torsdag 2. august 2018

Frå dei mange til dei fåe

Vi studerte i vår tid nordisk litteratur, og det er jo flott det. Men ein kan bli litt metta, for kva er det eigentleg folk skriv litteratur om her på berget? Luksusproblem, stort sett berre luksusproblem. Fåe i Noreg har anna enn luksusproblem. Då reknar vi med oss sjølve, naturlegvis, vi er truleg dei mest forvente, sybarittiske og innbilske av alle, skriv ikkje om anna enn tull og tøys, men prøver å framstille det som "viktig", "interessant", "klokt". Poenget er: Det løner seg sannsynlegvis å lesa bøker av utlendingar, og då meiner vi veldig utanlandske utlendingar, ikkje andre skandinavar, vesteuropearar, vestlege. Då kan ein lære om dei interessante delane av verda, der folk verkeleg har verkelege problem å stri med. Vi vil seia det så sterkt at jo lengre unna Noreg ein forfattar har opphavet sitt, di betre. No skal det seiast at Trondheims antipode ligg langt pokker i vald i Sørishavet ein stad imellom New Zealand og Antarktis, men de forstår kva vi meiner.

Aberet er at mange bøker frå fjerne himmelstrok aldri blir omsette til eit tungemål ein som nordmann kan fatte kvidderet av. Men det hender heldigvis at nokon tek seg bryet med å gjera eit slikt storarbeid. I tilfellet Mann, tiger, som boka heiter på norsk, har omsetjinga riktig nok gått via engelsk. Det er forståeleg, for kor mange i Noreg meistrar indonesisk? Forfattaren av denne fantastiske romanen, Eka Kurniawan, kjem nemleg frå Java. Labodalih Sembiring har omsett verket til engelsk, Hedda Vormeland førd det vidare til norsk.


Briljant roman. Eka Kurniawans Mann, tiger.

Det er betre at de set dykk ned og les boka, enn at vi skal lire av oss eit voluminøst handlingsreferat og ein kvasiintellektuell analyse. Men vi kan seia såpass at romanen krinsar kring eit drap. Men det er inga tradisjonell kriminalhistorie, for vi får vita namn på både mordaren og offeret i fyrst setning. Likevel held forfattaren oss fanga i grepet sitt, idet han meisterleg manar fram den triste familiehistoria som gjer den unge hovudpersonen til drapsmann. Språket er rett på sak, poengtert og pregnant, og likevel gjev Kurniawan eit tillitvekkjande bilete av eit heilt lokalsamfunn, og av ein kultur vi for vår del veit altfor lite om. Vi skal på ingen måte påstå at heile Indonesia kan lesast inn i denne eine romanen, for det dreier seg trass alt om eit enormt land både i utstrekning, folketal og kulturell diversitet. Di smartare er det jo å skjerpe sansane og fylgje med, når det byd seg ein sjeldsynt sjanse til å få eit innblikk i denne store, fjerne øynasjonen.

Det romanen i botn og grunn handlar om, er vel å merkje internasjonalt. Vi kan oppsummere det med eit einaste ord, fattigdom.  Heilt konkret materiell og økonomisk fattigdom, av det slaget som var utbreidd i Noreg for ikkje lenge sidan, og som framleis held enorme folkemengder nede den dag i dag. Sjølv om dei forskjellige karakterane i romanen har varierande motiv for dei negative handlingsmønstra sine, er det fattigdommen, og avgrunnen mellom dei fattige og dei rike, som driv forteljinga fram mot katastrofen ho både byrjar med og sluttar med. Her i Noreg kan vi skrive så blekket fyk om tidsklemma i kvardagslivet og kjønnsrollefordelinga i ekteskapet og det evinnelege spetakkelet i sosiale media. Vi har mat, hus og klede, hyggelege og interessante jobbar, masser av innhaldsrik fritid, og alt dette basale tek vi for gjeve, for noko vi fortener og har rett på. Men om ein bur i ei rønne og knapt har mat til seg sjølv og ungane sine, korleis skal ein då makte å skrive bøker? I Mann, tiger har Kurniawan greidd eit sant kunststykke, nemleg å gje ei røyst til nokre av desse "jordas fordømde", for å bruke Franz Fanons mest kjende frase. Dei finst det uhorveleg mange av, men kor ofte les vi skjønnlitteratur som handlar om dei?

fredag 20. juli 2018

Gudar i buskane

Det er veldig artig å kjenne ein del musikalske menneske. "All kunst strever etter å bli musikk," skriv Lars Norén, "også musikken." Ikkje at vi skal skryte på oss å vera kunstnarar. Men vi liker jo å skrive, som de smerteleg har registrert, og den beste sjansen vår for å nå eit publikum av ein viss storleik, er nok å få det vi skriv omsett i musikk. Då treng vi hjelp av vener, for sjølve kan vi lite eller ingenting om musikk. Vi liker å høyre forskjellige artistar og instrument, naturlegvis, vi vil påstå at vi har ein allsidig musikalsk smak. Men vi veit ikkje skilnad på ein einstroken giss og ein punktert ass, for å seia det såleis. 

