spennande av dei mange spennande oppdagingane vi gjorde. Då vi hadde passert Nardokrysset, fekk vi nemleg den frekke ideen at vi skulle sykle opp på høgda bak Nardo pizza og grill. Der har vi ikkje vore på hundre år, vi hugsa slett ikkje korleis det såg ut der. Kva skjedde så? Jo, vi fann ein ny bakke! Sunnlandsskrenten, ei fantastisk bratt lita skråning, tok oss rett ned til busseldoradoet på Sorgenfri. Som om ikkje dette var utruleg nok, observerte vi store mengder fimfomfei der nede i hogget, ein liten gul blom som nokon kallar "hestehov". 


Vakre Grensen nær Gløshaugen. Her var vi på mange morosame festar i ungdommen, hjå ein ven som har bede om å få vera anonym. Nokre av festane var òg heilt forferdelege. 

Vidare sykla vi bakvegen ned mot Bakklandet. Vi gret mang ei tåre på denne strekninga, for det var her vi brukte å sykle kvar måndagskveld på veg til kvissen på Antikvariatet, som no ikkje har vorte arrangert på lange tider. Vi stogga fleire stader og såg etter gamle vener, men det verkar som om koronaen har teke dei fleste. Vi heldt fram heilt til Svartlamoen, der vi òg hadde ein pikant omgangkrins ein gong i tida. Rett skal vera rett; dette var den einaste staden der vi ana noko som overhovudet likna liv og røre, to langhåra tullingar som sat i ein kondemnabel buss og røykte. Dei inviterte oss ikkje inn. 


Lykkens portal palmetysdag 2021. Deilig å sleppe å bli nedrent av tyskarar og kinamenn, for ein gongs skuld. 

Som de no har forstått, fann vi tallause utsøkte fotomotiv på turen, og tok så mange flotte bilete at bloggen ville ha knela om vi la dei alle ut. Difor berre eit representativt utval. Med dette ynskjer vi dykk ei påske, og vonar de vil halde fram med å støtte oss i denne vanskelege tida. Som så mange slit vi økonomisk på grunn av koronaen, så vipps gjerne ein liten sum om de ynskjer sporadisk publisering av uinteressant visvas òg i framtida. 

mandag 21. desember 2020

Nok eit overgrep mot nærsynte

Som vi uttrykkjeleg har demonstrert gjennom fleire førebiletlege blogginnlegg om korona, er ikkje underteikna per definisjon nokon motstandar av helse. Men det finst grenser. No har Trondheim kommune ein gong for alle tråkka over den grensa, ved å påby bruk av munnbind i utide. 

Mange har stygge tenner og liknande og blir difor mykje penare med munnbind. Vi anerkjenner òg det djupt fordelaktige ved at det no blir endå vanskelegare å kjenne att folk. Mange som ein tidlegare måtte stogge og tørrprate med, kan ein no gå rett forbi og sidan truverdig påstå at ein ikkje kjende att. Om dei likevel får kloa i ein og byrjar prate vrøvl, vil dei snart gå lei når dei ikkje høyrer kva ein seier, fordi ein med overlegg mumlar i munnbindet og skuldar på at lyden av røysta ikkje ber igjennom det. Når vi, trass alle desse openberre fordelane, er motstandarar av bruk av munnbind, kva kjem det av?