Vår gode ven operasongaren Sverre Johan Aal, som vi opprinneleg kjenner gjennom bridgen, har opp gjennom åra engasjert oss i nokre småe og litt større skriveoppdrag, der målet har vore å gjera det skrivne til musikk. Etter vår meining er han ein framifrå tekstforfattar sjølv òg, korleis skulle han elles kunne prestere fylgjande line i ei omsetjing av Mozarts kjende katalogarie til trøndersk: "Det e alle slags damer, / både negra og samer." Men han meiner openbert at vi har det vesle ekstra. Difor fekk vi førespurnad om å skrive libretto til ein opera han kunne setja opp i heimbygda si, Øvre Kvam i Steinkjer kommune.

Vi var ikkje tunge å be, sjølv om vi fyrst ikkje hadde aning om kva vi skulle skrive om. Men vi måtte tenkje i retning humor, ikkje for avansert, noko som kunne gjerast visuelt og fengjande for alle slags damer, både negra og samer, og for alskens menn òg for den del. Tilfeldigvis hadde vi på den tida nettopp fått Knut Ødegårds nyomsetjingar av diverse Edda i julegåve, og det slo oss at den gode, gamle Trymskvida kunne vera noko. Dimed var det gjort. Aals songarkollega Simon-André Jacobsen fekk i oppgåve å komponere musikken, og vi byrja lire av oss tekstar han kunne vri sin musikalske hjerne ikring. Ein god del fram og attende måtte det nesten bli, for vi er ikkje akkurat meritterte librettistar, og det ordtunge babbelet vårt kunne nok stundom vera vanskeleg for komponisten å ta seg fram i. Men det vart eit sluttprodukt til slutt, eit vi ikkje følte at vi trong å skjemmast av, jamvel om teksten inneheldt ein del formuleringar så skammelege at vi aldri sjølve ville teke dei i munnen vår.


Frå bryllaupsfesten. Siv, ståande, held tale til si venninne Frøya, eigentleg Tor. Til venstre Loke, bortom Tor den forventningsfulle brudgommen Trym. På flankane sit bryllaupsgjestar, svigermor, prest, klokkar og meir. Foto ved regissøren.

Alle kjenner vel soga i Trymskvida, som i operaen ikkje avveik nemneverdig frå originalteksten: Jotnen Trym (Sverre Johan Aal) stel hamaren til Tor (Lars Eggen). Trym krev den fagre Frøya til vederlag om han skal gje Mjølner attende. Men Frøya figurerer ikkje eingong på scena, så uaktuelt er det for henne å gifte seg med ein jotun. Gode råd er dyre, men heldigvis kjem den utspekulerte Loke (Simon-André Jacobsen) på at det går an å kle ut Tor som Frøya. Tors koleriske kone Siv (Nina Sætherhaug) har òg ein stor finger med i spelet. I andre akt kjem den løyndomsfulle guddommelege trioen til Jotunheimen, der det skal haldast bryllaupsfest. Her er det duka for full kulturell forvirring, kva gjeld manerar, språk, religion og ikkje minst kjønn.

Meir treng neppe seiast om handlinga. Vi blanda oss heller ikkje nemneverdig borti regien. Den profesjonelle Marit Grytnes Dullaert frå Kristiansund gjorde den jobben, og godt var det, for resultatet vart etter vår meining glimrande. Musikk og song sat naturlegvis som støypt, med Lars Eggens hustru Eva Holm Foosnæs bak klaveret. Både dei profesjonelle aktørane og dei mange amatørane frå Kvams kormiljø gjorde dertil sterke skodespelartradisjonar, og spesielt det fysiske artisteriet mesmeriserte oss. Den tidlegare ballettdansarinna Dullaert må ha hatt nokre svært effektive triks i ermet. Publikum såg stort sett ut til å vera nøgde, og billettsalet gjekk i grunnen bra til alle dei tri førestillingane. Sjølve køyrde vi oppover til fredagsshowet, og fekk etterpå vera med på feiringa bak sceneteppe i Skauna ungdomshus. Der var det nokon som trakk opp Trønderavisas blodferske melding av operaen, og den verka heldigvis positiv. "Imponerende buskopera," var ei utheva formulering. Riktig nok er vi usikre på kva som ligg i dette merkverdige uttrykket "buskopera", men personleg har vi alltid vore opptekne av flora, og forskjellige typar buskas tenkjer vi på som utelukkande eit pluss. Vi vil avslutte med eit lite utdrag frå librettoen, den forkledde Tors tale til brudgommgen. Dette er stor lyrikk, så hald dykk fast.
Ekteskapet det forvandlar
alt som er kult og bra
til eit forferdeleg rot.
Ekteskapet det handlar
om å gje og om å ta,
og endå overleve.
Den eine strekkjer ut ein fot.
Den andre tek imot,
og svarar med ein neve. 
Vi to kan aldri einast.
Såleis må det vera.
Vi har ikkje same kropp.
Min er vakrast, reinast.
Finst ingenting å gjera
med allnaturens lover.
Mannen er ein diger flopp,
og kvinna er på topp
når samlivet er over. 

onsdag 11. juli 2018

Og presten sa: "Tralalala"

Apropos tur, i samband med sumaren tenkte vi det kunne høve å ta ein tur i lag med sambuaren vår òg. Barnet har heldigvis ein del besteforeldre som villige til å ta seg av henne, og på lengre sikt er det jo gunstig for dei at vi bergar parforholdet. Men vi visste at vi ikkje kunne bli borte så lenge, og vi byrja tenkje: Kvar, innanfor rimeleg fråstand, har vi aldri vore før? Det var slik vi kom opp med Kristiansund, ein by som ligg berre ei kort båtreise frå Trondheim, men der vi likevel aldri har sett beina våre! Vi nemnde forresten planane for mor vår, og ho fekk ein velfortent psykisk knekk, då ho skjøna kor grovt ho hadde svikta som mor ved aldri å ta oss med til Kristiansund.

Ikkje berre dét, ho har heller ikkje lærd oss det minste kvidder om dette Nordmøres Paris. Vi har utelukkande kjent byen gjennom Knutsen og Ludvigsens gamle monsterhit "Kristiansunds nasjonalsang", som vi har på ein kassett. Då vi no gjekk til denne kassetten for å førebu oss til turen, måtte vi konstatere at teksten eigentleg seier fint lite om sjølve byen Kristiansund, for ikkje å nemne kulturen og historia hans. Vi tolkar det slik at skraphandlar Lund kjem frå Kristiansund, sidan det er dit Lina Larsen må dra når ho blir gravid med han. Men då har ho vel strengt teke ein grunn? Vi synst òg at bodskapen til Linas far er ein smule tvitydig. Han bed henne gløyme dei tunge sorgene sine, men konstaterer straks etterpå at "så mang en stund / med unge Lund / har blitt din skjebne". Kvifor heiter det eigentleg då i neste vers at "det er sant / at sorgen vant"? Kva er sorga? Barnet som smiler søtt? Og denne Lina Larsen, kven ho no eigentleg er for nokon, snur ho verkeleg ryggen til heimen sin før ho blir med barn? Eller er dette ei omskriving av den eigentlege kronologien, gjort av reint litterære omsyn?

Kort sagt sat vi att med fleire spørsmål enn svar etter å ha freista analysere denne teksten, og då vi gjekk på hurtigbåten i Trondheim, ana vi lite eller ingenting om kva vi segla til. Men det er for så vidt ikkje eit dumt å ha eit ope sinn. Reisa var i seg sjølv svært vederkvegande, for vi har aldri tidlegare vore med denne båten lengre enn til Hitra, og det òg må vera minst hundre år sidan. Men no fekk vi oppleva både Kjørsvikbugen ved Tjeldbergodden, historiske Edøya sørom Smøla, og med kikerten vår såg vi faktisk heilt ut til det gamle fiskeværet Grip. For Vilde var ikkje dette så spesielt, ho har vore på Grip og sunge, men heller ikkje ho hugsa stort av Kristiansund.


Like vindfullt som stemningsfullt i kystparadiset Kristiansund. Nordlandet sett frå Kirklandet. 

Vi har alltid vore kritiske til flate byar, dei blir fort uoversynlege og avflata også kulturelt, så slik sett er Kristiansund uhyre perfekt, då store delar av byen er skråning. Det var mildt sagt fredeleg der ein torsdag aftan, men det er jo eigentleg like greitt. Dei mange tomme bygningane gav oss hyggelege assosiasjonar til tragiskvakre byar som Honningsvåg og Vardø. Men til vederlag er husa i Kristiansund svært fargerike, i ein slik grad at byen blir kalla "den polykrome". Dette er ein av mange interessante faktoidar som kan og bør nemnast om Kristiansund, men tok Knutsen og Ludvigsen seg bryet med å syngje så mykje som eit pip om noko slikt? Artig er det jo òg med ein by på tri forskjellige øyer, fire såkalla land, der ein nesten gratis kan ta ein skyssbåt imellom øyene. No i dag er folk så opptekne av bruer, men slike kan ofte skjemme landskapet, noko dei for så vidt òg gjer i Kristiansund. Demonstrativt heldt vi oss til den gamle såkalla sundbåten.

Elles er det jo spesielt klippfisken som står i fokus i Kristiansund. Av alle fiskar som sym i havet, trur vi at dette må vera favoritten vår, kanskje i lag med peparrøykt makrell. Det var difor berre naturleg at vi gjekk på ein betre restaurant og pakka i oss klippfisk, og ikkje minst vitja det spennande klippfiskmuseet. Så skulle vi sjølvsagt ha teke eit bilete av Vilde flankert av Klippfiskkjerringa, som står i statueform midt i sentrum av byen, men av ein eller annan grunn fall dette i klippfisk. Eit plaster på såret var det då vi smaka på den andre lokale spesialiteten, "fishan" eller fish and chips. Restauranten som serverte dette var vel snarare verre enn betre, men retten smaka uansett fortryllande, tralalala, spesielt med mengder av eddik og salt. 