Vi prøvde faktisk. Vi fekk vita førre tysdag ettermiddag at vi heretter måtte ha munnbind ved henting og levering av dottera vår i barnehagen, og riktig nok gløymde vi det onsdag morgon, men vi hadde det på oss onsdag ettermiddag. Men vi rakk ikkje å ta meir enn eitt steg med munnbindet før vi gjekk oss på ein stein og snubla. Årsak: Når ein brilleslange bruker munnbind utandørs, blir det dogg på brillene. Vi nærsynte blir hindra frå å sjå noko som helst. Nasen som vi vanlegvis bruker aktivt til å lukte oss fram med, og munnen som vi flittig smakar oss fram med, er òg sette ut av spel på grunn av munnbindet. Ivrige på å respektere smittevernet tok vi likevel munnbindet på att, og datt med ein gong på nytt og rulla nedover ein lang bakke. Ungane var ute og skoggerlo av synet. Vi trudde vi høyrde dottera vår, så vi tok den ungen som lo som ho. Blinde som vi var, skal vi vedgå at vi stakk denne ungen i auga med fingeren og heldt ho opp ned då vi gav ho ein klem, og det vart ikkje betre av at det synte seg å vera feil unge. "Korona, korona!" skreik barnehagepersonalet. Då vi omsider hadde funne riktig unge, gjekk vi oss rett inn i gjerdet og miste Lindis over det, ho landa med andletet fyrst på den andre sida. Enn vidare tok vi feil bil, sette oss pladask oppå ei dame i framsetet i denne. Då vi fann rett bil, feste vi Lindis bak fram i barnesetet, og vi rygga over ei gamal kjerring då vi skulle ut på vegen. Det skal seiast at ho neppe hadde lenge att å leva uansett på grunn av pandemien, men likevel: Fyrst då vi hadde køyrt eit par hundre meter på fortauet, forsvann dogga frå brillene våre. 

Verda sett gjennom eit munnbind. Illustrasjonsfoto frå ferieturen vår til Kjøllefjord i sumar.

Elsparkesyklane som kjem frå alle baugar og kantar og meiar oss nærsynte loddrett ned, var berre byrjinga. No har Trondheim kommune nok ein gong prova at dei ikkje vier ein tanke til denne utsette minoriteten, oss. Etter publiseringa av denne kommentaren har vi fått mengder av meldingar frå nærsynte som har opplevd akkurat det same, og andre som har vorte skadelidande på grunn av tilfeldige møte med delvis blinde som no har vorte fullstendig blinde grunna munnbind. Konklusjonen er tung, men enkel: Munnbind drep. Vi treng eit unntak frå munnbindpåbodet og det no!

NB: Dette er ein kronikk og kan eller kan ikkje lesast som eit uttrykk for skribenten si personlege meining. Lik og del! 

tirsdag 13. oktober 2020

Pesta

Korona! Det er på tide at vi òg deler våre røynsler med, og difor vår visdom om, dette grufulle viruset. Vi fekk det nemleg. I to dagar hadde vi det. Men vi gav ikkje opp. Vi visste at det var oss eller viruset, så vi kjempa med nebb. Kjempa oss tilbake til livet, så å seia. Les den sterke historia.

Det var førre sundag morgon vi kjende det: litt vondt i halsen. Grunna mediehysteriet skjøna vi med ein gong at dette måtte vera korona, så vi gjekk i karantene heime denne dagen, noko vi for så vidt ville ha gjort likevel, sidan vi ikkje hadde andre planar. Vi vona at viruset skulle sleppe taket innan Dagsrevyen, men det beit seg fast. Her måtte lut til, så vi kokte te og hadde oppi ein masse fersk ingefær. Grei te, og vi merka ei lita betring som fylte oss med von: Då vi la oss, visste vi at vi kanskje ville vakne neste morgon.

Men vi sleit med å sova på grunn av plagene i halsen. Vi skulle så gjerne hatt ein lindrande halspastill! Fordi vi er oppvaksne i den viktige kystkommunen Melhus, har vi tradisjonelt svore til den autentiske sjømannspastillen Fisherman's Friend, brukt av titusenvis av sjømenn frå Melhus gjennom generasjonar. Men då vi halvdaude av halskløe gjekk ned i kjøkenet og rota i skuffene i jakt på denne sjelebøtande pastillen, fann vi han ikkje. Det var nummeret før vi la oss ned på golvet for godt. Men heldigvis hugsa vi dei vakre og sterke orda frå kamerat Trump, ein koronaoverlevar som med sitt enorme heltemot er ein inspirasjon for så mange: "Don't let it dominate you. Don't be afraid of it. We're gonna beat it. We have the best medical equipment, we have the best medicines, all developed recently, and we're gonna beat it." Det var då vi då kom til å tenkje på ei anna, meir bortgøymd skuff, der vi i april gøymde unna ein pose Hockeypucker for Vilde. Vi kraup fram til denne skuffa, krøkte oss opp, trekte ho ut med det aller siste av krefter ... Gud vere lova, der låg dropsversjonen av Hockeypulver! Dimed hadde vi styrke til å koma oss attende til senga. Vel, forresten tok vi med oss ein Underberg på vegen, og nokre kamferdropar vi ervde frå farfaren vår, som vi dryppa på ein sukkerbit. Dessutan hadde vi under senga ein boks Hong Thai traditional Thai herbal inhalant vi ein gong fekk i gåve av ein elev, nokre buddhistiske new age-greier som gjorde underverk for nasen, og i tillegg sjølvsagt terpentinpiller og ein harelabb. 