Nyperosa blømer framfor Kristiansund mekaniske verksted på Gomalandet, der båten Jern-Erna ligg inne til reparasjon. Generelt har byen slite med verknadene av oljekrisa, og ikkje minst forskjellig anna elende. 

Kort sagt er det ingen tvil om at vi ynskjer oss attende til Kristiansund. Vi har òg ein intensjon om å ikkje svikte så kapitalt i foreldrerolla som det mor vår gjorde i denne saka. Vi gjev difor eit høgtideleg løfte her og no, til vår eiga dotter, om at ho skal få oppleva Kristiansund før vi døyr. Ho må berre bli litt større fyrst. Innan neste sumar veit ho vonleg å verdsetja smaken av klippfisk.

onsdag 4. juli 2018

Ođđa geassi

Det kanskje aller mest rørande nokon nokon gong har sagt til oss, kom frå vårtorskefiskaren Trond Bårdsen frå Hammerfest, busett i Tromsø: "Hugs at det er i nord du høyrer til," sa han, ein gong då vi diverre måtte avslå tilbodet om å spela ei bridgetevling med han i Skittenelv eller Paddeby. Store ord, og dei kan nok diskuterast, men dei gav oss ei god kjensle. I ungdomsåra i heimbygda vår Melhus følte vi oss ofte mistilpasse fordi vi ikkje visste forskjell på eit spett og ei sleggje. I Royal Tunbridge Wells, der vi residerte eit år, vart vi ofte uglesette fordi sløyfa vår var av bomull og ikkje sateng. I Trondheim ... Ja, kva skal ein seia om Trondheim? Det er ein fin by, men mange her trur dei er så hippe, kule og frilynte, noko vi aldri kan bli. Så at nokon langt der oppe på tundraen har teke oss under vengene sine, vel, det vermer.

Vi tenkte difor at vi skulda det høge nord eit attersyn, sidan vi ikkje har vore der på nær to år. Det er så mange stader i denne vidstrekte landsdelen vi gjerne skulle vitja, men som småbarnsfar har ein ikkje så mykje ledig tid, så vi fann det naturleg å prioritere Lakselv, der vi trass alt har budd i halvtanna år. Mange vil finne det merkeleg å dra på ferie til ein fjerntliggjande liten tettstad som har vorte kåra til Noregs styggaste, når flybillettane kostar meir enn ei reise til Paris eller Roma. Men dei som seier dette, har nok ikkje vore i Lakselv, eller iallfall ikkje opplevd så mykje rart der som vi har gjort.

Vi var nøye med å tinge oss vindaugsplass på flyet til Tromsø, og på Langnes olboga vi oss fram gjennom boardingen vidare til Lakselv, for å vera sikre på å få vindaugsplass òg på det vesle Widerøe-flyet. Vi veit nemleg kor utruleg flott flyreisa oppover langs kysten kan vera, om ein sit ved vindauga og er heldig med vêret. Passar ein på å setja seg på den rette sida, noko vi sjølvsagt gjer, kan ein fort få skode både Røst og Værøy, Lofoten, Andøya, Senja, you name it, og vidare inn mot Finnmark både Nord-Fugløy og fjordane i Loppa, Sørøya, Stjernøya, Seiland og meir. Det finst knapt ei større glede enn å sjå ei øy eller ein fjord ovanfrå og vita av forma kva han eller ho heiter. Men akk, denne morgonen var skydekket tett, som det skulle bli verande det meste av helga. Hadde det i det minste vore slik at flyet til Lakselv tek den vakre mjølkeruta som til dømes flya til Kirkenes gjerne gjer, Hasvik–Hammerfest–Honningsvåg–Mehamn–Berlevåg–Vardø–Vadsø–Kirkenes, skulle vi ikkje klaga. Men til Banak er det anten direktefly, eller som no ei lita mellomlanding i Alta, der vi har vore ein million gonger før. Av Finnmarks 19 kommunar har vi enno berre sett beina våre i 17, vi manglar Hasvik og Berlevåg, og det held oss vakne om natta.

Vel framme på Banak var alle sorger heldigvis gløymde. Vår gode ven islendingen Atli Konráðsson, som arbeider som gymnaslektor og dessutan driv med islandshestar i Lakselv, venta oss utanfor. Han køyrde oss fyrst til vaksenopplæringa, der alle hadde teke sumarferie andre enn rektoren. Men det var hyggeleg å møte att henne, for tida då vi arbeidde under leiinga hennar, og var lærar for 15 einslege mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan, var spesiell både på godt og vondt. Ingen av desse gutane er i dag att i Lakselv, berre nokre fåe av dei er overhovudet i Noreg, for dei fleste fekk avslag på asylsøknaden sin og flykta deretter ned på kontinentet, der dei no er spreidde for alle vindar. Vi stakk òg bortom den vidaregåande skulen, der det òg var nokså sumarstengt og difor svært glissent, men vi fekk då konversert nokre gamle kollegaer over ein kopp utsøkt traktarkaffi. Så skulle vi berre ein liten tur innom Spar-butikken i sentrum for å kjøpe nokre forsyningar, men dette tok halve dagen: Bak kvar hylle, mellom kvar vare på butikken møtte vi ein gamal kjenning vi måtte prate med. Her var Liv Annie Johansen frå kvenforeininga, fjellvandraren og røyefiskaren Arne Gustav Sorgmunter, Roy Werner Johansen frå bridgeklubben og kraftlaget, berre for å nemne nokre.


Lakselv sentrum ei sumarnatt.

Atli hadde på førehand lova oss ei seng i stallen eller campingvogna, men dei fasilitetane vi i praksis fekk til del, gav oss kjensla av å vera på eit luksushotell i New York eller Berlin. Vi fekk vårt eige rom i annekset, ei leilegheit vi delte berre med Atlis islandske ven Karl eller Kalli, som var komen til bygda for å sko hestar og setja opp eit gjerde. Ein svært interessant karakter, som mellom anna overraska oss ved å høyre på Sveinbjörn Beinteinssons messing av Voluspå klokka halv fem om morgonen. Atlis fem ungar snakkar òg islandsk, jamvel om dei er oppvaksne i Noreg. Denne helga var riktig nok ikkje alle å sjå, men det seier seg sjølv at stemninga på garden stod i taket då Island skulle spela kamp mot Nigeria i fotball-VM. Eigentleg heiar vi alltid på det fattigaste landet, og sjølv om Island saktens har hatt sitt å stri med, burde vi her definitivt ha heia på Nigeria. Men det våga vi sjølvsagt ikkje i ein slik husstand, og vi tok òg aktivt i del i gravølet då Island tapte 2–0. Det var til slutt ikkje anna å gjera for å gjenvinne humøret enn å ta ein tur bort på puben. Vi må diverre seia puben i éintal: Før var det såleis at kroa Åstedet låg på den eine sida av E6-en og baren Bankers på den andre, slik at ein kunne gå imellom både sju og åtte gonger i laupet av ein kveld, men no har Åstedet kveldsstengt på grunn av ein vasslekkasje. I det minste vart det enkelt å velja, og vi fekk ein haug av gamle vener servert på eitt brett. Det var rett og slett veldig koseleg å stå ute på plattinga og nyte ein doven Mack, med utsyn over den nattestille E6-en. Riktig nok angra vi på at vi gløymde vinterjakka heime, vi hugsa rett og slett ikkje kor iskald sumaren kan vera i Porsanger. Den famøse midnattssola såg vi ingenting til, berre midnattsregn og midnattsvind.

Men tru ikkje at vi drog til Lakselv på noko slags partytur, fokus var snarare på kaffi og småkaker. Noko vi saknar i Trondheim, der alle lever etter klokka og alskens plikter og vanar, er å ganske enkelt kunne gå og sjå om folk er heime. Er dei der så er det hyggeleg, er dei borte så var det fint å spasere seg ein tur. I Trondheim må ei avtale om ein halvtimes treff gjerast to månader i forvegen, i Lakselv er det snarare norma å koma utan førevarsel, og dørene står ulåste, og det er uhøfleg å ringje på eller banke på, ein skal berre gå inn. Vår gamle granne Håkon Sigfred Utsi, forresten materialforvaltar i bridgeklubben, venta oss med fortreffeleg pulverkaffi. Han snakkar langsamt og ettertenksamt om eksistensielle tilhøve av typen røyr og sluk, lauv og gras. Den gamle trøndske matematikklæraren Dagfinn Bakken, gift med reinhaldar på den vidaregåande skulen Edel, stilte både med ei kanne kaffi, sjokoladekake og noko slags lefse. Desse to snakkar meir effektivt og konstant, hovudsakeleg om detaljar i fjern fortid, og det var òg lifleg å kunne sitja i ei sky av ekte tobakksrøyk for ein gongs skuld. Ved eit vatn langt oppe i fjellheimen venta familien Gran, som spanderte både bålkaffi og ei blautkake ein måtte eta med hendene. Her var dialogen relativt sett meir normal. Det same galdt i huset til familien Nicolaysen midt i Lakselv sentrum, der vi òg var venta av vår gode ven journalisten Bjørn Arne Johansen. Han har flytt frå Lakselv, bytt arbeidsplass frå sameavisa Ságat til den meir allmennmenneskelege Finnmark dagblad, men han unnsåg seg ikkje for å køyre nokre timar frå Hammerfest for å møte oss.


Bjørkeskogen, fjella og Rappafossen sett frå Saarela gard, dette òg midt på natta.