Altså sov vi til slutt ganske godt den natta, men merkeleg nok hadde vi framleis viruset då vi vakna. No skulle vi normalt ha gått på jobb og smitta alle der, men dette var diverre ikkje mogleg, fordi det var lærarane sin dyrkjøpte haustferie. Men dotter vår drog på jobb og sambuaren vår i barnehagen, og vi stålsette oss for ein svært einsam måndag med mange mørke tankar kring vår kalde grav. 


Svært ugunstig å vera oss førre sundag og måndag, då koronaen slo til for fullt. 

Då vi fyrst byrja tenkje, snudde vi likevel flisa på hovudet: Kanskje var all denne isolasjonen sjølve årsaka til den grufulle pesta? Kanskje var ikkje den klassiske skulemedisinen rett kur for oss? For vel er koronaviruset eit virus og på denne måten somatisk, men god helse byrjar likevel alltid i det psykososiale. Vi innsåg at det var på høg tid å koma seg ut or huset! Dei fleste problem kan ein trass alt gå seg ut av, dei fleste sjukdommar inkludert. Så i kveldinga gjekk vi, trass i åtvaringar frå alle ekspertar, på kviss på kafeen Antikvariatet. Der drakk vi ein porter og to ingefærøl, og alle desse kjendest vesentleg meir helsebringande enn nemnde ingefærte. Med det siste vi hadde att av pust og blodomlaup både lo og storkosa vi oss berre verre. 

Vi ville sjølvsagt aldri ha møtt opp på kvissen om det var fare for å smitte nokon, men dei andre på kvisslaget er så nedsylta i alkohol og tobakk at dei openbert er immune – mot alt. Etterpå slepte vi oss heim att gjennom gjennom regn og vind, og rekna igjen med å vakne daude neste morgon. Men det gjorde vi ikkje! Ved soloppgang var vi tvert imot friske, og vi sit her i dag som eit levande døme på at det siste ein bør gjera er å leggje seg ned og bukke under for koronaviruset. Det er ikkje sterkt, det er ikkje uovervinneleg, det kan ikkje slå oss. Vi har det beste ølet, den beste lakrisen. Gud velsigne Noreg, Gud velsigne oss.

SISTE: Albert Camus' roman Pesta har visstnok selt til gull att i koronatida; vel fortent. I dette verket finn ein nokre ord som alltid har vore mellom favorittsitata våre, og som gjerne kan stå på gravstøtta vår om vi no likevel skulle døy av pest og/eller korona: "Det er rettferdig," skreiv Camus, "at lykka iallfall no og då kjem som ei løn til dei som nøyer seg med menneska og deira fattige og fryktelege kjærleik."

fredag 2. oktober 2020

Tekakedagar

Vi må berre leggje oss langflate og beklage at bloggen har gått for varmt og kaldt vatn i ei stund. Vi vil forsvara oss med eit paradoks: Vi har aldri tid til å skrive her inne når vi faktisk har noko å skrive om, berre når vi ikkje har noko å skrive om. Slikt blir det kvalitet av, kan de tru.