Noko vi heller ikkje skal underslå, er den emosjonelle tydinga det hadde for oss å sjå att sjølve landskapet i Porsanger. Det svarte huset vi budde i for nokre år sidan, låg midt i den tette bjørkeskogen på dalbotnen, med utsyn mot dei stupbratte, svarte fjella der store fossar fell ned mot elva, Lakselva som buktar seg langs høge sandmelar nordover mot fjorden, den lange, breie Porsangerfjorden med dei tusen småe og store øyene. Atli tok med oss og Kalli på ein køyretur utover langs austbreidda, til kvenbygda Børselv, som ligg i eit belte av kvit dolomitt, og er ein svært spesiell og historisk viktig stad. På returen tok vi ein avstikkar bortom Hamnbukt, der den kriseramma Porsanger kommune etter mange års men og om har fått etablert ein såkalla seawalk, som skal lette tilgangen til denne uvegsame lappmarka for enorme mengder cruiseskippassasjerar. Det har kosta eit utal millionar, så mange at kommunen på eitt tidspunkt vurderte å selja rådhuset for å få finansane i orden. Førebels er ikkje så mange turistar komne, og vi tviler kanskje litt på at dei nokon gong vil sjå den magien som vi ser i denne utkanten av kongeriket, dette kalde og noko dystre arktiske landskapet. Men ein veit jo aldri. Uansett kva som måtte hende, vil det ikkje verke inn på det spesielle tilhøvet vi sjølve har fått til Porsanger og Finnmark, og vi føler oss trygge på at det høge nord vil helse oss like hjarteleg velkomne den neste gongen vi kjem. Vi fekk nemleg eit teikn, natt til sundag, då vi gjekk ut på jordet for å sjå Atlis dotter freista temje ein nykomen islandshest: På himmelen i nordvest, ein stad over den mektige Rappafossen, kika sjølve midnattsola fram frå ei glipe mellom skyene. Det vara berre i ein augneblink, men likevel.

mandag 18. juni 2018

Uglene er attende

Det har vore eit hol i stova vår, men òg i hjarta vårt. Tri ugler i skjel, laga av farfaren vår, har vore på avvegar etter at han døydde. Vi skal ikkje gå i detaljar om kven som kidnappa dei og har freista halde dei borte frå den rettmessige eigaren sin. Men det seier seg sjølv at det her er snakk om store verdiar både i kroner, øyro og affeksjonar, så vi kunne ikkje la saka passere. Uansett, no er uglene endeleg komne heim, pris skje Gud, og vi nyt kvar augneblink i lag med dei.

Desse uglene har alltid vore spesielle for oss. Det er ikkje berre det at farfaren vår laga dei med sine eigne hender, eller i det minste trur vi at han gjorde det. Men skjela han brukte, viss han no laga dei, var sjølvsagt skjel frå Melhus' beste matjord. Denne molda løyner enno mange spor frå dei fjerne åra rett etter siste istid, då heile dalen stod under vatn. Den gongen fanst det ugler som sumde i havet, som kjent, vandrande skrekkugler med augo store som tinntallerknar, og flygande ugler med skjel i staden for fjører, berre for å nemne noko. Alle likte dei å lesa, og mange av dei kunne òg skrive lange dikt og essays.


Dei tri uglene våre i typisk positur. I midten er Europas største ugle og fugl, hubroen. Til venstre finn vi ei typisk hornugle, medan ugla til høgre er den minste i Noreg, sporvugla.

Men det er ikkje berre det at dei er lynande intelligente. Heilt generelt er det noko eige med ugler. På kvissen på Antikvariatet var det ein gong spørsmål om kor mange ugleartar som lever heile året i Noreg. Den eminente medlemen Terje Røsand lista opp åtte på strak arm, nemleg kattugle, sporvugle, perleugle, haukugle, hubro, lappugle, slagugle og snøugle. Han rekna med at det måtte vera nokre fleire som han ikkje hugsa, så vi skreiv tolv på papiret. Men fasiten kom med ein festleg lagnadens ironi: Røsand kunne for mykje om ugler! Det riktige svaret var nettopp åtte, han kjende altså til dei alle. Det gjorde forresten òg den profilerte bridgespelaren Reidar Bårseth, hugsar vi, ein gong temaet kom opp til diskusjon på pizzeriaen på Sunndalsøra. Men! I tillegg er jordugla og hornugla i Noreg i sumarhalvåret. Dessutan kjem tårnugla gjerne på vitjing til Sør-Noreg, og dverghornugla dukkar innimellom opp. Merk òg: På alle fornuftige dialektar heiter det sjølvsagt "ei uggel", til liks med "ein fuggel".

tirsdag 5. juni 2018

På taterjakt

Trass i alle lastane og skavankane våre, ynskjer vi å bli ein så god far som råd er for dottera vår. Det var difor vi nyleg tok henne med på ein tur til det historiske Hølet oppi Flå.

Gjennom heile oppveksten høyrde vi knapt anna enn fabuleringar kring dette Hølet oppi Flå. Det var særleg farfaren vår, som generelt var lidenskapeleg interessert i lokalhistorie, som drøfta emnet dag ut og dag inn. Bittert er det då å tenkje på at han aldri, så lenge han levde, fekk teke med sonen sin, far vår, til det fordrøymde Hølet. Det kan framstå som puslete og daddelverdig. Men hugs at dette var ei anna tid, og fråstandane mellom Melhus og Flå var enorme, over hundre gonger så store som dei no er. Minst eit år på geiteryggen ville ei slik ferd ha teke, kvar veg, og det gjennom eit ugjestmildt og framandt landskap fylt til randa av dei fryktelegaste buskmenn og kannibalar. Vidare kan ein kanskje dadle vår eigen far, for at han ikkje retta opp synda til far sin, og tok med oss, sonen sin, til Hølet oppi Flå. Men han må frikjennast på alle tiltalepunkt: Han visste jo slett ikkje vegen.

No er det nye tider, breie vegar og automobilar har gjort verda mindre. Flå er ikkje lenger det utilgjengelege Shangri-La det ein gong var. Vår gode ven Erlend Gaustad har faktisk ei mor som bur der i kverven. Så då han nyleg var heime frå Sunnmøre for å vitje mor si, og ringde og inviterte oss med til nettopp Hølet oppi Flå, då var vi ikkje tunge å be. Vi kledde dotter vår i pesk og komagar og la oss på hjul, eller kva det heiter.

Dei som ikkje er så velorienterte i verdshistoria som oss, lurer kanskje no på kva dette Hølet oppi Flå eigentleg er for noko. Til dette må det seiast at ei så kompleks og mangefasettert historie knappast kan ytast rettferd på ein tabloid blogg. Det er trass alt skrive tallause bøker, hefte, artiklar og songar om emnet, og vi skal lova dykk at farfaren vår fekk oss til å lesa og syngje dei alle, og det med glede. Men i kortform går historia som fylgjer: Singsåsbyggen Johan Fløttum (1893–1923) utviste alt i ung alder spesielle mystiske evner, som ville fått Snåsakallen til å likne ein professor i elementær aritmetikk. Han trong ikkje lesa ei bok, for han visste, utan å ha opna henne, nøyaktig kva som stod i henne. Folk frå fjern og nær kontakta han når dei trong hjelp, særleg med å finne att ting som hadde forsvunne. Då den vesle jenta Gudrun sporlaust forsvann i Kristiania i 1907, var det nettopp "Fløttumsguten" som måtte til pers og fortelja kvar det hadde vorte av henne. Det var mykje ansvar å leggje på ein 14 år gamal gut, men etter litt om og men "såg" han at jenta hadde vorte teken av tater, som naturleg var. Taterbanden hadde drege henne med seg til ein særskilt bergknaus i Flå i Trøndelag, og der oppe sat dei og ruga på henne, meinte Fløttum. Dette vart opptakta til eit nasjonalt hysteri av tragikomiske proporsjonar. På det meste skal over tusen menneske ha svinsa og svansa kring denne kollen i Flåmarka på jakta etter tatrane og vesle Gudrun. Då dei ingenting fann, gjekk dei ut frå at tatrane på eitkvart vis måtte ha forskansa seg inne i sjølve berget, og dei brukte difor dynamitt for å koma seg djupare inn og ned. Resultatet er tydeleg den dag i dag, på staden som har fått namnet Gudrunhula. Men vesle Gudrun, ho vart funnen daud i hovudstaden noko seinare. Ingen kunne prove at ein einaste tater hadde noko som helst med det å gjera, sannsynlegvis var det ei ulykke, og Fløttumsguten gjekk attende til å finne forsvunne sauar og gifteringar.


Ei av mange opningar inn i berget, ved Gudrunhula i Flåmarka. Her kan tater når som helst koma hoppande ut. Foto ved Line Ødevatnemorkgård.

Likevel heldt vi sjølvsagt augo opne for spor etter tater, då vi vandra i retning Gudrunhula med Gaustad og sambuaren hans Line Vatneødegårdmork. Dei hadde med seg dottera si, Maja, nokre månader yngre enn vår eiga Lindis. Alt dette var naturlegvis svært spennande for småjentene, for ingen av dei hadde sett ein ekte tater før, og dei var nok endå meir merksame enn oss vaksne på alle slags fotavtrykk i bakken og underlege lydar inne frå buskar og tre. Framme ved sjølve hula, kraup dei elegant og smidig inn i dei aller trongaste sprekkene i berget, i von om å få eit glimt av den eksotiske arten. Naturlegvis fekk dei streng melding om å vera forsiktige, for ein veit jo aldri kva tatrane kan finne på av spissbur og det som verre er, i sær no i hekketida. Det var ikkje fritt for at nokre vonbrotne tårer trilla over kjakane deira, då dei ikkje såg snurten av ein einaste liten fant. Men då fekk vi òg ein moral og ein lærepening ut av dagen: "Når de blir vaksne," sa vi til småjentene, "må de sprengje berget grundigare enn generasjonane før dykk har gjort."