Men i går trekte vi eit letnadens sukk. Dette uttrykket kan umogleg vera god nynorsk, men dei siste dagane har vi mildt sagt fått vår metnad av god nynorsk, i ein slik grad at vi vurderer å byrja skrive inuittisk i staden. Saka er at vi omsider har fått ferdigstilt den andre boka vår, romanen Kleda er gjennomvåte, som kjem på Flamme forlag om fåe veker. Vi har, om sant skal seiast, pusla med dette prosjektet vedvarande gjennom sju, åtte år. Likevel må det liksom koma til eit punkt der ein må sitja oppe til langt på natt og flikke på komma og klammeformer, fordi ein plutseleg har ein deadline neste morgon. Berre timar før dauden inntreffer oppdagar ein plutseleg at ein har forveksla ei mosebok med profeten Malaki, Herre Jeremias! Men vi trur det meste vart rett til slutt. Vi skal elles ikkje masa mykje om innhaldet i boka, det får tala for seg sjølv når ho er trykt; vi vil berre presisere at ho inneheld opptil fleire gode vitsar. Altså ikkje subtil, fordekt humor, men reine vitsar, à la dei ein finn i Marvin Wiseths legendariske storverk Trønderblanding. Trøndersk historie, 539 trønderskrøner, trønderske ordtak, ei bok som på mange måtar har vore ein føregangsmodell og ei rettesnor for romanen vår. Så her er det berre å hoppe i det og tinge – og skulle de ikkje ha lyst på vår bok, ting då i det minste, for Guds skuld, Marvin Wiseths trønderblanding.

Mildt sagt juicy, tekaka frå Melhus bakeri.

Til poenget: Det er på grunn av det letnadens sukket vi trekte då vi endeleg var ferdige med heile denne bokbalubaen, at vi har funne det opportunt å kose oss med denne bloggen att. Vi kan likevel ikkje skrive for langt, for no skal vi ta feiringa til nye høgder ved å eta tekake – eller "thecake", som ungdommen kallar ho – frå Melhus bakeri. La det riktig nok vera sagt at vi sjølvsagt ikkje er så sjølvforelska og hedonistiske at vi kjøper tekake til 49 kroner halvkaka berre på grunn av ei skarve bokutgjeving. Nei, sambuaren vår Vilde, Gud velsigne ho, hadde bursdag her om dagen, og det var i den samanhengen vi krøkte oss inn på Melhus-torget etter tekake. Ho kunne ikkje ha vorte meir rørt. Men som vi alltid seier til ho: "Det er godt å finne noko i morgon òg!" Og det gjorde vi. 

Dei av dykk som no sit med vatn i munnen og siklar etter tekaka vår, kan vi trøyste med fylgjande: I Kleda er gjennomvåte nemner vi ordet "tekake" ikkje mindre enn ti gonger – pluss to gonger i bunden form! Så det er berre å setja over kaffien. Kald mjølk høver for så vidt òg godt.  

mandag 6. juli 2020

Avspasering

Bloggen vil no ta minst tre vekers avspasering. Det er viktig å understreke at dette er avspasering og ikkje ferie, avspasering opptent gjennom mange timar med pålagt overtid denne våren. Eit unnatak er fyrstkomande helg, når vi reiser til Finnmark og neppe kan forventast å spasere, både på grunn av vanskeleg terreng og dei mange gode tilboda på det finske vinmonopolet. Vi vil, i denne samanhengen, ta ut litt ferie etter behov. Men det meste av ferien sparar vi til ein vinterdag.


"Bilete for merksemd" er eit genialt triks vi har lært av ungdommen. Det dreier seg om å bruke eit sjokkerande bilete som strengt teke ikkje har mykje med saka å gjera, for å skapa blåst og hurlumhei kring det ein vil formidle. Men vi vil sjølvsagt aldri falle til slike spekulative djupner. Biletet over, som forresten umogleg kan sjokkere nokon, har faktisk veldig mykje med alt å gjera: Det illustrerer, nokså spesifikt, planane våre for avspaseringa. 

I mellomtida ynskjer vi alle lesarar ein sumar. Gjev hausten kjem fort, så vi igjen kan møtast skjerm til skjerm. Takk!