onsdag 16. mai 2018

Underteikna i Oslo

Vi føler vi bør fortelja dykk at vi nyleg var i Oslo igjen. Dette er jo ganske sensasjonelt, når vi så seint som i februar bortimot erklærte at vi aldri igjen skulle setja våre bein i denne syndas avgrunnsdjupe pøl. Men ærleg mann skifter meining, som kjent. Ikkje at vi på nokon måte har skift meining, vi meiner framleis at Oslo er helvetes åttande krins, men uansett. Poenget er at vi drog til Oslo fordi forlaget Cappelen Damm inviterte oss. Vi var så heldige å få nokre tekstar på trykk i debutantantologien Signaler 2018. Om det blir noko meir med denne skrivinga vil tida vise, vi vonar jo det, men ein skal ta sorgene på forskot. I det minste fekk vi oss ein dag i sola, bokstaveleg talt. Forlaget spanderte reise til Oslo og rom på Cochs pensjonat, og dei stelte til eit litterært seminar, baud på middag på pikant restaurant, og heldt ein såkalla sleppfest for oss om kvelden. Heile vegen spanderte dei alt ein måtte ynskje av drikke, men vi greidde å moderere oss såpass at vi enno kunne stå på beina då vi skulle ha høgtlesing frå tekstane våre, framfor ein haug med frammøte frå hovudstadens kulturelle elite. Dimed skjemde vi oss ikkje heilt ut på scena, og meir kunne vi aldri ha drøymt om. Utover dette, er det tri aspekt vi vil trekkje fram som interessante ved den store reisa vår.

Primo: Då vi kom fram om morgonen hadde vi ein time å slå i hel før seminaret, og som den opne og nyfikne personen vi er, brukte vi denne stunda til å gå rundt og inhalere den vamle eimen av storbyen. Vi rekna med å møte både Wergeland, Hamsun og Bjerke på den forvirra vandringa vår gjennom Pilestredet og Spikersuppa, men i staden vart det ein ganske annan kjendis vi gjekk oss borti: Trond Giske! Så gale hadde vi aldri trudd det kunne bli. Men det vil glede lesarane å høyre at vi gjorde plikta vår, vi skjelte den svinepelsen ut etter notar. Takk vera han og den kvalme framferda hans, har det vorte mykje vanskelegare for folk som oss å til dømes klaske tilfeldige kvinnfolk på baken. Sjølve er vi jo praktisk talt gift, og driv naturlegvis ikkje med den slags lenger. Men vi snakkar for alle dei single venene våre, som no knapt har ei einaste glede i livet lenger. "Synst du at dette er godt sosialdemokratisk handverk, din fusentast?" spurde vi den taskenspelaren Giske. Som venta hadde han ikkje noko svar.

Secundo: Det litterære seminaret gjekk føre seg i Cappelen Damm sine lokale i Akersgata. Då det var over utpå ettermiddagen, hadde vi litt tid før nemnde middag på rustikk restaurant. Vi tenkte difor å freista finne pensjonatet, så vi kanskje kunne få bytt frå havresekk til bukse før selskapet. Men vi kom oss ikkje ut! Forlaget synte seg å vera ein labyrint av verste sort. Vi spurde fleire av dei fast tilsette om vegen til utgangen, men alle svara oss på kav austlandsk, og vi forstod ikkje eit ord. Overalt møtte vi veggar og stengde dører. Vi hamna borti ein naudutgang, og utløyste nesten brannalarmen. Ein av konsulentane måtte koma og leie oss steg for steg ned gjennom trappene. Ved utgangen mot den travle gata, spurde ho med ein fryktsam mine: "Er du sikker på at du greier deg no?"

Tertio: Etter sleppfesten kunne vi endeleg senke skuldrene, vi hadde greidd å gløyme episoden med Giske, og var nesten i halvgodt humør. Vi snakka med alt og alle, det vera seg ein kortfilmskapar frå Bodø, ein kvinneleg prest frå Vestlandet, ei dame frå Oslo med puddel. Vi vart med på ein bar, og folk byrja falle ifrå, men vi vart med dei siste attverande på endå ein bar. Denne låg, utruleg nok, på det infamøse Hotell Cæsar. Elegant og grasiøst, eller kva? Klokka var no ganske mykje, men ei psykedelisk diskokule rulla i taket, og ein platekusk sat og galopperte plater for absolutt ingen. Konsulentane var òg borte, altså måtte vi for fyrste gongen tinge drikke på eiga hand. Vi byrja bli skikkeleg stormannsgalne no, og tenkte at sidan vi var i hovudstaden, skulle vi forsyne oss velja ein real cocktail, ikkje berre den vanlege ølsuppa. "Hot Pepper," stod det på veggen, "kr. 279." Vi liker pepar, så vi bad bartenderen gje oss ein av den sorten. "Det kan eg gjera," svara han, "men den er ikkje god." Dette forfjamsa og fortørna oss: Ei ærleg sjel i Oslo? Vi kunne ikkje tru at det var sant, så vi forlanga å få den fordømde cocktailen likevel. Glaset kom med ei blanding Fireball og Pepsi, og det smakte heilt oppkasteleg. Vi drakk berre ein einaste sup, før vi donerte resten til ein fattig student, og gjenopptok den timelange jakta på pensjonatet vårt.